It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

onsdag 29. april 2009

Sykling forbi ein av Norges få landsbyar

Har eg tidlegare i denne bloggen nevnt at det er altfor fullt av bakkar her i Seljord (mest motbakkar og alfor få unnabakkar)?
Ikkje at eg ikkje likar fjell.
Det er flotte, vakre deilege fjell her i Telemark, og eg nyt utsikten frå plassen der eg bur nå kvar einaste dag (når det ikkje er tåka eller låge skyer). Verkeleg.
Men eg har sidan eg flytta til Vest-Telemark lengta etter ein deileg, roleg sykkeltur. Sykle roleg. Ikkje anten i bratt oppoverbakke, eller nedoverbakke.
Eg har funne det vanskeleg å halden pulsen på eit nivå som kvalifisera ei økt som "roleg langtur". Hm.
Men i det siste har eg trent litt mindre, og praktisert meir rekognoseringsturar på sykkel, som endte med at eg oppdaga ei flott strekning med minst 10km flatt terreng. Yessss.
Det hadde eg eigentleg kunna tenkt meg: FLATDAL. Navnet seier då sitt. At eg ikkje kunne koma på det før..
Ut med sykkelen og ta pedalane fatt, retning Flatdal. Det MÅ det då vera flatt.
Og det var det. Utruleg flatt. Og for å poengtere dette endå meir, så sykla eg på E134 langs elva Flatdøla, som har sitt utsprang i det vesle vatnet Flatsjå. Har du høyrt?
Det gjeld jo å opne opp augo.
(Bildet har eg lånt frå www.flatdal.net, tusen takk! Det får vera grense for kor ofte eg skal stoppe og ta bilde på treningsturane mine...)

Klart, der det er flatt, er det gjerne vind. Men det er greitt. Ein fin sykkeltur på ein liten time i den flotte varme vårsola blei det.
(Etterfulgt av dei vanlege 2km med bratt bratt bratt stigning for å koma meg heim, sjå høgdeprofil lenger nede i tidlegare post).
Og så ein kort rusletur med bikkja mi opp i høgda. Med fin fin utsikt over Seljordsvatnet med fjell på alle kantar.
Då fekk eg også unnagjort fleire høgdemeter:
Men det var bra, 88m stigning unnagjort på ein drøy kilometer, då får ein strekt litt korte legg- og lårmusklar og tatt ein pust i bakken ved ei av dei flottaste utsiktene her..
Me er ganske bortskjemte med flott landskap her i Telemark...

torsdag 23. april 2009

Triatlonsesong 2009 i gang

Nå er det gjort. Triatlonsesongen har starta.

Med det som blei annonsert som "vårdens vakraste eventyr": Bø Sprinten 2009.
Det VAR kjempefint vårvær, og det var sanneleg eit eventyr for meg å delta, men om det var vakkert? Kanskje ikkje akkurat for min del. Men det er flott i Bø og naturen ER vakker der.

Og ein sprinttriatlon er ein akkurat passe distanse for å kome i gang med triatlonkonkurransar så tidleg på året.
Ein får testa formen sin, avdekka svakheter, bekreftar sine styrker, oppdaga nye eigenskapar ved seg sjølv og samtidig nyte det sosiale samværet og den fine og spesielle stemninga som rår på ein triatlonkonkuranse.

På Bø Sprinten blir svømminga unnagjort i bassenget ved det flotte Gullbring kulturanlegget, og organisert i heat samansett etter antatt svømmetid. Det fører til ein del venting både før og etter svømminga, noko som gir rom og tid til å sitte saman med andre deltakarane og prate svømmeteknikk, utstyr, svømmetider, gjennomførte og planlagte konkurransar, treningsopplegg, livet utanfor trening og triatlon, farge på nøkkelband og nedlastbar viljestyrke, mens det samtidig er lett å ta ein tur bort til svømmehallen for å heie på dei som svømmer.

Det er ca 500m til sentrum og neste matbutikk som også tilbyr varm mat, så fasilitetane er bra.
Vekslingsområde ligg også berre 150m frå Gullbring, og dermed er garderobane med dusj, parkeringsplass og start- og målområde plassert i veldig kort avstand til ein annan. Det gjer det lett å organisere seg og det er fort gjort å sykle eller gå raskt til bilen eller garderoben for å hente endå ei drikkeflaske, i tilfelle ein berre har fått med tre eller fire til vekslingsområde og er fortsatt usikker om ein skal ha med vatn eller sportsdrikke eller saft på syklinga.
Det er tross alt 20km å sykle må vite.
Og etter over eit halvt år utan konkurranse kan ein lett bli rusten på konkurranserutinene. Likar eg best vatn eller sportsdrikke på slike korte distansar? Eller var det slik at eg eigentleg ikkje får tid til å drikke noko uansett? Kva var det eg las ein stad, at det ikkje eigentleg var så farleg å bli dehydrert?
Hm.

Det viste seg som så mange gonger før å vera mykje mindre problematisk enn antatt.
Å ha med drikke på ein så kort distanse handlar for min del nok meir om hygge og trivsel enn det virkelege fysiske behov for hydrering.
Det er rett og slett hyggeleg å kunne ta seg tid til litt drikke undervegs. Om det så er mikroskopiske mengder med væske, så er den psykiske effekten større. Har eg tid og pust nok til å drikke litt, gir det følelse av kontroll. Når motstandaren bak er fortsatt like langt bak sjølv om eg har tatt meg tid til å tråkke litt rolegare og få igjen pusten for å drikke, så kan det ikkje stå til så allerverst med sykkelformen..

Løpinga på Bø Sprinten består av to runder på ca 3km, den eksakte distansen skal eg ikkje uttale meg om, men den er heller ikkje så viktig her, sidan det dreier seg om ei forholdsvis krevjande løype der terrenget har meir å sei enn lengda. Det er mange store og små bakkar, ca halvparten går på asfalt, halvparten på grus eller sti og gras, og ein liten runde på idrettsbane.
Snakk om variert underlag.

Bø Sprinten er eit arrangement som er fint for dei som vil prøve seg på ein triatlon for første gong. Det er to løypar, lang og kort, der den lange løypa består av 750m svømming, ca 20km sykling og ca 6km løp, og den korte løypa av 250m svømming, 20km sykling og ca 3km løp. Dessutan er det trygt å svømme inne for den som ikkje er vant med fellesstart ute og det gjer det også mogleg å ha Bø Sprinten så tidleg på året.

Bø Sprinten er eit fint arrangement som eg absolutt kan anbefale til neste år også. Det var veldig få jenter med som deltakarar, så her kjem oppfordringa mi til alle spreke jenter der ute:

Bli med på Bø Sprinten neste år!

Det er ein overkommeleg distanse også for dei som enno ikkje har kome ordentleg i gang med treninga (sånne som meg).

Og eg kan snakke av erfaring, sidan det er tredje Bø Sprinten eg har deltatt i, og bortsett frå i fjor der eg hadde trent ganske bra gjennom vinteren, så er treningsgrunnlaget mitt gjennom vinteren veldig tynt, pga av vinterdvale som eg ikkje har så lett for å riste av meg...
... og som eg godt kunne tenkt meg å fortsette litt med, tross alt. Sidan dvalen blei avbrytt av ein intens flytteperiode og start i ny jobb i januar.

Kanskje rekk eg bittelitegrann vinterdvale til? Som eg nå kan kalle restitusjon etter hard innsats på årets første konkurranse?

torsdag 9. april 2009

Stress og søvnbehov

Av og til så kjem eg heilt tilfeldig over den artikkelen eg treng mest for å roe meg igjen etter nok ein dag der eg sovnar kl.21, vaknar dehydrert og slapp på sofaen rundt kl 23, pussar tennar i ørska og veltar inni senga, sovnar umiddelbart og vaknar igjen i halvkoma av vekkerklokka kl.7 neste dag.. det blir altså nesten 10timar med søvn!
Andre dag på rad.

Eg skal ikkje lure på kva som ikkje stemmer her, men eg har ein mistanke.
Eg kom tilfeldigvis over denne artikkelen i stad:

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/rogaland/lokalen_pa_nett/1.6546934

Og nå er eg så godt som på veg til jobb.
(og det skal bli mitt påskeforsett: å ikkje la meg stresse på jobben..)


tirsdag 7. april 2009

Restitusjon

Og så kom måndagen og dermed dagen for restitusjon.
På jobben min er det ikkje tid for påskeferie, tvert imot, skihistorie skal i alle fall formidlast i påsketida.
Og åpningstida utvidast. Noko som fører til lengre dagar og kortare kveldar og auka behov for restitusjon, særleg etter helga med ei heftig bakkeøkt og ein altfor tung "roleg" langtur (med motvind og motbakke).
Det hendar ikkje så reint sjeldan at kroppen min gjer krav på det den treng mest: restitusjon. Og måndag kan vera ein fin dag til akkurat det. Den vesle halvtimen foran TVen i sjutida blei då utvida til ein solid blund på over halvannan time, deileg..
Binna var nok ikkje spesielt fornøydd med det, og det er heller ikkje så vanskeleg å tolke på hennes oppgitte ansiktsuttrykket.

Går det an å vera så kjedeleg når det er så fint vær ute?

Roleg langtur med lila ansiktsfarge

Roleg løpetur på søndag: 9,2km ca. Men: Kor roleg skal det eigentleg vera når ein skal løpe opp den siste bakken heim?
Eg er glad i høgdeprofilar. Gjerne med mange farga, eg blir i så godt humør av fargar. På høgdeprofilen nedanfor mistenker eg at fargane er valgt med tanke på ansiktsfargen som oppstår.. frå lyst til å bli meir og meir mørkeraud og til slutt lila dess brattare det blir.. det stemmar i alle bra hos meg..

søndag 5. april 2009

Moro med bakke


Då eg flytta til Seljord for eit par månader sida, blei eg konfrontert med noko som Vest-Telemark har rikeleg av: bakkar.
Eg har budd lenge i Bø, som er velsigna med eit rikt utvalg av terrengtypar, frå bratte Lifjell til slake grusvegar som gjennomtrengar skog, langs elvar, i oppoverbakke og nedoverbakke.. det var milevis med flotte stiar og traktorvegar med lite eller ingen trafikk og variert underlag i skog og mark, langs elver og i fjellet.

Nå i Seljord savna eg mine "gode gamle" løyper til roleg langtur. Der det gjekk an å berre springe og springe og springe...
Etter eit par månader med konstant fornektelse over situasjonen min, har eg nå endeleg vent meg til at det i framtid vil bli meir og meir bakketrening.
Jo, det finst flate strekningar i Seljord også. Og det går fint an å springe same strekning att og fram og att og fram. Eg har til og med gjort det i Bø også, der det faktisk gjekk an å finne noko meir spennande.

Det er jo mange fordelar med bakketrening. Ein blir sterk i beina. Ein får trent viljestyrken. Ein får fin utsikt. Ein får trent mykje på ei kort strekning.

Nok med sytinga. Bakkar er faktisk ikkje så ille. Eg har faktisk stoppa på eit par sykkelturar for å ta bilde av utsikten..

Eg har begynt å leggje inn mine løpe- og sykkeløkter på kart på MapMyRun. Der finst det ein tag som heiter "scenic"- den har eg så langt brukt på dei fleste turane mine.
Ikkje verst?

Første post

Eit forsøk på å blogge om det å trene triatlon på eit littegrann lågare nivå enn dei fleste bloggane som eg har funne på nettet. Som eg forøvrig synst er kjempeinspirerande!
Men så er det vel mangel på bloggar av folk som trener triatlon på eit litt meir beskjedent nivå.. sånne som meg.
Målet mitt er IRONMAN ein gong, det har det vore sidan eg såg ein reportasje om Ironman på Hawaii ein gong på åttitallet..
Sidan eg alt då likte godt å svømme, sykla dagleg og "jogga" som me gjorde den gongen då den store joggebølgjen skylte over fråUSA til Europa,
så sat eg i gang eg au. Det blei litt sykling på den supertøffe racersykkelen min (eg skal virkeleg prøve å finne at det bildet eg tok av den i 1990, svart, turkisblå og neongul var den, superstilig) og litt påfølgjande jogging..
Men det blei aldri noko meir systematisk triatlontrening den gongen, bortsett frå ein svømmetur på 1000m veeeldig roleg svømming i veka, og ein joggetur i pratetempo med ei venninne.
Men kven veit, kanskje la eg alt då eit grunnlag for trening nesten 20 år seinare?
Trening gjekk litt i gløymeboka hos meg, men har blitt gjenoppdaga hausten 2006, når både den fysiske og den mentale helsa begynte å skrangle noko heilt alvorleg.
Det starta med løping og litt svømming, og våren 2007 heiv eg meg på min første triatlonkonkurranse: Bø Sprinten i Telemark. Då hadde eg sykla heile 20km den våren... og det var saman med bikkja mi, gjennomsnittsfart 10km/t.....
Eg blei sist av damene (nr 5 av 5). Men ikkje sist totalt! Det blei ei inspirerande oppleving, og gav meirsmak. Treninga heldt eg fram med. Mest løping i roleg fart, for å gjennomføre noko eg hadde drøymt om lenge: maraton.
Det blei ei heilt spesiell oppleving, som eg antar at den første fullførte maraton er uansett for dei fleste, med snegletid på 04:45, men det var på fjellmaraton på Beitostølen, og i etterkant har eg skjønt at eg kunne ha sprunge mykje fortare utan å "ta ut alt". Eg hadde eit godt løp og kom i mål etter å ha sprinta dei siste 2km i 5min/km-fart, gjennom Beitostølen, der dei fleste deltakarane alt satt og slappa av, eller rusla rundt, ferdigdusja...

Eg peika på startnummeret mitt (nr 1 !!!!!), forklarte at dette var min første maraton nokonsinne, og inviterte eplekjekk folk rundt i målområdet om å vera med på ein løpetur sidan eg akkurat hadde varma opp... snakk om god oppleving :-)

Det blei ingen fleire triatlonkonkurransar i 2007, men ein del mindre løp og to halvmaraton. Men eg hadde altså begynt med å trene sykling i tillegg, for å trene meir variert og for å avlaste ein utslitt og litt for stiv høgre leggmuskel.

Sidan studentøkonomien er skral, lånte eg meg ein landevegssykkel denne sommar 2007..

Det blei ein norsk klassiker, ein knallraud DBS (godt synleg), av solid stål (tungt), med slike girspakar nede på ramma (som i gode gamle dagar) og bagasjebrett bak (praktisk). Til tross for at sykkelen var litt lang til min korte rygg, så blei eg og sykkelen fort gode venner. Den hadde tross alt vore med å sykla Trondheim-Oslo tre år på rad ein gong på åttitallet...
Så den syntest nok at det var fint å bli vaska, pussa og smørt igjen og kome seg ut av den støvete garasjen.

Og med hausten kom studielån og stipend, og eg forta meg til å bruke opp mesteparten på ny racersykkel..
Denne utgiftsposten blei plassert som "helsestyrkande og sjukdomsforbyggande tiltak" og ikkje meir tenkt på eigentleg.
Heller sykle rundt i godt humør med firstprice-bananar i sykkellomma og heimelaga sportsdrikke enn å sitte heime og sture på sofaen..

Så kom året 2008, med fleire triatlonkonkurransar enn reine løp, der eg ikkje blei sist eingong..
At sykkelformen min viste ei ganske bratt stigning skal ei god venninne av meg ha æra for, som driv med landeveissykling og har inspirert meg veldig. Utan henne hadde eg nok ikkje koma meg ut så regelmessig, så takk for alle våre sykkelturar!

Ei anna venninne av meg skal ha æra for all den inspirasjonen angåande triatlon, Marie, du er berre ei knalltøff jente og kjempeinspirerande :-)

Meir om trening og triatlon seinare. Ute er det solskinn nå og blå himmel med små skyer, og terrengsykkelen min står ute og lengtar etter sykkelolje etter den grundige vasken i går kveld.. Dessutan er det planlagt ein liten løpetur i dag, og då hadde det vore fint med solskinn.
Det er deileg med vår!