It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

onsdag 27. januar 2010

Årets første konkurranse

Den første månaden i det nye året 2010 er ikkje omme ein gong, og eg er alt i gang med konkurransar.
Eigentleg har eg ikkje stort andre planar enn min "A"-prioriterte IM i Frankfurt (akkurat nå så kjennest den så fjern og formen min såpass slapp, at eg ikkje ein gong tør å skrive ut det som IM står for... eg latar som ingenting).
Kanskje eit par-tre løp til våren, ein halvmaraton hadde vore artig, om den ikkje er så altfor sein.

Men så var det dette med å støtte under lokale arrangement da.
Det er noko som heitar
"Telemark vinterkarusell". Den står på kondis sin termliste.

Den består av tre løp:

1. 5km i Bø i Telemark i januar
2. 6km i Kviteseid 13.februar og
3. 8km i Lunde 6.mars

I fjor la eg merke til at det ikkje var ei einaste jente med på løpet i Bø. Inkludert meg, som den gongen var i ferd med å pakke og flytte og avslutte den behagelege studenttilværelsen og i alle fall ikkje hadde meir energi i beina enn det som var nødvendig for å bere tunge kassar gjennom metervis med snø.

I år hadde eg tenkt at eg skulle stille til start på det første løpet i Bø uansett formen.
Ja.
Og det var akkurat det eg gjorde.
Eg stilte til start. Eg kom i mål.
Det er vel ikkje stort meir å fortelle om den saka?
For det er vel det som er meininga med å vera med på ein konkurranse?

Eg vann (veteran-)dameklasse. Eg vann min aldersklasse. Eg vann samanlagt dameklassa!
--> Smart hovud som les dette her, kan tenke seg grunnen til dette:
Eg var einaste dame som deltok.
Meg og gutta på ein overskya, småkald laurdag, midt i lunsjtida, i isete vind, langs hovudvegen mellom Bø og Lunde, på ei blanding av is, snø og sand, kva av besttider kan ein vente seg da?

Men eg var glag som kom i mål. Dei som hadde deltatt i dette løpet tidlegare, meinte at det var DRØYE 5km. Både med tanke på distansen, og fordi det er litt kupert:

Høgdeprofilen frå start til vendepunkt på løpet i Bø. Det er uvisshet om den såkalla "drøye" 5km er unøyaktig målt i utgangspunktet, eller om kartfunksjonen i "MapMyTri" er unøyaktig. Ei anna måling utført på NGU sin kartapplikasjon viste 2,65 på den strekninga...

Eg brukte utruleg lang tid distansen.
Det VAR hardt.

Eg brukte 26:40, noko som tilsvarar ein fart på 5:30.
--> i min alller første halvmaraton heldt eg ein fart på 5:15. Men eg har jo ikkje trent fart i det siste. Har ikkje trent intervall på eit halvt år. Så kor hen i alle verden skulle beina mine har fått fart ifrå?

Det var også kanskje ikkje så lurt å ta ei forholdsvis hard økt på 9,5km torsdagskveld, når det venter eit 5km-løp laurdag kl.13:00?
Min gjennomsnittlege puls, som eg ikkje pleier å måle under ein konkurranse sidan eg synst at beltet berre strammar unødvendig og fordi klokka mi tek i mot alle andre sine signalar også, var denne gongen altså målt og låg på heile 180 bpm.
Utruleg.
Eg anar ikkje kva makspulsen min er, den høgaste pulsen eg nokon gong har nådd på trening, var 184bpm, i eit forsøk på å "ta ut alt".

Med ein så høg gjennomsnittspuls kan eg uanett vera trygg på at alt er i orden med min "vilje til å presse meg". Eg sleit så undervegs, og hadde så forferdeleg lyst til å stoppe, men tenkte ved meg sjølv at då ville heile pininga ta endå lengre tid... så det var eigentleg berre å kome meg til vendepunktet og tilbake på kortast mogleg tid.

Og det gjorde eg.

Det som er bra med slike korte løp er, at restitusjonstida blir også kort. Sjølve løpet er unnagjort på under ein halv time, og då eg la meg den kvelden, så angra eg på at eg ikkje hadde sykla litt eller trent styrke etterpå, fordi det nesten kjendest som om eg "ikkje hadde trent".

Sjølv om eg søvnen kom likevel fort og plutseleg (og tidleg) den kvelden.
Nå sit eg her og tenker at eg allikevel ikkje skal la meg påvirke så veldig av den forholdsvise "dårlege" tida eg brukte på 5km.
Fokuset mitt for tida er jo tvert imot, å springe lenge og langt og sakte, med låg intensitet.
Og det skal vera vist,
eg gleder meg til å koma meg ut neste gong og springe saaaakte saaaaakte...
Så ja.
Saaakte.
Aaah.
Det blir bra, ja.
Langdistanse er tingen.

onsdag 20. januar 2010

Hurtigsvømming

Eg kan ikkje begripe det.
Det har skjedd igjen.
Tysdagskvelden er der, og opplegget burde vera solklart: svømming!

Men på grunn av ein eller annan feilkobling (som eg skylder på) i hjernen, så trur eg av og til at når eg er mest sliten i hovudet (og hadde virkeleg hatt godt av å koma meg ut og få trent) så trur eg at eg IKKJE treng å trene.
At eg liksom greier meg også utan trening som "humørstimulator".

Hallo?!?
Eg er så glad i å svømme og har skrive innlegg etter innlegg om svømming i denne bloggen her, og likevel så hender det at eg skal "greie" meg utan, på den beste dagen i veka for svømming.
Nåja.
Eg drøydde tida leeenge.
Klokka var først berre 19. To timar opningstid igjen.
Klokka blei 19:30.
Da hadde eg tilbrakt nesten ein time med å varme meg opp på det utruleg luksuriøst varme baderomsgolvet mitt, drømmande om sydentur, solvarm sand og strand og hav.

Og tenkte at det nå snart er for seint til å koma meg ned te svømmehallen, spesielt sidan bilen opplevde eit kjølevæskeproblem og ikkje var klar te meir innsats den dagen.
Dessutan så hadde eg ikkje tatt meg noko mat etter jobben, men "trudde" at det skulle gå greitt.
Hallo?!?
(Eg prøver å få kontakt med kontrollsentralen i hjernen min, men det ser ut som nokon har faktisk tatt seg ein velfortent ferie og heng fortsatt i sydendrømmene...)

Klokka blei 20.00, og eg fann plutseleg ut at OK, eg kjem ingen veg her ved å bli heime.
Røska med meg sekken,heiv inn ferdigpakka svømmetøyposen, stappa i meg ei banan, tok på meg ytterklede og joggesko (me er i Vest-Telemark her, og det ligg også snø her altså).
Og sprang ut av huset.
Sprang ned mot vegen, vurderte i eit minutt å skaffe meg eit akebrett for å dra fartsmessig nytte av alle unnabakkane i Seljord (ja, det finst ikkje berre motbakkar her) og etter bruk av minst tre snarvegar (der er NÅ eg har blitt Seljording trur eg) kom eg meg ned te svømmehallen.
Den varme fuktige lufta slo meg i mot. Eg var eigentleg ferdig oppvarma og greidde såvidt å besinne meg og lot vera å dra av meg alle klede foran badevekta då eg skulle kjøpe meg nytt klippekort.
Og jammen var eg ikkje den siste som skulle ta seg ein rask svømmetur denne kvelden.
Og heller ikkje var eg den einaste i bassenget denne kvelden.
Og fint var det.
Dei fleste i bassenget dreiv nok med roleg kosesvømming, og gjorde slalomsvømming til ein rein fornøyelse og dessutan ei glimrande anledning til å trene på å "sikte".
Denne kvelden skulle det bli hurtigsvømming.
Istadenfor 250m roleg oppvarming blei det 5x50m RASK oppvarming.
Så rekna eg meg fram til at mine 100m-intervall (rein svømmetid:1:40) var sløsing med tid,sidan eg brukar godt over eitt minutt til restitusjon i mellom.
Og eg SKULLE i alle fall svømme 1000m.

Det blei 200m intervall denne kvelden. Det hadde eg faktisk aldri prøvd før.
Men tidsmessig blei det bra resultat: 200m svømming på 3:30 til 3:35, med også godt over eitt minutt til restitusjon.
Noko som var i grunnen litt i meste laget, sidan pulsen ikkje er så vanvittig høg på 200m-intervall som på 100m-intervalla.
Men det gjer det jo lettare å lese klokka på veggen...å starte på "heil" klokkeslett.

