It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

torsdag 27. august 2009

Simma ute - härligt

Nå har eg den siste tida meir eller mindre brukt på å koma meg igjen etter altfor lang tid med kronisk stress og resulterande stressmage og negative tankar og depresjon og hodepine og og og...
Binna har fungert som terapihund:









Men nå er det jo berre nokre dagar til Tjörn, og det er absolutt noko å sjå fram til.
Min første HalvIronman-distanse.
Eg er så spent!

I går var det så fint vær og Seljordsvatnet lokka.
Dermed blei det ein siste utesvømmingsøkt før laurdag.

Eigentleg var det denne gongen heilt unødvendig med rosa svømmebriller..
Kunne me ikkje hatt littegrann fleire slike dagar som i går?



















Perfekte forhold påBjørgesanden ved Seljord Camping:
























Hm.... sukk

onsdag 12. august 2009

Helseplager


Godt at mange andre er flinke til å ordlegge seg om vanskelege tema.
Sitatet ovanfor er henta frå "Depression: A Primer" og kan lesast som e-book her.

torsdag 6. august 2009

Sykkeltur med impresjonar

Endleg er det litt meir sommarleg vær..
Eg kunne ikkje dy meg og måtte stoppe og ta nokre bilder på sykkelturen i går, sjølv om sola alt var i ferd med å gå ned bakk fjella og lyset etterkvart blei i minste laget for eit mobilkamera..

Mellom Seljord og Flatdal. Fin utsikt frå sykkelsetet.
Ein flat sjø ("Flatsjø") og bratte fjell..


Og vatn som er mindre flatt.. Vallaråi mellom Flatdal og Seljord (den kunne jo ikkje heite Flatåi. Denne elva er faktisk ikkje flat).


Dramatiske skyer..

Og idyllisk himmel over Seljordsvatnet (men kor er Sjøormen?)

onsdag 5. august 2009

Biologisk mangfald på Seljords idrettsanlegg

I går var det opphaldsvêr. Det begynte å klø i løpebeina mine.
Etter å ha svømt bort måndagen i innandørsbasseng (deileeeeg, når vêrmeldinga viste:
men så blei der faktisk slik:Då vår det utruleg godt å kunne svømme i veltemperert, i overkant klorert og bølgefritt bassengvatn)

Nok om det.

I går blei det intervalltrening på bane. Såkalla "miles repeat". Altså 4x1600m i den farten eg skulle kunne halde på eit 10km-løp. I alle fall etter det Owen Barder har rekna ut for meg på nettsida si. I det tilfellet eg hadde tenkt å springe ein maraton på 4:10. Og basert på mine tidlegare løp. Vel.
Eg har ikkje før i år drive med intervalltrening i det heile tatt, i alle fall ikkje frivillig. Min yndlingsløypetrasée i Bø var jo neppe spesielt flat, så nokre naturlege intervall har det jo blitt.
Men for meg som innimellom synst det er morsamt å måle min framgang/tilbakegang/treningsøkt i sifre og tall, så er det å løpe på bane ei fin anledning til å gjera nettopp det.
Eg har høyrt at det skal vera tungt å springe på bane. Sidan det er så einsformig, og på grunn av det spesielle underlaget.
For eksempel, så skriv Løplabbet om risikoen ved å springe på bane:

" [...] Banen har ingen ujevnheter i underlaget som kan føre til at belastningen på føttene ikke blir den samme hele tiden. Svingene er et annet moment som kan være en risikofaktor i forhold til det å pådra seg skader. Alle trenger å bruke tid på å venne seg til å løpe på banen[...]"

Ja da, det var fire svingar på banen i Seljord. Men "ingen ujevnheter i underlaget"???
Det ser ut som eg skal bli skånet for det.

Løplabbet skreiv også noko om at løping på bane er "monotont".
Eg kan da ikkje klage på at det er monotont å springe på idrettsbanen i Seljord?
Eg rakk da ikkje å kartlegge halvparten av alle artar ein gong som utgjer det biologiske mangfaldet på banen på mine 16 rundar...
Til tross for eit viss antall studiepoeng i vegetasjonsøkologi og mange timar med tilhøyrande feltkurs.
Eg har nok meir trening i løping enn i vegetasjonskartlegging for tida.
Men underlaget rakk eg å legge merke til og til og med dokumentere, om enn på ein meir amateurmessig måte, som eg tvilar på hadde gitt meg studiepoeng:


Underlag type "Sand med småstein og litt gras" (dekningsprosent vegetabilsk: ca 7%).

Sand med lettare innslag av planter og strø, dekningsprosent varierande frå 90% frå innerste bane minkande mot mindre enn 5% frå og med bane 2 mot ytterste bane.

Underlag type "uklippt plen" med feltsjikt beståande av løvetann og andre tråkksterke vekster spesielt i bane 1.


Underlag type "urbant terreng" med 100% dekningsgrad av tråkksterke fleirårige vekster, spesielt løvetann og kvitkløver. For løparen som vil ha den gode "urskogfølelsen".

For den spesielt interesserte som søkjer ekstra spenning: hinderløp og/eller sikksakk.

På bildet kjem det også godt til uttrykk at graden av vegetabil dekningsgrad varierer mellom banene, her er der altså noko for einkvar smak!

---> ops, er det eit snev av sarkasme/ironi her?
Det var ikkje meining, sidan eg virkeleg har blitt glad i denne idrettsbanen, akkurat fordi den ikkje er så flott og velstelt.
(Tenk så anonym og upersonleg den hadde blitt viss den hadde sett ut som denne...

...)

Beina mine har i alle fall godt av å springe på litt sand og grastuster og løvetann, sidan det kan bli litt vel mykje einsforma asfalt til tider.
Dessutan er det genialt nok akkurat her nede ved idrettsbanen at kveldssola er lengst, slik at det er ideelt for ein kjapp intervalløkt på kvelden etter jobben.
Dessutan er det tilgang på drikkevatn, ei fin liten grusstig rundt anlegget langs elva og ei badebrygge for den som føler for avkjøling etter avslutta økt.

Ja da, det har blitt litt vel mykje vegetasjon på banen. Men det er alltid god plass til å trene på banen, nå på sommaren når idrettslaget tek ferie, har eg drista meg til å sleppe inn bikkja mi som dermed gledeleg tok den siste 1600m saman med meg.


Så er det fint med blomar, er det ikkje det?

tirsdag 4. august 2009

(Vær)sjuk

Nå skal eg ikkje begynne å klage på været. Det har regna mykje denne sommaren. Og det berre fortsetter.
Eg synst eigentleg det gjeng fint å ta seg ein løpetur i regnet, og eg minnest lengre sykkelturar i fjor sommar der eg blei klissblaut berre etter ein halv time, men der syklinga var fin likevel.
Så lenge det ikkje er kaldt.

Siste veka var det heile to dagar med fint vær, og i god gamal "Carpe Diem"ånd heiv eg meg på sykkel med ein gong og tråkka i veg i mange timar. Det var fint.

Bildene kjem også snart.
Nå har eg jo meir tid til å blogge.
Når eg er sjukemeldt.
Og skal ta det med ro.
Heldigvis har legen min skjønt at eg har godt av å trene, synst absolutt at eg skal fortsette med det. Han støttar også at eg deltar i konkurransar, så lenge det er berre moro og eg treffer venner:)
Det er jo ikkje sjølvsagt at ein lege seier slikt?
Nå skal eg i alle fall bruke tida til å få ned kvilepulsen og puste med magen og polstre nervene ekstra godt.
Og finne fram bilder frå i sommar med fint vær.
For eg har ikkje lyst til å bli værsjuk også...