It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

onsdag 17. november 2010

Fem stjerners løpetur (minst)

Forkjølelstida er ikkje heilt over enda, men eg har ikkje greidd å halde meg borte frå trening lenger. Det blei ein roleg løpetur på søndagskveld, på ca ein time. Det gjekk eigentleg veldig fint.
Om eg skulle trene eller restituere meg på mandagskveld og tysdagskveld var det ingen tvil om, kroppen min henta seg rett og slett det den ville ha: søvn.

Foran TV, med fleire fleeceteppe, varmeflaske og ei snorkande bikkje på sofaen og ro og fred i stoga var det kanskje heller ikkje så rart at roa også senka seg i meg til slutt.
Denne natta blei det heile ti timar med søvn.
Slik at eg faktisk vakna utkvila i 7tida i dag tidleg. Glimrade å vakne utsoven til ein fridag med blå himmel og sol og få avtaler.

Etter ein rusletur ned til sentrum og ein samtale om helse og arbeidssituasjonen min rusla eg heim att, og kjende deg godt: lysten på ein løpetur.
Og sjølv om eg hadde tid til å rekke å springe ein rask tur før mørket ville sette inn, så venta eg bevisst til det blei mørkt: eg hadde lyst på ein tur med stjerner og måneskinn.
Og slikt blei det.
                                   

Det er ikkje spesielt mange inntrykk det går an å fange inn med eit lite mobilkamera når det er mørkt. Eg hev prøva tidlegare å ta bildet av månen og stjernehimmelen, men der går tydelegvis grensa for kva som går an å sleppe inn av lys i eit slikt lite kamera.
Binna var som vanleg i glimrande humør og logra stort sett heile tida mens ho snusa i seg spennande luktar langs vegen, mens eg let meg fascinere av månelyset på dei snødekka fjelltoppane omkring, av knirkinga av løpesko mot snøen og glitrande snøkrystaller.

Så tok eg den tradisjonelle "løp rundt jolebjørka"-runden min.
Merkeleg nok så er det nemleg tent det første joletreet her i Seljord, som altså er ei bjørk.
Den står på Dyrskuplassen og er godt synleg frå avstand.
Jolebjørka på Dyrskuplassen i Seljord. Frå utsida.

Porten inn til utstillingsområdet var stengt, og eg tenkte at eg like godt kunne springe rundt heile plassen, og dermed ta min årlege løperunde rundt jolebjørka på den måten.
Eg fekk plutseleg lyst på ein liten rampestrek. Tenk om eg kunne slå av jolebjørka ved å skru litt på ei av pærene? Det må ha vore måneskinnet og dei mange stjernene som får fram slike idear i meg...
Eg er så fascinera av at det blir tent ei jolebjørk her i Seljord så tidleg som i midten av november, og kjende lysten til å koma meg inn på området for å berre skru ørlitegrann på den eine eller andre pæra...
Jolebjørka på Dyrskuplassen. Fenomenalt. Pæreforma. Fascinerande.
Og så oppdaga eg jammen ein stad der det var ope inn til plassen og treet.
Eg smatt altså inn til plassen, løp altså runden min, og kikka litt nærmare på vidundertreet. Så merkeleg...Jolebjørk!?!?
Det var nok ganske mange små lyspærer, så eg fann ut at det var litt for slemt å skru av ei av pærene og slokke treet. Tenk på den stakkaren som ville måtte prøve å finne denne eine pæra som var litt laus? Eg stod over denne rampestreken og fryda meg berre litt ved tanken.
Heile løpeturen var rett og slett morsam, deileg, forfriskande og lett, pusten var ekstremt god og avslappa, og hadde eg hatt pulsklokke på meg, så hadde det vore artig å sett kva pulsfrekvensen eigentleg var, for den kjendest låg.
                                  
Min vurdering for denne løpeturen: Fem stjerner. Kanskje fleire. Definitivt fleire. Kanskje like mange som lyspærene på jolebjørka?

lørdag 13. november 2010

Utsikt med innsikt

Det var kanskje ikkje anna å vente?
Haustforkjølelsen slo til, med full styrke, for 10 dagar sida.
Eg er så sjeldan forkjøla at eg trudde eg skulle få sleppe denne hausten, men det gjorde eg altså ikkje. Heile siste helg gjekk med på å ligge på sofaen, med tre-fire fleeceteppe og varmeflaske og haugevis med papirlommetørkle og lypsyl og vitamintablettar og litt frukt og nesespray og paracet...

Så det har ikkje blitt mykje trening å blogge om.
Ikkje triatlontrening i alle fall. Eg heldt meg i ro, skulle bli frisk.
Men etter berre eit par dagar heldt på å gå opp veggen, og Binna likeeins.
Dessutan var det ei pakke som skulle hentast på postkontoret, og den visste eg inneheldt masse sjokolade...hm.
Rusleturen ned til sentrum i nokre kuldegradar gjekk fint, turen opp att var verre, sidan pakka var tyngre enn venta.
Men belønninga var stor, for nå trengte eg omtrent ikkje lenger stå opp att av sofaen for å få i meg næring, sidan eg hadde fått ein heil masse sjokolade å ta frå, og i tillegg så hadde rusleturen i den kalde lufta opna opp litt nesa mi, slik at eg faktisk også greidde å ete og puste samtidig!

Det frista ikkje veldig med vanleg uthaldenhetstrening, men rusleturar blei det heretter dagleg, og mine faste torsdagsturar har eg heller ikkje droppa. Eg kjenner meg ikkje akkurat som treningsnarkoman, eg set virkeleg pris på den ekstra tida eg får dagleg når eg ikkje trenar, men nå etter over ei veke utan trening har eg begynt å bli rastlaus og sur utan å skjønne grunnen, og i går kveld blei det for mykje, så eg tenkte at littegrann styrketrening ikkje kunne gjera så mykje skade.
Og det gjorde det heller ikkje.
Kroppen kjendest faktisk ganske pigg, og det er kanskje ikkje så rart etter ei veke utan målretta trening.
Men det eg gjerne savnar mest når eg ikkje trenar, det er det å vera ute, og lea meg.
Grunnen til at eg kom meg godt gjennom denne veka med forkjølelse og hodepine og utan oppkvikkande og befriande trening ute, er at eg har til tross for litt redusert form, vore med på tur.
Og desse gruppeturane i fjellet gjer meg så utruleg godt!
Det er fint å gå tur saman med andre, og sekken er ikkje så altfor tung, og intensiteten i gjennomsnitt forholdsvis låg.
Denne torsdagen var målet Ordalssåta.
Det hadde kome ein del snø, men ikkje så mykje at det ikkje gjekk an å vasse i det. Dessutan var snøen lett og fluffy, og på glatte partier var det berre å ta det med ro.
Men då me i toppgruppa prøva oss på den bratte stien opp til sjølve toppen, måtte me innsjå at målet ikkje kunne nås denne dagen, spesielt ikkje med resten av gruppa ventande på oss lenger nede.
Snøen var nemleg også ganske glatt, og mange gonger fekk me rett og slett ikkje nok fotfeste. Slik at me nøydde oss med "Jåfjøll"-toppen, og sparte Ordalssåta til seinare.
Lett og fluffy (og ganske glatt) nysnø.
Utsikt mot vest, mot Haukeli, frå stien opp til Ordalssåta.
For eit fint fjell der i det fjerne! Eg lurar på kva det heiter...
Godt at me starta turen kl.10. For då hadde me alt fått med oss mange timar med solskinn og blå himmel før det skya til utover dagen...



