It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

fredag 27. mai 2011

El casco

betyr hjelm på spansk.
Denne her var eit lykkefunn på ein  lokal sykkelbutikk i Alcúdia på Mallorca (Wheels Sport. Rent a Bike & Bicycle Shop).

Ny hjelm! Som passar perfekt. .
Mens Helene fekk ekstra service av ein medarbeidar på Wheelssport (som faktisk tilbød seg å montere sin eigen tempobøyle på den leigde sykkelen hennes, sidan tempostyret til Helene ikkje hadde riktig diameter), kikka eg meg rundt kva mallorkanske sykkelbutikkar har å by på.
Wheels - Cycling Clothing And Bike Hire
Avda. S'Albufera 13b, Playa de Muro
t : +34 971 891 0
Eg har og har hatt mange sykkelhjelmar, men eigentleg er det ingen av desse som har passa meg ordentleg. Men då eg fekk auge på denne her, og prøva den "for moro skyld", så passar den som støypt. Fargane lilla, turkisblå, mellomblå og limegrønn og kvit var så utruleg fine saman, med uansett utsjånad, så var det nok passformen som gjorde at eg ikkje tvilte. Dessutan var den på tilbod.
Ein skal ikkje bruke nytt utstyr på ein konkurranse, men denne hjelmen passa så perfekt, at eg etter 3-4km testsykling var sikker på at den ville vera perfekt for 9 mil også. Og den gav grunn til smil undervegs.
At eg ikkje kjente til merke "Catlike"frå før, brydde eg meg ikkje så mykje om. Men då eg fann ut at Thor Hushovd brukar Catlike hjelm (aha, det er "Catlike" som lagar desse rare hjelmane med desse runde hullene i), blei eg enda meir fornøydd med kjøpet mitt.
Thor stolar på Catlike, då kan vel eg også gjera det.

Catlike kompakt pro, forgjengaren til Catlike Whisper, kjem i tre størrelser S, M og L, og M går frå 54-58cm og passar perfekt på meg.
Eg er så fornøydd!
Endeleg ein hjelm så passar bra, ser fin ut og som er lett (berre 230g!!!) og luftig!
Ja eg er jo religiøs, men handstillinga på tempostyret visar nok meir at eg slappar av og er i flyt på sykkelen.
For eit fint suvenir eg har fått meg frå Mallorca da, og så er den faktisk Made in Spain ;)

tirsdag 24. mai 2011

Mallorcanske impresjonar

Nå er det akkurat ei veke sida me kom tilbake frå Mallorca. Med dette vårværet og temperaturar ned til 10 gradar er det på tide å henta fram nokre impresjonar frå opphaldet vårt på Mallorca...

Første kveld ved stranda ved Playas de Muro.

Heile Alcúdia og Playas de Muro er kjent for å vera familie- og barnevennleg. Her var det i alle fall ein kjempefin strand med nydeleg kveldssol og deileg fin sand.
På torsdag kl.11.00 blei sykkelen min levert. Den leigde eg frå Velosport, som blir driven av ein tysk syklist (Johannes Schernikau) som busette seg på Mallorca etter mange år med deltaking i sykkelsporten. Sykkelen eg valgte meg var ein "Cucuma", i størrelse 49, og den var ganske lik Marvilen min.
Cucumasykkelen frå Velosport, klar til bruk med eige sete, pedalar og tempostyre. Den passar meg godt og funka bra gjennom alle 9mil, og også på gatene i trafikken gjennom Alcúdia.
Med medbrakt sete, pedalar og tempostyre passa sykkelen veldig bra. Trippelkransen sørga for lette gir i motbakkane, utstyret var gjennomgåande Shimano Ultegra og fungera utan problem. Den blei levert med to flaskestativ, ei flaske og ei lite veske med dekkspakar, og sykkelcomputer. Eg har ikkje noko å utsette på sykkelen i det heile tatt, så det var verdt å leige sykkelen. Bringing av henting ved hotellet fungerte også utmerka, så Velosport kan eg trygt anbefale for nokon som skal leige sykkel på Mallorca.
Den leigde sykkelen til Helene til venstre, og min til høgre. Hotellet vårt i bakgrunnen, og blå himmel. Snart skulle me sykle inn til Alcúdia og levere inn syklane. Spennande...
Så var me også ein tur gjennom expoen. Det var mange dingsebumsar med den populære Ironman M-Dot på.
Sååå fin T-skjorte. Men den sat utruleg dårleg på meg... sidan den var utruleg dyr også, så sparte eg nå litt pengar på å la den henge.
Eller kanskje ei kakeform for Ironman?
Eller noko med pink?
Desse her stod uansett på ønskelista mi. Kanskje dei er gode til postironman recovery?






Fredagskveld på hotellet. Eg set meg inn i korleis sykkelcomputeren nullstillast. Når eg først har sykkelcomputer på sykkelen min, hadde det jo vore greitt å sett riktig antall km...
Eg finn ut kor sykkelcomputeren fungerar. Det står dessutan mykje anna morsamt i følgeseddelen til sykkeln.
I følgeseddelen til sykkeln stod eit telefonnummer som ein skulle ringe viss ein trengte reparasjon av sykkelen undervegs. Einaste unntak: sykkelcomputeren. Det stod faktisk noko som: "We won't come to repair the bike computer immediately. It is possible to ride your bike without your bike computer for a day or two."
Viktig å ha på for å koma inn på f.eks. prerace-møtet.
På konkurransedagen tok eg og Helene ein taksi bort til startområdet etter ein god frukost på hotellet kl.6:15. Me hadde veldig god tid til å ordne sykkelen, og skifte og sjekke run- og bike-posane.Det er verdt å stå opp litt tidleg, synst eg, så blir det tid til å nyte pre-race stemninga...
Morgonstemning i skiftesonen. Klokka er litt over sju. Ein time før start.
Då eg var liten, så hadde eg ikkje eit einaste rosa plagg. Alt skulle vera grønt. Det har jo snudd fullstendig. Rosa er kult.

Såå kult at me har rosa svømmehetter! Passar perfekt til rosa svømmebriller og rosa hårstrekk! Det er dei små gledene som er best av og til altså ;)
Eg likar å springe med caps. Den beskyttar ikkje berre hovudet for sola, men også augo. Det er rett og slett meir avslappande å springe i steikesol med caps, synst eg.
Kjekst med caps når sola steikar midt på dagen.
Det er også viktig med solfaktor når ein konkurrerar så mange timar på ein stad som Mallorca. Spesielt om våren når huden enno ikkje er så van med sol.
Racerbackskille, rett etter konkurransen. Godt at eg fekk på meg litt solkrem i alle fall! Den skilla har eg etter 8 dagar enno ikkje blitt kvitt...
Dagen etter konkurransen var det faktisk litt overskya og kjølegare, og eg og Helene og Marie og Sakarias rusla rundt på Playa de Muros og shoppa og unnte oss god mat.
Mens eg og Helene hadde ein heller humpete måte og gå på, så var Marie og Sakarias etterkvart blitt i bedre form, og absolverte lettbeint gateløping i Alcúdias gater.
Marie og Sakarias i vant lettbeint stil, mens eg Helene tuslar etter på stive lår...
Eg hadde aldri vore på Balearene før, og syntest det var vakkert langs gatene, med palmar og rare tre og blomar...
Fint.