Eg har nemleg også opplevd at eg fokuserar så godt på svømminga, at eg koblar ut det meste fullstendig.
Det blei til og med vanskeleg å halde styr på tellinga av banene...

Fire omgangar med 200m intervall var alt eg rakk, men fornøydd blei eg, klokka var så vidt 20:50, og eg rakk å skvise inn ein liten omgang med ryggsvømming og så var det berre å koma seg opp av vatnet i full fart.

Jaja, hurtigsvømming blei det.
Til og med skyss heim fekk eg også denne kvelden, av sjølvaste badevakta.
(Det er det som er fint med å bu på små plassar: halvparten av dei ein møter, har same veg heim att :D )

Så skal eg ta meg saman neste gong og kome meg i bassenget når eg eigentleg har planlagt det.
Kanskje må eg lese bloggen min litt oftare for å hugse kor moro det er å svømme?

(Takk til Granvin Internettkafé i Seljord for god og rask og gratis internettbreiband som gjorde dette innlegget mogleg!)

tirsdag 19. januar 2010

Balanse (del 2)

Eg har ikkje hatt internett på 9 dagar nå.
Det begynner å gå laus på tolmodigheita mi.
Men eg skal halde ut (Det er alltid lurt. Akkurat som i triatlon) og ikkje bli meir sint enn det eg alt er.

Eit ørlite innlegg skal eg snike meg til her i ein pause.

Det skal handle om balanse. Igjen.
Siste gong hos fysioterapeuten prøva me å finne ut kva slags muskel det eigentleg er i hofta mi som er så støl heile tida.
Sannsynlegvis er det eit muskelfeste frå ein lårmuskel som protesterar.

Eg skal gå gjennom mine styrketreningsøvingar og prøve å finne ut om det er ei øving der eg overbelastar musklane i høgre lår.
Så var tanken å utføre nokre øvingar på ein annan måte enn før.

Og i denne samanhengen har eg foretatt ei investering:

Eg har kjøpt meg "fitness"ball. Gøy.


Eg tok og utførte skulderpress på den, i staden for å ligge på matte. Og det var utruleg utfordrande å halde balansen.
Ei anna øving var: "back-ups" eller "back extension":
(ein vakker dag skal eg vera modig nok te å ta eigne bilder og legge dei ut. Men då skal eg først halde på litt til. Dessutan har kameraet mitt streika og mobilkameraet mitt tek litt for mørke bilder inne. Sjølv om - akkurat DET kan jo vera ein fordel når eg skal ta bilde av meg sjølv når eg trenar styre :D )

--> Back extension er mykje meir effektivt på ball. I følge fysioterapeuten min. Og det merkar eg sjølv også.

For ikkje å snakke om benkpress. Som vel blir til "ballpress" når ein utfører den på ball?

Ein annan morsam ny ting som eg skal more meg nå framover er balanserulle:

(her gjeld det same som ovanfor: ein vakker dag når eg faktisk KAN sykle på balanserulle, så skal det bli eigne bilder her. Kanskje til og med eigne videoar. Men - eh - det kan ta litt tid.)

Eg har fått lånt ei balanserulle (takk, Marie!).
Så seier dei at det går an å sykle på den.
Ja da.
Sikkert.
Eg har jo sett det sjølv. På nettet.
Riktignok aldri in real life.
Eg kan ikkje skjønne at det går an eigentleg.
Går det virkeleg an å sykle på balanserulle?
Eg er så spent.
Eg satte ChiCqilo på rulla, midt i stoga.
Så kleiv eg oppå den.
Så greip eg godt tak i stanga som heng og dinglar frå taket.
Og tråkka i veg.
Morsamt.
Eg trur kanskje at eg greidde å sleppe stanga i eit halvt sekund.
Men det er jo ein start?
Det er nok balanse som skal til.
Som med det meste i livet.
Balanse.
Det skal er fokus for treninga mi resten av veka.

Og i det tredje innlegget om balanse ("Balanse (del3)") skal det handle om å halde balanse på mine nye skøyteski.

Og så må det kanskje koma eit fjerde innlegg som kan det handle om å halde balansen mellom inntekt og utgifter for treningsutstyr....

torsdag 14. januar 2010

Merkevare

Ein dag då eg var på jobb og skulle bestille kontortilbehør, kom eg over ei internettside med etikettar. Slik metervare av tape, med forskjellig trykk.
Som ein kan bruke på gjenstandar og forsendingar og pakkar, som eit ekstra varsel på at det som er pakka inn, ikkje tåler røff behandling eller kan fort bli knust.
Det slo meg kor kjekt det hadde vore om ein kunne merke seg sjølv med slik tape av og til. "Handle with care", eller "fragile".
Fordi dette ikkje alltid synst utanpå.

Finst det tape med "må ikke stresses" eller "tåler ikke mas" eller "trenger ferie"?

onsdag 6. januar 2010

Treningsplanlegging

Eg trudde eigentleg at planen min for trening mot Ironman Germany 2010 var klar.
Men kanskje er den ikkje det?
Dei seier at alle vegar fører til Roma.
Det er mest sannsynlegvis også mange vegar som fører meg til Frankfurt 4.juli dette året.

Når eg har deltatt i triatlonkonkurransar har det stort sett vist seg at måten eg hadde lagt opp treninga mi på, var god.
Men desse var konkurransar på korte distansar: sprint, olympisk og halv Ironman.
Det eg skal hive meg ut på nå i år, er tross alt GULL-distansen: IRONMAN

Etter nokre månader beslutningsvegring i fjor skaffa eg meg "Going Long" frå Joe Friel.
I 2007, då eg begynte å trene triatlon meir målretta, kjøpte eg meg "The Triathlete's Bible", og var veldig fornøydd med boka.
Godt forklart, omfattande, detaljert. Den dekkar også ein del teori om treningsfysiologi, noko som eg likar å lese om. Eg har fortsatt fysiologiforelesningane frå høgskolen ferskt i minnet, og viss eg fortar meg å lese om idrettsfysiologi, så går vel ikkje alt pensumstoff i gløymeboka heller.
Noko nyttig skal jo kunnskapen også kunne brukast til :o)

Men tilbake til vegar som fører til Frankfurt:

Nokre av dei mange alternativ som eg vurderar å benytte meg av er:

1) følge opplegget frå Going Long

2) følge prinsipp frå Triathlete's Training Bible

3) følge treningsplanen frå "The Woman Triathlete" (som eg i grove trekk gjorde fram til Tjörn)

4) følgje prinsippa til "Breakthrough Triathlon Training" (noko som appellerar til meg, sidan eg i utgangspunktet er litt lat, og likar tanken på å basere treninga mi på få kvalitetsøkter i staden for å trene "flittig". I samband med trening fram til maraton har det også vist seg å vera lurt. Fysioterapeuten min kan dessutan bekrefte at eg har "kvalitetsmuskulatur" som dessutan responderar raskt på både trening og behandling. Bra.)

5) følge den ekstremt detaljerte planen til den tyske nettsida "Triathlon-Szene.de", som ligg her .
den har forslag til treningsøkter for kvar einaste dag, med kommtarar til lengde, intensitet,osv:

Typisk tysk: grundig, systematisk, detaljert. Eg merkar at denne treningsplanen appellerar også til meg, sidan den er svært gjennomtenkt. Den har så mange forslag på kva ein kan trene på at eg skulle sleppe å stå der, igjen og igjen, høgt motivert, men ikkje i stand til å bestemme meg om eg skal sykle eller løpe, eller svømme og trene styrke, ha "brick-økt". Denne planen har alltid eit svar. Sjølv om planen ovanfor legg opp til 12t treningstimar i veka, så ligg planen på det meste på 14t. Det er ok. Så kalla "breakthrough workouts" noko som også går igjen hos Friel og Kearns, er merka med gul farge i planen.
Dessutan kan ein velgje om ein vil køyre langtur i helgane eller midt i veka, om ein vil trene opp til 18t eller 12t i veka (begge to skal føre fram til Ironman), og ved å legge inn konkurransedatoen på det siste regnearket, visar planen treningsøkter kvar dag, frå prep-perioden av.

Så dette blir spennade. Som sagt, så hadde eg eit opplegg klar. Periodeinndeling etter Friel, vekesinndeling etter Woman Triathlete, og heile tida med Brad Kearns prinsipp i bakhovudet om at Key (=Breakthrough) Workouts er viktigast, og resten av øktene blir, som Kearns kallar det, av "fill-in-the-blank"-typen.

Til slutt så er jo kunsten å trene riktig det å tilpasse treningsopplegg og -prinsipp til sine personlege forutsetningar, slik at ein får mest mogleg ut av treninga, samtidig som ein greier å finne balansen mellom trening og livet forøvrig.

Godt at eg ikkje treng å bestemme meg for kva treningsopplegg eg skal benytte meg av i dag. Halsen kjennest som om den er kledd med sandpapir av den grove typen, og stemma nærmar seg meir og meir Janis Joplin.
Og sjølv om kan hende ein løpetur i -15 gradar ville tatt knekken på ein del bakteriar (som stort sett er tilpassa kroppstemperatur), så er eg vel nødd til å droppa enda ei treningsøkt i dag.

Eg droppa nemleg yndlingstreningsdagen min: den berømte tysdagssvømminga.
Men kva er det ikkje ein gjer for å balansere trening og helse...
viss alle vegar fører til Frankfurt, så er det vel greitt at det er nokre få hol i vegen også. Dei skal eg derimot ikkje ramle ned i.
Eg skal gå rundt. Det gjer eg idag.
Fisherman Extra Strong.
Chili-nudelsuppe.
Sitrusfrukt.
Vatn.
Sofa.
Hm...

fredag 1. januar 2010

Når to triatletar hiv seg ut på snøbrett i romjola...

... må ein rekne med at det blir lagt inn bakkeintervall samtidig - av god gamal vane...

Eigentleg skulle me berre stå litt på brett. Og det gjorde me.
Men sidan bakkane rett utanfor garden i Øyfjell bydde på noko utruleg mykje deileg snø, vakker utsikt og nærhet til lett tilgjengelege raske karbohydratar i form av cola og risbollar, så bestemte me oss for å prepare vår eigen snobrettbakke.
Snøen var heilt urørt. Kvit. Fluffy. Luftig. Og djup. Og djup. Djup.

Som ekte triatletar så var me uhaldne (sta) og positive, og gav oss ikkje med det same når dei brattaste delane av bakkane med sine snømassar nesten slukte oss, og me stod der med snø nesten opp til halsen.

Det blei utallige turar ned og opp igjen.
Sjølvsagt hadde me ikkje på pulsbelte. Det var jo ikkje trene me skulle desse dagane. For min del var det eigentleg heller ikkje nødvendig med pulsklokke, sidan eg kjende hjartet mitt slå ganske hardt og fort på veg opp bakken gjennom djup snø, og slaga blei berre såvidt overdøva av knirkinga til snøen.
Så når me hadde halde på eit par timar lurte me på om dette ikkje blei ein slags snik-bakkeintervalltrening.
Tre-fire minuttar tråkking og trasking opp bakken gjennom djup snø med høg intensitet, for så å stå på brett ned igjen, noko som varte i kanskje 10sekund, liknar utruleg på motbakkeintervall.
Eg er berre usikker på om pulsfrekvensen blei noko lågare eigentleg på veg ned slik at det kan kallast for låg intensitet. Den sparsamma snøbretterfaringa mi kombinert med rasant fart og null kontroll førte til at pulsen nok heller låg godt i overkant av sone 3-4.

Men moro var det, og i eit anfall av vilje til å trene einbeina skate-teknikk på snøbrett som varte i berre 30 sekund(her var ordet igjen: trene, det var jo ikkje det me skulle?), så la eg grunnlaget for heile to-tre etterfølgjande dagar med vanvittige støle og stive hoftemusklar.
Hofteadduksjonsmusklar, må vite.
Dei er ikkje så store, eigentleg:

Men eg har skjønt kor viktige dei er. Til sidelengs bevegelse. Som å løfte beinet ned frå sofaen. Reise seg opp av stolen...
I to dagar kjende eg meg ganske handikappa. Måtte løfte høgrebeinet mitt opp når eg skulle reise meg. Løfte låret når eg skulle slakke på gassen nør eg køyrde bil...

Då kjendest det godt igjen å kunne ta ein roleg svømmetur med vante bevegelsar i veltemperert vatn i svømmehallen på tysdagen.
Det varme vatnet hjelpte også med på å mjukne opp alle dei stokkstive musklane i nakke og skuldrene som hadde blitt stua saman då eg stupte kråke i eit forsøk på å renne ned bakken i ny rekordfart.
Bra at snøen var laus og sjup.
Men eg lurar på om eg frå nå av skal halde meg til å stupe frå bassengkanten, og fokusere på triatlontrening igjen.
Av god gamal vane...