It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

fredag 22. april 2011

Å løpe rundt

Eg har i det siste brukt så mykje tid på å skifte sykkeldekk, skifte girwire, skifte tempobøyle, justere bremser, justere gir og mykje meir, at motivasjonen min til å sykle steig til himmels, mens inspirasjonen min til å løpe blei mindre og mindre.
Alt eg ville var ut å sykle.
Innkjøpet av mine nye løpesko førte til eit lite "boost" av motivasjon, men denne dabba av igjen etter tre løpeøkter.
Ikkje at skoene ikkje er gode. Det er dei.
Nye løpesko. Dei MÅ då inspirere til ein lang løpetur?
Ja og så lette som dei er? DET er då motiverande, eller kva?
Men når eg heile tida tek i syklane mine ved å flytte dei ut av stoga, inn på kjøkkenet, ut på plenen, inn igjen, og ved å bruke så mykje tid på å skrue og justere, så blir det rett og slett vanskeleg for meg å motivere meg til lange økter.
Det er spesielt dei lange rolege løpeturane mine som eg har forsømt i år. 
Sjølv om eg har laga meg ein plan fram til IM 70.3 i mai, der dei rolege lange løpeturane sakte men sikkert skulle auke frå 10km til 17/19 eller helst 21km, så har eg rett og slett ikkje greidd å få til desse langøktene.

Formen min har kanskje ikkje vore så god heller i det siste, men eigentleg så mangla det nok meir på motivasjon, og inspirasjon. Det nyttar ikkje at kroppen er klar, når hovudet ikkje ser noko poeng i å springe.


Men så mykje som eg enn prøva, så blei eg ikkje motivert. I går bruka eg ganske lang tid på å kikke på videosnuttar på Youtube, stikkord  "running - inspiration".
Ja da, det såg då ikkje så dumt ut, det.
Der var det både marathonløparar, ironmantriatletar, supermotiverte nybegynnarar, det var fin musikk, men likevel - ikkje noko som fanga meg eigentleg.
Men eg snubla over ei video med tittelen "The Spirit of a Runner"  med ei dame med navnet Suprabha Beckjord, som trena for eit ultraløp, "The Self-Transcendence 3100 Mile Race".

Ups, tenkte eg, det var da eit ganske langt løp, er ikkje 3100 miles noko som nesten 5000km???
Men dama virka ganske så jordnær då ho snakka om sine 12 (eller 13) gjennomførte Self-Transcendence Mile Races:

Eg kunne ikkje tenkt meg å vera med i eit løp som går over 52 dagar der ein skal springe rundt 80km dagleg. Men det som fascinera meg, var at deltakarane spring midt i ein amerikansk by, i ei rundløype på ca 800m. Det blir jo ganske mange rundar på ein dag.
Dessutan må det då vera ganske krevande, å halde på å springe den same runden i fleire dagar på rad, mens folk, og bilar, og syklisar, og skuleelevar, og naboar, er rundt ein heile tida.

I dag skulle eg altså ut på løpetur. Eg ville helst springe minst 15km, eventuelt 17km, viss løypa passa bedre. Og det var akkurat der det låg. Uansett kor mange forslag eg vurderte, så var det ikkje noko som passa. Anten var det for mykje stigning, slik at eg aldri i verden ville kunne springe 15km roleg.
Eller så var det berre asfalt, noko som eg ikkje ville utsette Binna for.
Skulle eg la Binna vera heime?
Nei, det hadde eg heller ikkje lyst til.
Men så var det også såpass varmt ute at det kanskje var best for Binna å sleppe å springe?
Mens eg faktisk treng å springe mens det er varmt, slik at eg er bedre forberedd til å springe på Mallorca...

Plutseleg kom eg i hug videon frå i går, der desse få utvalgte spring i ein 800m runde, rundt og rundt og rundt. Og eg tenkte ved meg sjølv at viss dei kan det, og tilbakelegg 80km om dagen 50 dagar på rad, så ville vel eg også kunne springe litt "rundt"?

Nede ved idrettsbanen i Seljord, på "Eventyrøy" er det ein grussti langs elva som fører vidare rundt fotballbanene. På kartet hadde eg alt plotta inn denne runden som ein fin oppvarmingsrunde på ca 1km.
Eventyrøy. Idrettsbanen ligg på innsida i det store grøne feltet.
Og plutseleg var planen klar:
Eg skulle ned på Eventyrøy og springe 15 rundar. Kanskje 17. Alt ettersom. Og eg skulle køyre ned med bilen, slik at Binna kunne sitte i bilen og vente, og kanskje vera med på nokre rundar.
Og eg kunne ha med både mat og drikke i bilen.
Om det kanskje ser litt rart ut, så skulle eg ikkje bry meg. Antagelegvis har jo halve Seljord lest om den lokale triatleten i Vest-Telemark Blad i fjor, så då kunne dei jo tenke sitt. Dessuten er det langfredag og då rekna eg ikkje med at folk skulle vera ute og mosjonere.

Planen gjekk opp. Bilen blei parkert, drikkeflaskene og powerbar lagt i lasteplanet, og Binna tatt med på første oppvarmingsrunden. Det blei ein del stopp for hennes del, med drikking, bading, snusing og undersøking, så den første runden varte ganske lenge. Så la eg Binna i bilen, skrudde ned alle vindu i bilen til gjennomlufting, og la i veg for dei neste 14 rundane.
Og løp. Rundt og rundt og rundt og rundt og rundt.
Binna likte den første runden, med bading, best. Men så blei ho jo heller ikkje med på fleire rundar etterpå...

Rundt og rundt og rundt og rundt.
Sola skein og folk kom, og gjekk, kom og sykla, og sykla vekk igjen, satte ned kajakken sin i vatnet og padla vekk, ein mann i rullestol trilla forbi og sola seg i vannkanten, nokre guttar spela basket, og forsvann igjen, jenter på sine rosa syklar susa forbi etterfulgt av mammaen sin som prøva å sykle eit godt stykke foran meg, ein kano kom padlande sakte, og forsvann igjen, båtar blei henta opp frå vatnet, barn kom og plaska i vannkanten, barn prøva sine fjernstyrte bilar mens fedrene laga hopprampe, kort sagt, til Seljord å vera var det liv ute på Eventyrøy i dag!

Alt mens eg trava mine rundar. For kvar runde var eg innom bilen, roste Binna som venta så tolmodig i den varme bilen, tok litt drikke, litt powerbar, høyrte på musikk på mp3-spelaren og hadde det ganske bra.
Det kjendest endeleg godt igjen å springe!
Og eg skjønte også at eg eigentleg ikkje er umotivert til å springe.
Eg gir berre så fort opp når eg skal planlegge løypa, og alt skal passe, lengde, stigning, forhold for Binna, tilgang på drikke.. og eg har vel det siste halvåret slite ut dei gode gamle løyperutene mine.


Så sjølv om det kunne virke ganske kjedeleg å berre løpe "rundt", så var det kjempedeileg! Eg trengte ikkje passe på Binna undervegs, trengte ikkje å stoppe for trafikk, eg hadde mat og drikke tilgjengelegheile tida og hadde når som helst kunne gitt meg utan stor omveg. Underlaget var snilt med grus, utsikten mot vatnet og fjellet fin, og eg kunne fokusere fullt og heilt på løpinga.
Herleg.
Det blei 17 rundar, og ein liten 400m runde på banen, for å bestemme farten min. Eg bruka 2:15 på 400m, og det blir ein fart på 5:38/km, noko som er glimrande halvmaratonfart for meg, mens heile økta varte i 1t40min.
Det er kanskje ikkje siste gongen eg har gjort dette. Viss eg ikkje heller skal finne på enda fleire morsamme løysingar for å få fleire mil i beina...
Men fram til mine neste påfunn skal det bli restitusjon her, og Binna er då den beste inspirasjonskjelde eg nokon gong har hatt!
Binna - best på restitusjon!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar