It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

onsdag 31. mars 2010

Lukten av neopren...

Det finst ei avdeling i klesskapet mitt der eg stuar vekk plagg som eg ikkje brukar så jamnt.
Det vil seie at eg sjeldan opnar døra til den delen av klesskapet.

I går skulle eg hive ein tom bag (ehem, eg meiner, eg skulle rydde vekk ein bag) oppi skapet mitt.
Då eg opna døra, slo ein lukt i mot meg:

Kva kunne det vera?
Noko så velkjent, men likevel, som virkar så lenge sida...?

Så falt blikket mitt på eit av dei fem plagga mine som får æra av å henge på ein kleshenger i skapet:
våtdrakta mi...
Lukten av neopren vekte mange minner i meg.
Og lysten på at utetriatlonsesongen endeleg skal begynne!

Ikkje at våtdrakta mi sit spesielt godt. Den er ikkje så veldig spesielt kul eigentleg heller. Eg kjenner meg som ei pølse når eg skal kome meg oppi den. Eg har også greidd å nesten få hol i den, sjølv om eg var enn så forsiktig og alltid har kortklypte neglar...
Men likevel:
våtdrakta har halde meg varm i mange slags vatn:
Våtdrakt-debut ved Tvedestrand Triatlon i 2008.

Tøff i trynet foran min første (og fram til nå einaste) olympiske distanse, Oslo Triatlon 2008.

Svømmestart ved Ringshaugdysten Triatlon 2009.


Våtdrakta har nesten blitt som ein god venn.

Og eg gleder meg til å sette av meir tid saman med denne gode gamle vennen min.
Sjølv om været ute kanskje enno ikkje er så fristande og innbydande akkurat i dag...
Men denne snøen skal smelte og bli til vatn og fylle bekkar og elvar og vatn og hav.
Og blir det tid for våtdrakt igjen.
Det gleder eg meg til!

søndag 28. mars 2010

Roleg langturjogging

Samanlikna med mine løpeturar i 2006-2008 er turane mine nå blitt mykje vanskelegare å loggføre.
I går hadde eg ei avtale med spreke Bjørg Irene om å jogge roleg, i ca. ein time. Eventuelt skulle gå over til gange i dei brattaste bakkane både på veg opp (for å halde intensiteten nede slik at me skulle kunne prate vidare uavbrutt) og ned (for at eg skulle skåne lår- og hoftemuskulaturen min).

På flate partiar så løp me roleg, i pratetempo.
Dette er ganske uvant for meg.
Eg har nemleg eigentleg ikkje så lett for å springe roleg.
På ein eller annan måte så er det alltid noko som driv meg fram.
Som gjer at eg sjeldan ville greidd å føre ein hyggeleg samtale samtidig.
Men saman med ein venn så er det praktisk å kunne prate samtidig, då får ein det hyggeleg og sosialt samtidig som ein trenar.

Eg har begynt å legge løpeturane mine inn på kart, under www.mapmytri.com, slik at eg får opp tilbakelagte høgdemeter, noko som er spennande å registrere når ein trenar her i Seljord.

Følgjande strekningar blei tilbakelagt i går:

Som den vesle figuren visar, så gjekk eg ned bakken frå huset mitt til Seljord sentrum, der det er relativt flatt.

Så var det sjølve løpeturen. Eit lite stykke langs Seljordsvatnet, så snudde me (derfor dei to heilt identiske men spegelvendte toppane), og så fortsette eg aleine frå km 8.

Då eg hadde brukt opp all drikke og sportsgel eg hadde med meg, hadde eg vore på beina i ca 1t30min (inkludert første bakken ned).
Det var så fint med sol og blå himmel at eg gjerne kunne ha halde på endå lengre, men frukosten og siste måltid begynte å bli frykteleg lenge sida, og eg ønskte at eg hadde tatt med meir mat.

For å ha litt variasjon valgte eg ein liten sti tilbake i staden for vegen, i håp om at den alt var blitt fri for snø. Det var den ikkje. Men eg tenker jo at variasjon på trening er bra, og eit ujamnt underlag styrkar gjerne mange fleire musklar enn einsformig løp på asfalt.

Etter 1t30min og tilbakelagte 13,5km valgte eg å GÅ opp bakken. Glatt snøslaps på dei første 500m gjorde ikkje anna mogleg heller. Så var eit ørlite stykke flat strekning og resten av bakken på tørr asfalt.

