It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

onsdag 15. september 2010

Dagens sitat:

Life isn’t about finding yourself. Life is about creating yourself.  
George Bernard Shaw




Dette sitatet har eg overtatt frå Dirt Diva sin blogg.
Plutseleg gav dette sitatet utruleg mykje meining.
Det har vore tøft dei siste to vekene. Eg har vore dårleg, deprimert og negativ og sliten, døsig, fjern og tiltakslaus nesten kvar einaste dag.
Sjølv om eg også har hatt nokre korte, gode stundar, saman med vennar.


Heldigvis har denne tilstanden begynt å gje seg i løpet av gårsdagen, sakte men sikkert.
Det har vore ei utfordring å få gjort også det mest kvardagslege.
Trening blei redusert te eit minimum.

Men dette minimum av trening har vore veldig godt. 
Og svært variert.

I dag var eg ute på rollerblades. For første gong igjen på åtte år.
Med lånt utstyr og på initiativ av, og saman med ei venninne.
Eg pleier ikkje å mosjonere så tidleg på dagen (kl.11) men i godt selskap og i det fine haustværet og -landskapet blei det ei veldig positiv oppleving.
Utsikten frå rollerbladesturen.

Me køyrde ned til Seljordsvatnet, parkerte bilen, fekk på oss utstyret og satte i gang.
Eg har ikkje gått på rollerblade sidan 2002. Best å bruke hjelm og vera fokusert.


Å gå på rollerblades er ei utruleg fin form for alternativ trening. Mindre belastande enn løping, og mindre harde støyt for musklar og ledd, samtidig som ein brukar mykje av "bakside"-muskulaturen, som sete og hamstring, som ein treng å trene litt ekstra når ein syklar og løper mykje.

Det var her eg skulle demonstrere eit eller anna. Men eg ville ikkje koma i vegen for utsikten...
Skorve. Eg har enno ikkje vore på toppen. Eg fekk god tid te å beskue fjellet mens me gjekk på rollerblades.
Så har eg hatt to økter med bakkeintervall. Min teori er at det lønner seg å trene i motbakkar når livet sjølv kjennest som ein einaste motbakke. Derfor, og også fordi det er "Tveitgrendtunet opp" om tre dagar, la eg inn ein form for 4x4 motbakkeintervall: 
Springe 4min opp ein bakke, og småjogge/gå ned att (også i fire minuttar).

Grus og gras, skog, flat i starten og meir stigning etterkvart, det var motbakkeløypa mi  (utsikt nedover, retning Bjørgefjell).
Når hovudet ikkje funkar bra nok, og sjela har gøymt seg ein eller annan stad, må eg ta i bruk alle form for inspirasjon og kjeldar til motivasjon. Ironmanflaska hjelpte.
Binna var med også. Og etter to intervall begynte ho å bli skikkeleg gira. Ikkje dårleg for ein labrador på snart 10 år.
Så var det plutseleg så fint vær på ein sundagsettermiddag, at det var heilt umogeleg å la vera å ta ut ChiCqiloen for ein liten tur til Bø. Og vegen langs Seljordsvatnet bydde, som vanleg, på lite trafikk og fin utsikt.

I retning Bø. Det gjeng litt nedover her, og ein får god fart samtidig som det er oversiktleg. Perfekt!
Hausten har inntatt Vest-Telemark. På godt og vondt. Denne dagen var det faktisk godt. Og eg blir nok ikkje lei av utsikten frå sykkelsetet med det same...
Glitrande vatn, blå himmel, sol og små skyer. Fin utsikt. Då har eg det bra på sykkelen.
Når eg ser tilbake er det ikkje lite trening eg har lagt bak meg i denne perioden, til tross for dårleg mental helse. Heldigvis har eg etterkvart lært meg at sjølv om kroppen kjennest sliten, så er det berre hovudet som prøver å "lure" meg. Og når diverse gode signalstoff og hormon blir danna under treninga og eg igjen kan oppleve landskapet og menneska, og livet rundt meg, då veit eg at eg handlar riktig når eg tek på meg treningstøy sjølv om lysten i utgangspunktet ikkje er til stades. Den blir skapt undervegs.
Derfor passar sitatet i starten av innlegget så bra.
Eg trur nemleg ikkje at eg greier å finne meg sjølv. Eg trur at eg blir til, heile tida, og skapar meg sjølv heile tida. Og når eg brukar sykkel, løpesko, og svømmebriller og gjerne også rollerblades for å skape meg sjølv, då kan resultatet jo eigentleg ikkje blir så dårleg?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar