It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

fredag 30. juli 2010

Restitusjonssvømming

Tysdag var det ein fantastisk sommardag.
Og sidan det ikkje har vore så altfor mange av desse, så blei det jammen ein tur på stranda.
Sola skulle nytast, for det var meldt regn neste dag.

Med nytt vanntett kamera blei det mange morsamme opptak.


Eg er så glad i mine rosa svømmebriller...

Sjølv om vatnet var stille i starten, så blei det litt bølgjer etterkvart. Så det blei litt grums i vatnet.

Heldigvis var vatnet varmt nok, slik at eg kunne leike meg litt med kameraet under vatn utan å bli alt for kald.

Dette bildet blei teke av Bjørg Irene. Det var ikkje lett, sidan me begge to hadde vanskar med å halde oss under vatn.

Nå har eg også endeleg funne ut korleis eg skal ta bilder av bølgjer for at dei skal sjå like høge ut som dei faktisk er. Det handlar om perspektiv.

Dette ser ut som skikkeleg sjøgang. Endeleg får eg vist korleis det er på vatnet. Ah...

Her ser ein faktisk kva som er UNDER vatn også. Kult. (Men kor er sjøormen hen?)

Farge på vatnet: svak te med honning.

Litt seinare på dagen med andre lysforhold.

Også ein dag på stranda tek slutt. Det var ikkje lett å rive meg laus frå alle dei nyoppdaga fotomotiva under vatn. Gleder meg til neste "svømme"økt...

fredag 23. juli 2010

Test av sykkelsete - og enda meir svømming...

Post-Ironmanveke nr.3.

Det har vore roleg denne veka. Nesten for roleg. Det har vore vanskeleg å vera vaken på jobb. Ikkje fordi det ikkje er spennande. Tvert imot.
Men eg er ganske så trøtt for tida uansett kor hen eg er.
Og veldig sulten er eg også.
Det kan vel ha med den gjennomførte Ironman å gjera?

Dessutan så begynner eg å savne trening meir og meir.
Det er ikkje heilt det same å rusle tur ute. Sjølv om det er fint det også.

Så på måndagen greidde eg ikkje lenger å la vera.
ChiCqiloen blei tatt fram.
For å spare beina litt, pakka eg sykkel og utstyr og Binna i bilen og køyrde ned til Eventyrøya, for å sykle derifrå.
Ein liten tur til Flatdal og tilbake.
Eg ville kjenne litt på beina.
Og nakken og skuldrene, ikkje minst.
Eit par mil, ca 50min, med eit par stopp for å justere setet.

Beina kjendest greitt. Det var verre med den høge luftfuktigheita.
Det hadde regna noko voldsamt dagen før, og lufta var som metta med fukt.

Det nye setet kjendest spennande. "Ærleg" liksom.
Rett fram. Og bra.
Lovande. Men eg vil vel vite meir etter litt lengre turar?

Det nye setet til ChiCqilo, ISM Adamo Road. Kul design er det i alle fall. Og spennande å sitte på.

Så reiste eg på ein liten tur til Øyfjell til Marie. Marie skal delta på Ironman Switzerland denne søndagen. Så det blei mykje prat om triatlonkonkurransar, -trening, -næring og -utstyr.
Og mykje mat.
På onsdagen frista Dyrdalsvatn i Øyfjell med det friske (=is-k-k-k-kalde) vatnet sitt.
Marie ville berre kjenne litt på svømmefølelsen før konkurransen, mens eg jo alltids er klar for ein svømmetur uansett.
Dyrdalsvatn i Øyfjell i Vest-Telemark. Vatnet har vore vitne til ironmantrening mange gonger før.

Det blei ei riktig kald oppleving. Vatnet kan ikkje har hatt meir enn 14-15 gradar. Vinden hadde nok blåst det varme overflatevatnet vekk frå badeplassn vår og mot andre sida av vatnet, sidan det lenger ute var betrakteleg varmare (=mindre is-k-k-kaldt).

Me vakna skikkeleg etter svømminga i Dyrdalsvatnet. Og moro var det au å svømme saman.

Torsdagen kom finværet, og eg blei noko aldeles rastlaus og bestemte meg for å ta ChiCqilo fram igjen. At det er Tour de France på TVen dagleg hjelper ikkje akkurat på å dempe treningslysten min. Dessutan ville eg teste det nye setet litt meir.
Rammegeometrien til temposykkelen min er såpass forskjellig frå den til landeveissykkelen min at det trengst tid til både justering og tilvenning for å ei god sykkelstilling på lengre turar.

Denne gongen skulle eg sykla heimanfrå, og dermed også sykle opp den bratte bakken heim att. Med energibarar, -gel og verktøy i lommene susa eg ned bakken til sentrumet i kveldssola.
Herleg!
Motvinden i den lange seige 3km lange stigninga mot Nordbygdikrysset var derimot ikkje så herleg. Slik uoppvarma som eg var.
Men det gjekk an å ta det med ro. Og ta vare på beina mine.

Så blei det også heile to stopp på denne korte strekninga for å stille setet lenger opp, og justere vinkelen på det.
Dei nye innstillingane kjendest gode, og på E134 på utsida av Seljord gav den slake utforbakken og medvinden ein nydeleg følelse av fart.
I entusiasmen min heldt til og med på å stoppe og spørre politimannen med fartskontrollmålar etter kva slags fart eg hadde. ChiCqiloen manglar nemleg framleis sykkelcomputer...

Eg ville også teste dei nye sykkelbrillene mine. Dei forrige la eg igjen i Frankfurt i T2.
Jo da. Kule nok... (og gode også).


Ei lita mil mot Sanden Camping og tilbake, der eg møtte to andre av dei lokale spreke landeveissyklistane, og til slutt den bratte bakken heim var nok for meg denne dagen. Kveldssol langs glitrande Seljordsvatn med lite trafikk, tørr asfalt omgitt av vakkert landskap var nok for å få opp humøret mitt.
Kveldssol langs Seljordsvatn. Ein variant av mine yndlingsmotiv.

Det var dette eg hadde savna.
Og så enkelt som det er eigentleg?

Låg kveldssol gjennom furuskog langs Seljordsvatnet, utsikt frå sykkelsetet.

Nå håpar eg berre at beina mine satte like stor pris på denne turen som hovudet mitt. Men det får vel tida vise.

fredag 16. juli 2010

Post-Ironmanaktivitetar

Dette er veke 2 av min "post-ironmanperiode".
Eg har ikkje trent noko sidan 4.juli.
Ein skal vera forsiktig med å starte igjen.

Men det er jo vanskeleg?
Eg kan godt la vera å løpe ei veke til, viss det er fornuftig.
Sjølv om beina mine kjendest sterke og gode når eg er ute og ruslar tur med Binna i bakkane her.
Eg vil ikkje ta noko sjansar.

På tysdagskveld så hadde eg bestilt massasje av nakke og skuldrer, som blei utført av ein svært dyktig fysioterapeut med idrettsbakgrunn.
Det viste seg at ein del små muskelknutar mellom skulderbladene hadde greidd å overleve sidan Ironman, men dei blei snart løyst opp av dyktige hender.

Det blir sagt at ein dei første vekene etter gjennomført Ironman kan svømme litt roleg, og sykle veldig lett, med høg kadens og ved låg intensitet.
Og det passar meg bra. ChiCqilo'n er flytta inn i stoga igjen, og har blitt påmontert nytt sete.
Den ventar på å bli brukt.
Kanskje blir det littegrann spinning i løpet av helga.

ChiCqilo har fått nytt sete. Men å ta bilde med mobilkamera midt i sola ber om duse fargar... Så dette er ikkje siste fototermin. Når sykkelen først er rosa, skal det synast!!

På onsdag derimot, så lokka lukten av neopren meg ut igjen.
Våtdrakta mi, som likeeins med temposykkelen ikkje har fått den Ironmanerfaringa den hadde håpa på, ville gjerne ut i vatn.
Og det ville eg au.

Onsdag hadde eg fri, og det var endeleg varmt, og sol, og vind, og bølgjer.
Seljordsvatnet frista. Bjørgesanden frista.

Utsikt frå Bjørgesanden. Igjen, så ser ikkje bølgjene spesielt høge ut på bildet...

Det blei eit par tre rundar med svømming langsmed stranda.
Samanlagt tid i vatn: 30min.
Netto svømmetid: 20min?
Eg blei kjempeglad av den vesle svømmeturen min på onsdag. Vatnet kjendest rett og slett deileg. Til og med bølgjene også.

Bølgjene var såpass store at det var morsamt å ligge på ryggen og flyte med føtane opp mot bølgene.
Vanntemperaturen var veldig bra til Seljordsvatn å vera.

Hurra! Bølgjer er faktisk moro! I alle fall når ein kan svømme "langsmed" bølgjene, og ikkje imot...

På grunn av "pålandsvinden", altså direkte mot Seljord, så antar eg at det varme og lette overflatevatnet har blitt pressa vekk frå Bø-enden av vatnet inn mot Seljord.
Etter 20min svømming så kjendest vatnet til og med varmare enn lufta.

Bølgjer mot land. Dette er god musikk i øyro mine. Og balsam for sjela. Og ganske varmt var vatnet også...

Herleg var det.
Herleg herleg.
Sommar er deileg.
Og Triatlon er moro.
Godt at eg fann ut om dette.

Ei ørlite rullesteinstrand ved brygga ved Bjørgesanden...

mandag 12. juli 2010

Ironman Germany 2010 - Race Report - del 3 -

Ja då er det vel tid for marathon?

Nå må eg jammen skynde meg og skrive om løpinga på Ironman.
Eg merkar alt at tankane mine går over til "post Ironman", og kva som eigentleg er lurt å gjera etter ein Ironman.
Så mange ting ein lurar på med den første Ironman...

Eigentleg hadde eg akkurat blitt passe måndagskveld-sigen etter sein middag og TV, og sofa, og sol tidlegare i dag, men så snubla eg heldigvis over ein fin låt på youtube som gjorde at eg plutseleg befann meg midt i Frankfurt sentrum gjennom, småjoggande langs Main elva, omgitt av spreke og modige triatletar, og ein gedigen folkefest...

