It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

tirsdag 22. desember 2009

Lynne Cox eit stykke nærmare og ryggsvømming - (del 2)

Det gjer seg kanskje ikkje spesielt godt å bruke innleggstitlar om att og nummere dei, i staden for å finne på heilt nye, originelle titlar.
Men denne bloggen min er jo ikkje akkurat med i ein konkurranse om å vera mest original.
Den berre ER.

Og i dag var det all grunn til å gjenta essensen av innlegget om Lynne Cox-intervall.
I dag hadde eg fri.
Eg hadde også eit ærend i Bø, og god tid til å slå i hel eit par timar på kafé med ei god venninne, og nyte traveltheten av jolehandlande folk rundt oss.
Me prøvar alltid å halde ut så lenge me kan. Tida går, og me blir etterkvart slitne av å skravle i eitt utan pause, men må halde på likevel for ikkje å bli trøtt...

Til slutt kjende eg blodsukkeret ramle i kjellaren, og eit par bananar frå nærmaste matbutikk etter avslutta kafébesøk gjorde susen.
Og så stod eg der igjen - med det dilemmaet: ut desember månad har eg fortsatt svømmeavtale hos Gullbring kulturanlegg: svømme så mykje eg vil for 200kr i månaden. Dette er tilbud for studentar.
Sidan min studentstatus opphøyrer frå januar av, skulle ein tru at det var gunstig å benytte meg av dei siste anledningane til å svømme til svært gunstig pris i eit kjempeflott svømmeanlegg som Gullbring er.
Men -
så var det igjen det - at - det er tysdag idag.
Og då er er solklart: svømmedag i Seljord.

Det finst dessverre ingen månadleg avtale å inngå for Seljord symjehall, der ein kan svømme så mykje ein vil for ein på førehand betalt sum i månaden.
Eg ville stått først i køen for å få meg ei slik avtale.

Så sjølv om eg kunne ha spart 40kroner ved å svømme i Bø, køyrte eg altså like godt til Seljord og svømte der.
Eg hadde ein mistanke om at tysdagen før jol, då kunne det neppe vera meir folk i bassenget enn ellers.
Og eg skulle ha rett.

Då eg kom meg ut i bassenget, var det tre svømmarar i bassenget.
Eg var nummer fire.
Med omsyn mot mine medsvømmarar, som ikkje bruka svømmebriller, valgte eg å svømme midt mellom bane tre og fire, slik at eg heldt størst avstand.
Det sprutar ikkje lite når eg svømmer intervall, må vite.

(i alle fall så kjennest det slik. eg har vel aldri sett meg sjølv svømme. men det er ikkje vanskeleg å lesa av ansikter til folk i bassenget som må svømme tett innpå ein krålsvømmer, at dette ikkje er så veldig behageleg)

Blodsukkeret hadde i mellomtida stabilisert seg, og sidan siste treningsøkt låg to dagar tilbake, kjende eg overskudd og lysten på ... Lynne Cox-intervall. Som eg kallar dei.

Strengt tatt så klarar eg ikkje å svømme desse intervalla i originalutgåva. Altså 100m-intervall på 1:45. Og i alle fall ikkje 30 repetisjonar.
Eg begynner eigentleg å lure på om dette i det heile tatt kan stemme.
Kanskje er det ikkje snakk om 100m, men 100 yards?
Då vil det vera nesten 9m mindre å svømme.
Men likevel.

Opplegget mitt er altså å svømme 100m intervall til eg kjem så nærme 100m intervall på 1:45 som mogleg.
Og i dag var det dekka for nok ein ny pers:
Etter 250 roleg oppvarming, så kjendest dei første 100m heilt vidunderlege.
Dei første 25m kjende eg knapt behovet for å puste, men gjorde det, for ordens skyld.
Dei neste 25m var også fort gjort, og dei siste 50m kjendest armane fortsatt sterke.
Eit blikk på klokka: 1:35!
Dette er ny personleg rekord!! :D

Ikkje veit eg kva eg skal bruke denne farten til, spesielt ikkje når eg planlegg å svømme 3,8km på min planlagte ironman i Frankfurt i juli. Men trening skal jo vera moro?
Og moro er det å svømme fort.
Gira opp av farten og bølgjene som eg laga som skvulpa litt over bassengkanten blei dei til saman fem intervall, der eg prøva å halde farten så godt eg kunne.
Men den eine stakkarslege bananen eg hadde fått i meg dei siste tre timane var for lengst brukt opp som energikilde,
og persen min på 1:35 bestod også gjennom dei etterfølgande intervalla.
Men likevel - fem intervall på rundt/under 1:40, det er ikkje dårleg, til meg å vera.

Kanskje er det styrketreninga som har hatt effekt?
Dei som har forska grundig på det, påstår at farten på svømminga er avhengig av teknikk og styrke, og det i lik stor grad.
Det vil seie, når ein har dårleg teknikk kan ein kompensere med styrke, mens ein kan ha så god teknikk ein vil, utan styrke blir ein ikkje fortare.
For tida jobbar eg med styrken.
Teknikken er der.
Den er ikkje perfekt. Sjølvsagt. Men den er god nok, den.

Og trene styrke skal eg jo uansett. Og svømme skal eg uansett.
Eg trur eg er i ferd med å bli litt fisk igjen.
Etter 5x100m intervall prøva eg meg på 500m krål i tilnærma konkurransefart. Dessverre fekk eg ikkje tatt tida på den, sidan pulsklokka mi forsvann på mystisk vis ut av dunjakkelomma på laurdag og blei ikkje sett sidan...
Nå hadde også den siste av mine medsvømmarar forlatt bassenget, og då er eg rett og slett nødd til å halde på litt til.
Eg hadde eigentleg tenkt å kome meg heim litt tidlegare denne kvelden, sidan eg hadde ei natt med dårleg søvn og ville ikkje legge meg så seint, men å forlate eit basseng som eg hadde heilt for meg sjølv var sjølvsagt UAKTUELT.

Det er noko med vannflater som utøver ein sterk fascinasjon og tiltrekningskraft på meg, og då er det til og med nok med denne vesle flata på 25x15m.
Ryggsvømming har jo blitt ein av mine favoritteknikkar, og sidan det er lurt å ikkje ha for mykje folk rundt seg i bassenget, bestemte eg meg for ytterlegare 500m, denne gongen ryggsvømming.

Farten er det sjøvsagt så som så med når eg svømmer rygg.
Den er kanskje ikkje så verst. Men vendingane er kompliserte.
Men etter litt over 10minuttar var også dette unnagjort.
Så kva skulle eg finne på?
Eg begynte å angre på at eg ikkje hadde ete ordenleg lunsj i dag.
Eg begynte å bli sulten.
Klokka nærma seg halv ni.
Og Binna sat tolmodig ute i bilen og venta.

Som ei avslutning dykka eg dei siste 25m, frå bassengkant til bassengkant.
Det slår meg alltid like mykje kor fort det går an å tilbakeleggje denne strekninga, og kor uanstrengt det går når ein berre tenker på noko heilt anna.

Så kom eg meg til slutt opp av bassenget.
Fornøydd og litt slapp i armar. Og fast bestemt på at eg i framtida skal passe på at tysdagar, då skal eg lade godt opp med nok mat, for å kunne nyte svømme så lenge eg orkar...
Eg ER visst litt fisk, eg...

søndag 20. desember 2009

Balanse

Det er viktig med balanse.
Det gjeld vel kanskje det meste i livet.

Og det er noko eg manglar for tida, det skal vera sikkert.
Så får eg vel jobbe med det?

Men at eg også mangla balanse i beina, var eg ikkje klar over.
Siste time hos fysioterpeut fekk eg god veiledning for å utføre ein knebøy riktig.
Eg har så langt ikkje turd å trene knebøy, sidan det virkar så hardt for knea.
Dessutan er det ganske ekkelt å høyre det høgre kneet mitt knirke når eg bøyer det...

Men nå skal eg vera forsiktig å passe på å halde kneet rett over tærne, men ikkje utover og ikkje ved sida, og dessutan skal eg ikkje gå så langt ned, dvs låra er kanskje parallelt med golvet, men helst litt over.

I tillegg så sjekka me korleis det står til med mine "balanse"musklar i beina.
Det er nemleg kanskje litt irriterte slimposar på oversida av kneskåla som eg kjenner for tida. Mest når eg køyrer bil.
Eg trudde eigentleg at eg hadde ok balanse i beina, sidan eg spring ein del i bakkar og i ulendt terreng.
Men når var eigentleg den siste løpeturen i "ulendt" terreng?

Dei fleste av mine løpeturane mine i det siste har jo vore jo på asfalt.
Med littegrann grus/skogsveg innimellom.
Då kan det fort bli litt einsformig belastning.
Og siste rulleskiøkt er også lenge sida, var det i fjor?

Rulleski er jo ganske uaktuelt nå, med all den nye deilege snøen som har kome.
Men så var det den knebøyen da.

Eg bestemte meg like greitt for å ta eittbeins-knebøy - då får eg knebøy og balansetrening samtidig.
Og - for ei effektiv øving:

Ingen vekter, og likevel god effekt etter berre 12-13 repetisjonar...

Og at det var effektivt merkar eg nå dagen derpå.

Det ser virkeleg ut som om eg treng meir balanse..

torsdag 17. desember 2009

Midnattsol i Seljord

Mange eg snakkar med klagar over at det er så mørkt for tida, altfor tidleg på dagen.
Men viss det som Yr varsler, inntreffer, er det jo berre å gjera natta om til dagen:

Det er ikkje tvil om at eg er nødd til å ta meg ein tur ut i kveld for å sjekke kva som skjer der ute...
Kanskje har Seljord fått låne midnattsola?

mandag 14. desember 2009

Ny pers!

Det som er fordelen med å vera ganske ny i gamet med triatlon er, at ein har stadig har sjansen til å oppnå nye personlege rekordar.
Det gjorde eg i går.
Eg sat og sykla og på rulle i heile 1:20 (ein time og 20minutt = 80minutt = 1t20min).

Hurra :o)

Eg har slått min gamle rekord med heile 10min.
Det var ikkje så ille forresten.
Eg har jo fått meg TV nå, så då er det berre å stirre inni skjermen. mens eg tråkkar lystig (?) i veg.

Eg veit ikkje om det meir sykkeltrening eller mentaltrening.
I så fall er det tøff mentaltrening.

Kanskje skal eg ta fram nokre filmopptak frå tidlegare sykkelturar i sommar, som underhaldning?

Med litt musikk i tillegg, så er det kanskje ikkje så dumt.

Mimresykling på rulle ?





Men - tross alt - ny personleg rekord - :D

tirsdag 8. desember 2009

Lynne Cox eit stykke nærmare og ryggsvømming

Nå kan eg ikkje lenger nekte for at eg tilhøyrer ein minoritet innanfor triatlon: triatletar som elskar å svømme. Det kan det ikkje vera mange av.
Men i dag hadde eg igjen valget (det er det som er så moro med "prep zone" altså): skulle eg trene styrke, svømme, sykle på rulle eller løpe?
Sidan min siste løpetur var faktisk fredag ( hot skjedde med søndags-løpeturane mine i det siste? Er nå alle flytta til onsdag eller hot?), kunne eg godt ha sprunge i dag.
Eg prøver nemleg å ha to-tre dagar mellom dei to lengre løpeturane mine.
Sidan eg ikkje trente nokonting i går (sånn er det berre: av og til er det ikkje ein gong krefter igjen til ein halvtimes rusletur med bikkja-so what), var det fritt fram i dag.
Eg skulle gjerne ha trent styrke. Eg har begynt å merke framgangen, har blitt sterkare i armane, o greier neeeesten ein chin-up (pull-ups er rett og slett for tungt enno, dessutan skulle eg passe på skuldrene mine, sa fysioterapeuten min).
Så eg vil helst prioritere styrketrening framfor sykling eller løping.

Men - i dag var det tysdag igjen... tysdag er SVØMMEDAG her i Seljord :D
Eg kunne ikkje la vera.
Eg hadde som vanleg svømmetøy i bilen.
Eg hadde alt vore på tur til Bø og unnagjort andre ærend i dag (bortsett frå det eg EIGENTLEG skulle i Bø, nemleg levere ei bok til Høgskolen..).
Eg hadde også handla for i dag.
Mangla berre turen med Binna.

Men - for eit lite fristande vær..
Og for eit fristande svømmebasseng...

Beslutninga var tatt.
Og i dag bestemte eg meg for å jobbe meg nærmare Lynne Cox-intervallene:
100m intervall. 10x.
Men eg skal sjølvsagt ikkje svømme 10x100m på 1:45.
Det ville nemleg betydd at eg berre hadde heile 5 sekund mellom intervallene!!!

Min variant er altså at eg svømmer 100m intervall så fort eg kan (i dag mellom 1:38 og 1:40), og har lang restitusjonstid imellom.
Stort sett altså 1:20, slik at det er lett å svømme etter klokka på veggen.
Og eg trur ikkje eg hadde hatt sjans til å gjennomføre 10x100m intervall med den farten med mindre restitusjonstid. Kanskje 5x.
Men moro var det. Faktisk. Pussig nok så kjente eg tydeleg at svømmetaka blei meir effektive etter 5-6. omgang. Som om eg tilpassar svømmetaka slik at eg kastar bort minst mogeleg energi. Det var stilig. Effekten avtok imidlertid etter 9.intervall. Då blei skuldrene slitne.
Men eg gjennomførte 10.intervall med ei like bra tid (1:40/100m) som det første.
Superfornøydd er eg. Det er nemleg PR for meg.

Resten av timen blei brukt til å forbedre ryggsvømmingsteknikken min.
Det er fortsatt pussig med ryggsvømming: sjølv om eg kan puste heile tida, så er det utruleg tungt.
Første omgang: 5x50m med litt pause imellom.
Så 250m i eitt. Eg bruka 6:10 på 250m, og det er ikkje spesielt fort kanskje, men det er ny pers det også for meg :D
Ryggsvømming er utruleg meir avslappande enn krål, sjølv om det er tyngre.
Kanskje fordi det er litt "overflødig"?
For hot er poenget med ryggsvømming?

Eg har då ikkje tenkt å delta i noko ryggsvømmingskonkurranse?

Men plutseleg så såg eg meg sjølv kryssa både hav og innsjøar, ryggsvømmande i harmoni med naturen rundt, ansiktet vendt mot himmelen, tenk å kunne la blikket kvile mot ein blå himmel og skyer, eller ein himmel med måne og stjerner...
... det er ikkje mange treningsformer der det går an å gjera det på ein trygg måte.

Eg trur nok eg må bli buande i Seljord ei stund til, slik at eg til sommaren kan krysse Seljordsvatnet ryggsvømmande, blikket vendt mot ein blå himmel... akk ja...


(er eg fortsatt påverka av auka serotonin- og endorfinnivået i hjernen min etter treninga? er det lov å føre motorkøyretøy i slik påverka tilstand? godt eg sit på sofaen heime då i så fall)

søndag 6. desember 2009

Underhaldningssvømming -prep sone

Sidan eg først var i Bø ein tur og hadde med svømmetøy i bilen i går, unna eg meg ein svømmeøkt nr.2 denne veka.
Klokka var 17:15. Gullbring basseng i Bø stengte kl.18:00.
Dette skulle bli ei mikroøkt.

Då eg kom meg ut i vatnet viste det seg at det vrimla av krålsvømmarar! Dette var nytt. Inspirerande var det også. Og greitt, sidan me alle fortsatt hadde ei bane kvar.

Men eg kjente fort at ostekake og kaffelatte to timar før svømming ikkje var nok å tære på. Spesielt sidan lunsj låg endå 5t tilbake..
at eg ikkje lærer?

Med nesten tom mage blei det jo tvilsamt kor stor treningseffekten ville bli.
Men skit au.
Dette er prep zone.

Eg trenar for å underhalde meg:

2x100m oppvarming
5x 25m v/45s. raskt
7x25m fokus på teknikk, og roleg svøm
25m fokustrening: dykking frå bassengkant til bassengkant
250m rygg (1:00/50m)

Ja da.
Eg skal ein gang svømme 3,8km eg au.
Men ikkje nå.
Nå er ded meir "happyfish"-svømming.
Svømming for underhaldning.
Svømming for å bli glad.
Bra, det.

Ønskeliste - sykkelutstyr

Dette innlegget er oppretta 8.desember 2009.
(men for å unngå at eg til stadig blir utsett for denne ønskelista fram til eg skriv neste innlegg i bloggen min, har eg arkivert den til 6.desember)

I anledning 6.desember har eg oppretta ei utstyrs-ønskeliste.
Det er nemleg NIKOLAUS-dag i ein del europeiske land, for eksempel Tyskland.
Og då kjem det NIKOLAUS-nissen til alle barn med gåver.
Og det er ein fin tradisjon, sidan ventetida fram til jol blir litt kortare.

Nikolaus kom ikkje til meg med gåver i år, og derfor har eg laga meg ei ønskeliste. Denne gongen handlar den om

SYKKELUTSTYR

Utstyr eg har lyst på, kunne hatt, planlegg å skaffe meg, aldri kunne tenkt meg å hatt, eller har frå før, og så vidare.
På grunn av min framleis skrale økonomien er mykje av utstyret her ikkje aktuelt for meg.
Derfor kan ikkje innlegget her ligge i bloggen min synleg fram til neste innlegg.

Dessverre. Slik er det etter over 7år studenttilværelse kombinert med lite produktiv psykisk helse.
Men - eg har blitt flink til å prioritere, kikke etter utstyr og benytte meg av min sjarm til å forhandle meg fram til rabattar hos lokale forhandlarar (takk enda ein gong til Intersport Seljord som er generøs og gir meg rabatt og hjelper meg med sykkelen min (gratis), men også G-Sport i Bø, der eg fekk kjøpt løpebuksar til redusert pris ei veke før min andre maraton i 2008; Sport 1 i Seljord er også snill og gir meg rabatt om eg spør. Brukås i Bø er grei av og til, men her må eg ofte spela på heile sjarmoffensiven, noko eg ikkje alltid er i stemning til).

Her skal det handle om sykkelutstyr.

Pedalar:

Eg treng pedalar til ChiCqilo. Den låner fortsatt pedalane frå landeveissykkelen min. Men dette er ikkje noko løysing lenger.
Eg har MTB-pedalar på landeveissykkelen, slik at eg kan bruke mine kombisykkelsko på både terrengsykkelen min og landeveissykkelen min.
For å unngå å to par sko og to forskjellige pedalsystem har eg bestemt meg for å halde meg til PDS-pedalar, men for å auke overflata og dermed auke kraftoverføringa, skal eg etterkvart skaffe meg desse pedalane:


Shimano, PD-A520
  • Farge: Sølv
  • Aksel: CrMo (stål)
  • Kropp: Aluminium
  • Klosser: SH-M51 SPD (medfølger)
  • Vekt: 315 gram per sett

Det er ein pedal for både terrengsykling og landeveissykling, med SPD-klossar, men med større bereflate enn dei vanlege terrengpedalane.
Fine er dei også. Har kobling berre på den eine sida (utan at det er tilrettelagt for bruk utan sykkelsko på den andre sida), men det er greitt.

eller:

Shimano 505 SPD

  • Farge: Sølv (ikkje svart som på bildet)
  • Aksel: CrMo (stål)
  • Kropp: Aluminium
  • Klosser: SPD (medfølger)
  • Vekt:?

Det er slike eg har på racersykkelen min, og same SPD-kombipedalar på terreng- og brukssykkelen min. Dei kostar heile 250kr mindre enn A520.
Stilige? Jo da, det er tross alt berre pedalar. Skulle gjerne hatt dei i svart, slik at dei passar endå betre til ChiCqiloen, men til slutt så blir dei jo dekka av mine superkule sykkelsko :D

eller:

Shimano 520 SPD


  • Farge: Sort
  • Aksel: CrMo (stål)
  • Kropp: Aluminium
  • Klosser: SH-M51 SPD (medfølger)
  • Vekt: 380 gram per sett
Jepp, her er dei, nesten dei same som 505, forskjellen er at dei er regulerbar i spenninga. Pris? Ein femtilapp dyrare enn 505.
Hm... det spørs om ikkje prisen vil avgjera valget her... eg treng nemleg også ei hurtigkobling = stikkaksling til ChiCqilo, sidan akslinga bak ikkje er kompatibel med sykkelrulla mi...

Då er det kanskje følgjande som er aktuelt:

Tacx, T1402, Hurtigkobling

Omtale frå www.bikeshop.no:


"STIKKAKSEL TIL RULLEBRUK
Stikkaksel til bakhjulet fra Tacx. Perfekt hvis du skal sette sykkelen din på rulla i vinter!"


Pris: 63kr :-) svært forbrukervenleg pris.
Og sidan rulla mi (takk for langtidslånet, Caroline!) er også frå Tacx, kan eg vel gå ut ifrå at koblinga passar.

onsdag 2. desember 2009

Impresjonar (vinter) og himmellegeme

I går hadde eg fri. Noko som passa bra, sidan det var blå himmel og sol.
Eg kjenner plutseleg ei sterk dragning mot himmellegeme.

Eg fekk meg nemleg TV i går. Bakkane her i Seljord er aldeles bratte, og husa står tett inntil fjellsidene, så var det ikke sikkert at me ville få kontakt med nokre satellittar der ute, med parabolplasseringa som planlagt.
Men det gjekk bra. Me fekk kontakt. Eg blei letta.

Eg har alltid kjent dragning mot både måne, sol og stjerner der ute. Nå er det altså også satellittar ein del av denne gjengen.

Heldigvis tek mottakeren seg av denne kontakten.
Slik at eg har tid til å rette meg mot sol om dagen, og måne om kvelden og natta..

Og av slikt kan det bli fine bilder av når ein er ute på tur...

Det blei ein kjempefin rusletur i utruleg gylden kveldssol i går..
Med fin utsikt gjennom skogen mot Seljordsvatnet som låg stilt der nede..
Jolepostkortliknande tilstandar i skogen..
Binna kosa seg også. Lukter blir ekstra gode når det kjem snø..So forsvann sola etterkvart bak fjella..
Og me kom oss heim igjen...
Men dragning mot himmellegem sluttar ikkje her..
Når fullmånen stig opp bak fjellet og troner på himmelen på kvelden, så er det ikkje lett å vende ryggen til stogevinduet..
Men nå når kameraet mitt ha gitt opp og slutta å fungere etter seks trufaste tenesteår, kan det hende eg blir mindre frista til å gå ut å knipse bilde frå månen?
Sidan mobilkameraett mitt ser ut til ikkje å dele entusiasmen min med å ville fange inn facinasjonen av himmellegeme?

Aah endeleg! Løpetur. Igjen.

Eeendeleg blei det måndagskveld.
Etter å ha kome meg gjennom søndagen utan løpetur, lokka måndagskvelden med fantastisk nysnø og måneskinn.
Strålande!
Idelle forhold for ein løpetur.
Tørt, kaldt, måneskinn. Stjerner.
Barn som akar i full fart ned bakkane, foreldre som står og ser på, folk som ruslar,
snøkrystallar som glitrar og knirkande lyd av løpande føter..

Det blei ein aldeles herleg løpetur.
Snøen var tørr og ikkje spesielt glatt, og gode gamle NIKE Pegasus stod testen på vinterføre (sklir når dei skal, har feste nok når det trengst, vannavvisande, relativt varme, romsleg nok til tynne ullsokkar, nok refleks for synlighet),
det var stråålande måneskinn, fjelltoppane lyste i det fjerne, hus omkring med varmt lys frå vinduene, adventslys- og lykter både her og der, og snøen knirka.. (eg gjentar meg)

Etter søndagens nedtur frå den planlagte oppturen så sørga løpeturen for dei lenge etterlengta endorfinene.
Det som først var planlagt som ein lett, kort tur (opp til ein time) utvida seg til ein tur på nesten halvannan time.
Men kven skulle trudd at ein harmlaus måndagskveld ville by på noko slik underbar løpsoppleving?
Det var ein herleg følelse å kunne springe utan hodelykt. Måneskinnet som blei reflektert frå den krittkvite heilt nye snøen lyst opp landskapet, bilar køyrde sakte, lufta var iskald, men tørr og god å puste inn etter så mange haustdagar med fuktig-våte løpeturar.
Eg sprang min gode "onsdagsturen" på 12km, i "søndagstempo", altså roooleg.
Her i Seljord er det ikkje spesielt hektisk, og dette gjeld nok spesielt brøyting. Folk er vel stort sett utrysta med flotte 4WD-bilar, vinterdekk eller utprega sinnsro og gode vintersko, så det var ingen som tenkte på å brøyte gangstiar.
Å springe i 12-15cm nysnø er ei spesiell oppleving. Sidan foten ikkje treffer underlaget like stødig, blir alle desse små "balansemusklane" aktivert. Noko som gjorde turen tyngre enn vanleg, men du verden så godt det er for beina å kunne bruke fleire musklar enn på dei vante asfalt-slitar-turane!
Det tok litt tid før eg kom meg heim.
Bakken heim blei nemleg også mykje lengre, sidan eg kjente at eg sklei ned littegrann for kvart steg eg tok.
Etter halvannan time kom eg meg heim og inn i varmen.
Tilfreds med endeleg å ha fått det slik som eg ville.
Godt å vite at eg kan springe søndagsturen min på ein måndagskveld i ønsdagsløypa min:D

søndag 29. november 2009

Trenings"følelse"

Eg skulle først gje innlegget tittelen: "Utsikt vs. innsikt".

Sidan utsikten som openbarte seg for meg i dag gjennom blå himmel, solskinn, glitrande iskrystallar og kvit snø på fjelltoppane gjorde at eg begav meg på ein tur utanom det vanlege, noko som førte til innsikt.
Men eg får spare denne bloggtittelen til eit anna innlegg.

I treningsdagboka pleier eg å notere meg "treningsfølelse". Der kan det stå alt frå "dårleg" til "god", "veldig god", "sliten" eller "super".
Det skal då gje ei peikepinn på korleis eg har opplevd treningsøkta, i motsetning til motivasjonen som eg har hatt i utgangspunktet.
Vanlegvis så er det ikkje så vanskeleg å fylle ut dette punktet. Eg er stort sett einig med meg sjølv.
I dag derimot lurar eg på om eg skulle dele denne posten i to:
Fysik og psykisk følelse.
Når eg la i veg på tur i dag, så jubla beine mine over å koma ut, dei kjendest sterke og spreke og klar til det meste. Hovudet mitt derimot var sterkt i tvil, og etter dei første motbakkane blei eg ganske trøtt og søvnig og tankane fekk ein litt negativ tone. Mens beina kosa seg så spente ryggen seg og eg blei i dårleg humør.
Kva i all verden skal dette bety?
Sterke bein, anspent rygg, utslitt hovud?
Dette lova ikkje godt..

Men høss starta det heile?
Eg har ingen fast vekeplan for treninga mi.
Eg pleier å ta mine rolege lange turar på laurdag og søndag, sidan det er stort sett då eg har best tid.
Det gjeld spesielt sykkelturane.

Og utan å planlegge for mykje, har eg tatt dei fleste lange løpeturane mine på søndagskvelden.
Eg likar å trene på kvelden. Eg kan også trene litt tidlegare på dagen, så lenge det er etter lunsj, og så lenge det ikkje er løping.
Eit par av mine spreke venninner kan lystig stå opp og hoppe ut av senga for å ta seg ein lengre gå- eller løpetur med ein gong, kanskje til og med før frukost, til og med før kl.8:00...
skrekk og gru..

Eg har til tider blitt inspirert og ville prøve det same: utan spesielt stor suksess.
Eg blir varm og svett om morgonen. Musklane derimot, blir ikkje varme. Dei held seg motvillige, anten stive eller slappe eller nektar samarbeid.
Hjernen blir fort lei av å bombardere resten av kroppen med kommando som ikkje gir respons, og koblar seg også ut ganske fort.
Det som er igjen då av meg, er eit sørgeleg syn og har ingenting felles med beskrivingar som "å ta ein deilig forfriskande løpetur før frukost", "rusle ein tur med ein gong om morgonen som gir energi" eller kva andre måtte finne på av ord for å beskrive det dei opplever.

Dei tidlegaste sykkelturane eg har tatt, har begynt i 11-12tida, og då vart to-tre timar. Det har funka fint.
Løpeturar før kl.15.00 er med 90%sannsynlegheit bortkasta og fører berre til frustrasjon og tomhetsfølelse og forvirring resten av dagen.

Men i dag var det altså denne flotte utsikten...
Blåååå himmel.. Kvite fjelltoppar i det fjerne. Tørre grusvegar.
Sol.
Eg tenkte at eg ville ta ein sjans og bryte rutinen med å ta lange løpeturar seint på søndagskveldane når det alt er mørkt.

Det finst dessutan ein bitteliten fjelltopp ikkje så langt unna der eg bur. Hattefjell. Sett på kartet, er vegen opp dit kort og bratt og sørvendt.
Noko som lova ein bra tur for lårmusklar, styrking av kne, høg puls, fin utsikt og solskinn.

Før eg kunne ombestemme meg, hadde eg pakka meg ein liten sekk med drikke, boller og ekstra jakke, skifta til løpetøy og terrengjoggesko (i optimistisk håp om tørre, bratte stiar), tatt med meg kart og Binna og lagt i veg.
Etter 20min gange nådde eg stien opp til Hattefjell. Den var innimellom merka med raud farge og gjekk etterkvart over til ein breiare og endå brattare skogsveg. Så blei denne meir og meir utydeleg og til slutt usynleg under steinar, lauv, mose og buskar. Attgrodd, med andre ord.
Samtidig kjende eg at frukosten plutseleg var farleg lenge sida, blodtrykket falt og hjernen hadde gått tom for raske karbohydratar.
Eit blikk på kartet bekrefta at eg eigentleg var på riktig veg, berre at denne vegen var usynleg.

Plutseleg skjønte eg at dette forsøket på fjelltur ikkje var noko god erstatning for min vanlege løpetur. Eg begynte alt å savne dette frirommet løpinga gir, når monotone bevegelsane blir skapt om til jamn rytme og tempoet justerar seg sjølv og tankane flyr...
Å kave seg opp denne skogsvegen over blaut gjørme og glatt lauv utan tydeleg retning gjennom buskar og kratt gjorde meg berre frustrert.

Sidan sola også var i ferd med å bleikne etter eit tynt skydekke, valgte eg å rusle (skli) ned att og fortsette turen i kjent terreng.

Turen blei tross alt på ein liten time, og bollene smakte eigentleg like godt foran ovnen etter ein varm dusj, saman med ein fersk kopp kaffe og ein hund som krøllar seg saman på teppet sitt på sofaen..

Eg må nok innsjø at sjølv om beina mine er spreke for tida, så er hovudet mitt fortsatt i "recovery"-fasen etter mastereksamenen for ei veke sida...

tirsdag 24. november 2009

Treningsmotivasjon

Når eg skriv treningsdagbok pleier eg blant anna å notere "treningsmotivasjonen" min. Og sidan eg lagar mi eiga treningsdagbok, kan eg justere og tilpasse postane i denne etterkvart som eg har bruk for dei.
Etter det Joe Friel skriv i triatlonbibelen sin, så kan forskjellige "symptom" hos ein atlet vera teikn på begynnande overtrening. Slik at det kan vera lurt å registrere slike symptom dagleg, for å unngå nettopp overtrening.
I treningsdagboka mi har eg først brukt posten "motivasjon". Altså motivasjon til å utføre dagens økt. Posten rett etterpå er "følelse", tatt over frå min PC-baserte treningsdagboka The Training Diary.
Kva er nå forskjell mellom følelse og motivasjon?
Tidlegare trudde eg at det nesten måtte vera det same.
Etterkvart blei eg flinkare til å kjenne etter, og det hendte at i staden for å skåre "god" og "god" nesten heile tida, så blei plutseleg motivasjonen berre "ok" eller "grei" eller til og med "liten" (sjeldan) og følelsen kunne varierer mellom "god", "super", "slapp", "trøtt" og "dårleg".
Ei økt som eg eigentleg ikkje knapt nok var motivert til å gjennomføre (motivasjon:"OK") kunne score "veldig god" på følelse. Sidan eg sannsynlegvis rett og slett var for lat denne dagen, eller sliten i hovudet, og sjølve treninga gjorde at eg fekk det så mykje bedre med meg sjølv, som vidare gjorde at eg slappa av og kosa meg under treninga.

I nokre variantar av treningsdagboka mi har eg hatt posten "treningslyst". Det er eigentleg denne posten Friel refererar til. Kor stor er treningslysten når eg står opp om morgonen? Er eg fortsatt grønsak etter førdagens løpetur, eller mørbanka etter for mykje styrketrening kombinert med sykling? Eller rett og slett sur og grinete og i alle fall ikkje utsoven?
Høyrest ut som om ei natts søvn ikkje var nok til restitusjon.
Då blei treningslysten kanskje berre "ok".
Så kunne det hende at eg seinare på dagen gjennomførte den planlagte økta likevel, og motivasjonen til denne var faktisk "god". Då har eg kroppen henta seg inn igjen i løpet av dagen og blei klar til ny innsats. Og "god" på "følelse" bekreftar at kroppen var restituert.
Men kan hende etter fleire slike dagar med desse scoringane, så synkar posten for følelse frå "god" til "ok" til "sliten".
Då er det kjekt å kunne bla tilbake og finne ut at kanskje var motivasjonen mest i hovudet desse dagane, eller kanskje så blanda eg motivasjon med "nyttighetsgrad" eller "flittighetsgrad" eller kanskje er det ein eller annan treningsplan eg hadde laga meg, som foreslå ein sykkeltur på 7 mil i friskt tempo med innlagte bakkar, og sidan eg mine treningsplanane endar med ein flott konkurranse, så er motivasjonen der med ein gong. Eg skal dit - eg skal datt.
Som om den eine økta var så avgjerande for det store og heile i treningsgrunnlaget mitt.

I den aktuelle (prøve)versjonen av treningsdagboka mi finst det berre ein post for motivasjon. Den som beskriv kor motivert eg var til økta som eg har gjennomført.
Dette passar dårleg i dag.
I dag er det igjen dag for svømming i Seljord, og som antyda i tidlegare innlegg, er tysdag DEN dagen for å svømme der.
God plass!!
Ikkje tvil at eg er i stor grad motivert for å svømme fleire tusen meter i dag.
Men eg har heller ikkje trent styrke på ei veke, og etter behandling hos fysioterapeuten min, som gav meg tips for tøying av hofte, lår, og som demonstrerte "lunge" for meg, diskuterte forskjell mellom pull-ups og "negativ", altså eksentrisk pull-ups, kva øvingar som er bra for skuldrene mine og når eg måtte passe meg litt, og etter at me blei einige om at "planken" er den absolutt mest kule øvinga, sidan den er så latterleg enkel men så grusamt effektiv, så auka motivasjonen min til neste styrketrening om det mangfaldige.
Men så blei det litt seint etter jobben i dag, og handle mat ville eg også, og rydde vekk alt det fine kildesorterte papiret som Binna hadde tatt seg bryet med å dra fram og sortere på nytt ved å legge det godt synleg over kjøkkengulvet,
og tida har gått og eg skulle helst ha trent styrke, svømt minst 2000m og gått ein luftetur på minst ein halv time med Binna før kl.21.00 (om halvannan time).

Og sidan dette er heilt umogleg å få til, sat eg meg like greitt ned og blogga litt.
Og lot maten synke.
Akkurat DETTE valget var det greitt å ta.

Men spennande blir det nå å finne ut:
- skal eg unne den slitne ryggen og dei spente skuldrane mine ein velfortent omgang med styrketrening?
- skal eg få blodsirkulasjonen i gang og nyte frisk (og faktisk tørr) luft ute i det fri og gå tur med Binna nå med ein gong?
- skal eg koma meg ned i badet nå slik at eg har god til for å svømme så lenge eg vil? Sidan det er berre tysdag ein gong i veka?

Hm..
Eller skal eg rett og slett finne fram treningsdagboka mi og fylle ut postane mine, sidan det er i alle fall ingen tvil om kva eg skal skrive under "motivasjon"?

søndag 22. november 2009

Ord for dagen

"Obstacles are what you see when you take your eyes off the goal."

Vince Lombardi

US football coach (1913 - 1970)


lørdag 21. november 2009

Recovery

I går skjedde det store:
eg hadde min muntlege mastereksamen.
Dei som har følgt med på vegen min fram til denne eksamen dei siste åra, veit kor mykje det å endeleg kome dit, betyr for meg.
Og framleis er det litt uvirkeleg for meg, at eg plutseleg skal HA HATT mastereksamen. Eg skal ikkje lenger bli ferdig med masteroppgåva mi. Den er ferdig. Og blei levert for tre veker sida. Og eg skal ikkje lenger opp til eksamen. Eg har faktisk hatt eksamen.

Eg gleder meg til den dagen det virkeleg går opp for meg. Akkurat nå er hovudet mitt heilt blåst. Tomt og litt orienteringslaust. Etter intenst samvêr med gode venner etter eksamen i går fram til i dag og tallrike meldingar eg har skrive og svart på og telefonsamtaler eg har ført, har hovudet fortent ein pause.

Nå er det vel recovery etter to-tre veker med høgintensiv peaktrening.
Eg trur ikkje eg skal lenger klage på at eg kjeder meg når eg nå sit på rulle og skal sykle. Heilt greitt at hovudet mitt går litt i tomgang mens beina gjer jobben...

torsdag 19. november 2009

Mørke bratte bakkar

I går var eg ute på ein liten løpetur.
Etter mange timar med mislykka forsøk på å sitte heime og skrive ein Power Point presentasjon til den muntlege mastereksamenen min denne fredagen, fekk eg etter ein telefon frisignal av veiledaren min om å kunne droppe presentasjonen og ikkje stresse meir med den.
Han nevnte at han hadde sitte i timevis foran PCen, og nå skulle ut i frisk luft på ein liten løpetur.

At andre snakkar om løping virkar svært triggande og inspirerande på meg, og planen om å ta løpeturen med ein gong i staden for å vente til dagen etterpå som planlagt, var beslutta.

Klokka var 16.00.
Eg innrømmer at eg la meg ned ei stund for å kvile anspente musklar og eit utslitt hovud, men mest av alt: for å venta at det skulle bli mørkt.

Eg som elskar sommar og sol og lys og har lagt ut tallrike (nåja) bilder av solskinnssykkel- og svømmeturar her på bloggen, venta nå på at mørket skulle senke seg før eg våga meg ut på løpetur...

Men eg er faktisk glad i desse løpeturane på hausten når det er mørkt rundt omkring.
- har eg det bra på turen, er det som om eg bevegar meg gjennom eit rom utan bunn og veggar, svart asfalt, mørke skogar, svart himmel.. opplevinga av farten og underlaget blir borte, og erstatta med følelsen av frihet og uendelighet...
- derimot, når eg ikkje har det så bra på ein løpetur, viskar mørket ut konturane rundt meg, tankar løper fritt og eg gløymer kor eg er hen, løper meg bort i lengsel etter ein annan stad eg ikkje veit om, fantasien skapar bilder av ein tilværelse eg har savna lenge...
- eller om løpeturen berre er j.. slitsamt og tunge tankar tek fullstendig overhand, så oppfattar eg mørket som aldri mørkt nok - eg har detmørkare inni meg.
-men så ser eg plutseleg stjerner som lyser på ein mørkeblå himmel bakom svarte silhouettar av fjelltoppar, små lykter i det fjerne som vekker savnet etter trygghet og varme..

Det er mykje rart som skjer når eg er ute og løper. I går blei turen kortare enn vanleg, men til gjengjeld unna eg meg å springe opp heile den bratte bakken opp til huset mitt.
Det hender bilar set ned farten når dei oppdagar meg klive opp stigningane, og folk har stoppa opp og sett på meg med noko som eg trur må vera blanda følelser av (be)undring, uforståelse og anerkjennelse.
Bakken er ca 1500m lang, varierar i stigning, og det er dei sisten 500m som er brattast og tyngst.
Det er då eg sluttar å tenke på at eg er ute og løper med puls i 180, eg blir derimot klar over at denne bakken er mykje lettare å halde ut enn mange av mine dagar, og eg skulle ønske at eg kunne bytte bort mykje av tungheten i tilværelsen min ved å løpe opp fleire bratte bakkar.

Kanskje gjer eg akkurat det.

torsdag 12. november 2009

Ord for dagen

"Be your own hero."

Mark Allen

torsdag 5. november 2009

Swimmer's high

Tysdag virka det som om det aldri blei heilt lyst:
skyer, regn, sludd, skyer, vind, snøslaps,....
Og eg var ikkje i tvil om at det var tid for haustsesongens første svømmetur i bassenget i Seljord (Seljord symjehall, men ikkje leit etter skiltet når du er i Seljord, svømmehallen er like vanskeleg å oppdage for folk flest enn sjølve sjøormen...).

Behagelege 30gradar i vatnet venta på meg.

Behageleg så lenge intensiteten på svømminga ikkje overstig ein viss terskel, i alle fall.
For min del kunne temperaturen gjerne vera littegrann lågare,
men med dette været ute må eg innrømme at eg kosa meg skikkeleg likevel.

Nesten ikkje oppvarming nødvendig :D

Bortsett frå den litt høge temperaturen er forholda i Seljord symjehall perfekte:

- det er GOOOOOOD plass.
Tysdagar er det nemleg "vaksensvømming", dvs for karane frå kl.17-18.00, blanding av menn og kvinner kl.18.00-20.00 og så "damesvømming" frå 20.00 til 21.00.

- det er billig: 50kr for vaksne (ubegrensa svømmetid), eller 10x40kr med klippekort

- det er 25m basseng

- det er 6 baner

- det er IKKJE stupetårn (bra for oss som som er litt redde for at elleville tenåringar i sin livsglede og bevegelesestrang skal plutseleg kaste seg frå femmern i ryggen på ein...)

- det er badstoge

- det lite besøkt (dessverre eigentleg) og dermed stort sett god plass (eg har aldri svømt på ein laurdag mellom kl.11 og 15.00 så der tør ikkje eg uttale meg om)

Eg som hadde somla bort mesteparten av dagen, rakk å kome meg ut i vatnet ca halv åtte.

Når eg steig ned uti vatnet så var det einaste som plaga meg: kva slags bane eg skulle bruke.
- skal me sjå, skal eg bruke ei bane i midten, 3 eller 4? Nei, vent litt, kanskje eg brukar den heilt ute, bane 1, men om det kjem folk da, nei ok, bane 2.

Det var berre to andre i bassenget, som roleg og avbalansert svømmte bane 5 og 6 opp og ned.
FIRE ledige baner å velge imellom! :D

Eg la ut på min første oppvarming, 5 baner roleg krål.
Med to ledige baner på den eine sida og ei ledig bane på den andre sida hadde eg så god plass at det var ei fryd.
Lysten til intervall overkom meg plutseleg: noko som skjer igjen og igjen, beklagar :D

50m intervall ved høg intensitet blei uaktuelt på grunn av den høge temperaturen, så det blei 100m i staden for.
I eit lite anfall av sjølvoverestimering (eller kva ein skal kalle det) vurderte eg "Lynne Cox's tenårings"-intervall, altså 100m på 1:45, var det 30 stykke dei tok den gongen?
Ha ha.

Eg svømte mine 100m intervall frå 1:40 til 1:145 som vanleg, med litt over 1min pause imellom, slik at eg kunne få ned pulsen og kjøle meg litt ned.
Eg angra på at eg hadde utsett middagen til etter svømmeøkta, men sånn blir det nå eingong når ein somlar bort tida heile dagen..
Etter 5 omgangar hadde eg fått opp temperaturen og var meir klar for låg intensitets-ryggsvømming.
Ryggsvømming er utruleg deileg, og når det omtrent ikkje er folk i bassenget er det også trygt for alle andre rundt.
For ryggen min er det spesielt gunstig, sidan den ofte er anspent og har ein tendens til å etterlikne hulebeboar-stilling, eller ein kunne vel kanskje også samanlikne den krumminga med ein spesielt aerodynamisk sittestilling på sykkelen?

Sidan eg hadde så god plass, og det berre hadde kome éin ekstra svømmer til i bassenget, blei det heile 500m med ryggsvømming.
Dette er absolutt å anbefale, ved å svømme litt på ryggen får ein strekt ryggmuskulaturen litt og får trent skuldermusklar som ellers fort blir forsømt.
Dessutan er det fint til restitusjon mellom intervalltrening pga den låge intensiteten ein får sidan ein kan puste heile tida.

Etter 500m stod eg i enden av bassenget, og lurte på kva eg skulle finne på.
Det blir sagt at trening ved høg intensitet fører til utskilling av endorfiner, mens trening over lengre tid fører til aukt serotoninnivå, som medfører auka velvære.

For å sikre meg eit godt nivå på både endorfiner og serotonin, bestemte eg meg for å supplere mine intervall og mellomintens ryggsvømming med litt rolegare svømming: 1500m krål.

Og det var så vidt eg greidde å stoppe etter 30baner.
Den siste medsvømmeren hadde nemleg akkurat forlatt bassenget, og eg kunne derfor konsentrere meg fullstendig på svømminga mi.
Dette her var vanskeleg å reise frå: eit basseng heilt for meg sjølv.....åh.... deileg...

Eg prøvde å stenge ute den så altfor velkjente tilstanden av å ha beslutningsvegring, då eg merka meg at eg for ein gongs skyld faktisk kunne begynne å svømme i bane 1, så veksle til bane 2, 3, 4 osv og tilbake, sidan det å svømme på same bane heile tida virka nesten litt bortkasta, når det fem ledige baner ved sida.
Eller kva med å svømme rundt å rundt langs bassengkanten?
Men eg forkasta bort slike tankar og konsentrerte meg heller om svømminga mi.

Eller-så mykje å konsentrere seg om er det jo neppe, anna enn å halde styr på antall baner ein har svømt.
Og litt om god teknikk, sjølvsagt.
Etter 10 baner hadde eg nærmast kome inn i trance-aktig tilstand, vatnet var så roleg og fredful, det var dempa musikk i bakgrunnen og ingen forstyrrelsar i det heile tatt.
Etter 20baner begynte eg å få ein følelse av å eksistere på tvers av nåtid og fortid, og svømte på kyrss og tvers i tid og rom i hovudet mitt.
Etter 25baner sjekka eg svømmepace: 1min05sec pr50m. OK.

Då det nærma seg 30 hadde kroppen min blitt transformert til noko fiskliknande, og den jevne rytmen av: tre svømmetakt - pust, tre svømmetakt - pust, tre svømmetakt - pust var virkeleg vanskeleg å bryte.
Kroppen hadde blitt til eit sjølvstendig vesen mens eg i hovudet vandra rundt i eit tidlaust rom.

Virkelegheten henta meg inn då min indre klokka synkroniserte seg med den ytre igjen, og eg kom på at eg hadde ein telefonavtale kl.21.00 med ei god venninne, og stoppa. Padla sakte på ryggen på tvers av heile bassenget mot stigen - og opp igjen - og ferdig.

Det var ei heilt fantastisk deileg svømmeøkt, og fantasien møtte ingen grenser undervegs, og gode idér strømde på - akkurat som når ein er på ein lang roleg løpetur når alt stemmar.

Swimmer's high - absolutt :D

lørdag 31. oktober 2009

Off-season trening

Når eg ikkje har noko spesiell konkurranse å trene imot i nærmare framtid, kan eg verkeleg kose meg med all slags form for alternativ og ikkje-triatlon-spesifikk trening.
Når det haust, som nå, og vegane begynner å bli anten glatte eller salta, så parkera eg gjerne både landeveis- og sidan nyleg også triatlonsykkelen og tek fram terrengsykkelen min.

I går hadde eg fri og sidan det var sol og sidan eg hadde unnagjort eit par-tre timar med småkjedeleg masteroppgåve-ferdig-skriving-og-korrigering og trengte å koma ut,
var det fjellet og dei små og store stigningane som lokka.

Som eg kanskje har antyda før, Seljord er ikkje spesielt velsigna med kveldssol.
Og nå, når dagane blir kortare, gjeld det å vera rask for å fange inn dei siste timane med sol.

Planen min for i går var eigentleg å sykle opp bakken mor Raudkleiv (Vest-Telemarks mest avsides liggjande lysløype,virkar det som) slik som eg har gjort tidlegare når det nærma seg solnedgang og eg hadde lyst på både sol og terreng og sykling og utsikt.

Men det tok lang tid å få på meg dei fire forskjellige lag med plagg, sko, BUFF, børste støv av terrengsykkelen, pakke hunden i bilen og drikke og varmt-tøy-til-etterpå og mat, slik at sola hadde blitt så låg at bakken opp til Raudkleiv alt låg i skygge....

Men som tidlegare nevnt her, så er Seljord rikeleg forsynt med bakkar av ulike slag, så det burde alltid vera mogleg å finne ei løype med sol.
- Grimåsen kanskje, sa eg til Binna i bilen.

Eg parkerte bilen, pakka Binna inni dekken, fleeceteppe og saueskinn (ho likar det varmt og godt ho òg), røska med meg sykkel og hjelm og hanskar og sykla i full fart retning Flatdal, på jakt etter dei siste solstrålane.

Eg har tidlegare sykla opp mot Grimås. Målet har då vore å sykla så langt som eg hadde lyst på,men minst ein time. Bakken er nemleg nesten dobbelt så lang som opp til Raudkleiv, som eg eigentleg hadde tenkt meg ut.

Vegen opp til Grimås er ein bomveg, og har derfor lite trafikk, og underlaget er grus, som også gir variasjon etter all landeveissykling på asfalt i sommar.
Stigninga ser slik ut:
Og eg bruka ein god time for å sykle opp.
Det var vedig forfriskande å sykle på terrengsykkelen igjen, og sjølv om temperaturen var låg, så var jo ikkje farten oppover all verden og derfor var det ikkje så kaldt heller.

Som vanleg så var eg heilt nøydd til å stoppe og knipse litt..

På veg opp og utsikt mot nokre topper eg ikkje veit navnet på.

Etter 4,5km med sterk stigning der bakken er mot sola, flatar det litt ut og det er eit flatt stykke i skyggen.... k-k-kaldt blei det ja.Men utsikten var ubeklageleg. Eg lurar på kva slags topp det er me eg ser her..

Snauhogst er heller omstridt som hogstform, men den skapar heilt andre verdiar, i form av utsikt for eksempel. Så var det ledningane da? Men straum skal me jo ha, alle saman. Dette er utsikten mot nordaust i Seljord,mot Flatdal, og blikk over Flatsjø. Og fleire flotte fjell og toppar som eg heller ikkje kan navnet på...

Nesten to kilometer med variert og ganske lite stigning i skyggen og sinkande temperatur på ettermiddagen gjorde at det blei g-g-g-ganske k-k-k-kaldt, og eg var glad eg hadde tatt med vindtett overtrekksjakke. Buksa var også OK.
Men SWIX-hanskane, som ellers er kjempefine å ha til både kjølege sykkelturar og skiturar og rulleskiturar og løpeturar, viste seg å vera aaaaltfor tynne på veg nedover igjen..
brrrrr....blei det kaldt!
Det var fint å stoppe ein siste gong på neg nedover igjen for å ta bilde og få tilbake blodet i fingertuppane..

Sola var akkurat i ferd med å forsvinne bak fjella, så timingen var bra. Og sjølv om det var litt i kaldaste laget for fingrane mine,så var det voldsamt moro å suse nedover grusen gjennom alle svingane..
Neste gong skal eg nok ha med litt meir ekstra (varme)kle, for å kunne nyte turen tilbake endå meir. Det har kanskje rett og slett endå ikkje heilt gått opp for meg at vinteren er rett rundt hjørnet her i Vest Telemark?

fredag 30. oktober 2009

Haustimpresjonar - morgonstemning (2)

Eg har ikkje hengt opp så mange bilder på veggen sidan eg flytta inni huset mitt i februar i år.
Av og til er det nok å berre gå utanfor huset ein haustmorgon,
og nyte bildene som er rett der ute..
Eller så er det nok å kikke rett ut av vinduet...

torsdag 29. oktober 2009

Haustimpresjonar - morgonstemning (1)

Av og til er det lurt å stoppe opp og sjå seg omkring (og ikkje berre når ein er i ferd med å krysse gata).
På veg til jobb blei eg voldsamt overmanna av kor vakker naturen er om hausten. Eg måtte stoppe og ta eit bilde.
Bildet er tatt med mobilkamera.
Eg skulle ønskje eg hadde hatt eit litt betre digitalt kamera og meir tid den morgonen..

lørdag 24. oktober 2009

Swim pace

Eg har tatt fram igjen boka av Lynne Cox "Swimming to Antarctica". Eg har lest den før, i full fart, sidan boka var eit fjernlån via høgskolen iBø.



Ikkje at eg har ambisjonar om å svømme til Antarktis. Eg trivst best i littegrann varmare strøk. Sjølv om eg har kjent og satt pris på den forfriska effekten av ein rask (kort) svømmetur i ganske så kaldt vatn både i hav, innsjø og elv.
Og som min norske (ikkje-biologiske) søster Marit pleidde å seia ein gong for over 10 år sida, då me i løpet av den utruleg varme sommar i 1997 kasta oss i dei fleste vatn og bekkar me kom over for avkjøling: "Det kunne ha vore kaldare." I tilfellet nokon av oss andre syntest der var litt vanskeleg å kome seg uti det kalde vatnet.
Tilbake til boka. Den slukte eg altså i full fart første gong, og nå fekk eg lyst til å lese den ein gong til. Som inspirasjon. Eg trur at når deg gjeld svømming, som triatlet, særleg på dei lengre distansane, kan ein lære mykje av langdistansesvømmarar.
Den lengste distansen eg har svømt så langt, er 2000m. Ikkje noko særleg å skryta av kanskje. Eg ser fram til å bryte denne PB mange gonger i løpet av vinteren og våren, fram til IM Germany.
Eg har tru på at det kan vera lurt å endre haldninga mot distansar.

- - -
I haust 2006 løp eg 5km i strekk for andre (eller kanskje tredje) gong i heile mitt liv. Eg hugsar fortsatt følelsen av meistring og glede og undring.
At eg hadde greidd 5km utan å måtte stoppe??

Den hausten utvida eg distansen mange gonger, til første 10km, første 15km, og tidsnok til jol, ein halvmaratondistanse. Som eg forøvrig også hugsar veldig godt, sidan det var så kaldt og eg måtte springe ganske fort for å halde varme, og bruka berre 1t55min, noko som er rask til meg å vera.

Etterkvart som distansen auka, så endra eg også måten eg såg på distansane på. 10km var lenge grensen mellom langtur og korttur for meg, men då eg trena meg fram til min første maraton i juni 2007, var 10km berre ein liten fin økt før ein onsdagskveld.
Og då eg skulle springe maraton, så resonnerte eg for meg sjølv på følgjande vis:
Den første mila er roleg oppvarming, og den andre mila er bakkeløp (det har også med løyeprofilen å gjera, jamfør www.fjellmaraton.com).
Og når eg så har tilbakelagt dei første to mila,er det jo berre ein halvmaraton igjen, og det hadde eg jo greidd å springe før (Fevik maraton same år).
Og etterkvart som eg passerte skilt med 15km (igjen), 13km igjen osv, så begynte eg å få gåsehud ved tanken på at eg skulle greie å springe min første maraton!
Fordi eg tenkte aldri heile distansen eller mållinja i det fjerne, men mest at det "berre" var 13km igjen, og då kom jo nesten tårene, for den distansen hadde eg jo sprunge såpass mange gonger på trening, at eg var sikker på å greie det.
Eg kjente at eg hadde på ein måte mista respekten for dei lange distansane. Utan å vera altfor skråsikker heller, eller tru at det ikkje ville bli tungt å springe (fordi det var det, heilt frå starten).
OK.
Eg er ingen ultraløper. Og viss det skulle vera ein ultraløper som stikk innom her og les dette, så kan det jo hende at mine distansar fram til maraton er berre blåbær i forhold til alle ultradistansane.
Men for meg så er maraton ein distanse det gjeld å møte med respekt.
Eg har nemleg også akkurat bestemt meg for å ikkje delta i Jessheim Vintermaraton på heil maraton. Sidan mitt høgre kne prøvar å fortelje meg eit eller anna om at det ikkje har det så godt alltid etter løpeturane.
Eg skal lytte til kneet.
Og behandle maratondistansen med respekt.
- - -
Men dette blei ein solid avledning frå mitt eigentlege tema: swim pace.

I motsetning til både løping og sykling har eg aldri hatt nokon langsikta plan om å tilbakelegging ein viss distanse på ei bestemt tid. Dvs, eg har svømt intervall, både 50m-, 100m- og 250m intervall. Og brukt den tida eg har brukt.Fortast mogleg, men likevel, eg har nok ikkje vore så veldig systematisk.
Eg likar godt 50m intervall, for då går det skikkeleg fort, og viss ein (som eg) tillet seg god tid imellom intervalla for å få ned pulsen, så er det utruleg moro å kjenne kroppen dei første 25m, sterk og nesten utan behov for puste.
Men i år fann eg ut at eg kunne begynne med 100m intervall, sidan dei kanskje gjev endå betre effekt på dei lengre distansane.
Som tenkt, så gjort, og på min siste svømmeøkt svømte eg 7x100m, med eitt minutt pause imellom (slik at eg alltid starta på 0:00; 3:00,osv).
Eg greidde stort sett å svømme 100m på 1:40 - 1:45. Som eg syntest var heilt fantastisk fort. Eg manglar skikkeleg styrke i armane,og må rett og slett bruke god teknikk for å koma meg fort gjennom vatnet.

Men så las eg altså i Lynne Cox's bok om hennes svømmetrening som 12åring. Då hadde familien flytta til Kalifornia, og Lynne og hennes søsken hadde nettopp starta med seriøs svømmetrening. Her er eit lite utdrag:


"[...] I was always the last one to finish in lane two. It was very discouraging, but one day when Coach Gambril came by to check on the swimmers in my lane, he figured what I was doing wrong. He had us doing a series of thirty one-hundred-meter drills in one minute and forty-five second intervals. This meant that we were supposed to swim two laps of the pool, check our time, and begin swimming again when the hands of the pace clock at the edge of the pool hit the one-minute-and-forty-five-second mark. Most of the swimmers got ten seconds' rest.
Coach Gambril stopped me and asked, "What was your time for your last one hundred?"
"I don't know," I said.
He looked like he was going to get mad. "Didn't I tell you that you have to keep track of your times during workouts, so you know how you're doing? Well, then, why didn't you get it?"
"I never have time to stop. I had to keep going so I could stay up with the other kids," I said.
"You mean to say that for the last six months you've been swimming through every of these workouts without taking any rest?"
I nodded, sure that I was in big trouble.
He shook his head and sighed. "I'm so sorry; I should have been watching you more closely. It's okay for you to stop. You need to take av break between each one hundred or two hundred, whatever we're doing. From now on, I want you to take at least ten seconds' rest." [...]"

--> Eg kom til å tenke på mine 100m intervall, og at eg sannsynlegvis heller ikkje hadde hatt tid til å stoppe, og om eg hadde fått ti sekund med pause, så hadde det kanskje ikkje vore nok til å gjennomføre alle intervall i det tempoet.
Og dette var berre 12åringar???

Så finst det maratonsvømming. Både 10km og 25km (!?!). Og kva er farten på desse distansane?
På siste verdenscup for 10km svømming var beste tid blant kvinnene 1:52:32,45. Altso ca 1:08 per 100m....utruleg fort!
Ok, dette er proffane, dei skal svømme fort.

Men, likevel.
På eit svømmearrangement i Sverige på 5km ute, med våtdrakt, er den beste tida blant kvinnene 1:06, det blir ca 1:19/100m.... hm.
Og dette var ikkje noko internasjonal meisterskap akkurat..

Ja da, det er då noko å bli inspirert av og strekke seg imot.
Eg har nå ikkje svømt på eit par veker, men har kome godt i gang med styrketrening for armar og skuldre, så eg håpar at det kan ha noko effekt?

Og mens eg då ligg i sofaen og byggar musklar etter ei vel gjennomført styrketreningsøkt, er boka til Lynne Cox ikkje det dummaste eg kan bruke for å la meg inspirere til min neste intervalløkt i bassenget...

fredag 23. oktober 2009

Haustimpresjonar - gult er kult

Nå er det blitt så fine haustfargar ute - utruleg gult.
Eg trur at eg ikkje har eit einaste plagg i kleskapet mitt som er gult - forresten - eit par sokkar i skikkeleg solgult, som var del av eit sett sokkar i forskjellige fargar.
Eg har heller ikkje noko interiør av gul farge. Heller ingen blomar. Hos meg så er det mest grønt og blått, og sidan nyleg: rosa/lila. Og svart og mykje kvitt. Og brunt sjølvsagt, til ære for Binna, som har ein så fantastisk fin sjokoladefarge som eg ikkje kan unngå å bli inspirert av.
Men gult?
Det er det svært lite av i huset mitt.
Men ute derimot..

Utsikt over Seljordsvatnet, mot vest.


For tida ein av mine favorittløpeturar: omkransa av bjørk med gult lauv..


Og eit bilde i full fart gjennom gule skogar.. passar ikkje midtstripa heilt nydeleg til omgivelsane :o)?

Eg blir heilt ør av så mykje gult... men vent litt nå..
Slik ja. Seljordsvatnet på ein stille haustdag. Såå fint. Tenk å ta ein svømmetur i slik blikkstilt vatn. Synd at det er blitt littegrann for kaldt til å bade...

søndag 18. oktober 2009

sykkelmiljøtrening

Det har blitt ordentleg hauste ute. Kuldegrader... men når sola er ute midt på dagen så er det mildt og såå flott ute.
Og sjølv om eg hadde tenkt å ikkje sykle så mykje meir på landeveissykkel, så blei fristelsen for stor både mandag og i går.
Chicquilo begynner å bli uroleg også. Ein splitter ny triatlonsykkel som berre skal stå i stoga? Ung og sulten på fart og spenning ute på vegane?

Eg bestemte meg altså å ta litt miljøtrening med sykkelen min.
Sidan den er heilt ny og kome heilt frå USA via England, så er det kanskje ein del ting den treng trening i.
Eg veit nå korleis det er å kome te Norge for første gong. Ein har godt av å få litt forklaring på ting. Venje seg te nye, uvante forhold.
Dermed blei det to korte turar,
med lett miljøtrening for Chicquiloen, dvs tilvenning til trafikkforhold i Telemark:

1. lLett innføring i sykling langs partier utsatt for steinras..
2. Gjennomsykling av korte tunnelar:
3. Takling av skarpe svingar langs bratte stup og utsikt mot vakre fjelltoppar:
4. Sykling under krevande lysforhold, f.eks. ved låg haustsol:
5. Konsentrasjonstrening: sykle den same runden fire gonger utan å miste fokus.. det var i går. Enkelt og greitt. Sykle 4mil utan å miste fokus.

--> Chicquilo var veldig flink på alle punkt. Villig og trufast,rask og stø i utforkøyringar, sterk i motbakke, lot seg tolmodig justere på styret to gonger i løpet av ein time utan å nekte, unngjekk elegant hol og humpar i vegen, heldt på trykket i dekka, girte lystig opp og ned på både lita og stor skive, bremsa med riktig intensitet og akselererte aldeles fint.

Kort om: første miljøtrening gjennomført med stor glans.

Skulle ønske at eg også kunne møte alle hol og humpar på (livets) veg med like stor eleganse, det ser dessverre ikkje slik ut for tida.
Men eg kan jo la meg inspirere av sykkelen min?

mandag 12. oktober 2009

Rester. Igjen.

Då eg var på jobb på fredag, hadde eg ei gruppe på 30 personar som eg guida gjennom museet. Frå Statkraft, og frå heile Europa. Kjempeartig. Ei god blanding av kvinner og menn, frå England, Tyskland, Belgia, Sverige og Norge, som høyrde interessert etter hot eg hadde å fortelja om norsk skihistorie, Sondre Norheim, sydpolferder, skismøring og OL-fakkeltenning.

Å guide besøkande gjennom skimuseet i Morgedal er artig, særleg når det er folk utanfrå som virkeleg er interessert, og stiller spørsmål og ikkje er "vanlege" turistar, som har eit besøk i Skieventyret berre som eitt av sine 7 stopp denne dagen, og alt er metta av inntrykk.
Etter turen i museet blei for dei fleste i gruppa det lystig shopping av elg, troll, norsk designa strikketøy og diverse andre suvenirar, og prat på både norsk, engelsk og tysk, noko som eg synst er heilt herleg og artig.

Ulempen med denne typen jobb er at det er som regel mest hektisk rundt lunsjtider, og at det stort sett ikkje er tid til sjølve lunsj.
Eg bestemte meg for å ta med lunsjen heim og ete den etter løpeturen på kvelden.

- - - -
Men når det først skulle bli restar til kvelds, kva lunsjalternativ skulle eg velge?

Alternativ 1 (fettfattig karbo-fokus med tilbehør som frukt og grønt, reker og egg):
eller
Alternativ 2 (fokus på sunt fett og protein (laks, egg, aure og roast beef) med frukt og salat:
Puhhh...
Eg greidde ikkje å bestemme meg og tok med begge platene..
Hmm.. det blei god stemning på kjøkkenet mitt...
Nam nam
oi oi oi
----> Tøv sjølvsagt :D

Det er kjempegod mat på Kafén på Skieventyret.
Men lunsjen min består som regel av niste i form av brødskiver med pålegg og eple. Viss eg har greidd å røske med meg nistepakka da.
I morgonens hektikk er det jo ikkje alltid like lett.

Godt at det er så god og rikeleg mat på kafén, og at det blir noko til overs nå og då. Som eg kan ta med meg heim.
Då er det også heilt greitt med brødskiver og First Price kokt skinke ellers.

Eg fekk nokre rare blikk av ein nyansatt i kafén, som lurte på om eg skulle ete alt dette (to plater med forskjellig mat, sjå bilde; ei bøtte med ca 2,5L fruktsalat, ei skål med potetsalat og ei lite bøtte med grønn salat). Ha.
Klart eg skulle.
Og hot er det som er igjen etter helga?
Ein ørliten posjon med potetsalat og litt grønt.

Matlysten har verkeleg tatt seg opp i det siste.

  • Er det auka forbrenning, som slår inn veldig seint etter halvironman i Tjörn?
  • Eller er det årstida, hausten med sin innsettande kulde som gjer at kroppen min vil polstre seg med eit ekstra isolerande fettlag (noko som eg ikkje håpar..)?
  • Er det matlysten som har kome tilbake etter at stressmage ikkje har plaga meg i det siste?
  • Trøstespising?
  • Kompensasjonshandling?
  • Opportunistisk åtferd?
Eg la merke til at både intensiteten og farta på løpeturen min på fredagskveld auka betrakteleg då eg hadde kome halvvegs, og begynte på springe heimover igjen. Der den gode maten venta.

Det stod ein artikkel i The Triathlete Magazine om "What really motivates you?".
Til triatlon og trening generelt.
Eg har ein mistanke om at ein av mine skjulte men ikkje ubetydelge motivasjonsfaktorar for å trene er nettopp at eg då kan ete mykje meir enn eg ellers ville ha gjort, utan å legge på meg noko særleg.
Dessutan smakar maten mykje bedre etter ein treningstur.

Særleg når ein, slik som meg, begynner å fantasere om all den gode maten ein skal lage når ein kjem heim alt etter berre ein halv times sykkeltur :D

God matlyst aukar livskvaliteten, det er sikkert.
Og trening aukar matlysten.
Altså fører trening til auka livskvalitet.

Men dette er jo gamalt nytt?

onsdag 7. oktober 2009

Sykkelen funkar :)

OK, denne bloggen er i ferd med å bli ein skryte- og reklameblogg for Quintana Roo syklar og Evanscycles.
Men det er jo ikkje noko gale i seg sjølv?

Den fine nye sykkelen min har altså fram til i dag berre stått inne i stoga, og er har brukt lang tid på å sitte på sofaen og stirre på sykkelen i vantru.
Er det sant, er den virkeleg her?
Det tok meg eit halvt år for å bestemme meg at eg ville importere den. Seks månader med grundig etterforskning på nett, i sykkelblader, triatlonmagasin, utprøving av andre triatlonsyklar, osv.
Det blei så mykje snakk om den sykkelen til slutt, at eg nå nesten ikkje kan tru at den virkeleg er her.
Men den er det.
I går fekk eg hjelp av Arne på Intersport i Seljord til å tilpassa styrerøyret.
Eg må innrømme at eg nesten blei dårleg av å sjå at nokon begynte å sage i den splitter nye sykkelen min...
Men eg har stor tillit i det Arne gjer, og dessutan var det ingen veg utanom viss eg ein gong faktisk skulle sykle med sykkelen min.

Det gjekk bra.
I dag lånte eg pedalane frå racern min, og der stod sykkelen klar.
Ute var det blå himmel og sol og nesten ikkje skyer, og eg blei etterkvart klar for den første prøveturen min.
Det er ingen spøk å bestille ein sykkel på nettet. Det hadde eg ikkje anbefalt nokon, hadde eg blitt spurt.
Men som tidlegare nevnt har eg såpass kort rygg at eg treng ein sykkel med kortast mogleg overrør. Samtidig skal sykkelen fortsatt ha plass til mine lange bein. Dette var ikkje lett å finne ut av.
Men med bratt vinkel på seterøyret som på ein temposykkel f.eks. skulle dette gå bra.
Og eg har brukt laaaaang tid for å samanlikne sykkelgeometriar, måle lengder på racern min, og gruble og tenke og rekne.
Etterkvart kunne eg nesten sykkelgeometriane til syklar frå Quintana Roo, Cervelo og Felt utanatt. Og var det ikkje også Cannondale som laga ganske bra små syklar?
Men valget falt på Chicquilo, som i teorien skulle kunne passe meg bra og stemde i prisen.

Men teorien er ein ting, korleis sykkelen ville bli å sykle på, ein annan. Derfor var eg utruleg spent på prøveturen i dag.

Mine erfaringar så langt:

Alle gir var ferdig justerte. Bremsene var også bra justert. Trykket på dekka stemte. Setet kjendest bra.
Girspakane var forholdsvis lett å bruke. Litt uvant, men greitt. Fekk etterkvart lært meg noko hugseregel ("opp er lett og ned er tungt")..

Quintana Roo Chicquilo er altså ein dame-triatlonsykkel. Og eg har valgt XS.
Det betyr også hjul med 65omm diameter.
Noko som eg alltid har hatt sans for, sidan ein då slepp å få skotuppane bort mot framhjulet i krappe svingar.
Noko som eg også har vore litt skeptisk til, sidan det er meir utfordrande å finne delar. Det går ikkje lenger å låne ein reserveslange av ein kompis.
Dessutan ser syklar med 650-hjul så utruleg små ut! Dei er så låge.

Men det eg hadde håpa på, og fekk bekrefta i dag, er at mindre hjul gjer sykkelen utruleg smidig og "rask" i akselerering og i bakkane.
Eg har slite med mine store tunge gir på racern min. Eg bytta kassett. Det hjelpte littegrann.Men med dei skivene eg har foran nå og kassetten bak og mindre hjul som eg har nå er sykkelen blitt utruleg god i motbakkar.
Og eg var ikkje i nokon spesiell god sykkelform i dag.
Tvert imot-det blåste og eg var eigentleg kjempetrøtt og hadde ete for lite før eg la ut på tur.

Men likevel. Sykkelen var som ein liten rask fullblodshest med skikkeleg temperament, mens racern min kjendest ofte som ein.. nå ja.. eg vil ikkje seie treig fjording, men kanskje som ein flott kaldblodstravhest? Ganske rask på flata, men ikkje god i bakkar?

Det blei mange stoppar for å justere setet opp og ned og fram og tilbake.
Men etterkvart fekk eg til ei god sittestilling.
Og - hurra - føtane mine sovna heller ikkje. Det pleier dei nemleg å gjera, også etter berre ein halv times sykling.
Ikkje alltid, men ofte.
Ja da, skoene mine er litt smale, og solen ikkje den stivaste. Men eg har på racern alltid hatt følelsen av at beine mine er for langt framme. At knekken i hofta hindrer blodtilførsel til beina.
Slik var det ikkje i dag.

Uansett så kjendest det veldig "riktig" å sykle i dag.
Styret er nok litt uvant, men det venner eg meg nok til etterkvart, eg har jo god tid.
Det er jo ingen konkurranser igjen, og sesongen for landeveissykling er i ferd med å gå over her i Vest-Telemark.
Ikkje så dumt likevel å kjøpe ny sykkel om hausten eigentleg.

Eg er så fornøydd med sykkelen min. Den kjennest liten og lett (8,5kg) og smidig og rask og eg er alt kjempeglad i den:)
Eg gleder meg til dei mange turane med den.
I fint vær ;-)

Nå står den her i stoga ved sida av den maskuline racern min:


Og det ser ut som dei to alt har blitt gode venner:


Her ser me heilt tydeleg at vesle sykkelen har tatt godt tak i styret til store sykkelen:


Slik at eg er veldig usikker på om eg tør å gå ifrå dei to i kveld når eg skal legge meg. Dei to heilt aleine i stoga i natt, når mørket har senka seg...

Kan hende det blir små søte syklar plutseleg ein dag :D?