It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

tirsdag 9. mars 2010

Fit Soul Fit Body

Då eg kjøpte mitt første par fullblodsløpesko (ikkje å forveksle med joggesko i ungdommen) blei det eit par ASICS sko.
På den tida hadde eg faktisk ikkje eingong høyrt om ASICS. For meg var vel joggeskomerke stort sett NIKE, ADIDAS og PUMA (og, ein gong på 80-tallet hadde eg eit fargerikt par joggesko av merket "KangaROOS").

Etter å ha bladd litt og lest i ASICS-katalogen fann eg ut at merkenavnet ASICS står for Anima Sana in Corpore Sano. Altså, sunn sjel i ein sunn kropp.

For eit flott "slagord", og for ein fin filosofi bak produksjonen av bl.a. løpeutstyr!
Eg har alt i ungdommen vore opptatt av at både kroppen og sjela treng næring.
Både sjela og kroppen skal vera i form.

Sjølv om eg enno ikkje er einig med meg sjølv om kor hen eg då skal plassere "hovudet" i tillegg til det heile.
Sidan det for meg virka som om sjela er noko som er i alle menneske, og at alle menneske har ein kropp, og sjølvsagt har alle menneske eit hovud.
Og alle desse tre skal fungere meir eller mindre godt for at eit menneske skal ha det bra.

Om kroppen er godt trent, og hovudet er smart, men sjela er utslitt, så kan eit menneske ikkje ha det spesielt godt. Det same gjeld om hovudet er velfungerande, men kroppen i ustand.

Sjukdom kan ramme både kropp, sjel og hovudet.
Ein skada kropp kan bli frisk att, viss ein er heldig.
Eit utslitt hovud kan henta seg inn igjen, med litt hjelp.
Ei såra sjel kan, etterkvart, finne igjen balansen og styrken.

Så gjeld det å ta vare på alle desse tre.
Eg skal ikkje legge sjul på at kroppen min for tida er mykje sprekare enn hovudet mitt. Mens sjela mi, som eg kjenner har fått seg ein del støyt gjennom tida, er i ein rekonvalescensperiode.
Ho er i ferd med å henta seg inn igjen.
Men hovudet mitt?
Kan hende hovudet mitt har gått i dvale, det har hatt det litt hektisk etter mange år med studier, økonomisk planlegging, tilleggsjobbar, krevjande redningshundtrening...

Det har gått opp for meg at eg burde ta like godt vare på alle desse tre:
Kropp, Sjel og Hovudet.
Derfor har eg lagt bøker som "Going Long" og "The Woman Triathlete", "The Triathlete's Training Bible" og diverse treningsplanar frå spreke internettsider til sides for ei lite stund, og har begynt med å planlegge treninga mi utifrå det som opprinneleg var motivasjonen min for trening.

Men bøker likar eg jo å lese. Derfor har boka "Fit Soul Fit Body" av Mark Allen og Brant Secunda funne plassen sin hos meg. Den er stadig i nærheten: på nattbordet, stogebordet, kjøkkenbordet, den har til og med snike seg inn på badet mitt med dei behagelege varmekablane i...
Boka går meir i dybden på det trening av kropp og sjel dreier seg om, samtidig som den konkret gir forslag på dagleg mosjon/trening som einkvar kan halde på med.

Men kvifor dette temaet nå, eg kunne då ha venta med å fortelle om boka til eg var ferdig med å lese ho, og så lage ei "ordentleg" bokomtale?
Ja, det kunne eg.
Men ei slik bok fortener å bli lest sakte. Den inneheld så mykje spennande stoff at det er vanskeleg å "sluke" den.
Dessutan gjekk det nå ikveld opp for meg, at eg har stort behov for å kome enda meir i dybden på dette temaet.
Då eg nemleg skulle bla meg gjennom terminlista på kondis sine nettsider, så blei eg forskrekka over å ikkje finne oppslaget til det 3.løp i Telemark vinterkarusell.
Eg tenkte at det kanskje var ein glipp.
Eller nettleseren min som krangla?

Ved nærmare ettertanke gjekk det plutseleg opp for meg at løpet ALT HADDE VORE!
Eg har tatt feil på datoen.
Eg skulle legge opp treninga denne veka i forhold til det 8km-løpet på laurdag. Som eg hadde gleda meg til.
Sidan eg skulle fullføre heile karusellen, noko som er hyggeleg.
Sidan eg ville stille UANSETT formen, slik som på dei to første løp. Fordi det alltid er så få jenter med.
Sidan eg faktisk lurte på tida mi på ei 8km-løp.

Men slik skulle det altså ikkje bli.
Eg gjorde til og med avtaler i går i tilknytning til dette løpet, som det altså ikkje blir noko av.
Det er ein rar følelse. Eg er skuffa over at det ikkje blir noko av løpet, samtidig som eg fortsatt ikkje heilt kan tru at eg har kunne ta så feil...!?

Dermed er eg tilbake til temat: Fit Soul Fit Body.

Kan hende hovudet mitt fortsatt ikkje er heilt i form?
Eg hadde ein ganske bra og avslappa dag på laurdag. Kosa meg med ein lang tur i ettermiddagssola, og sykla i halvannan time på rulla.
Hadde ein super skitur med ei venninne i strålande solskinn på søndagsføremiddag.

Denne turen hadde eg kanskje ikkje orka å vera med på hadde eg deltatt i løpet dagen før, kven veit?
Det er det ikkje meir å gjera med nå. Og eg merkar alt at eg legg nye planar for laurdagen, som er plutseleg heilt fri for planar!
Sidan eg hoppa over løpelangturen min sist søndag, så blir det jo i alle fall plass til ein lang lang tur denne veka!

Og det blir tid til restitusjon, der eg kan ligge i sofaen og kosa meg med godboka.

Og så faller det meg inn eit morsamt tysk uttrykk: "Fit wie'n Turnschuh"
Altså fit som ein joggesko.

Det er då ikkje det verste uttrykket å tenke på like før eg skal gå og legge meg?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar