It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

søndag 29. november 2009

Trenings"følelse"

Eg skulle først gje innlegget tittelen: "Utsikt vs. innsikt".

Sidan utsikten som openbarte seg for meg i dag gjennom blå himmel, solskinn, glitrande iskrystallar og kvit snø på fjelltoppane gjorde at eg begav meg på ein tur utanom det vanlege, noko som førte til innsikt.
Men eg får spare denne bloggtittelen til eit anna innlegg.

I treningsdagboka pleier eg å notere meg "treningsfølelse". Der kan det stå alt frå "dårleg" til "god", "veldig god", "sliten" eller "super".
Det skal då gje ei peikepinn på korleis eg har opplevd treningsøkta, i motsetning til motivasjonen som eg har hatt i utgangspunktet.
Vanlegvis så er det ikkje så vanskeleg å fylle ut dette punktet. Eg er stort sett einig med meg sjølv.
I dag derimot lurar eg på om eg skulle dele denne posten i to:
Fysik og psykisk følelse.
Når eg la i veg på tur i dag, så jubla beine mine over å koma ut, dei kjendest sterke og spreke og klar til det meste. Hovudet mitt derimot var sterkt i tvil, og etter dei første motbakkane blei eg ganske trøtt og søvnig og tankane fekk ein litt negativ tone. Mens beina kosa seg så spente ryggen seg og eg blei i dårleg humør.
Kva i all verden skal dette bety?
Sterke bein, anspent rygg, utslitt hovud?
Dette lova ikkje godt..

Men høss starta det heile?
Eg har ingen fast vekeplan for treninga mi.
Eg pleier å ta mine rolege lange turar på laurdag og søndag, sidan det er stort sett då eg har best tid.
Det gjeld spesielt sykkelturane.

Og utan å planlegge for mykje, har eg tatt dei fleste lange løpeturane mine på søndagskvelden.
Eg likar å trene på kvelden. Eg kan også trene litt tidlegare på dagen, så lenge det er etter lunsj, og så lenge det ikkje er løping.
Eit par av mine spreke venninner kan lystig stå opp og hoppe ut av senga for å ta seg ein lengre gå- eller løpetur med ein gong, kanskje til og med før frukost, til og med før kl.8:00...
skrekk og gru..

Eg har til tider blitt inspirert og ville prøve det same: utan spesielt stor suksess.
Eg blir varm og svett om morgonen. Musklane derimot, blir ikkje varme. Dei held seg motvillige, anten stive eller slappe eller nektar samarbeid.
Hjernen blir fort lei av å bombardere resten av kroppen med kommando som ikkje gir respons, og koblar seg også ut ganske fort.
Det som er igjen då av meg, er eit sørgeleg syn og har ingenting felles med beskrivingar som "å ta ein deilig forfriskande løpetur før frukost", "rusle ein tur med ein gong om morgonen som gir energi" eller kva andre måtte finne på av ord for å beskrive det dei opplever.

Dei tidlegaste sykkelturane eg har tatt, har begynt i 11-12tida, og då vart to-tre timar. Det har funka fint.
Løpeturar før kl.15.00 er med 90%sannsynlegheit bortkasta og fører berre til frustrasjon og tomhetsfølelse og forvirring resten av dagen.

Men i dag var det altså denne flotte utsikten...
Blåååå himmel.. Kvite fjelltoppar i det fjerne. Tørre grusvegar.
Sol.
Eg tenkte at eg ville ta ein sjans og bryte rutinen med å ta lange løpeturar seint på søndagskveldane når det alt er mørkt.

Det finst dessutan ein bitteliten fjelltopp ikkje så langt unna der eg bur. Hattefjell. Sett på kartet, er vegen opp dit kort og bratt og sørvendt.
Noko som lova ein bra tur for lårmusklar, styrking av kne, høg puls, fin utsikt og solskinn.

Før eg kunne ombestemme meg, hadde eg pakka meg ein liten sekk med drikke, boller og ekstra jakke, skifta til løpetøy og terrengjoggesko (i optimistisk håp om tørre, bratte stiar), tatt med meg kart og Binna og lagt i veg.
Etter 20min gange nådde eg stien opp til Hattefjell. Den var innimellom merka med raud farge og gjekk etterkvart over til ein breiare og endå brattare skogsveg. Så blei denne meir og meir utydeleg og til slutt usynleg under steinar, lauv, mose og buskar. Attgrodd, med andre ord.
Samtidig kjende eg at frukosten plutseleg var farleg lenge sida, blodtrykket falt og hjernen hadde gått tom for raske karbohydratar.
Eit blikk på kartet bekrefta at eg eigentleg var på riktig veg, berre at denne vegen var usynleg.