Då eg flytta til Seljord blei eg nok ganske oppgitt over alle desse bakkane.
Med mindre du er nede i Sentrum, så går det oppover - nedover, eller nedover - oppover når ein er på tur.
Men nå etterkvart har eg jo begynt å sette pris på stigningane.
Ved å gå i 10-15min før sjølve løpeturen får eg varma opp, Binna får snusa frå seg og gjort ferdig sine forretningar slik at det blir færre stopp på sjølve turen.
På veg tilbake så kan eg alltids velge om eg vil springe, og dermed gjera treningsøkta litt meir krevande, eller gå opp, slik at eg får strekt leggmuskulaturen og roa ned pulsen.

Heiter det ikkje også at det er i motbakken det går oppover...?


Utsikt frå løpeturen. På "eventyrøy" langs åi i Seljord. I bakgrunnen (u)synleg E134.


Godt å sjå at snøen snart er heilt borte.


Binna er uslåeleg bra som turkamerat, og dessutan likar ho å bere drikkeflaska mi. Kjekt om vintaren ved mange kuldegradar, for då frys ikkje innhaldet, men kroppsvarm sportsdrikke om sommaren er jo ikkje akkurat noko god smaksoppleving...

Binna er i toppform, og motivasjonen til tur nesten ubegrensa.

Mens det var sol og ganske vindstille nede i bygda, såg det ut til å blåse godt rundt omkring på fjelltoppane..Eg var glad for at eg hadde valgt løpetur framfor skitur!

mandag 22. mars 2010

Race nutrition - testing (1)

ٍIkkje nok med at eg nesten er sulten bestandig:
når eg er ute og trenar, spesielt på lengre sykkelturar, utviklar eg i tillegg ein kjernesunn matlyst. Kanskje bortsett frå når eg gjennomfører korte løpe-intervall på bane litt for raskt, ved litt for høg puls, litt for lenge, etter ein litt for lang og stressa dag ... då kan til og med vatn vera vanskeleg å få ned...

Men stort sett så begynner eg mot slutten av mine lengre løpe- og sykkelturar å utvikle reine matfantasiar... det som er bra med det er, at eg ikkje lenger treng å lure på kva eg skal ha til middag denne dagen, mens ulempen med det er, at eg då stort sett har blitt så sulten når eg har kome inn og er ferdig dusja, at det rett og slett ikkje er lenger tid til å lage noko ordentleg mat.

Men det meste smakar når ein er sulten.
Men smakar det meste av energidrikke, energibarar og gel?

Før min første maraton bruka eg mykje sportsdrikke, og smaksvarianten skogsbær gjekk ned utan problem, og eg blei tilnærma hekta på den, og opplevde små krisar når sportsforretningane rundt omkring var utseld for akkurat denne varianten.
Framleis i dag, så blir kulissen til det norske fjellmaraton gjenskapt ved berre lukten av denne sportsdrikka.

Så gjekk eg over til å blande mine eigne sportsdrikkar, sidan eg syntest at det som var å kjøpe var litt i dyraste laget for ei tynn studentlommebok.
Eplesaft med vatn og ørlitegrann salt gjekk fint, likeeins vanleg tynt blanda hushaldningssaft med 1dl sukkerfri apppelsinbrus for smakens skyld (og sidan 1dl slik brus har tilnærma same natriuminnhald som 5dl med "isotonisk" sportsdrikke skal ha).

For å variere smaken har eg også blanda sportsdrikke med cola, brus eller eplejuice, eller brukt "instant" iste (genialt iskaldt på sykkeltur på sommaren).
Med andre ord: det meste går ned.
Rein cola har eg også slukt ned, noko som eg skal vera forsiktig med, sidan eg utviklar meg då plutseleg til den reine Cola-junkien, spesielt godt hugsar eg ein 3-4t sykkeltur, der eg tråkka villig og gira opp mot terskelfart til neste bensinstasjon eller kiosk eller campingplass, for å fylle på med ein ny halvliter...

Når det gjeld mat, så er eg storfavoritt av bananer, både før, under og etter trening, før under og etter måltider, handleturar, rusleturar, telefonsamtaler, bananer er uslåelege.
Her også har min første maraton lært meg at det går heilt fint å svelge ein bananbit heil og utan å tygge den.
Sjølv om eg, for å vera ærleg, ofte synst at konsistensen er litt ekkel. Men så går det også fort å ete ei banan, slik at dette ubehaget ikkje varar så altfor lenge.

Men på lengre sykkelturar er det sjeldan nok med banan.
For å ikkje kjøpe altfor mange dyre energibarar har eg brukt mjølkesjokolade, kjeks, sveler (utelukka frå min tidlegare arbeidsplass, Norsk Skieventyr, som er absolutt verdt ein stopp dersom ein skulle komi forbi Morgedal), brødskive, Haribo gummigodter, Snickers, Japp, og mykje anna.
Men på HIM i Tjörn funka ingenting av denne sjokoladen eg hadde "trent" å eta på. Derimot smakte det med bollar og banan på sykkelen, og seinare saltsild på løpinga (!).

Men på ein så lang distanse, og ein så lang dag som IM i Frankfurt kjem til å bli, skal eg sikre meg at eg har smakt det dei byr på av "race nutrition".
Det er stort sett det meste av Powerbar, i nokre få smaksvariantar.

Både raske og litt mindre raske karbohydratar med forskjellig smak.

Så mottok eg altså min første bestilling av energibarar og -gel på laurdag.
Bra!
Tidsnok til å prøvesmake dei forskjellige variantane på både sykkel og løp.

Laurdag var det tid for sykling på rulle.
Drikke: vatn
Mat: PB performance, "banan".

Som er typisk meg, så hadde eg ete lite etter lunsj, gått ein times handletur med Binna og 10kg sekk opp att den bratte bakken til huset mitt (der eg prøvde det stadig synkane glykogenlageret med "MAOAM"-godteriet :D) og trudd at eg "snart" skulle sykle, og dermed ikkje trengte etter meir.
Dette førte til at eg eigentleg alt var sulten då eg satt meg på sykkelen.
Eg drøydde første prøvesmaking så godt eg kunne. Etter ein halv time var eg sulten nok, tok ein smakebit frå banan-baren, og litt til og litt til og borte vekk var den og eg tenkte at dette ikkje var så ille.
Konsistens: lett å tygge, littegrann klissete, sklir ned.
Smak: mest havre med ein anelse bananaroma, god.

Etter enda ein halvtime var eg fortsatt sulten og tenkte at eg godt kunne smake på ein gel.
Gel: PB "vanilla"
Konsistens: meir "mjølen" enn det flytande sukkeret frå Maxim, ok.
Smak: rar, men når eg tenker på ein viss type gamaldagse drops frå barndommen, er det ikkje så ille.

Det gjekk ein halvtime til. Eg hadde nesten lyst te å gje meg med syklinga, då eit nytt og morsamt TV-program begynte, og eg bestemte meg for lystig å halde på litt til.
Mat hadde eg nok, visstnok :D

Men denne gelen var jo brent opp som ingenting, og sjølv om eg hadde tenkt å spare den andre energibar-varianten til ei anna treningsøkt, så tok nysgjerrigheten overhand.
Energibar: PB performance "cookies and cream"
Konsistens: akkurat som den første, men med små sjokoladekjeksbitar, virkar det som.
Smak: Eg er ikkje så glad i kjeks eigentleg. Men denne baren smakte jo mest havre, med ein anelse kjeks.Og ikkje meir, heldigvis :)

Sykkeløkta varte i to timar, og gjennomført ved låg intensitet, og det ser ut som matlysten er på topp.. energibarar går ned. Energigel går ned. Eg er eit matvrak på sykkelen, med andre ord...


(Kanskje burde eg skaffe meg ein slik for å få med meg dei utallige gelposane?)

Praktisk.
Men plass til berre FEM gelposar ???

torsdag 18. mars 2010

Svømmer med (som) krokodille

Det nærmar seg sesongslutt for Seljord symjehall.
Det er trist.
Svømmehallen er open frå oktober til slutten av mars, 4 dagar i veka. Så er det sesongslutt, og folk kan finne ut kor hen dei skal svømme.
Dei fleste eg har snakka med om det, skulle gjerne sett at svømmehallen i alle fall er open eit par måndader lengre utover våren.
Men bassenget er visst for dyrt i drift.
Det er trist.

Mine siste to tysdagskveldar har eg tilbrakt med blant anna krokodillsvømming, i ovannevnde basseng.
Krokodillsvømming er noko eg har drive med heilt frå eg var 5 år og hadde lært å svømme. Det gjaldt å svømme i vatnet og lage minst mogleg bølger, med augo så vidt over vannflata, og bevege seg altså raskt, men "lydløst".

Dette er også krokodillsvømming. Berre ein annan variant. Krokodillen var min faste følgesvenn ved svømming og bading då eg var lita jente. Her då eg var ca. 8år. Var målet med svømmeturen havna på andre sida av elva?

Korkodillesvømming er berre mogleg når vatnet er roleg sjølvsagt.

Og dei siste tysdagskveldane har det vore roleg vatn i bassenget.
Sist tysdag hadde eg bassenget heilt for meg sjølv, mens tysdagen før det hadde eg selskap av berre éin annan person.

Svømmebassenget i Seljord, ein vakker tysdagskveld i mars 2010.

For eit syn!
Herleg, og ideelle forhold for både krokodillsvømming og annan form for svømmetrening.
Eg prøva å ta både bilder og videopptak frå forskjellige vinklar rundt bassenget, men det blei så mykje styr til slutt at eg omtrent ikkje rakk noko svømming eigentleg.

Det det blei tid til, var raske intervall. Og eg heldt nesten på å slå min eigen personleg rekord på 1:35/100m. Men det er jo gjerne vanskeleg å lesa av tida når ein sjølv skal anten hive seg rundt og sjå på klokka ved bassengkanten, eller røske underarmen opp av vatnet for å lesa av dei bittesmå sifrene dekka med vanndråpar.
Kan godt hende det blei til og med ørlitegrann kortare. Eg innbilte meg det der og då.

Vanskeleg å sjå på filmen også.
Men men.
Av og til er det berre kjekt å ha litt tru på seg sjølv.
Så svømmer ein sikkert enda fortare neste gong.

Det som oftast er meir vanskeleg for meg ved å trene svømming, er å SLUTTE å svømme. Altså forlate bassenget.


Kven ville nå frivillig gå opp av bassenget når det byr seg fram på denne måten?
Sukk...

søndag 14. mars 2010

Terrengsykkel med tempostyre?

Denne vinteren, sidan januar, har eg sykla på rulle. Dette er nytt for meg.
Tidlegare har eg droppa innesykling til fordel for langrenn.
Men med årets hovudmål i tankane, har eg altså pent sat meg på sykkelen min og tråkka i veg.

I starten var det grusamt. Sitte på ein sykkel mens den står stille?
Midt på gulvet? Inne?
Er ikkje heile vitsen med å sykle å kome seg ut i det fri, nyte luft og utsikt, vær og vind (på godt og vondt, ja da), følelsen av å flytte seg berre ved hjelp av muskelkraft,
oppleve lydar, luktar, møte andre syklistar, stoppe for å ta is og kaffe på lange langturar, ...

Eg har bevisst utelatt alt styret forberedelsen til ein lengre sykkeltur ute kan føre med seg. Her skal me fokusere på det positive. Det finst alltid ein eller annen som fokuserar på det negative med det meste, så det treng eg ikkje ta her.

Men etterkvart har eg oppdaga fordelane med å sykle inne.
Og dei er tallrike:
  • stabile temperaturforhold
  • stabile vindforhold
  • justerbar nedkjøling og oppleving av motvind ved hjelp av totrinnsvifte
  • mat og drikke er tilgjengeleg
  • ingen vasking av sykkelen etter turen
  • ved punktering er ein alt heime, og reserveslange er mest sannsynlegvis ikkje langt unna
  • stort utvalg av underhaldning ved hjelp av stereoanlegg og TV
  • hunden er ikkje aleine heime og ladar opp til ein kjem heim på utslitte lår
  • hunden synst du er kul fordi du har det tilsynelatande moro mens den må "ta det roleg"
  • intensitet er styrbar og uavhengig av terrengforhold
  • det er lett å snakke i telefonen mens ein trenar, sjølv om ein ikkje høyrer så mykje
  • ved valg av underhaldning i form av TV program om ekstremsport som vingedraktflyging, slakklinekryssing langs fjellveggar og basehopp er ironmantriatlontrening plutseleg ikkje så veldig ekstrem lenger
  • [...]
Men nå er snøen på vegane i ferd med å bli heilt borte, sola er ute, terrengsykkelen etterkvart blitt ferdigpussa og nysmørt, og utsikten mot fjell, blå himmel og sol blei uimotståeleg i går.
Det var tid for årets første sykkeltur - UTE!


Bortsett frå gardsvegen, som fortsatt er dekka av ei solid blanding av sand, snø, is og snøslaps var vegane bare, bortsett frå mindre straumar av smeltevann.
Eg valgte meg den lettaste og flataste løypa, favoritten min for korte rolege turar, frå Seljord til Flatdal og tilbake.
På denne turen er det lite stigning, moderat med trafikk og forholdsvis god plass for både meg og bilane. Ruta byr på utsikt mot fjell, elv, vatn og Norges einaste landsby, og ved vendepunktet er det anledning til å prøve seg på bratt stigning med trange hårnålssvingar, om ein plutseleg skulle få lyst til å la det svi i lårmuskulaturen.

Men det som er ført opp som "+" og "stabilt" under fordelar ved rullesykling inne, blei ei svær utfording under årets første utesykkeltur: vinden.

Det var utruleg sterk vind.
Det kom ikkje som noko overrasking eigentleg, sidan eg på føremiddagen hadde hørt det skrangle i både pipa og taket, og soveromsdøra,som hadde stått på gløtt, opna seg seg pga trekket (eg har sjeldan behov for å opne vindu for å lufte, med andre ord).

Men utfordringar er nå eingang utfordringar, og ein kan alltids velge seg haldninga mot sine utfordringar.
Mine overbevisande poeng for å gå vinden i møte var:
  • den ellers litt for korte turen på 25km ville bli mykje lengre, utan å måtte sykle fleire km
  • eg har tross alt vakse opp i kystlandskap med mykje vind, og det har ikkje stoppa meg den oheller, og kroppen hugsar vel at den greidde seg bra den gangen, og er sterk?
  • det er god trening for å takle vinden på Hawaii, og dit skal eg tross alt og sykle 180km bl.a. ein vakker dag i mitt liv ... :)
Det blei sterk vind på turen i går, men sykkelen var nysmurt og gjekk som ei klokke, som det heiter så fint, noko beina mine også gjorde i alle fall i dei første 15min, så sa magen min ifrå at det siste måltidet hadde vore altfor lenge sida og det gjekk opp for meg at det var sant.
Klassisk.
Eg bruka 40min for å koma meg til vendepunktet, noko som er 10min lengre enn på min siste tur i fjor haust. Heldigvis har eg ikkje sykkelcomputerpå terrengsykkelen min for tida, sidan den fortidspensjonerte seg i for sommar, ellers hadde vel den mentale utfordringa, å takle det langsamme tempoet, kome i tillegg til det muskulære.

Etter kort stopp med banan og sportsdrikke ved vendepunkt og observasjon av fotgjengarar i sterkt foroverbøydd stil mot vinden, snudde eg altså og susa tilbake til start.

Vendepunkt.

Og det var DÅ eg plutseleg savna tempostyre.

Dei seier at folk velger å bruke tempostyre anten på grunn av den aerodynamiske fordelen ein får ved å sykle i "aerostilling", eller på grunn av den ekstra komforten styret gir ved å kunne variere sittestillinga.
For min del, så har eg gjort meg avhengig av tempostyret på både landeveissykkel og triatlonsykkel på grunn av den ekstra komforten eg får.
Ryggen min har pussig nok veldig godt når eg sit ekstra foroverbøydd, skuldrane slappar og eg har det bra.
Kan hende sittestillinga mi er ikkje den mest "aggressive", men aerodynamisk er den i alle fall, i forhold til den klassiske landeveissykkel-sittestillinga.
Uansett, den er behageleg.

Men så var det altså terrengsykkel eg valgte meg i går.
Og den er littegrann for lang for meg. Noko som går greitt når eg syklar i terreng eller på kortare turar.
Men i går, heilt automatisk, når vinden skyva meg fram, så søkte eg ned til eit tempostyre som ikkje var der...
Fleire gonger.
Og eg begynte å drømme om spesielle tempostyre tilpassa terrengsykkelen min, geometrien min, slik at eg skulle kunne suse aerodynamisk gjennom landskapet.

Men viss eg susar gjennom landskapet, vil eg jo ikkje legge merke til landskapet lenger... ?

For moro skyld, så google eg "aero bars mountain bike" i dag, og fekk ikkje reint så få treff.
Så eg er altså ikkje den einaste raringen som kom med den tanken, nei.
Og når eg tenker meg om, så blei eg forbisykla på ein triatlonkonkurranse, av ei jente med TEMPOSTYRE på TERRENGSYKKEL (kven var det eigentleg, Stavern Triatlon 2008, som sykla inn til T2 som tredje eller fjerde, trur eg, raskaste kvinne?)

Her er det altså folk som har eksperimentert med tempostyre på terrengsyklane sine:

(frå den nå nedlagte bloggen: Kevin Montgomery's Cycling & Adventure Blog)

Så er ikkje dette ein terrengsykkel, men kombinasjonen tempostyre og bysykkel var utruleg kul:


Nærbilde her:
(Funne på denne bloggen her.)

Men dette her blei favoritten min:

(Frå ein blogg som ikkje handlar om sykling.)

Kult, eller??

(Nevnde eg at eg er forferdeleg støl i skuldermuskulaturen i dag? Kanskje er tempostyret på terrengsykkel ingen dum idé... Kult er det i alle fall :D )

tirsdag 9. mars 2010

Fit Soul Fit Body

Då eg kjøpte mitt første par fullblodsløpesko (ikkje å forveksle med joggesko i ungdommen) blei det eit par ASICS sko.
På den tida hadde eg faktisk ikkje eingong høyrt om ASICS. For meg var vel joggeskomerke stort sett NIKE, ADIDAS og PUMA (og, ein gong på 80-tallet hadde eg eit fargerikt par joggesko av merket "KangaROOS").

Etter å ha bladd litt og lest i ASICS-katalogen fann eg ut at merkenavnet ASICS står for Anima Sana in Corpore Sano. Altså, sunn sjel i ein sunn kropp.

For eit flott "slagord", og for ein fin filosofi bak produksjonen av bl.a. løpeutstyr!
Eg har alt i ungdommen vore opptatt av at både kroppen og sjela treng næring.
Både sjela og kroppen skal vera i form.

Sjølv om eg enno ikkje er einig med meg sjølv om kor hen eg då skal plassere "hovudet" i tillegg til det heile.
Sidan det for meg virka som om sjela er noko som er i alle menneske, og at alle menneske har ein kropp, og sjølvsagt har alle menneske eit hovud.
Og alle desse tre skal fungere meir eller mindre godt for at eit menneske skal ha det bra.

Om kroppen er godt trent, og hovudet er smart, men sjela er utslitt, så kan eit menneske ikkje ha det spesielt godt. Det same gjeld om hovudet er velfungerande, men kroppen i ustand.

Sjukdom kan ramme både kropp, sjel og hovudet.
Ein skada kropp kan bli frisk att, viss ein er heldig.
Eit utslitt hovud kan henta seg inn igjen, med litt hjelp.
Ei såra sjel kan, etterkvart, finne igjen balansen og styrken.

Så gjeld det å ta vare på alle desse tre.
Eg skal ikkje legge sjul på at kroppen min for tida er mykje sprekare enn hovudet mitt. Mens sjela mi, som eg kjenner har fått seg ein del støyt gjennom tida, er i ein rekonvalescensperiode.
Ho er i ferd med å henta seg inn igjen.
Men hovudet mitt?
Kan hende hovudet mitt har gått i dvale, det har hatt det litt hektisk etter mange år med studier, økonomisk planlegging, tilleggsjobbar, krevjande redningshundtrening...

Det har gått opp for meg at eg burde ta like godt vare på alle desse tre:
Kropp, Sjel og Hovudet.
Derfor har eg lagt bøker som "Going Long" og "The Woman Triathlete", "The Triathlete's Training Bible" og diverse treningsplanar frå spreke internettsider til sides for ei lite stund, og har begynt med å planlegge treninga mi utifrå det som opprinneleg var motivasjonen min for trening.

Men bøker likar eg jo å lese. Derfor har boka "Fit Soul Fit Body" av Mark Allen og Brant Secunda funne plassen sin hos meg. Den er stadig i nærheten: på nattbordet, stogebordet, kjøkkenbordet, den har til og med snike seg inn på badet mitt med dei behagelege varmekablane i...
Boka går meir i dybden på det trening av kropp og sjel dreier seg om, samtidig som den konkret gir forslag på dagleg mosjon/trening som einkvar kan halde på med.

Men kvifor dette temaet nå, eg kunne då ha venta med å fortelle om boka til eg var ferdig med å lese ho, og så lage ei "ordentleg" bokomtale?
Ja, det kunne eg.
Men ei slik bok fortener å bli lest sakte. Den inneheld så mykje spennande stoff at det er vanskeleg å "sluke" den.
Dessutan gjekk det nå ikveld opp for meg, at eg har stort behov for å kome enda meir i dybden på dette temaet.
Då eg nemleg skulle bla meg gjennom terminlista på kondis sine nettsider, så blei eg forskrekka over å ikkje finne oppslaget til det 3.løp i Telemark vinterkarusell.
Eg tenkte at det kanskje var ein glipp.
Eller nettleseren min som krangla?

Ved nærmare ettertanke gjekk det plutseleg opp for meg at løpet ALT HADDE VORE!
Eg har tatt feil på datoen.
Eg skulle legge opp treninga denne veka i forhold til det 8km-løpet på laurdag. Som eg hadde gleda meg til.
Sidan eg skulle fullføre heile karusellen, noko som er hyggeleg.
Sidan eg ville stille UANSETT formen, slik som på dei to første løp. Fordi det alltid er så få jenter med.
Sidan eg faktisk lurte på tida mi på ei 8km-løp.

Men slik skulle det altså ikkje bli.
Eg gjorde til og med avtaler i går i tilknytning til dette løpet, som det altså ikkje blir noko av.
Det er ein rar følelse. Eg er skuffa over at det ikkje blir noko av løpet, samtidig som eg fortsatt ikkje heilt kan tru at eg har kunne ta så feil...!?

Dermed er eg tilbake til temat: Fit Soul Fit Body.

Kan hende hovudet mitt fortsatt ikkje er heilt i form?
Eg hadde ein ganske bra og avslappa dag på laurdag. Kosa meg med ein lang tur i ettermiddagssola, og sykla i halvannan time på rulla.
Hadde ein super skitur med ei venninne i strålande solskinn på søndagsføremiddag.

Denne turen hadde eg kanskje ikkje orka å vera med på hadde eg deltatt i løpet dagen før, kven veit?
Det er det ikkje meir å gjera med nå. Og eg merkar alt at eg legg nye planar for laurdagen, som er plutseleg heilt fri for planar!
Sidan eg hoppa over løpelangturen min sist søndag, så blir det jo i alle fall plass til ein lang lang tur denne veka!

Og det blir tid til restitusjon, der eg kan ligge i sofaen og kosa meg med godboka.

Og så faller det meg inn eit morsamt tysk uttrykk: "Fit wie'n Turnschuh"
Altså fit som ein joggesko.

Det er då ikkje det verste uttrykket å tenke på like før eg skal gå og legge meg?

søndag 7. mars 2010

Mine konkurransar så langt

På ein solfylt søndagsmorgon med ein rykande fersk kopp kaffe fekk eg tid og anledning til å rydde i bloggen min.
Ei svær, lang og kanskje heller lite tiltalande oversikt over "mine konkurransar så langt" i margen i strålande turkisblå skrift skal altså bort.
Men sidan eg kan vera nostalgisk av meg, og trur at eg har godt av å vera det, så skal denne oversikta på ingen måte blir borte.
Tvert imot, den kjem her:

Mine konkurransar så langt:

2010

Telemark Vinterkarusell 23.01.2010,Bø
5km gateløp

Telemark Vinterkarusell 13.02.2010,Kviteseid
6km gateløp

2009

Bø Sprinten Triatlon 18.4.2009

0,75km svømming - jaktstart sykling (terreng) 20km - 6km løp
Tinfos løpet - mai 2009
5,3km
Vest-Telemark Karusell 1.løp 23.mai 2009
3km terrengløp
Vest-Telemark Karusell 2.løp 24.mai 1009
10km gateløp
Ringshaugdysten Triatlon 21.juni 2009
?km - ?km - 5km
Solkysten Triatlon 26.juli 2009
0,3km - 12km - 5km
Tjörn Triathlon 29.august 2009
HalvIronman
1,2km - 90km - 21,1km

2008

Thorleif Haug minneløp 17.2.2008
40km langrenn klassisk
Bø Sprinten 26.4.2008
0,75km svømming - 20km terrengsykling jaktstart - 6km løp
Vest-Telemark Karusell 1.løp 24.5.2008
3km terreng
kretsmeisterskap
Vest-Telemark Karusell 2.løp 25.5.2008
10km gateløp
Det Norske Fjellmaraton

Marathon 42,2km
Tvedestrand triatlon 20.6 2008
ca250svømming - terrengsykling - terrengløp
Stavern Triatlon 6.juli 2008
løp - 18km sykling - 5kn løp
Solkysten Triatlon 20.juli 2008
0,3km - 12km - 3,3km
Oslofjord Triatlon 16.august 2008
1,5km - 40km - 10km
Morgedal Mountain Challenge 23.august 2008
5km padling - (24km sykling) - 11km terrengløp
(stafett)

2007

Bø Sprinten 21.april 2007

0,5km svømming - jaktstart 22km terrengsykling - 6km løp
Fevik Maraton 28.april 2007
Halvmarathon 21,1km
Vest-Telemark Karusell 2.løp 2007
10km gateløp
Det Norske Fjellmaraton 2007
Marathon 42,2km

Ikkje min første konkurranse. Men kanskje den som etterlot seg størst inntrykk? Etter å ha kryssa målstreken på min første maraton i 2007, Det norske Fjellmaraton. Startnummer 1 sette ekstra preg på dagen :)

Vest-Telemark Karusell 3.løp 11.august 2007
5000m bane
Vest-Telemark Karusell 4.løp 12.august 2007
8km terreng
kretsmeisterskap
Vest -Telemark Karusell 5.løp 23.september 2007
Halvmarathon 21,1km
kretsmeisterskap


Ah. Det var då godt å få litt plass på bloggens framside.

Det er rart med konkurransar.
Eg må innrømme, at i rette omgivelsar, så er konkurranseinstinktet stort, og eg kosar meg på konkurransar.
Dette instinktet kan også slå inn, når eg i øyekroken ser ein annan svømmer som ligg litt foran meg og ser ut til å vera raskare enn meg.
Heldigvis er dette instinktet ikkje så stort at det pregar kvardagen min,
for til tross for at dei fleste triatletar, ut ifrå mange triatlonbøker og -tidskrifter å dømme er såkalla "A-menneske", som likar å prestere og ha høgt tempo, så høyrer eg neppe til denne typen mennesker.
Eg er lat av meg i utgangspunktet, og trening for meg er lystbetont og moro, og det er sjeldan at eg gjennomfører ei treningsøkt av rein "pliktoppfyllelse".
Det hendar at sjølvdisiplinen min overstyrer latskapen.Og bra er det.

--> og nå blir latskapen min overstyrt av ein invitasjon te skitur på fjellet i strålande solskinn under blå himmel, noko som gjer at dagsplanen min (som var på: kort stryketrening midt på dagen - middels lang roleg løpetur på kvelden) blir erstatta av ein skitur.

Bra.

tirsdag 2. mars 2010

Min første racer

Eigentleg så var det innlegget til Guy (her) som utløyste ei bølgje av 80-tallsminner hos meg (greitt, det er ein mental start på svømminga i kveld, då skal eg utløyse fleire bølgjer, tenkjer eg).

Eg har vakse opp med sykling.
Mor mi har frakte meg og broren min (ja, samtidig) til barnehagen fram til me kunne sykle sjølv.
Eg sykla til barneskolen.
Eg sykla til gymnaset.
Eg sykla til basketballtrening.
Eg sykla til osv osv osv

Eg har vakse opp i ein liten havneby, der alt var i behageleg sykkelavstand.
Det hadde vore spennande å kartlegge kor mange kilometer eg eigentleg tilbakela på sykkelsetet i løpet av oppveksten min.
Det har vore flatt terreng, men mykje vind. Myyykje vind, og sterk vind.
Vind i kast, vannrett vind, skrå vind. Vind forfrå, bakfrå, frå sida.
Vind med eller utan regn.
Vind og sol.
Eg har stortsett vore i mine eigne tankar når eg sykla til og frå skulen.
Dikta historiar.
Det må ligge i familien.
Broren min var også i sine eigne tankar når han sykla.
Han presterte å sykle i ein stolpe. På ein flat, brei og oversiktleg sti.

Det er kanskje lett å la tankane fly når landskapet er flatt, og horisonten langt unna.
Eg prøver å tilstrebe denne tilstanden igjen på mine lange sykkelturar ute.
Kanhende det var det dei kallar for "flow" for tida..?

Eg har også hatt ganske mange syklar.
Dei fleste var brukt.
Eg skulle ønske eg hadde bilde av alle mine syklar.
Men det har eg ikkje.
Men eg har funne bilde av min første racer!
Min første landeveissykkel.
Kjøpt brukt. Den var nylakka. I knallfargar. På den tida hadde eg planar om å trene triatlon.

Og det blei ein del sykling med påfølgjande løp.
Og eg tenkte ved meg sjølv: "Ikkje rart folk driv med triatlon. Det er jo utruleg deileg å springe etter å ha sykla."
Ja da. Det trudde eg på fram til for to år sida då ein Norseman-triatlet oppklarte meg at dette eigentleg er litt uvanleg, og at dei fleste synst at det er ubehageleg å springe etter å ha sykla.

Den første racersykkelen min. Året er 1991. Eller 1992.

Nåja, eg treng jo ikkje tru på alt det andre seier :o)