It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

onsdag 29. september 2010

Hausten er her - og sykkelen (nesten) klar

Nå er hausten definitivt på sitt finaste. Men det begynner å bli tidleg mørkt på kvelden, og dermed blir tida til rådighet for sykling ute også mindre og mindre.Denne hausten har eg lyst til å sykle meir enn eg gjorde ifjor. Rett og slett fordi eg synst det er skikkeleg gøy å sykle i år! Utvalget av disponible syklar her stort nok for meg: racer, tempo eller terrengsykkel?
Når det er tørt, lyst og fint ute, er det heilt klart framleis sesong for ChiCqiloen.
På søndag blei det ein liten halvannan times tur ute. Utan mål og meining, berre rett og slett fordi det var så fint ute!
Så er det ut med terrengsykkelen (Hardrocx) dagleg, ned til jobb på morgonen, og bakken opp att på ettermiddagen.
Og når desse mørke haustkveldane nå kjem, så er det kanskje tid til å tenke litt på å vera synleg?

Eg må innrømme at eg til dags dato ikkje har ein einaste refleks på syklane mine.
Men dette skal eg gjera noko med!
Eg har gått til innkjøp av eit set med front- og baklykt.
Set av front- og baklykt. Komplett med dings til å få montert frontlykta på styret.

Å kjøpe utstyr via internett er jo spennande, når det gjeld nytt utstyr  så får ein jo ikkje vite kva ein får før ein faktisk får det i postkassa!
Er dette ein ny fancy ring?
Probikekit har enno ikkje svikta meg, og alt eg har bestilt derifrå har vore av god kvalitet og har kome fram utan skadar. Eg har derfor lyst til å reklamere for denne internettbutikken, dei sendar nemleg FRAKTFRITT til Norge!!!
Og bestiller ein varer for under 200NOK, er det også utan moms. Dermed har også lågbudsjett-triatletar som meg moglegheit for å få tak i utstyr til ein rimeleg penge.
Blackburn VOYAGER 2.0 MARS CLICK. Høyrest jo meir ut som navnet på noko astronautisk utstyr...
Sidan eg har sov meg gjennom dei lange haustkveldane dei siste dagane, har eg ikkje hatt tid til å teste lyktene i mørket enno, men eg fekk vurdert kor enkelt det var å montere lyktene. Det var lettvint og krevde berre ein stjerneskruetrekker for frontlykta, mens montering av baklykta ikkje krevde verktøy i det heile tatt: 
Reimar og krokar av mjuk gummi held baklykta på setepinnen. Enkelt. Og det sit godt.            



Baklykta sit godt på setepinnen, men eg tvilar på at den hadde passa rundt ein overdimensjonert setepinne til ein temposykkel.

Lykta sit godt. I alle fall rundt ein standard setepinne.
Nå er det berre å vente på at mørket set inn i kveld. Men det er det mange timar til enno, heldigvis.
Blå himmel. Det er enda mange timar til eg får teste lykta. Bra.
Og mens terrengsykkelen står klar for nye utfordringar i mørke haustkveldar, står ChiCqiloen i stoga og ventar utolmodig på ein tur ut...
Frå turen søndag. Ein tur til tunnelen og tilbake.
Sjøormporten? Er det her sjøormen held til hen???
Sykling utan mål og meining, men med flott utsikt (mot Skorve).

fredag 24. september 2010

Startnummer 13 - Tveitgrendtunet opp

"Oi. Tør du å stille til start med startnummer 13 da?" fekk eg høyre då eg betalte startkontingent sist laurdag kl.12 og henta startnummeret mitt.
- Ja da, det startnummeret hev eg hatt før. På ein triatlonkonkurranse. Då punktera eg. Det vil sei at, sykkelen min punktera. Utan at eg hadde sykla. Eg hadde ikkje ein gong begynt å svømme. Det var eit minutt før starten. I Tønsberg, på Ringshaugdysten 2009. Det var kanskje litt dumt, men eg var heldig som hadde tatt med reserveslange slik at nokre snille karar kunne tilby seg å skifte slangen før meg.
Så det gjekk bra. Det gjeng altså bra å ha startnummer 13.

Motbakkeløp hadde eg aldri vore med på før. Og sjølv om eg skriv ein del om bakkane her i Vest-Telemark, så er eg nesten meir opptatt av korleis eg skal meistre dei andre motbakkane i livet mitt.
Men uansett, så ville eg fullføre Vest-Telemark karusell i år, sidan det var JUBILEUMsår. Vest-Telemark karusell har bursdag i år, og er altså blitt heile 40år.

VTK - Vest-Telemark karusell har bursdag og er blitt 40år i år!

Gratulerar!
Og gratulerar til meg sjølv for å ha turd å stille til start på det femte og siste løpet i karusellen.
Det var 5km og 350 høgdemeter.
Såpass hadde eg funne ut.
Og at raskaste dame i fjor bruka 25min, mens nest raskaste brukte ... tja noko rundt ein halv time??
Eg ville berre koma i mål.
Då eg varma opp, kjendest kroppen god og sterk og beine friske. Men då eg skifta retning under oppvarminga, la eg merke til den sterke motvinden plutseleg...
Aha, det var altså forholda som pusha meg litt her ja...
Eg trøste meg med at gjennom terrenget ville det vera lite vind, verken med- eller motvind, noko som også stemde.
Mellom garden og åstoppen ligg Kviteseid. Og ein stad oppe på denne toppen var målet for Tveitgrendtunet opp.

Til september og Vest-Telemark å vera var det ganske varmt i været, og sola skein og asfalten og grusen var tørr, og noko av det allerbeste denne dagen:
Eg var einaste kvinne til start!!!
Ikkje at eg eigentleg synst det er bra at det er få kvinner ved startstreken, men plutseleg så var eg blitt den einaste eg skulle konkurrere mot.
Meg og bakken.

Bakken var eigentleg snillare enn frykta. Ja, den var litt bratt til tider. Og den drøyaste kilometeren var mellom km 3 og 4.
Men eg pusta ikkje godt. Det vil sei at eg begynte etterkvart å få krampe i skulderen. Mens beina var fine. Krampe i skulderen???
Ja da, det har fysioterapeuten min forklart meg, det er mange små pustemusklar rundt brystkassa og både her og der, så viss mellomgulvet ikkje funkar bra nok, så trer desse andre musklane til.
Hm.
Det blei altså mange stopp undervegs.
Det pussige er at det ikkje nytta ein gong å springe saktare. Eg kunne like godt ha pusta gjennom eit sugerør. Og når du pustar gjennom eit sugerør er det faktisk best å stå stille og bruke kroppen minst mogeleg.
Dette var sjølvsagt ingen alternativ for meg.
Så det blei slik at eg sprang eitt minutt, og gjekk eitt minutt, den siste kilometeren. Bortsett frå då eg nærma meg sjølve Tveitgrendtunet og målstreken og dei andre deltakarane og tilskuarane.
Då gav eg alt og spurta opp i mål.
Eg trur eg bruka 35min og litt til.

Og det som var fint, var at eg vann kvinneklassa! Sjølvsagt, når ingen andre kvinner stiller til start (fordi dei ikkje er spreke nok? Ikkje turde? Ikkje ville?).
Dermed blei det første plass og premiekopp og pengepremie og diplom.

Ekstra fin pokal for samanlagt karusell i høve 40-årsdagen (til karusellen).

Og så blei det også ekstra fin pokal sidan eg vann kvinneklasse for gjennomført karusell.
Kjekt, og dette på karusellens bursdag.

Og kjekt å få ein ekstra påminnelse om det første bakkeløpet mitt. Den pokalen skal eg nok ha ståande på peishylla ei stund, tenker eg.

onsdag 15. september 2010

Dagens sitat:

Life isn’t about finding yourself. Life is about creating yourself.  
George Bernard Shaw




Dette sitatet har eg overtatt frå Dirt Diva sin blogg.
Plutseleg gav dette sitatet utruleg mykje meining.
Det har vore tøft dei siste to vekene. Eg har vore dårleg, deprimert og negativ og sliten, døsig, fjern og tiltakslaus nesten kvar einaste dag.
Sjølv om eg også har hatt nokre korte, gode stundar, saman med vennar.


Heldigvis har denne tilstanden begynt å gje seg i løpet av gårsdagen, sakte men sikkert.
Det har vore ei utfordring å få gjort også det mest kvardagslege.
Trening blei redusert te eit minimum.

Men dette minimum av trening har vore veldig godt. 
Og svært variert.

I dag var eg ute på rollerblades. For første gong igjen på åtte år.
Med lånt utstyr og på initiativ av, og saman med ei venninne.
Eg pleier ikkje å mosjonere så tidleg på dagen (kl.11) men i godt selskap og i det fine haustværet og -landskapet blei det ei veldig positiv oppleving.
Utsikten frå rollerbladesturen.

Me køyrde ned til Seljordsvatnet, parkerte bilen, fekk på oss utstyret og satte i gang.
Eg har ikkje gått på rollerblade sidan 2002. Best å bruke hjelm og vera fokusert.


Å gå på rollerblades er ei utruleg fin form for alternativ trening. Mindre belastande enn løping, og mindre harde støyt for musklar og ledd, samtidig som ein brukar mykje av "bakside"-muskulaturen, som sete og hamstring, som ein treng å trene litt ekstra når ein syklar og løper mykje.

Det var her eg skulle demonstrere eit eller anna. Men eg ville ikkje koma i vegen for utsikten...
Skorve. Eg har enno ikkje vore på toppen. Eg fekk god tid te å beskue fjellet mens me gjekk på rollerblades.
Så har eg hatt to økter med bakkeintervall. Min teori er at det lønner seg å trene i motbakkar når livet sjølv kjennest som ein einaste motbakke. Derfor, og også fordi det er "Tveitgrendtunet opp" om tre dagar, la eg inn ein form for 4x4 motbakkeintervall: 
Springe 4min opp ein bakke, og småjogge/gå ned att (også i fire minuttar).

Grus og gras, skog, flat i starten og meir stigning etterkvart, det var motbakkeløypa mi  (utsikt nedover, retning Bjørgefjell).
Når hovudet ikkje funkar bra nok, og sjela har gøymt seg ein eller annan stad, må eg ta i bruk alle form for inspirasjon og kjeldar til motivasjon. Ironmanflaska hjelpte.
Binna var med også. Og etter to intervall begynte ho å bli skikkeleg gira. Ikkje dårleg for ein labrador på snart 10 år.
Så var det plutseleg så fint vær på ein sundagsettermiddag, at det var heilt umogeleg å la vera å ta ut ChiCqiloen for ein liten tur til Bø. Og vegen langs Seljordsvatnet bydde, som vanleg, på lite trafikk og fin utsikt.

I retning Bø. Det gjeng litt nedover her, og ein får god fart samtidig som det er oversiktleg. Perfekt!
Hausten har inntatt Vest-Telemark. På godt og vondt. Denne dagen var det faktisk godt. Og eg blir nok ikkje lei av utsikten frå sykkelsetet med det same...
Glitrande vatn, blå himmel, sol og små skyer. Fin utsikt. Då har eg det bra på sykkelen.
Når eg ser tilbake er det ikkje lite trening eg har lagt bak meg i denne perioden, til tross for dårleg mental helse. Heldigvis har eg etterkvart lært meg at sjølv om kroppen kjennest sliten, så er det berre hovudet som prøver å "lure" meg. Og når diverse gode signalstoff og hormon blir danna under treninga og eg igjen kan oppleve landskapet og menneska, og livet rundt meg, då veit eg at eg handlar riktig når eg tek på meg treningstøy sjølv om lysten i utgangspunktet ikkje er til stades. Den blir skapt undervegs.
Derfor passar sitatet i starten av innlegget så bra.
Eg trur nemleg ikkje at eg greier å finne meg sjølv. Eg trur at eg blir til, heile tida, og skapar meg sjølv heile tida. Og når eg brukar sykkel, løpesko, og svømmebriller og gjerne også rollerblades for å skape meg sjølv, då kan resultatet jo eigentleg ikkje blir så dårleg?

fredag 3. september 2010

Tyske intervall

Trening og helse høyrer saman for meg. Eg har godt av å trene, eg har godt av å lea meg, enda bedre om eg kan vera ute samtidig,
Men av og til er det vanskeleg å vite om ein alltid har godt av å trene. Kanskje hadde det vore bedre å "berre" mosjonere? Trening er jo også ein form for stress, og når stressnivået ellers er høgt, så kan det riktignok vera godt å lufte seg på ein liten løpetur, men ein skal kanskej tenke litt gjennom på førehand kva som skal vera poenget med turen.
Skal det vera lett, skal det vera hardt? Avslappande, roleg, middels? Alt etter humøret?



Av og til kan eg kjenne meg så sliten i hovudet at denne følelsen overstyrer alt anna. Eg trur at kroppen min også er sliten. Då er det faktisk vanskeleg å skilje mellom eit slitent hovud og ein trøtt kropp.

Slik var det nå dei dagane eg var i Tyskland. Det har vore litt stress å pakke og ordne, rekke buss og fly og ordne tankane sine, og så vera til stades til ei slik trist anledning, møte familie og slektningar eg ikkje hadde på sett på veldig mange år...
På torsdagskvelden var eg så trøtt etter begravelse, familiesamankomst og tur på hytta (alt saman same dag, eg skulle jo tross alt reise tilbake dagen etterpå), at eg skulle legge meg ned og "kvile". Eg trudde eg trengte søvn.
Og ro. Slappe av. Spenne av.
Men berre fem minuttar på sofaen gjorde det tydeleg at det berre var hovudet mitt som var litt utslitt.
Kroppen roa seg ikkje ned i det heile tatt mens den låg stille.

Eg bestemte meg for å ta på meg løpesko og -tøy, og teste løpefølelsen.
Lufta i Brake er mild og fin, det var god temperatur, det var kveld og fredeleg stemning.

Når eg først var igang med å oppsøke gamle trakter, valgte eg å jogge bort til idrettsanlegget i Brake, "Stadion" kallar dei det.
"Braker Stadion"
Her hadde eg vore mykje i ungdommen. Me har hatt friidrettsstevne der årleg, men også gymundervisning i ny og ne.
Eg hugsar framleis ein dag der eg nekta å springe 100m.
Me var delt inn etter jenter og guttar, og jentene skulle springe 100m, mens guttane skulle springe 2000m.
Eg skulle springe mot ei anna jente. Eg stoppa etter 50m og sa til læreren at eg ikkje var i sprintform denne dagen.
Men at eg godt kunne vera med på dei 2000m til guttane.
Det fekk eg heldigvis lov til.
Gutta starta hardt. Mens eg heldt litt igjen, og hadde min eigen strategi. Eg skulle elegant ta inn guttane på dei siste to rundane. Det gjorde eg.
Det var riktignok ikkje alle eg tok igjen, men kanskje eit par-tre stykke?
Og det var gøy.
Kanskje har eg alltid vore meir av den uthaldne langdistansetypen?


På torsdag hadde eg lite tid og ville vera effektiv.
Eg valgte meg ut min yndlingstintervalldistanse, 800m.

Med 400m lett jogg/gange imellom.
Banen var "lettløp". Det var motvind på den eine sida, og medvind på den andre. Det er Nordtyskland, det. Alltid vind.
Første 800m tok eg ny personleg fartsrekord på 3:21.
Andre runden merka eg godt at eg ikkje skulle ha ete denne siste bananen like før likevel og blei litt kvalm.
Tredje runden gjekk eigentleg ganske fint, sidan eg starta saktare og auka litt mot slutten.
Etter det fjerde intervallet lurte eg på om eg skulle gje meg.
Men så blei eg så inspirert av ein annan løpar der som hadde varma opp mens eg sprang, og som nå såg ut til å springe noko som 1000/1200m intervall.
Han hadde så fin løpestil at eg tenkte at eg godt kunne ta det femte intervallet også.
Om tida blei enda dårlegare enn på dei første fire, så kunne eg jo i alle fall prøve å oppretthalde ein god, lett løpestil mens eg sprang så fort eg orka.

Samtidig var det to eldre karar på banen i gang med å småjogge stadig, og prata uanstrengt.
Bra det også.
Eg begynte å lure på om det var ein slags løpetreff der den dagen.
Men det såg berre ut som det var heilt tilfeldig men ikkje uvanleg at me var fleire der på banen.
Så inspirerande det kan vera!

Eg synst jo at det er fint at eg stort sett er aleine når eg spring på bane i Seljord. For då kan Binna faktisk vera med og springe ho også. Og at banene er så tilgrodd at det kjennest som å springe i skogen, er også heilt greitt.
Idrettsbana i Brake, "Stadion" er ikkje spesielt attgrodd.
Men det var jammen inspirerande og artig å vera fleire på banen også.


Fornøydd jogga eg ned eit par rundar etter mine fem interavll, og småsprang så heim att.

 Nå veit eg i alle fall at eg alltid skal ha med meg eit par løpesko i bagasjen når eg skal ut og reise.
Så godt eg hadde det plutseleg!
Og så lettvint som det er!
Og om det ikkje er ei løpebane i nærleiken, så kan ein jo springe nesten overalt!

Og med dagens lettvekterløpesko og -tøy er det heller ingen problem å halde seg godt innanfor vektgrensen for bagasje på fly også.
Kult!

(Dette innlegget er skrive på Torp Flyplass - me levar i ein mobil tidsalder - det likar eg eigentleg - eg likar å vera mobil)