Plutseleg skjønte eg at dette forsøket på fjelltur ikkje var noko god erstatning for min vanlege løpetur. Eg begynte alt å savne dette frirommet løpinga gir, når monotone bevegelsane blir skapt om til jamn rytme og tempoet justerar seg sjølv og tankane flyr...
Å kave seg opp denne skogsvegen over blaut gjørme og glatt lauv utan tydeleg retning gjennom buskar og kratt gjorde meg berre frustrert.

Sidan sola også var i ferd med å bleikne etter eit tynt skydekke, valgte eg å rusle (skli) ned att og fortsette turen i kjent terreng.

Turen blei tross alt på ein liten time, og bollene smakte eigentleg like godt foran ovnen etter ein varm dusj, saman med ein fersk kopp kaffe og ein hund som krøllar seg saman på teppet sitt på sofaen..

Eg må nok innsjø at sjølv om beina mine er spreke for tida, så er hovudet mitt fortsatt i "recovery"-fasen etter mastereksamenen for ei veke sida...

tirsdag 24. november 2009

Treningsmotivasjon

Når eg skriv treningsdagbok pleier eg blant anna å notere "treningsmotivasjonen" min. Og sidan eg lagar mi eiga treningsdagbok, kan eg justere og tilpasse postane i denne etterkvart som eg har bruk for dei.
Etter det Joe Friel skriv i triatlonbibelen sin, så kan forskjellige "symptom" hos ein atlet vera teikn på begynnande overtrening. Slik at det kan vera lurt å registrere slike symptom dagleg, for å unngå nettopp overtrening.
I treningsdagboka mi har eg først brukt posten "motivasjon". Altså motivasjon til å utføre dagens økt. Posten rett etterpå er "følelse", tatt over frå min PC-baserte treningsdagboka The Training Diary.
Kva er nå forskjell mellom følelse og motivasjon?
Tidlegare trudde eg at det nesten måtte vera det same.
Etterkvart blei eg flinkare til å kjenne etter, og det hendte at i staden for å skåre "god" og "god" nesten heile tida, så blei plutseleg motivasjonen berre "ok" eller "grei" eller til og med "liten" (sjeldan) og følelsen kunne varierer mellom "god", "super", "slapp", "trøtt" og "dårleg".
Ei økt som eg eigentleg ikkje knapt nok var motivert til å gjennomføre (motivasjon:"OK") kunne score "veldig god" på følelse. Sidan eg sannsynlegvis rett og slett var for lat denne dagen, eller sliten i hovudet, og sjølve treninga gjorde at eg fekk det så mykje bedre med meg sjølv, som vidare gjorde at eg slappa av og kosa meg under treninga.

I nokre variantar av treningsdagboka mi har eg hatt posten "treningslyst". Det er eigentleg denne posten Friel refererar til. Kor stor er treningslysten når eg står opp om morgonen? Er eg fortsatt grønsak etter førdagens løpetur, eller mørbanka etter for mykje styrketrening kombinert med sykling? Eller rett og slett sur og grinete og i alle fall ikkje utsoven?
Høyrest ut som om ei natts søvn ikkje var nok til restitusjon.
Då blei treningslysten kanskje berre "ok".
Så kunne det hende at eg seinare på dagen gjennomførte den planlagte økta likevel, og motivasjonen til denne var faktisk "god". Då har eg kroppen henta seg inn igjen i løpet av dagen og blei klar til ny innsats. Og "god" på "følelse" bekreftar at kroppen var restituert.
Men kan hende etter fleire slike dagar med desse scoringane, så synkar posten for følelse frå "god" til "ok" til "sliten".
Då er det kjekt å kunne bla tilbake og finne ut at kanskje var motivasjonen mest i hovudet desse dagane, eller kanskje så blanda eg motivasjon med "nyttighetsgrad" eller "flittighetsgrad" eller kanskje er det ein eller annan treningsplan eg hadde laga meg, som foreslå ein sykkeltur på 7 mil i friskt tempo med innlagte bakkar, og sidan eg mine treningsplanane endar med ein flott konkurranse, så er motivasjonen der med ein gong. Eg skal dit - eg skal datt.
Som om den eine økta var så avgjerande for det store og heile i treningsgrunnlaget mitt.

I den aktuelle (prøve)versjonen av treningsdagboka mi finst det berre ein post for motivasjon. Den som beskriv kor motivert eg var til økta som eg har gjennomført.
Dette passar dårleg i dag.
I dag er det igjen dag for svømming i Seljord, og som antyda i tidlegare innlegg, er tysdag DEN dagen for å svømme der.
God plass!!
Ikkje tvil at eg er i stor grad motivert for å svømme fleire tusen meter i dag.
Men eg har heller ikkje trent styrke på ei veke, og etter behandling hos fysioterapeuten min, som gav meg tips for tøying av hofte, lår, og som demonstrerte "lunge" for meg, diskuterte forskjell mellom pull-ups og "negativ", altså eksentrisk pull-ups, kva øvingar som er bra for skuldrene mine og når eg måtte passe meg litt, og etter at me blei einige om at "planken" er den absolutt mest kule øvinga, sidan den er så latterleg enkel men så grusamt effektiv, så auka motivasjonen min til neste styrketrening om det mangfaldige.
Men så blei det litt seint etter jobben i dag, og handle mat ville eg også, og rydde vekk alt det fine kildesorterte papiret som Binna hadde tatt seg bryet med å dra fram og sortere på nytt ved å legge det godt synleg over kjøkkengulvet,
og tida har gått og eg skulle helst ha trent styrke, svømt minst 2000m og gått ein luftetur på minst ein halv time med Binna før kl.21.00 (om halvannan time).

Og sidan dette er heilt umogleg å få til, sat eg meg like greitt ned og blogga litt.
Og lot maten synke.
Akkurat DETTE valget var det greitt å ta.

Men spennande blir det nå å finne ut:
- skal eg unne den slitne ryggen og dei spente skuldrane mine ein velfortent omgang med styrketrening?
- skal eg få blodsirkulasjonen i gang og nyte frisk (og faktisk tørr) luft ute i det fri og gå tur med Binna nå med ein gong?
- skal eg koma meg ned i badet nå slik at eg har god til for å svømme så lenge eg vil? Sidan det er berre tysdag ein gong i veka?

Hm..
Eller skal eg rett og slett finne fram treningsdagboka mi og fylle ut postane mine, sidan det er i alle fall ingen tvil om kva eg skal skrive under "motivasjon"?

søndag 22. november 2009

Ord for dagen

"Obstacles are what you see when you take your eyes off the goal."

Vince Lombardi

US football coach (1913 - 1970)


lørdag 21. november 2009

Recovery

I går skjedde det store:
eg hadde min muntlege mastereksamen.
Dei som har følgt med på vegen min fram til denne eksamen dei siste åra, veit kor mykje det å endeleg kome dit, betyr for meg.
Og framleis er det litt uvirkeleg for meg, at eg plutseleg skal HA HATT mastereksamen. Eg skal ikkje lenger bli ferdig med masteroppgåva mi. Den er ferdig. Og blei levert for tre veker sida. Og eg skal ikkje lenger opp til eksamen. Eg har faktisk hatt eksamen.

Eg gleder meg til den dagen det virkeleg går opp for meg. Akkurat nå er hovudet mitt heilt blåst. Tomt og litt orienteringslaust. Etter intenst samvêr med gode venner etter eksamen i går fram til i dag og tallrike meldingar eg har skrive og svart på og telefonsamtaler eg har ført, har hovudet fortent ein pause.

Nå er det vel recovery etter to-tre veker med høgintensiv peaktrening.
Eg trur ikkje eg skal lenger klage på at eg kjeder meg når eg nå sit på rulle og skal sykle. Heilt greitt at hovudet mitt går litt i tomgang mens beina gjer jobben...

torsdag 19. november 2009

Mørke bratte bakkar

I går var eg ute på ein liten løpetur.
Etter mange timar med mislykka forsøk på å sitte heime og skrive ein Power Point presentasjon til den muntlege mastereksamenen min denne fredagen, fekk eg etter ein telefon frisignal av veiledaren min om å kunne droppe presentasjonen og ikkje stresse meir med den.
Han nevnte at han hadde sitte i timevis foran PCen, og nå skulle ut i frisk luft på ein liten løpetur.

At andre snakkar om løping virkar svært triggande og inspirerande på meg, og planen om å ta løpeturen med ein gong i staden for å vente til dagen etterpå som planlagt, var beslutta.

Klokka var 16.00.
Eg innrømmer at eg la meg ned ei stund for å kvile anspente musklar og eit utslitt hovud, men mest av alt: for å venta at det skulle bli mørkt.

Eg som elskar sommar og sol og lys og har lagt ut tallrike (nåja) bilder av solskinnssykkel- og svømmeturar her på bloggen, venta nå på at mørket skulle senke seg før eg våga meg ut på løpetur...

Men eg er faktisk glad i desse løpeturane på hausten når det er mørkt rundt omkring.
- har eg det bra på turen, er det som om eg bevegar meg gjennom eit rom utan bunn og veggar, svart asfalt, mørke skogar, svart himmel.. opplevinga av farten og underlaget blir borte, og erstatta med følelsen av frihet og uendelighet...
- derimot, når eg ikkje har det så bra på ein løpetur, viskar mørket ut konturane rundt meg, tankar løper fritt og eg gløymer kor eg er hen, løper meg bort i lengsel etter ein annan stad eg ikkje veit om, fantasien skapar bilder av ein tilværelse eg har savna lenge...
- eller om løpeturen berre er j.. slitsamt og tunge tankar tek fullstendig overhand, så oppfattar eg mørket som aldri mørkt nok - eg har detmørkare inni meg.
-men så ser eg plutseleg stjerner som lyser på ein mørkeblå himmel bakom svarte silhouettar av fjelltoppar, små lykter i det fjerne som vekker savnet etter trygghet og varme..

Det er mykje rart som skjer når eg er ute og løper. I går blei turen kortare enn vanleg, men til gjengjeld unna eg meg å springe opp heile den bratte bakken opp til huset mitt.
Det hender bilar set ned farten når dei oppdagar meg klive opp stigningane, og folk har stoppa opp og sett på meg med noko som eg trur må vera blanda følelser av (be)undring, uforståelse og anerkjennelse.
Bakken er ca 1500m lang, varierar i stigning, og det er dei sisten 500m som er brattast og tyngst.
Det er då eg sluttar å tenke på at eg er ute og løper med puls i 180, eg blir derimot klar over at denne bakken er mykje lettare å halde ut enn mange av mine dagar, og eg skulle ønske at eg kunne bytte bort mykje av tungheten i tilværelsen min ved å løpe opp fleire bratte bakkar.

Kanskje gjer eg akkurat det.

torsdag 12. november 2009

Ord for dagen

"Be your own hero."

Mark Allen

torsdag 5. november 2009

Swimmer's high

Tysdag virka det som om det aldri blei heilt lyst:
skyer, regn, sludd, skyer, vind, snøslaps,....
Og eg var ikkje i tvil om at det var tid for haustsesongens første svømmetur i bassenget i Seljord (Seljord symjehall, men ikkje leit etter skiltet når du er i Seljord, svømmehallen er like vanskeleg å oppdage for folk flest enn sjølve sjøormen...).

Behagelege 30gradar i vatnet venta på meg.

Behageleg så lenge intensiteten på svømminga ikkje overstig ein viss terskel, i alle fall.
For min del kunne temperaturen gjerne vera littegrann lågare,
men med dette været ute må eg innrømme at eg kosa meg skikkeleg likevel.

Nesten ikkje oppvarming nødvendig :D

Bortsett frå den litt høge temperaturen er forholda i Seljord symjehall perfekte:

- det er GOOOOOOD plass.
Tysdagar er det nemleg "vaksensvømming", dvs for karane frå kl.17-18.00, blanding av menn og kvinner kl.18.00-20.00 og så "damesvømming" frå 20.00 til 21.00.

- det er billig: 50kr for vaksne (ubegrensa svømmetid), eller 10x40kr med klippekort

- det er 25m basseng

- det er 6 baner

- det er IKKJE stupetårn (bra for oss som som er litt redde for at elleville tenåringar i sin livsglede og bevegelesestrang skal plutseleg kaste seg frå femmern i ryggen på ein...)

- det er badstoge

- det lite besøkt (dessverre eigentleg) og dermed stort sett god plass (eg har aldri svømt på ein laurdag mellom kl.11 og 15.00 så der tør ikkje eg uttale meg om)

Eg som hadde somla bort mesteparten av dagen, rakk å kome meg ut i vatnet ca halv åtte.

Når eg steig ned uti vatnet så var det einaste som plaga meg: kva slags bane eg skulle bruke.
- skal me sjå, skal eg bruke ei bane i midten, 3 eller 4? Nei, vent litt, kanskje eg brukar den heilt ute, bane 1, men om det kjem folk da, nei ok, bane 2.

Det var berre to andre i bassenget, som roleg og avbalansert svømmte bane 5 og 6 opp og ned.
FIRE ledige baner å velge imellom! :D

Eg la ut på min første oppvarming, 5 baner roleg krål.
Med to ledige baner på den eine sida og ei ledig bane på den andre sida hadde eg så god plass at det var ei fryd.
Lysten til intervall overkom meg plutseleg: noko som skjer igjen og igjen, beklagar :D

50m intervall ved høg intensitet blei uaktuelt på grunn av den høge temperaturen, så det blei 100m i staden for.
I eit lite anfall av sjølvoverestimering (eller kva ein skal kalle det) vurderte eg "Lynne Cox's tenårings"-intervall, altså 100m på 1:45, var det 30 stykke dei tok den gongen?
Ha ha.

Eg svømte mine 100m intervall frå 1:40 til 1:145 som vanleg, med litt over 1min pause imellom, slik at eg kunne få ned pulsen og kjøle meg litt ned.
Eg angra på at eg hadde utsett middagen til etter svømmeøkta, men sånn blir det nå eingong når ein somlar bort tida heile dagen..
Etter 5 omgangar hadde eg fått opp temperaturen og var meir klar for låg intensitets-ryggsvømming.
Ryggsvømming er utruleg deileg, og når det omtrent ikkje er folk i bassenget er det også trygt for alle andre rundt.
For ryggen min er det spesielt gunstig, sidan den ofte er anspent og har ein tendens til å etterlikne hulebeboar-stilling, eller ein kunne vel kanskje også samanlikne den krumminga med ein spesielt aerodynamisk sittestilling på sykkelen?

Sidan eg hadde så god plass, og det berre hadde kome éin ekstra svømmer til i bassenget, blei det heile 500m med ryggsvømming.
Dette er absolutt å anbefale, ved å svømme litt på ryggen får ein strekt ryggmuskulaturen litt og får trent skuldermusklar som ellers fort blir forsømt.
Dessutan er det fint til restitusjon mellom intervalltrening pga den låge intensiteten ein får sidan ein kan puste heile tida.

Etter 500m stod eg i enden av bassenget, og lurte på kva eg skulle finne på.
Det blir sagt at trening ved høg intensitet fører til utskilling av endorfiner, mens trening over lengre tid fører til aukt serotoninnivå, som medfører auka velvære.

For å sikre meg eit godt nivå på både endorfiner og serotonin, bestemte eg meg for å supplere mine intervall og mellomintens ryggsvømming med litt rolegare svømming: 1500m krål.

Og det var så vidt eg greidde å stoppe etter 30baner.
Den siste medsvømmeren hadde nemleg akkurat forlatt bassenget, og eg kunne derfor konsentrere meg fullstendig på svømminga mi.
Dette her var vanskeleg å reise frå: eit basseng heilt for meg sjølv.....åh.... deileg...

Eg prøvde å stenge ute den så altfor velkjente tilstanden av å ha beslutningsvegring, då eg merka meg at eg for ein gongs skyld faktisk kunne begynne å svømme i bane 1, så veksle til bane 2, 3, 4 osv og tilbake, sidan det å svømme på same bane heile tida virka nesten litt bortkasta, når det fem ledige baner ved sida.
Eller kva med å svømme rundt å rundt langs bassengkanten?
Men eg forkasta bort slike tankar og konsentrerte meg heller om svømminga mi.

Eller-så mykje å konsentrere seg om er det jo neppe, anna enn å halde styr på antall baner ein har svømt.
Og litt om god teknikk, sjølvsagt.
Etter 10 baner hadde eg nærmast kome inn i trance-aktig tilstand, vatnet var så roleg og fredful, det var dempa musikk i bakgrunnen og ingen forstyrrelsar i det heile tatt.
Etter 20baner begynte eg å få ein følelse av å eksistere på tvers av nåtid og fortid, og svømte på kyrss og tvers i tid og rom i hovudet mitt.
Etter 25baner sjekka eg svømmepace: 1min05sec pr50m. OK.

Då det nærma seg 30 hadde kroppen min blitt transformert til noko fiskliknande, og den jevne rytmen av: tre svømmetakt - pust, tre svømmetakt - pust, tre svømmetakt - pust var virkeleg vanskeleg å bryte.
Kroppen hadde blitt til eit sjølvstendig vesen mens eg i hovudet vandra rundt i eit tidlaust rom.

Virkelegheten henta meg inn då min indre klokka synkroniserte seg med den ytre igjen, og eg kom på at eg hadde ein telefonavtale kl.21.00 med ei god venninne, og stoppa. Padla sakte på ryggen på tvers av heile bassenget mot stigen - og opp igjen - og ferdig.

Det var ei heilt fantastisk deileg svømmeøkt, og fantasien møtte ingen grenser undervegs, og gode idér strømde på - akkurat som når ein er på ein lang roleg løpetur når alt stemmar.

Swimmer's high - absolutt :D