Ordalssåta -Sjølve toppen får vente til ein annan gong...
Torsdagen for ei veke sida blei det tur til Sandsetvatnet, som ligg i landskapsvernområdet Brattefjell-Vindeggen.
For 10 dagar sidan var det berre litt snø på dei kringliggjande toppane, og det var lett å gå.
Det er fint med snaufjell. Kartlav på stein og kvite fjell i bakgrunnen. Utruleg flott.
Sandsetvatnet. Sett frå dammen og nordover. Herifrå er det mindre ein éi mil til Hardangervidda nasjonalparksenter på Skinnarbu.
Bru over Sandsetåi. Det var utruleg mykje vatn i åi.
Det var så fint med så mykje rennande vatn. Det var noko spesiell stemning der langs åi. Eg er nødd til å dra tilbake dit for å oppleve den litt meir.
Eg har godt av å vera på fjellet, og godt av å vera på tur. "Ut på tur - aldri sur"? Kanskje ikkje akkurat det, men eg har nå aldri angra på at eg har dratt på tur heller. Det er ikkje sikkert eg alltid veit kva som er best for meg? Men eg har jo eit heilt liv til å finne ut om det...

onsdag 3. november 2010

Nye mål i sikte!

Nå er det bestemt!
Eg har brukt ein del tid på å finne ut kva måla for sesong 2011 skal vera.
Sidan Ironman Regensburg er alt bestilt og bestemt, men alt for lenge til, så har eg altså meldt meg på til ein halv Ironman.
Og valget falt på.... ta-ta-ta-taaaaa:

Denne halve Ironman er altså eit nytt påfunn frå IRONMAN-gjengen, og denne blir arrangert i midten av mai, og sidan den er på Mallorca, så blei det altfor fristande. Ein liten tur te ein tidleg vår i mildt middelhavsklima? Ja takk!
Sjølv om innhogget i kontoen var smertefult og skummelt, så er det gjort nå, og eg ser fram til sjølve konkurransen, og ikkje minst, til å ha eit konkret mål å trene imot.

Den siste tida har treninga bore preg av innfallsmetoden som eg likar så godt, samtidig som eg prøva likevel å få plass til eit par løpeøkter og eit par sykkelturar. Men mest fokus har eg på styrketrening akkurat nå, sidan muskelmasse og -styrke tek lengst tid å bygge opp, og eg av erfaring kuttar ut mesteparten av denne treninga når ein Ironman nærmar seg. Rett og slett av tids- og energimangel.
For tida så går det fint å trene litt styrke etter ei sykkeløkt på 90min.
Men etter ein sykkeltur på 4timar???
Neppe...
Så dei siste to vekene har eg trena ganske variert eigentleg.
Fokuset har vore på uthaldenhet ved låg til middels intensitet. Eg skal bygge ein god basisuthaldenhet, gjerne kombinært med muskulær uthaldenhet. Lengde framfor fart.
Eg har også gått meir tur, derav turar i terreng/fellet på meir enn fire-fem timar ein gong i veka, der intensiteten stort sett er ganske låg, og oppakninga lett, og opplevinga av naturen rundt står i fokus framfor mjølkesyre i beina...
Eg har samla litt inntrykk frå både trening og mosjon gjennom dei siste to vekene:

Fjellturar

Mønster i isen på ei tjønn på Seljordsheii. Islaget var såpass tynt at det faktisk bukta seg i takt med bølgjene i vatnet under!
Utruleg artig isformasjon over ein liten bekk. Dette var på tur i gamal "urskog" i Kviteseid.
Løpeturar

Eg prøvar å springe minst eit par gonger i veka, ved låg intensitet. Den eine turen pleier å vera på rundt ein time, den kortare på rundt 45min. Binna er alltid med, og sjølv om det har blitt haust, så er badesesongen enno ikkje slutt for henne...
Binna kjøler labbane sine i Seljordsvatnet.
Me har hatt så mange fine haustdagar i det siste. Denne løpeturen bruka eg meir tid på å ta bilder enn på løpinga, trur eg.

"Tuft". Installasjon på Nes i Seljord. Mellom E134 og vatnet. Kult!
Utsikt frå ein løpetur på kvelden. Eg må innrømme at eg likar godt å springe når det er mørkt. Pussig?
Sykling

Det har ikkje blitt så mykje "systematisk" sykling som eg hadde planlagt. Men dei sykkelturane heim frå jobb krev jo litt muskelstyrke i motbakken, og om dette så berre varar i eit kvarter, så har det vel litt treningseffekt?
Ellers har eg satt ChiCqiloen på rulle og sykla i stoga. Og bytta styretape til ChiCqiloen!! Til rosa!

Frå svart til rosa. Eg var litt usikker om det ville bli fint. Men det blei det!

ChiCqilo blei ganske tøff med rosa styretape!
Rusleturar
Eg er ute med Binna nesten dagleg. Det hender at eg er så sliten på kvelden at eg droppar den eine eller andre turen og prøvar å tilbringe litt "kvalitetstid" med Binna inne i staden for. Men stort sett er me ute ein gong om dagen.

Rusletur. Gamle Gullnesveg i Seljord på ein fin haustdag i oktober 2010.
Det er derfor Binna er så glad i rusleturar i sentrum. Det er godbitar å finne! Her var ho så heldig og fann ein pose med tre kanelbollar. Eg let ho ete opp alle tre...

Svømming

Eg tok og svømmte for første gong denne hausten. Seljord svømmehall har opna igjen, og dermed har innesvømmesesongen starta.


Styrketrening

Eg har trent styrke to gonger i veka sidan august, og prøvar å halde fram med det til sommaren neste år. Eg har så godt av å trene styrke, spesielt når eg trenar kjernemuskulaturen som mage og rygg, og skuldrene og armane. Til øvingane mine brukar eg både manualar, treningsball, theraband, hoppetau, ankel/handleddsvektar, stang som heng frå taket... og god musikk sjølvsagt.

Restitusjon

Restitusjon er viktig. Og eg har blitt flinkare til å ta meg tid til denne.
Figuren visar superkompensasjon, effekten av riktig forhold mellom training og restitusjon. Tatt frå nettsida: www.pponline.co.uk, som er ei kjelde til mykje god informasjon om trening.

 Restitusjon (kvile)er i alle fall noko som Binna er expert på, og eg let meg gjerne inspirere av henne:

Binna "restituerar"seg. Eg held ho meir enn gjerne med selskap. Så koseleg som dette ser ut! :)

søndag 17. oktober 2010

Breathtaking view (literally)

Det finst vel ikkje noko godt tilsvarande uttrykk på norsk?
På tysk hadde eg valgt atemberaubende Aussicht, noko som betyr akkurat det same som breathtaking view. For om utsikten frå sykkelsetet i går var fin, så var utsikten på løpeturen i dag breathtaking. Bokstaveleg talt.
Pusten har nemleg ikkje vore god i dag.
Det er merkeleg.
På sykkeltur til Kviteseid. Med temposykkel.

I går var eg ute og sykla, og formen var veldig god. Pusten var god. Til tross for at det var iskaldt ute, og at eg var for dårleg kledd, og at eg sykla ein del lengre bakkar, og låg i tempostyre ein del av tida, så var pusten god.
Og det var ein herleg følelse.
Mellom Kviteseid og Brunkeberg, 5km bakke. Sola varma godt i ryggen. Det trengte eg, etter den iskalde turen ned mot Kviteseid...
Men i dag?
Eg skulle ut og utforske ei ny løperute. Mesteparten av underlaget der er grus, og vegen går langs Vallaråi i Seljord, elva som renn frå Flatsjå i Flatdal ned til Seljord.
I dette fine haustværet tenkte eg meg at det ville vera ekstra fint med fin utsikt, som det er på denne løypa.
Vallaråi ved Lakshøl. Sett frå Seljord.
Og utsikten var upåklageleg. 
Eg stoppa fleire gonger for å ta bilde.
Binna lurar på kvifor me skal stoppe heile tida og ventar på klarsignal til å springe vidare.
Og godt var det med mange stoppar, fordi mellomgulvet var ikkje samarbeidsvillig, og eg trengte mange pausar.
Eg fekk rett og slett ikkje trekt pusten godt nok.
Og då blir det nesten det same om eg spring fort eller berre joggar sakte.
Til og med då eg berre gjekk i rusletempo, så var eg nødd til å stoppe for å trekke pusten.
Og sidan pusten ikkje kom, så stoppa eg og prøva å gjespe.
Luft!
Eg trengte meir luft.
Eg ser på utsikten. Den er jo fin?
Binna delar nok ikkje alltid min entusiasme over utsikten.
Vallaråi med  E134 i bakgrunnen,stamvegen mellom Oslo og Bergen. Ikkje så veldig markant akkurat her...

Eg har lurt på korleis det ser ut når eg småspring langs vegen, stoppar opp og prøvar å gjeeeespe. Nåja, eg får la vera å tenke på det.
Eg vil heller tenke på den fine naturen som var rundt meg i dag.
Så skal eg analysere og finne ut samanhengar seinare.
Av og til må eg vel berre godta at utsikten kan ta pusten frå meg...
Vallaråi skal fram. Satajuvet.  
Binna har for lengst bada ferdig og skjønner ikkje kva me ventar på nå.
Haustvêret var nydeleg i dag. Og det går det an å nyte sjølv om pusten ikkje er som den skal...

torsdag 14. oktober 2010

Det er i motbakke det går oppover

seier dei.
Nåja.
At ein motbakke kjennest i beina, er jo ingen nyhet. Men motbakken eg løp i dag kjendest eigentleg veldig godt i alle fall. Sidan den planlagte organiserte turen for i dag ikkje fann stad, laga eg meg mitt eige turopplegg.
Planlagt motbakkeløp. Circa 300 høgdemeter.
Skogen med sine haustfargar var ekstremt fristande, og eg kunne ikkje motstå.
Nå som eg hadde ein heilt dag til disposisjon!
Eg kunne bruke akkurat så lang tid eg ville, velge akkurat den stien eg hadde lyst på, ta pausar når eg ville, ta så mange bilder eg ville...
Og det var akkurat det eg gjorde.
Omtrent fem minuttar ifrå der eg bur. Gamalt kraftverk kanskje? I alle fall er det starten på stien.
Sidan "Tveitgrendtunet opp" har eg fått meirsmak på motbakkeløp. I alle fall motbakkeløp i mitt eige tempo.
I dag plukka eg meg ut ei løype som eg aldri hadde løpt før.
Og turen blei så fin!
Haustfargane, himmelen, sola, veksling av lys og skygge gjennom skogen, lyden av lauv i vinden, og grusen under løpeskoene, Binna som er sprek som alltid og småtravar lettbeint i motbakkane...
Fantastisk! Ein benk. Med utsikt.

Utsikt mot Seljordsvatnet, mot sør.
Godt med ein liten pustepause i motbakkane...
Dess lengre motbakken blei, dess finare blei utsikten.
Godt at det var mange "drikkestasjonar" undervegs...
Kivledalsvegen. Mot nord. Utruleg fin grusveg å løpe på.
Etter over ein time med løp frista det godt med deileg fjellvatn overalt.
Vatnet smakte så utruleg godt at eg måtte ta bilde av det.
Vatnet smakte godt, og såg faktisk også ganske fint ut.
Binna kosa seg skikkeleg også. Her måtte ho berre rulle seg mange gonger i lyng og mose.
Binna blir 10år gamal i november, noko som visstnok skal tilsvare 70 menneskeår, og framleis er ho utruleg sprek.Det slår meg alltid at ho i motbakkane ikkje saknar farten, men travar ganske lettbeint og uanstrengt vidare. Eg skjønner ikkje korleis ho gjer det.
Men  eg håpar at eg kan springe like lettbeint som henne når eg fyller 70 år...