It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

søndag 30. mai 2010

"Herregud Imke! Driver du med triatlon?! Så utrolig tøft!"

Det var dette eg las på Facebook 18.mai, skrive av ein tidlegare medelev frå jordbruksskulen.
Eg synst denne kommentaren er utruleg herleg.
Eg har til og med lurt på om eg skal printe den ut, i store bokstavar og henge den opp på veggen. Som motivasjonskilde.
Men så kan eg vel greie å ha den i hovudet i staden for, det kan vera meir praktisk, spesielt når den store dagen i juli er der, og eg forhåpentligvis ikkje møter nokon vegg.
Viss eg skulle gjera det, kan eg jo alltids førstille meg at lappen med kommentaren på heng på veggen og få meg i gang igjen.

Det var ganske utruleg morsamt og tøft å drive med triatlon denne veka, ja.
Når eg tidlegare har gitt uttrykk for min bekymring for at treninga mi ikkje har vore ironman-spesifikk nok, så kan eg godt seie at den har vore det denne veka.
Bortsett frå at eg ikkje høyrer til denne typen som veltar seg ut av senga i 5-tida om morgonen for å svømme 2km før ein skal på jobb.
Tvert imot. Eg står opp så seint som mogleg.
Trenar så seint som mogleg.
Men me har jo alle forskjellige døgnrytme og forutsetningar og dagsplanar og forpliktelsar.

Treninga mi denne veka har så langt (søndagen er enno ikkje omme, og det er mykje eg kan framleis kan finne på i dag) bestått av berre tre økter (eg må innrømme, dette er kanskje ikkje "ironman style" akkurat, men men).
Men så har sykkeløkt nr.1, på tysdag, bestått av ein middels lang tur på 7mil i kupert terreng (2,5t), den rolege løpeturen min torsdag vart i heile 3t10min, og eg har enno ikkje plotta løypa inn på kartet for å finne fram til lengde på den, eg tipper 27km, og sykkeløkten i går bestod av ei lang økt som varte i heile fem timar, og tilbakelagt blei det ca 130km og 650m stigning.

Trafikkskilt ved km 55 mellom Lunde og Ulefoss, i Midt Telemark.

Baderunden?? Er det T1?? Eller blir å sykle ein baderunde ein såkalla "brick"økt??

Nå er det søndag og eg nyt effekten av lange turar ved låg intensitet, som gjer at forbrenninga mi fyk i været og beina kjennest gode og berre litt slappe.

Det som enno ikkje er på plass er svømminga.
Budsjettet mitt har rett og slett ikkje noko post for innandørs svømming i april-mai, og derfor har eg konsentrert meg på løp og sykling og litt styrketrening og innkjøp av nødvendig (og mindre nødvendig, men morsamt) treningsutstyr.

Men altså, er det så tøft å drive med triatlon?
Eg synst berre at det rett og slett er moro.
Min lange sykkeltur i går føregjekk i såpass roleg tempo at eg hadde god tid til å nyte utsikten, og Telemark har virkeleg rikeleg at det.
Intensiteten var såpass låg at det var enkelt å både ete og drikke og sykle samtidig. Været var fint og vinden ikkje for sterk, og bakkane ikkje for bratte og trafikken ikkje for heftig, og matstoppen på Vreimsida, der eg budde tidlegare, gjorde at eg kjende meg som på ein lang søndagsutflukt heller enn på ein treningstur som forberedelse til ein tøff Ironman.

Det tøffe var kanskje at eg i det heile la ut på sykkelturen, eg som har slite litt med både punkteringsskrekk og sykkelvegring i det siste, og at ikkje gav meg ved synet av fjerne regnbyger som heldigvis heldt seg eit stykke unna, og at eg ikkje mista motet då eg mista ein hanske og måtte sykle ein omveg på ei mil etter tilbakelagte 90km for å plukke den opp att.

Eg er ganske fornøydd med turen.
Langdistansetriatlontrening kan virkeleg by på mange godbitar undervegs.
Ein må berre å plukke dei opp og nyte dei.

onsdag 26. mai 2010

Vest-Telemark Karusell 1. og 2. løp

Siste helg var det igjen tid til å delta i to løp:
Det første løpet i Vest-Telemark karusell: 3km terrengløp,
og det andre løpet: 10km gateløp.

Vanlegvis så pleier eg å grue meg til det 3km korte terrengløpet. Sjølv om det ikkje er så spesielt bratt. Heller ikkje spesielt krevjande, teknisk.
Men det er jo ganske kort, berre 3km, og det skal gå fort, og det er faktisk ein del folk som stiller på det løpet slik at ein stort sett har eit par stykke å konkurrere mot.

Eg pleier ikkje å springe så korte distansar, og det er lenge sidan mine siste motbakkeintervall.
Det var herleg varmt på min siste lange løpetur. Binna synst det er meir herleg å bade da.
Det var kjempefint i skogen med låg kveldssol og delar av skogbotnen under vatn.

Derimot så tok eg meg ein laaaang roleg løpetur på onsdag (tid på beina: 3t15min, derav 2:50 løp, 15min gange nedoverbakke og 15min bratt bakke mot slutten), ein dag med kort tur og sykling på torsdag og 2,5t med roleg sykling på fredagen, kvelden før.

Eg er veldig glad i kveldssol. Utsikt frå sykkelsete, over Seljordsvatnet, retning Seljord.



Det skulle ikkje akkurat by på noko god forberedelse til eit kort og hardt terrengløp på laurdagen.
Men pussig nok, så kjendest beina gode (og endå meir pussig, så gjer dei stort sett det, det er overkroppen hos meg som sviktar), og motivasjonen var på plass, sola skinte, det var varmt, og eg var for ein gongs skyld ikkje seint ute ein gong.

Kvelden før hadde batteriet på pulsklokka mi gått tomt for straum, så nå var det første gong eg skulle stille i eit løp utan klokke (spennande!).
Heldigvis for meg så stilte Øyvind også på løpet, og me er vante med å konkurrere mot einannan, der eg i triatlonkonkuransar prøvar å opparbeide meg solid forsprang på svømminga, slik at det tek litt tid før han slår meg uanstrengt på sykkelen. På løp er me derimot ganske like. Han stilte med ein legg som han visst hadde litt trøbbel med, mens eg stilte godt motivert med eit mellomgulv som eg nesten alltid har litt trøbbel med, også utanfor trening og konkurranse.

Det var ein pussig følelse å springe utan klokke. Men det gjorde ikkje så mykje sidan eg kunne bruke Øyvind som min fartsholder (takk, Øyvind!), og sidan eg ikkje hugsa tida mi frå i fjor uansett, slik at målet med konkurransen til slutt blei å fullføre best mogleg, uansett tid.

Etter ei tid på 13:37 kom eg i mål, storfornøydd med at mellomgulvet mitt ville samarbeide og pusten fungerte som den skal, og at beina også virka sterke, spesielt i den vesle bratte stien gjennom skogen.

Det er raus premiering på Vest-Telemark karusell, og alle som fullførte fekk ein fin liten pokal, og det blei trekt premie på startnummer også.

-

Dagen etterpå var det tid for det andre løpet i karusellen.
På søndagen skulle me springe 10km gateløp. Løypa bestod av tre sløyfer med vendepunkt i Kviteseid sentrum. På denne måten gjekk det godt godt an å følge med på kven som låg først, og kor langt det var til nestemann bak.

Eg har blanda minner til mine tidlegare tre deltakinger i dette løpet.
Første gong, i 2007, sprang eg denne distansen for første gong.
Eg hengte meg bak Marie sidan eg ikkje visste betre, og ho drog frå meg på den siste sløyfa, mens eg kom i mål med ei tid på 48:49.

Andre gong, i 2008, var det eit under at eg i det heile tatt kom meg til start, sidan eg var så dårleg på det tidspunktet at bilen min like godt kunne ha havna i ein fjellvegg enn ved klubbhuset i Kviteseid. Løypa bestod dette året av ein stor 10km lang runde, og dei 52:30 opplevde eg som heilt forferdeleg, og det blei mange stopp undervegs, og det hadde nok blitt DNF på meg den dagen, viss ikkje resten av løypa fram til mål hadde vore den kortaste og einaste vegen tilbake til klubbhuset...

Tredje gong, i 2009, bestod løypa igjen av tre sløyfer, og formen var heilt grei, og det blei ei god tid på 48:49, denne gongen utan fartshaldar.

Fjerde gong, sist søndag, var det heldigvis ein del fleire jenter med enn det pleier, slik at eg også, om eg ville, hadde nokon å konkurrere i mot.
Eg ville legge opp løpet slik at eg starta forholdsvis roleg på den første sløyfa, og så forhåpentligvis ville kunne auka tempoet litt på dei siste to rundane.
På den først sløyfa havna eg bak ei raud T-skjorte med skrift "Seljord IL - Superveteran" og tenkte at dette høyrtest veldig hyggeleg ut, og steget var såpass likt mitt, at eg hadde lyst til å henge meg på ei stund. Men alt før første vendepunktet såg det ut som superveteranen hadde satt inn eit anna gear, og auka tempoet voldsamt (i alle fall opplevde eg det slik) og sakte, men sikkert, forsvann T-skjorta i det fjerne.
Så var det ei jente foran som eg mistenkte å vera i aldersklassa mi. Farten hennes virka mogleg for meg å halde, og dermed hadde eg funne meg ein ny fartshaldar!
Pulsklokka låg jo fortsatt heime med tomt display, slik at eg også denne gongen starta heilt utan klokke.
Eg kom meg forbi medkonkurrenten min rett etter første vendepunkt.
Og så forsvann motivasjonen min.
Eg mista lysten, rett og slett.
Igjen.
Eg må nemleg innrømme at eg hadde mista siste gnisten av motivasjonen alt før eg hadde henta startnummeret mitt. Ved synet av alle desse spreke, tilsynelatande glade og ivrige folka, ikledd sportstøy med startnummer på brystet, så merka eg at eigentleg ikkje hadde lyst på ein snau time med høg puls.
Været var så fint at eg heller var frista til å tilbringe dagen på plenen i sola, eller ruslande på ein fin sti i fjellet.
Men så veit eg korleis det er med meg og motivasjonen, det kan snu fort, og når eg startar med slik låge forventningar, så kan det jo nesten berre bli bedre undervegs.

Etter den første sløyfa hadde derimot følelsen berre blitt verre, og det gjorde det ikkje bedre at det stod tidtakarar og nokre få tilskuarar og heia. Eg slengte drikkeflaska mi irritert i grøfta og gav meg igang med runde to.
Dette vesle utløp av frustrasjon, kombinert med at eg kvitta meg med litt ekstra ballast gjorde at eg plutseleg kom inn i ein god rytme igjen. Dessutan var det sterk vind den dagen, og nå hadde eg fått vinden i ryggen, og det kjendest godt.
Eg prøva å slappa av i ryggen og magen, prøva å konsentrere meg på den gode rytmen, og halde jenta bak meg på høveleg avstand.
Tankar om at 10km er ein vond distanse, i alle fall utan å ha varma opp med svømming og sykling først, blei pent registrert.
Resten av løpet gjekk i ei blanding av god rytme og dårleg motivasjon med gåpausar, og ei stadig overvåking av det som skjedde i mitt indre. I tilfellet at eg skulle få koma i kontakt med ein idrettspsykolog, så kunne vel tankane under mine fire 10km løp danne grunnlag for utallige samtaler, vil eg tru.
Delar av løypa til 10km-løpet i Vest-Telemark Karusell i Kviteseid. Flat og fin, og fint landskap i bakgrunnen.

Tida blei omtrent 50:42. Og det er ganske bra, tatt i betraktning at eg så sjeldan trener i den farta.
Men dagens høgdepunkt var nok det sosiale samværet etterpå, med fleire is og kaffe i sola og i godt selskap.
Då sleper eg meg då meir enn gjerne gjennom ei mil først...

tirsdag 25. mai 2010

Spa


Uttrykket Spa får plutseleg ei heilt anna meining. Det er heller ikkje sikkert at eg må ta meg bryet med å ta fram manualane for å trene styrke viss vinteren fortset slik.. Nok med spa.

torsdag 20. mai 2010

Til Inspirasjon

Ja da.
Eg skal snart blogge om løpeture min i går, som varte i 2t50min (eksludert 30min transport...).
Men sidan eg har det travelt og skal trene styrke nå, og det er kveld, så blir det littegrann "pausemusikk/video" til underhaldning.
Til inspirasjon.
Kjekt med Youtube.



søndag 16. mai 2010

Ironmantrening etter boka?

Bortsett frå min lange løpetur på tysdag (2t11min rein løpetid, pluss 15min "transport på beina" både før og etter turen) bar treninga mi denne veka ikkje akkurat preg av "ironmantrening etter boka", men heller av eit treningsopplegg for ein duatlet som spesialiserar seg på motbakkar:

Onsdag sykla eg bakken heim (125m på 1,5km) to gonger.
Pulsen ligg då gjerne på rundt 160. På kvelden gjekk eg ein tur mot Hattefjell, ca 150 høgdemeter, på ein ganske bratt sti.


Binna er klar for motbakketur.

Torsdag måtte eg utforske denne nyoppdaga stien mot Hattefjell litt til, og valgte å sykle opp eit stykke til det blei så bratt at eg måtte gå av sykkelen og dytte, og til slutt blei også dette for bratt slik at gjekk vidare på beina (hadde tatt på meg terrengsko).
Vegen opp mot Hattefjell, utsikt mot Seljordsvatn.

Det blei ein tur med mykje trøkk i leggane, spesielt dei plassane der eg dytta (min nokså tunge) sykkelen opp.
Og det blei ca. 550m høgdemeter. Som også var trening nok etter at eg hadde lagt ifrå meg sykkelen på vegen.
Synd at eg berre har mobilkamera. Det var flott utsikt mot snødekka toppar på Seljordsheii og Brokefjell.

Fredagen sykla eg også heim. 125m høgdemeter. Eg tok godt i. Det var jo sol! Og det var varmt! Og det inspirerar jo til høg puls!
Men heime senka fredagsettermiddagsroen seg fort, og sola var så innbydande at eg kansellerte min (nesten) planlagte sykkelturen til fordel for eit lite solbad.
Sol inspirerar jo også til kvilepuls, spesielt på eit teppe på plenen...
Dessutan treng eg også å trene på å restituere meg.
Binna i hardtrening på å oppnå optimale restitusjons- og solingsforhold.

Etter at sola forsvann bak dei fagre fjøll, så lokka meg bakken igjen, denne gongen ned, til det enno solfylte sentrum. Dessutan er valg av riktig næring også ein del av forbereding til ein Ironman, og dermed var handleturen i gang.
Med 50L sekk og Binna dansande i rein glede ved sida av meg, og bak meg og foran meg, bar det ned til sentrum.
Eg passa på å handle nokre ekstra kartongar med juice og dessutan sjokolademjølk, slik at sekken min skulle ha litt tyngde i motbakken.
Med ein liten omveg blei heile turen på 4km, derav 2km motbakke.

Laurdagen satte syklevegringa inn. Yr.no hadde meldt regn kl14.00, og dermed skulle eg rekke den (nesten) planlagte 4t langturen på tørre vegar.
Men - så mange timar, og så mange moglegheitar...
Og så lite motivasjon.
Eg brukte ein god time på MapMyTri på kartlegge forskjellige turar og stigningar og antall km, til også beslutningsvegringa begynte å snike seg inn, og sykkelturen blei avlyst igjen.
Derimot var eg full motivert til å ta sekken fatt igjen.
Binna var einig med meg i at tur var å fortrekke denne dagen framfor landeveissykling.
Så bar det ned igjen til sentrum på handletur. Også denne gongen blei sekken fullpakka med hermetikk, frukt og ekstra juice.
Same tur som dagen før, bakken heim.
Beina kjendest fine, lufta var mild og berre eit ekorn i eit tre kikka strengt på meg og Binna ned frå ei grein og virka opprørt.
Heime igjen prøva eg å ha god samvittighet og bruke resten av dagen til restitusjon, men så viste også dette seg å vera vanskeleg.

Binna syntest det er viktig med restitusjon. Ho er blitt ganske god på det også.

Sidan mine siste dagane har vore ganske hard med leggane mine, gjorde eg eit kompromiss med meg sjølv og sat meg på sykkelen likevel.
På rulle. Sidan det hadde begynt å regne ute, og eg trengte litt inspirasjon.
Etter 1,5t med høg kadens, lite motstand og låg puls og ein time med film frå IM Hawaii 2005 (ein tek det ein har) hadde beina fått sitt, og spesielt ryggen og samvittigheten min også.

Søndag (i dag) dag kom regnet slik som Yr hadde lova. Det pøsa ned eit par timar, så roa det seg og gjekk over til fint duskregn. Helene, som i motsetning til meg hadde til brakt utallige timar på sykkelsete i skikkeleg Ironmantreningsstil på sykkelleir i Vrådal, hadde annonsert besøket sitt seinare på ettermiddagen, og dermed var det ikkje så vanskeleg å finne ut at eg berre skulle ta ei kort og raskt løpeøkt. På bane.
Opplegget var å løpe lange intervall i 5km-tempo. Rundt ca 4:30 - 4:45/km.
Løpeintervall er strengt tatt ikkje nødvendig for ein småskala-triatlet som meg som har som mål å fullføre ein Ironmandistanse for første gong uansett tid.
Og eg likar å springe intervall på bane. Eg får sjeldan anledning til å springe raskt når Binna er med, sidan ho skal stoppe ofte for å snuse og ete gatemat og gjera andre forretningar, og eg ikkje har hjartaet til å dra ho med meg.
Opplegget i dag blei "miles repeat". Eigentleg fordi eg innbillar meg at det er det nærmaste som kjem intervalltrening for langdistansar, og fordi eg vil lære meg å disponere kreftene mine littegrann (noko som ikkje er heilt nødvendig på 800m).
Tidene eg bruka på mine miles repeat var 7:25, 7:35, 7:45 og 7:50.

Det var deileg avkjølande å springe fort i duskregnet, og eg hadde heile banen for meg sjølv. Binna nekta å sitte stille ved sida av banen og sjå på, og pipa og bjeffa til seg eit par runder ho også.
I unekteleg bra tempo.


Så var det å trekke bilans for treninga denne veka.
Dette likna då ikkje akkurat ikkje ironmantrening etter bøkene.
Men nesten 2000 høgdemeter. Det er då ikkje så dumt?

tirsdag 11. mai 2010

Endeleg tilbake

Då er endeleg omgangssjuka overstått. Den varte i heile fem dagar og eg merka at det har tappa meg litt for krefter.
Men laurdagen våga eg meg ut på sykkel igjen. Ikkje av rein lyst, men av følelsen å måtte vedlikehalde sykkelformen min. Det kjendest nemleg som om kvalmen aldri ville gje seg.
Og om dette ville vise seg å vera sant, kunne eg jo like greitt begynne å trene igjen med ein gong.

Det blei ein grei tur, det var sol, og då får eg det ganske bra med ein gong. Eg valgte meg Flatdal som mål og ein liten ekstra runde "Seljord rundt", og denne siste avstikkaren på ei knapp mil var ikkje så mykje for å fylle opp treningsmil, men mest for å avdramatisere minnene om den siste sykkelturen min, då omgangssjuka slo til ved km 83 (gulp) i Nordbygda i Seljord.
Då eg måtte stoppe, gå av sykkelen, støtte meg til eit trafikkskilt og vurdere å skaffe meg haik heim.