I motsetning til sykkeldelen har eg eigentleg aldri grua meg til å springe maraton på Ironman. Sjølv om synst det er lit tungt i starten når ein nettopp har sykla. Men så visste eg i alle fall omtrent kva som venta eg, sidan eg hadde sprunge maraton eit par gonger før.
Så at det ville bli tungt var eg innstilt på.
Litt usikker var eg også på korleis mellomgulvet mitt ville takle 185km sittestilling på sykkelen. Ville det i det heile tatt fungere godt nok?

Eller skulle eg oppleve noko liknande som på Bø Sprinten, der mellomgulvet gjekk i ei slags krampestilling, slik at eg måtte puste med både armer bein og skuldrer?
På mine lange løpeturar fram til IM hadde eg imidlertid opplevd at desse spenningane gav seg etter ei stund, seinast etter halvannan time ut på løpetur.
Så viss eg skulle oppleve det vanskeleg i starten, ville eg berre måtte halde ut, og prøve å slappe av best mogleg.
Ellers hadde eg, akkurat som på sykkelen, ikkje noko planar med tanke på mat og drikke undervegs. Energibarar syntest eg nok var litt for solid under løpinga, mens gel funka sånn passe. "Ride Shots" hadde eg tatt med, som smakar som skikkeleg godteri, og inneheld litt koffein, noko som kunne koma godt med mot slutten av konkurransen.
Litt salt hadde vel også gjort nytte?
Eg ville berre kjenne etter heile tida og ete og drikke deretter. Og koma i mål under 15t. Det var målet mitt.

Dit ville eg koma. I mål. Bildet tatt to dagar før konkurransen...

Løpedelen på Ironman Frankfurt foregår langs Main elva og er ganske flat, bortsett frå stigningane opp til brua.
Og sidan det er folkefest i Frankfurt når det er Ironman, og spesielt når det er så fantastisk fint og varmt sommarvær, så var det masse folk rundt heile løypa. Me skulle springe i ei slags åttetalls-sløyfe, og krysse denne brua altså åtte gonger til saman.
Noko som eg benytta meg av for å gå, og dermed tøye musklane på baksida av beina. Eg skulle gjerne ha sett nokon springe opp brua. Men eg gjorde ikkje det. Til det var eg kanskje litt for seint ute i løpet?
Kvar sløyfe bestod av 10,5km, og for kvar runde fekk med eit hårstrikkliknande band med spesielle fargar.

Og dermed utvikla det seg eit veldig enkelt fokus på maratonen: sette den eine foten foran den andre, i god og helst avslappa joggestil, gå gjennom matstasjonane, suge til meg mest mogleg stemning, og ikkje minst: eg ville ha band!
Eg hadde aldri trudd at eg kunne lengte så voldsamt etter ein farga hårstrikk.

Men å få det første (gule) bandet skulle vise seg å bli ei tøff utfodring: Der var det nemleg: mellomgulvet mitt. Hardt. Det var tungt å puste. Men eg visste jo at eg hadde veldig god tid. Ut av T2 kom eg ca kl. 15:25, og dermed kunne eg teoretisk sett bruke 6,5t på maratonen. Dette var då visst innan rekkevidde!
Men sjølv om eg hadde god tid, og det frista veldig, så ville eg berre gå i motbakkane (opp brua) og gjennom matstasjonane, og ellers jogge. Og det fungerte.

Denne staden hugsar eg best frå den første runden. Då tenkte eg at det var langt igjen, og mellomgulvet småstreika. Men eg gjorde som dei flesta: jogga vidare...

Dessutan er småløping for meg meir effektivt for å få mjukne opp eit stivt mellomgulv, og då var det berre å jogge i veg.
Eg veit lite om mine mellomtider. Marie, som fulgte med på Livetrackeren, meinte at eg hadde ganske jamn løpetid. Og det trur eg kan godt stemme.
Eg tenkte også ved meg sjølv at det i grunnen ikkje er så mykje å tene på å gå veldig mykje innimellom, sidan det heile då tek enda lengre tid. Alt etter det gode gamle motto frå Tvedestrand Triatlon "The faster you run, the faster you're done". Sjølv om dette ikkje nødvendigvis stemmar for Ironmandistansen!

Det var fint å springe langs Main. Litt avkjølande var det også med elva.

Det som eg likte best ved løpedelen på IM i Frankfurt, var igjen tilskuarane. For eit liv det var langs elva! Folk var ute og slappa av og sola seg, og stod og sat og låg og heia, overalt!
Og sidan navnet var printa stort på startnummeret, og startnummeret på løpinga er godt synleg, så blei det mykje "personleg" heiing.
Eg veit ikkje når eg høyrte navnet mittbli ropt ut med så mykje entusiasme og oppmuntring, ca 57 gonger minst, på éin einaste dag, som denne søndagen.
Enda ikkje eit einaste band: dette var på min første runde, og den var tøffast av alle.
Kjekt med startnummer+navn foran. På den måten blir det svært "personlege" heia-rop.


Av og til så kvapp eg, når eg løp i mine eigne tankar, og plutseleg høyrte nokon rope: "Hey, Imke, du schaffst das!" og eg tenkte: Oi, var det nokon der som kjenner meg?
Det var det sjølvsagt ikkje. Sjølv om ei etter tre rundar allikevel begynde å få litt oversikt over kven som stod der og heiar mest iherdig og trufast.

Men det var nokon kjent eg møtte, og det var faktisk Helene! Plutseleg, så høyrte eg nemleg nokon rope navnet mitt bakfrå. Vent nå litt!?! Kven kjenner meg igjen på ryggen min, tru???

Og Helene kom småløpande opp til meg på brua og skravla uanstregt om svømmetida, og sykkeltid og fortalde tilsynelatande utan større problem om små og store episodar på svømminga. Me sprang eit ørlite stykke saman, men så måtte eg be henne om å springe vidare aleine.
Helenes fart hadde eg aldri greidd å halde gjennom ein heilt maraton!

O endeleg, til slutt, etter fire rundar, så hadde eg endeleg skaffa meg det etterlengte siste bandet: i knallrosa.
Herleg, herleg, herleg!!!!
At det gjekk an å bli så glad for eit lite band!
Eg merka at tilropa frå nå av var litt annleis en på dei første rundane:
"Jetzt hast Du's bald geschafft!" og "Nur noch ein paar Kilometer" og "Das sieht locker aus".
Eg har tenkt at eg kanskje må lage eit eige innlegg om tyske heiarop, for alle dikkøn som skal konkurrere i Tyskland og ikkje har tysk som morsmål og som treng litt fagutrykk.
Det er nemleg utruleg kjekt å skjønne kva folk seiar eigentleg.

Dei siste kilometrane merka eg at beina ikkje berre var tunge, men også vonde. Det blei igjen fristande å gå, spesielt sidan eg nå skjønte at eg kunne koma i mål under 14timar, og det syntest eg nå var litt kjekt eigentleg.
Men det var ikkje spesielt mykje lettare å gå enn å jogge, og eg var både litt redd for at eg plutseleg allikevel kunne bli sliten, og samtidig altfor utolmodig for å koma i mål til at eg hadde greidd å gå.
Nå ville eg endeleg koma i mål!

Slikt hadde eg målområdet i tankane mine mens eg sprang maraton.

Eg hadde sett på målområdet så mange gonger desse dagane før, og følgt med på målgangen via Ironman.com ifjor på IM i Frankfurt, og dessutan sett målgangen på Youtube utallige gonger, og det såg så utruleg moro ut!
Men sååå drøye km 39 og km 40 var!
Men dei siste to kilometrane var heilt spesielle. Eg gleda meg berre. Eg tenkte tilbake på dei to siste kilometrane på min første maraton i 2007, der eg også berre gleda meg til å koma i mål. Det var plutseleg ikkje lenger farleg med tunge bein.
Dei skulle uansett nå bera meg i mål.

Og så - endeleg - kom eg inn på skiftesoneområde, og på den røde løparen som førte til mål.

Endeleg! Endeleg! Inn på den røde løparen, berre 150m inn til målet!!!!

Og når eg kom rundt svingen, og såg målområdet, så var det plutseleg som om all energien var tilbake, og det var som om eg sprang på friske og raske og sterke bein. Og då kunne eg ikkje la vera - eg måtte berre spurte litt. Og dess fortare eg sprang, dess høgare jubla det rundt meg.

Så mykje folk som jublar, høg musikk, speaker annonserar, klapping, heiing... dette var noko eg gleda meg til!

For ei fantastisk stemning, for ein deileg dag, der var målet i sikt, og ingen foran meg, ingen bak meg, berre eit jublande publikum som laga kjempefeststemning!

Målet er der!

Eg blei heilt utruleg glad då eg kom i mål.For ein herleg følelse!!

Finish line. Etter 13:37,56 blei eg ein Ironman...

(to be continued...? You bet. Dette var ikkje min siste Ironman!)

søndag 11. juli 2010

Ironman Germany 2010 - Race Report - del 2 -

Nå er det akkurat ei veke sidan IM i Frankfurt.
Då er det på tide å bli ferdig med rapporten...

Del 2 - Sykling

Eg hadde aldri før sykla 180km før. Eg hadde heller aldri sykla så lenge som eg trudde at eg kanskje kunne koma til å bruke på denne distansen.
Den lengste sykkelturen min hade vore litt over fem timar. Den lengste distansen 13mil. Men kor mange høgdemeter denne 13mil lange turen omfatta, er eg ikkje lenger sikker på.
Uansett, det var den treninga eg hadde greidd å gjennomføre som forberedelse.
Meir enn dette, og eg hadde kanskje ikkje vore i stand til å restituere meg frå treninga. Og det er jo når ein restituerar, at kroppen bygger seg og, on blir litt sprekare enn før.

Derfor var det kanskje også sykkeldelen eg hadde mest respekt for.
Heile 185km???
Kor mange timar på sykkelsetet betyr nå dette for meg?
Og korleis vil beina mine kjennest etterpå?
Søndag 4.juli 2010 fekk eg svar på desse spørsmåla.


Søndagen var det heldivis litt overskya, dermed var dei 30gradane ikkje så varme som frykta.
Sykkelløypa på IM Germany består av eit lite stykke frå Langener Waldsee inn til Franfurt, og så ut att, der ein så skal sykle ei sløyfe på 90km to gonger.

Den første mila. Ei lang rekke triatletar i 30km/t, og ei fil for forbisyklande, og tilskuarar.

Sida den første mila var flat, gjekk det flott og lett, og silhouetten til Frankfurt sentrum låg i disen i det fjerne, litt uvirkeleg for meg. Og i tillegg så tidleg på morgonen..

Dei første 10km inn til Frankfurt sentrum. Flott silhouette!

Dei første 50km var eg utruleg rastlaus. Eg syntest at det var altfor tidleg på dagen til å sykle, og dessutan hadde eg enno ikkje kome så langt, eg var rett og slett utolmodig.
Men det gjekk ikkje an å kjede seg så veldig på sykkelløypa rundt Frankfurt.
Med jamne avstad kom me gjennom små landsbyar og tettstadar.
Ein av dei meir kjende stadene og motbakkane er "The Hell" på km 30.

Brosteinunderlaget ved km30/115: "The Hell". Her ristar det godt.

Det som også etterkvart gjorde at tida gjekk fort, var at det var utruleg mange tilskuarar, nesten overalt. Spesielt gjennom "The Hell" stod folk tett inntil, og heia og ropa, skikkeleg øyredøyvande. Brosteinen fekk sykkelen min til å riste så voldsamt, og det låg ein del sykkeldelar strøydd omkring, spesielt eit aero-flaskestativfeste som låg midt i vegen la eg merke til.
Det rista så voldsamt at det faktisk var vanskeleg å sjå. Og eg måtte le.Kva for eit syn var eg, tru? Eg kan ikkje skjønne korleis ein kan halde større fart på slikt underlag. Men dei som er meir proffe enn meg, la seg vel ikkje skremme av slikt.

"The Hell". Legg merke til den stappfulle lomma på buksa. Eg skulle i alle fall ikkje gå tom for mat!

For det meste var det kjempefin asfalt (bortsett frå sjølve sentrum i Frankfurt, der det var mykje vegarbeid og littegrann skinner frå trikken), idyllisk landskap med kornåkre. Der eg forresten blei minna på at eg reagerar ganske voldsamt allergisk på rug. Det var ein del rug som blei dyrka der. Det kan eg sjå frå sykkelsetet, er jo ikkje agronom utan grunn. Det blei mykje snørr liggjande på vegen etter meg. Godt at drafting ikkje er tillatt og syklistane bak meg måtte halde avstand...

"Heartbreak Hill" er ei anna kjend stigning. Den hadde eg og Helene inspisert to dagar tidlegare, og døypt om til "kyllingbakke". Me hadde då sett og sykla verre enn dette i Vest-Telemar, begge to!
Men der er faktisk sant som dei seier, at ein får Tour de France-følelse her. Spesielt på den første runden, så stod folk heilt utruleg tett inntil.
Og heia noko voldsamt. Der var det skikkeleg folkefest med musikk, grilling, mat og drikke og band og familiar med barn og utan og veldig bra stemning.
Kanskje var ikkje sjølve bakken så bratt, men den var ganske lang.
Men nå kunne eg endeleg profitere av mine mange bakkar her rundt Seljord. Lett som ingenting sykla eg forbi eit par tre stykke, og måtte smile litt for meg sjølv då eg passerte eit par "proffe" og aerodynamiske mannlege triatletar med både platehjul, karbonsykkel og tempohjelm.
Då var det kjekt å vise meg fram, og folk rundt jubla enda meir for slik opptreden.

Det er viktig å smile. Både fordi tilskuarane likar det og då heiar endå høgare, men også fordi kroppen då trur at dette er "moro" (noko som det faktisk var. Og eg måtte nesten le av entusiasmen som folk viste. Det var veldig hyggeleg. Så smilet var ekte). Her på toppen av "Heartbreak Hill".

Etter den første runden og fire eller fem passerte drikkestasjonar hadde eg også endeleg lært meg å FØRST kvitte meg med drikkeflaskar, for SÅ å ta imot nye, og i kva slags rekkefølge vatn og sportsdrikke, powerbar, gel og banan blei bydd fram.
Glad var eg også for at eg hadde prøvesmakt dei ulike typane gel og powerbar på trening.
Med stor forskrekkelse oppdaga eg nemleg at eg hadde tatt imot ein "blå" gel, som altså er vaniljesmak, og sidan eg visste at eg ikkje kunne fordra den, opna eg den ikkje eingong, men sykla ei stund med denne gelposen i handa og lurte på kva eg skulle gjera med den.
Meir rutinerte triatletar hadde nok kasta den frå seg med det same, men eg tenkte på "Wettkampfbesprechung på fredag, der det blei sagt at "littering" ikkje var lov, og straffa med gult kart, minst. Og mine lommar var stappfulle med proviant frå før.
Eg bestemte meg for å kaste posen saman med tomflaskene ved neste drikkestasjon, og be om "lilla" eller "grøn" gel i stadenfor. Noko som gjekk veldig bra.

Etterkvart så begynte eg å lure på om det var eit eller anna i powerbar som hadde prestasjonsfremmande virkning på meg. Så snart eg hadde skylt ned dei siste bitane av ein halv powerbar med litt vatn, så følte eg meg som ein veltrent travhest som nettopp har fått havren sin, og beina kjendest sterke og spreke og humøret var på topp.
Eg hadde god tid til å filosofere undervegs på kva grunnen til dette var.
Kanskje sidan powerbar er tysk? Ein eller annan hemmeleg ingrediens som eg har smakt i barndommen min, og som kroppen min har savna sidan, og endeleg fekk nå?
Kanskje var eg berre heldig.

Til saman så hadde eg med meg fire drikkeflaskar. Ei flaske i stativet bak setet bytta eg ikkje før eg var ferdig med syklinga, sidan det var sportsdrikka som eg hadde blanda sjølv. Som ein slags reserve. Vidare hadde eg med ei 0,5L flaske (det er det som er plass til på sykkelen min, som har jo ganske låg ramme) med vatn, også som reserve, og til å blande inn "Samarin", i tilfelle kvalme, noko som eg har opplevd på trening.
Så var det plass til to 0,75L flaskar som eg alltid bytta mot vatn og sportsdrikke på alle drikkestasjonar. Sjølv om powerbar sportsdrikke også er godt, så smakte det faktisk best med vatn.

Vidare hadde eg teipa fast eit par salttablettar direkte på styret. Dei smakte utruleg godt. Nåja, i alle fall kanskje det første minuttet, der behovet for salt var stort. Eg trudde alltid at salttablettar smakte vondt. Det har eg høyrt. Men eg tok sikkert fire stykke i løpet av syklinga, og sugde faktisk littegrann på dei i starten, til eg absolutt hadde fått nok av saltsmaken. På denne måten så trur eg kanskje at eg opprettheldt evnen til å drikke og ete søtt heile tida?

Eg hadde ikkje noko spesiell plan for kor mykje eg skulle ete eller drikke. Eg hadde jo vore sulten heilt sidan svømminga, så eg hadde faktisk god matlyst på sykkelen nesten heile tida. Tørst var eg også, sidan det var så varmt. Kanskje sidan eg låg litt etter med mat- og drikkeinntaket, så absorberte kroppen min alt med det same?
Heldigvis så gjekk det nemleg veldig bra å både ete og drikke på sykkelen. Sjølv om eg mot slutten av turen merka ein viss motstand på å tygge i meg powerbar. Men banan smakte alltid godt. Og trengte ikkje tyggast. Bra.

Mot km 175 hadde eg det fortsatt bra og ganske moro med ein annan fyr, som eg alltid sykla forbi i motbakke og utforbakke, og som passerte meg igjen på flata. Eit par tre-fire gangar. Og så gleda eg meg til å koma til Frankfurt og begynne på løpinga. Nakken min og skuldrene mine hadde nemleg fått nok. Eg fann på fleire og fleire måtar å tøye nakkemusklane mine på undervegs. Han eksotiske tysktalane fyren med tempohjelm og platehjul som eg slo følgje med hadde også nokre spennande tøyevariantar.

Eg har blitt enda meir glad i landeveissykkelen min. Den funka fint og trillar lett og raskt i utforbakke. Det er moro å trille nedover når andre i same bakke må tråkke for å halde farten!

Eg var glad for at ChiCqiloen blei heime og eg hadde tatt med Marvil'n min. Sittestillinga på den er nok meir behageleg for ein så lang sykkeltur. Bedre plass på styret å legge hendene på har den også. Den nye kompaktkranken funka veldig bra og gjorde nytten sin.

Dei siste km gjennom Frankfurt mot T2 gjekk utruleg fort, og sjølv om eg eigentleg gjerne hadde kjent litt meir på steminga, så var det litt krevande å følge med på løypa og tilskuarane så tett inntil vegen utan avsperring. Men tilskuarane oppførte seg veldig siviliserte og gjorde slik som politiet/IM-hjelparane sa, slik at det heile blei ganske trygt likevel.

I full fart rett gjennom Frankfurt sentrum.

Så kom dei siste 100m til sykkelløypa og blei nesten vemodig at syklinga alt var slutt, og letta og glad over at eg hadde greidd den delen som eg hadde frykta mest, så bra.

Her ser ein dei siste 100m me sykla, og den vesle raude løparen ut frå skiftesona.


Snart er eg i T2. Syklinga er gjennomført!!
Bildet har eg knabba frå Thomas Becker. Han har mange flotte bilder frå IM Germany 2010 på flickr.

Når eg fyrst hadde tid til å stoppe, og skulle skifte, så tok eg meg faktisk tid til ein aldri så liten tissepause. Å gå på do med sykkelhjelm gjer eg ellers sjeldan. Men tatt i betraktning størrelsen på denne "stille Örtchen", som den blir kalla på tysk, så var det praktisk. Ein slår seg i alle fall ikkje på hovudet...

Ut av T2 er det lagt raud løpar. Det er hyggeleg. Eg hadde eigentleg planlagt å gå dei første 10minuttane, men så er det igjen desse tilskuarane, som heiar og oppmuntrar, og då måtte eg rett og slett jogge eg au...

Ut av T2 og opp på den raude løparen. Sidelommene på buksa er fulle med lenge ettertrakta grøn powerbargel og annan proviant. Eg ser konsentrert ut. Det var eg. Det måtte eg vera for å starte ein maraton etter tilbakelagte 185km på sykkelsetet..

(to be continued...)

fredag 9. juli 2010

Ironman Germany 2010 - Race Report - del 1 -

Nå skal det bli ordentleg race report her.
Frå min første IRONMAN.
Hurra!
Det kan ikkje feirast og jublast nok, fordi ein ironman er ein lang distanse, og Ironman Germany blir kalla "Der längste Tage des Jahres" (Årets lengste dag, men dette skjønte de vel).

Så det er ingen selvfølge å koma i mål.
Det er ikkje eingong sjølvsagt å koma i start.
Slik at eg er kjempeglad for at eg greidde å koma i mål, og ha det moro undervegs i tillegg!

Men nok med det.
Meir om Årets lengste dag i 2010, Frankfurt, Germany:

Før start:
Me stod opp kl.3.00. Det var eigentleg heilt utruleg at eg sovna kvelden før, ca 23:30. Og sov utan avbrekk til 3.00. Eg trur nok eg hadde nervene mine under kontroll, og gledar meg meir enn at eg grua meg.
Ute var det fortsatt grålysning mens eg, Helene og Tove rusla dei fem minuttane til haldeplassen for shuttlebussen som skulle frakte oss til T1 ved Langener Waldsee.
Det var god plass i bussen, og mens Helene og Tove pratar muntert i veg, leita eg FEBRILSK etter tidtakarchipen i sekken min.
Eg var sikkert på at eg hadde pakka den.
Men kor hen hadde den eigentleg havna? I den blå, raude eller kvite posen?

Eg håpa at den ikkje hadde havna i den raude "beutelen" med løpetøyet mitt, for den hang jo i T2, som er i sentrum av Frankfurt, langt unna og utanfor rekkevidde før start!
Utan chip - ingen tidtaking, må vite. Utan tidtaking - ingen offisiell målgang.
Heldigvis så kjente eg plutseleg ein liten plastbrikke og borrelås nederst i sekken min, der var jo chipen!!
Akkurat der den skulle vera.
Eg tok den på med eingong.
Hadde eg hatt med hengelås, hadde eg vel låst den til ankelen min. For å vera sikker.



Søndag, 4.juli 2010, klokka 5:09. T1 ved Langener Waldsee. Enno er det mange syklar som er godt pakka inn.

Me kom tidleg fram til T1, og eg greidde også fort å få tak i ei av dei 50 sykkelpumpene som stod til disposisjon. Ein helpar (ein av utallige!) heldt sykkelen min for meg, og me diskuterte ei stund kor mykje trykk eg skulle ha i dekka. Det blei mellom 7 og 8 (bar?psi?hektopascal?Eh..), heller på den sikre sida med mindre trykk når det er meldt over 30 gradar i løpet av dagen.

Så sjekka eg om reserveslangane fortsatt var på plass, fylte drikkeflaskene, skrudde til pedalane litt til, sjekka bremsene, la inn eit lett gir for ein god start, festa sykkelskoene på pedalane, la hjelmen på styret med sykkelbrillene i, hengte startnummer ved sida og sjekka den blå beutelen ein siste gong.
Hadde eg med alt?
Eg skulle svømme i badedrakt, og dess viktigare var det då at eg hadde med triatlonbukse og -topp i den blå posen. Men alt var på plass. Eit lite handkle, solkrem, bukse og topp, eit par Powerbar, eit par gel... var det alt eg skulle ha med på denne sykkelturen, som på grunn av vegarbeid ikkje berre var 180, men heile 185km lang?

Stativ for dei blå "beutlane", som skulle innehalde alt nødvendig til sykkelturen.

Eg hadde så god tid at eg gjekk rundt og inspiserte korleis andre triatletar ordnar seg foran ein Ironman:

Her var det nokon med god matlys, vil eg tru.


Timo Bracht, med startnummer 1, fjorårets vinner sjekker ventilane på sykkelen sin. Godt at han ikkje ante at han ville punktere etter berre få kilometer på syklinga.


Enda ein av favorittane, Chris Mc Cormack.

Fjorårets vinner og årets (og min) favoritt blant proff-kvinnene, Sandra Wallenhorst, blir intervjua.

Då klokka nærma seg 6:30 var det tid for å levere inn den siste beutelen: den kvite. Den skulle innehalde alt eg ville trenge rett etter konkurransen. Ein merkeleg tanke. Etter konkurransen. Det virka litt fjernt der og då.
Men til slutt fekk eg levert den også, og stod der, i badedrakt, med svømmehette, svømmebriller og øyrepluggar i handa. Utan våtdrakt og i harmlaus badedrakt hadde eg meir følelsen av å gå til stranda for å bade, enn at eg var i ferd med å starte min første Ironman. Og svømme 3,8km, noko som eg faktisk aldri har gjort før.
For å vera ærleg: den samla svømmedistansen min for april, mai og juni var ikkje eingong 3,8km...
Men eg hev tru på at ein blir god på det ein likar, og eg likar å svømme, og derfor såg eg eigentleg fram til dei to rundane i Waldseen.

Slik såg det ut, like før start, ved Langener Waldsee.

Sidan det er EM i Langdistansetriatlon i Frankfurt, blei den tyske nasjonalhymnen spela. Om eg og Helene ikkje alt var klar over kva me hadde begitt oss på, så blei det i alle fall tydeleg for meg da.
Ved vanntemperaturen over 24,5 gradar er det ikkje lenger lov å bruke våtdrakt, og på søndagen låg temperaturen godt over 25 gradar. Vatnet var grønt og litt grumsete, men blei meir klart dess lengre ut ein kom. At vatnet ikkje var heilt gjennomsiktig var eigentleg ikkje så dumt, sidan eg nesten fekk følelse av å svømme aleine, så lenge armar og bein rundt meg heldt ein avstand på over ein meter, altså utanfor sikteavstand (som ikkje skjedde så ofte, men av og til).
Marie hadde anbefalt meg å plassere meg nærme startlinje, og eg fann meg ein plass på yttersida, ca 8m frå startlinja.

Nokre sekund etter start. Kanskje er eg blant desse der?

Vatnet var behageleg å svømme i, og eg fann fort ein god rytme, og kunne halde den i alle fall den tida eg ikkje kræsja inn mot nokre brystsvømmer-bein, som det er tryggast å halde seg langt unna.
Den første runden (på ca 2900m) gjekk utan større problem, og pussig nok så opplevde eg å ha dei same folka rundt meg lenge. Det var han fyren som såg litt asiatisk ut, og som det var godt å henge seg bak, mens det også var han kraftige med den tøffe tatovering på høgre arm, som svømte utruleg utøft bryst, og som eg prøva å halde meg så langt unna eg kunne.

Ein er nesten aldri heilt aleine på svømminga. Med så mange svømmarar rundt blir det eit dragsug, som gjer det ganske kreftesparande å svømme. Her er det både lov og lurt å drafte!

Etter første runden kom me opp av vatnet, jogga eit lite stykke på land, og heiv oss ut i den andre og siste runden på 1900m, denne gongen medsols.
Feltet hadde dratt seg enda meir ut, og derfor var det til tider ganske avslappande å svømme. Dette hadde eg faktisk aldri trudd. Eg som nesten ikkje har svømt dei siste tre månadene, og som ikkje har trent styrke heller i heile juni, rekna med at armane og skuldrene mine ville bli ganske sliten etter å ha svømt så lenge.
Men eigentleg så har eg mykje større bevegelighet i skuldrene utan den litt for trange våtdrakta, noko som eg trur hjelpte meg å spare krefter. Uansett så svømte eg så lett at eg innimellom i staden for 2-takt pusta både etter tre og til med fire svømmetak.
Eg hadde jo høyrt at ein ikkje skal ta seg heilt ut under svømminga, spesielt ikkje når det er så varmt. Det gjorde eg definitivt ikkje.
Men ved endepunkt på runde 2 merka eg imidlertid at eg begynnte å bli sulten. Alt nå!?!
Eg hadde då ete nok til frukost. Eller?
Nå var eg glad over at eg hadde tatt med eigenforpleining i form av powerbar i tillegg til sportsdrikke, slik at eg kunne begynne å ete med ein gong eg kom meg på sykkelen.

Etter å ha svømt 3,8km på 1t25min:
Kva er det held på med? Leite etter glidelåssnora frå våtdrakta eg ikkje har på? Klemme vatn ut av håret?


Når ein går i land etter svømminga, er det ein kjempebratt bakke å gå opp, som består av laus sand. Etter vår befaring dagen før hadde eg bestemt meg for IKKJE å springe denne opp. Og det greidde eg også nesten. Det var rett og slett vanskeleg å la vera å springe når folk rundt meg heia og jubla og ropa og applaudera.
Så litt jogging bort mot blåposestativet og skifteteltet blei det likevel.

Inne i T2 bruka eg litt over 8 minuttar. Det er ganske lang tid. Men greitt for meg, eg ville heller ta meg tid til klesskift, å bruke solkrem, ordne med "Hirschtalg" (eit tysk innsidertips til førebygging av gnagsår på utsatte stadar etter mange timars sitting på sykkelsetet) og sjå til at eg fekk med meg alt eg ville ha med på sykkelen.
Dessutan tok det tid å få på meg den trange triatlontoppen, som venta. Men heldigvis fekk eg hjelp til det. Hjelparane på IM Germany er utruleg flinke og snille, og hjelpar med det meste.

Så bar det ut på sykkelen.
Eg synst det er meir behageleg å springe barbeint gjennom T1 enn på sykkelsko med stiv såle og klossar. Men eg tok ingen "flying start"ved å hoppe på sykkelen og ta på meg sko i farta. Det er mange tilskuarar ved utgangen av T1. Dette måtte nytast, og då passar det godt med eit lite stopp...

(To be continued...)