Dette trafikkskiltet blei sykla forbi utan fornemmelse av magesjuke denne gongen, heldigvis.
Pulsen hadde vore utruleg låg gjennom heile turen, og undervegs begynte til og med sulten å melde seg og eg kjente faktisk matlyst!
For første gong på 5 dagar.
Herleg.

Eg la inn ein stopp for å handle, og med sekken stappfull av mat på ryggen la eg med blanda følelser i veg på den etterkvart så vante bakken heim.
Med så stor stigning, sekk på ryggen og på landeveissykkeln som har altfor mange tenner på kranken greidde eg akkurat å halde nok fart for å unngå stillstand og velt. Konsistensen til musklane i låra mine minte meg spontant om pudding, men denne assosiasjonen hadde vel utgangspunktet sitt i matlysten min der og då, vil eg tru.
For overraskande nok kom eg meg greitt opp, og heim, og formen var såpass god at eg like greitt tok meg tid med ein gong til ein liten rusletur med Binna, som jo alltid er litt skuffa når eg er ute og syklar utan henne og ventar til eg kjem tilbake.

Utsikt over Seljordsvatnet frå den korte kveldsrunden til meg og Binna (2km: 15min motbakke, 80høgdemeter, og dei same metrane ned igjen, på 10min)

Det var ein god følelse å vera på beina igjen utan at magen dreidde seg i protest. Sjølv om formen kanskje ikkje var heilt tilbake, så trur eg kanskje at fem dagar med tvangspause frå treninga kan også ha ein positiv effekt.
Eg hadde ikkje trudd at eg ville savna det så mykje å vera ute i frisk luft, kjenne kroppen fungere, nyte frihetsfølelsen av å kunne halde ut lenge og den gode roen etter gjennomført treningsøkt.

For å teste formen på søndag, våga eg meg ut igjen.
Denne gongen ville eg finne ut om det alt var mogleg igjen å springe.
Sykling er jo forholdsvill snill med magen, men dei harde støyt under løpinga utset fordøyelsessystemet for mykje større belastning.

Det skulle vise seg at det var heilt greitt å springe.
Eg hadde som dagen før, valgt meg ut ei snill løype, med lite stigning og varierande underlag. Dei første 2km gjekk eg ned ein liten sti gjennom skogen, og til min store overrasking var den alt i gang med å bli grøn.
Endeleg!
Det var utruleg tungt å springe. Sjølv om magen ikkje protesterte, var det mange rare musklar i nedre rygg og mage som var stive og støle og rare, og eg gjorde mine teoriar om kva ein kropp går igjen ved skikkeleg magesjau, og kva for musklar å trer i aksjon når tykktarmen for lengst har gitt opp å fungere...

Men lufta var frisk og fin etter årets første vårlege regnbyge med innlagt torden denne dagen, og det var stille og fredeleg, og pulsen var,og Binna lykkeleg over å vera med på ein etterlengta langtur, at turen var verdt slitet.
Absolutt.
Plutseleg begynner det å bli grønt i skogen. Fint!Men Binna skjønner ikkje at eg må stoppe av den grunn...

For også denne dagen blei eg så bevisst på kvar for ein luksus det eigentleg er å kunne trene. Eller - det å ha glede av trening.
Godt å vera tilbake.

fredag 7. mai 2010

Trening og (psykisk) helse

Mitt yndlingstema.
Eg tenker mest på trening og mental helse eg da.
Fint at nokon frå Vest Telemark Blad tok seg tid til å spørre litt meir om akkurat det, og skreiv ein fin artikkel om det også.
Det er godt lesestoff, håpar eg.

Eg har hatt omgangssjuke denne veka, og trening har vore heilt uaktuelt.
Når inntak av mat begynner å likne ekstremsport, er det best å la kroppen vera i fred, og pleie den akkurat som han treng det.

Viss det blir kjedeleg alle desse timane på sofaen og i senga, så kan eg jo slå opp avisa og lese om trening og helse i staden for?

Vest-Telemark blad 4.mai 2010