Fin klatreplante. Dette er botanisk sett "høgblad" og ikkje blomsterblad, akkurat som på jolestjerner. Men dei var fine uansett.
På fredag eller laurdag var det nokre sprekar karar som svinga sag og anna tungt klippe-og skjæreutstyr på palmene. Eg synst at det var utruleg flott korleis dei beskjærer palmene. Det gjorde dei faktisk ikkje så veldig mange andre plassar.
Etter at palmebeskjærarane hadde gjort jobben sin. Kult!
På siste dagen vår var me på stranda. Det var herleg å berre ligge i sola, bade, lage sandslott og samle skjell.
Helene og eg måtte sjølvsagt diskutere litt krålstil, men så blei det for det meste bading og plasking.
Helene i fin krål stil. Ho ligg så godt i vatnet at ho er vanskeleg å oppdage..
Eg synst det var utruleg deileg i den varme sola og det klare vatnet, og syntest det var fælt at me skulle reise heim dagen etterpå...
Hav og sol og varme og strand. Livet er herleg på Alcúdia...
Så skjer det igjen: Eg blir til ein fisk og er meir under enn over vatn...
Vatnet hadde ein utruleg farge, til tross for litt bølgjer og vind. Og eg kosar meg under vatn!
Så kom avreisedagen, og våre to fly gjekk etter planen, og slitne og trøtte etter ein tur med taksi, to turar med fly, flytog frå Gardermoen til Oslo, bus frå Oslo til Notodden, og ein tur i bilen til den supersnille papaen til Marie, var me tilbake i Vest-Telemark.
Ha det Mallorca! Eg kjem nok igjen. (Obs ja, elektronisk utstyr skal ein ikkje bruke før ein har kome opp i flyhøyde, men det gjekk heldigvis bra).
Eg sit tilbake med nokre herlege inntrykk, kjempemotivasjon til vidare trening og konkurransar, og ein stor lengsel etter å dra tilbake til Alcúdia. Mallorca er ei kjempefin øy, spesielt utanfor dei store turiststadene, og eg har fått lyst til å kikke meg litt meir rundt der, spesielt i fjellet, når eg får tid.
Berre vent, Alcúdia, eg kjem nok igjen!

lørdag 21. mai 2011

Ironman 70.3 Mallorca - race report

Ironman 70.3 Mallorca er blitt arrangert for første gong dette året, i 2011.
Marie, med erfaringa på 10 Ironman bak seg, gjorde meg og Helene oppmerksam på at det kunne vera enkelte ting som kanskje ikkje ville gå etter planen, sidan førstegongskonkurransar ofte lider av barnesjukdommar.

Dette var godt å ha med seg på veg gjennom konkurransen, og bidrog nok til at eg opplevde heile konkurransen som godt gjennomført og positiv.

Svømming
Starten på IM 70.3 Mallorca føregjekk i puljer, gruppert etter aldersklassar.

Dermed var starten kl.8.10, noko som var bra, sidan me då kunne følgje med på starten til dei proffesjonelle frå kloss hold, frå vatnet. Det var derimot ikkje så mykje å sjå, dei svømte nemleg utruleg fort!

Eg stilte meg opp i fremre tredjedel av gruppa vår, litt usikker på korleis svømmestarten frå stranda ville bli. Startskotet gjekk, og me sprang i veg så det spruta, og heiv oss i det salte vatnet.
Bukten ved Alcúdia er veldig langgrunn, så det tok nokre meter før me kunne svømme, og botnen var under heile svømmeetappen godt synleg.
Svømmestart - bildet frå Ironmanlive tracker.

Våtdrakta mi hadde eg ikkje hatt anledning til å prøve ut på lengre distansar, noko som eg definitivt skal gjera neste gong! Eg hadde heller ikkje varma opp noko spesielt, verken på land eller i vatnet, det tenkte eg rett og slett ikkje på. Dei første 200 metrane utarta seg derfor som kavete, eg opplevde kragen på våtdrakta som såpass trang og ubehageleg at eg knapt greidde å dreie hovudet, pulsen fauk til vêrs og eg kjendte alt antydning til krampe i høgre legg.
På dette tidspunktet, ca tre minuttar etter start, vurderte eg faktisk å vinke etter ein følgjebåt og droppe ut av at det heile. Kroppen min hadde visst alt vent seg til den behagelege ferietilværelsen, og reagerte nærmast med sjokk då eg skulle svømme. Men eg skjønte jo at dette ikkje var noko realistisk alternativ eigentleg, og eg stoppa litt, tråkka vatnet og opna og justerte kragen på våtdrakta litt, og padla litt vidare i god gamal bryst-hundepadling-stil for å få ned pulsen.
Strekninga på 1,9km virka altfor lang, og eg skjønte at dette var resultatet av den forsømte svømmetreninga mi denne vinteren. Men sidan dette ikkje var noko å gjera med akkurat der og da, valgte eg den for meg beste løysinga: fortsette å svømme, finne roen, finne rytmen, halde kursen, og tenke på noko heilt anna. Eg kjente fort at eg ville få gnagsår rundt halsen, og reduserte derfor bevegelsen av hovudet mitt til eit minimum. Pussig nok førte dette til at eg bruka mindre krefter på løfte armane, og etterkvart kom eg inn i ein god flyt og slappa av.


Swim exit: endeleg er svømminga overstått. Eg gleder meg nemleg mest til syklinga.

Og etter ca. 38min var svømminga overstått. 
Dusjane som var satt opp for at deltakarane skulle få av seg saltvatnet var det få som benytta seg av, men eg stoppa faktisk og skylte meg i ansiktet, og synst det var heilt herleg!!
I skifteteltet var det ein herleg blanding av kvinner og menn, noko som i alle fall ikkje deltakarane hadde tid til å bry seg om. Det var mange nok hjelparar i teltet, og det tok berre nokre sekund å få av meg våtdrakta. Eg tok meg god tid til å skifte til triatlonbukse (eg svømte i triatlontopp og badebukse under våtdrakta), og smøre meg med solfaktor. Resten av sykkelutstyret hadde eg festa på sykkelen.
Skiftesona var heile 500m lang, noko som hadde skremt meg litt tidlegare, men etter svømminga synst eg at det er litt deileg å småspringe litt, eg treng nemleg gjerne litt tid for å konvertere tilbake frå fisk til menneske...

Sykling
Sykkelløypa begynte ca halvannan mil flat strekning langs kysten, for så å nærme seg fjellet. Det var kult at det var så store sykkelfelt me kunne sykle på eigentleg:

Mallorca er ein veldig syklistvenleg øy. Her er det eigne, breie sykkelvegar. Ikkje uvanleg. (Bildet er uskarpt, det er ikkje så lett å ta bilde i 30km/t med ei hand).

Eg hadde tatt med 7,5dl med High Five isotondrikke, min store favoritt, den smakar herleg, er forfriskande og oppkvikkande, og den blir eg aldri lei av. Dessutan hadde eg blanda 7,5dl med Powerbar sportsdrikke, og 7,5dl med vatn. Bra at første drikkestasjon ikkje var altfor langt oppe i fjellet, for 3x7,5dl med drikke betyr jo faktisk over 2kg ekstra vekt...
Etter svømmedelen blir eg gjerne sulten, og får god matlyst på sykkeln. Eg ville få i meg litt næring i god tid før fjellet, og åt ein halv powerbar, som eg skulle skylle ned med High 5. Men så blei klokkaremma mi hengande fast i girwairen, og flaska glapp ut av handa mi, og blei slengt frå sykkelen i full fart.
Du skal bestemme deg fort om du vil snu når du syklar 30km/t, kvar sekund betyr jo ein god del tilbakelagt strekning. Men den flaska med yndlingsdrikka mi ville eg ikkje vera forutan så tidleg på syklinga. Så eg stoppa faktisk forsiktig og snudde! Flaska var ikkje nokon stad å sjå på vegen, noko som var bra, for nå  kom det masseviss av syklistar. Racedommarane på motorsykkelen såg litt skeptisk på meg. Men då oppdaga eg den kvite flaska i vegkanten, heldigvis!
Eg sat den godt fast i stativet og sykla vidare. Eg viste tommel opp til racedommarane og fortsatte fornøydd vidre.
Sykkelløypa førte oss gjennom eit nydeleg mallorkansk landskap med enkle hus, små gardar, oliventre, små hagar og frukthagar med geiter og sauer, over bruar med store kaktusar på sida, og plantar langs vegkanten som minte sterkt på våre stueplanter.
Så kom stigningane opp fjellet, og alle rundt meg satt i kraftfull tråkking og rytmisk pust opp bakken. Eg hadde snike med meg reservemobilen min i rammeveska mi, og tok forsiktig bilder. Ved 10km/t opp ein bakke syntest eg at det let seg godt gjera. Dessutan ville eg vise delar av sykkelløypa til Marie, som ikkje kunne vera med, slik at ho i alle fall skulle få lyst til å koma tilbake.
Dette fjellet var så spesielt - det må vera kalkrik berggrunn som har blitt forvitra etterkvart. Eg blei så fascinera.
Dette bildet fann eg på nettet. Det er eit fjell me sykla forbi. Back fjellet på bildet ovanfor. Det ser då virkeleg ut som på Haukelifjell??? Så utruleg kult. Eg må dra tilbake dit og gå litt i fjellet,trur eg. (Bildets originalle tittel er: Puig Tomir x Coll Pelat i Pas de sa Paret, 28.03.2009 038)
For bildenes del skulle eg ønske at det var meir sol då me sykla, men det var veldig behageleg med den tynne skydekka, det blei nemleg aldeles varmt å tråkke i motbakkane!
Utsikten då me nærma oss toppen.
Bakken skulle vare frå ca 20km til 35km, så eg kom fort inn i ein god "langmotbakkerytme", og kosa meg med å fylgje med på alle medsyklistane mine rundt meg. Nokon av karane heldt eit utruleg friskt tempo i motbakkane!
Like før toppen ropte ein deltakar til meg at eg heldt på å miste startnummeret mitt. Det var ikkje så rart, hadde eg greidd å alt rive litt i papiret då eg festa det på startnummerbeltet. Note to self: Ta med tape til nesten konkurranse! Eg stappa startnummer under beltet og venta på neste utsiktspunkt til ein stopp. 
Dette visar utsikt frå sykkelløypa, mot Pollenca-bukta.
Sjølv om det ser ut som sommarleg gråvêr i Norge på bildet, så var det veldig lyst, og berre litt dis. Heilt i bakgrunnen kan ein skimte havet. Dette var ei flott sykkelløype!
What goes up must come down, og frå toppen gjekk det fort ned mange hårnålssvingar ned frå fjellet. Eg er glad for at eg har sykla Nutheimskleivane her i Seljord mange gonger, og kjente at teknikken i svingane satt god, og eg kunne sykle forbi mange syklistar, som tviheldt på bremsene med opptrukne skuldre. Det som godt kunne ha vore skilta, er den siste strekninga av hårnålssvingane, her var det nemleg FARTSHUMPAR! Det blei det varsla om på preracemøtet at det "plutseleg" kunne dukka opp fartshumpar, men kor hen dei ville vera, sa dei ingenting om. Eg hadde akkurat gjort meg klar til å sykle forbi jenta foran meg, og i 50km/t er det lite lurt med raske manøver på sykkelen. Det var omtrent 6-7 fartshumpar, ca 5cm høg, men men kantete og smale, så venstre foten min løsna ut av pedalen, bakhjulet fekk skrens, og som eg såg seinare, ei skrue på flaskestativet bak setet blei knekt av slaget. Eg såg meg alt slengt ned i asfalten, men heldigvis gjekk det bra. Frå nå av skulle eg kikke litt bedre framover på kva som venta meg på vegen!

Ekstra veg ved sida av motorveien mellom Inca og Alcúdia.
Men etter at me hadde passert "Inca" med nokre fleire fartshumpar, så blei det heldigvis ikkje fleire. Tvert imot, heretter var løypa aldeles flat, vindfull og oversiktleg.
Vanlegvis så likar eg best å drikke vatn og ete powerbar på sykkelen. Gel er berre nødløysing for meg. Som proviant på sykkelen hadde eg tatt med ein powerbar (den andre må eg ha gløymt i "bike-bag"en), og rekna med at det ville bli meir mat på matstasjonane slik dei sa.
Men alt eg greidde å gripe tak i på sykkelløypa, var ein liten halvdel av ein "free sample" powerbar. Ein brokdel av det eg hadde håpa på!

Nederst: det eg håpa på å få. Øverst: ein bitteliten bit av ein powerbar... ikkje rart eg blei sulten undervegs.
Heldigvis greidde eg å røska med meg eit par gelposar på neste drikkestasjon.
Ikkje at eg hadde tenkt å ete dei, det er jo kvalmt. Men det skulle vise seg at eg på denne konkurransen skulle få i meg nesten meir energigel enn til saman på både konkurranse og trening så langt.
Ny smak, dei skal også innehalde ekstra salt, men i alle fall: desse gelposane levde eg av gjennom 6,5timar. Og det smakte godt!
Eg blir eigentleg alltid litt kvalm av energigel, men under syklinga på Mallorca blei eg etterkvart såpass sulten , at eg trur at magen absoberte all gelen nesten med ein gong, FØR kvalmen kunne oppstå. Smaken på desse nye gelane er kjempegode! Dei smakar som flytande fruktdrops type "Nimm Zwei" frå Tyskland. Som konsentrert fruktsaft. Eller saftis. Hmmm...
Etter ein del mil gjennom flatt og litt forblåst landskap, så nærma me oss Alcúdia igjen, og plutseleg så var skiftesonen der.
Med sykkelsko er det ikkje godt å springe, så eg lot dei henge på pedalane mens eg småsprang 100m tilbake til plassen min. Klokka var ca 13.00, og sola steika ned, og det mørkeblå teppe i skiftesona hadde blitt varma opp til noko som kjendest som ei stekeplate under dei bare føtane mine.
Laaang skiftesone - 500m lang. Dette var kvelden før konkurransen.

At skiftesona er 500m hjelper ikkje heller. Eg redda meg inn på ein do før eg sprang vidare til skifteteltet, og håpa at fotsålane mine ikkje blei fullstendig steikte.

Løpinga
Løpedelen bestod av fire rundar på 5km pluss den siste delen inn mot mål. Halvparten av runden gjekk på den litt småhumpete strandpromenade, og den andre halvparten på vegen langs med butikkar og restaurantar og forbi skiftesona. Eg kjente igjen at eg fortsatt var både sulten og tørst, og hadde alltid med meg minst éin gelpose.

Ah! Der er Marie og Sakarias! Dei såg eg fram til på alle rundane på løpinga.

Eg var så glad over at me fekk same type energigel på løpinga også, at eg sprang rundt med to i hendane, og to i lomma på ryggen, men det blei litt for mykje til slutt, og eg kasta eit par uopna posar bort til Marie og Sakarias, som smaksprøver.

"Her - ta imot! Dei gelane her er kjempegode!"

"Vent litt - eg har ein til bak her!"
Og på tredjerunden: "Eg gløymde å gje dikkøn ein gel med eplesmak. Ta imot!"
På løpinga kjende eg fort den høgre leggen min igjen, den som alt hadde krevd oppmerksamhet under svømminga, men som heldigvis funka utmerka under syklinga. Så snart eg prøvde å springe ørlitegrann fortare enn i subbetempo, så kjende eg antydning til krampe. Sidan eg aldri har hatt krampe i leggen før, så ville eg helst vera på den sikre sida, og i staden for å prøve å oppretthalde tempoet frå den første runden, så blei det god, gammaldags, jogge-subbe-tempo, og gåing langs drikkestasjonane. Men på denne måten så kom eg meg godt gjennom dei fire rundane, samla inn dei fire forskjellige armband, fekk endeleg den lenge etterlengta blå fargen som markerte avslutninga av den fjerde og siste runden, og sprang i mål.
Eg er ein Ironman 70.3 Finisher!! Hurra! Superglad og fornøydd i mål etter 6t36min (tida er vist frå klokka 8, mens me starta 8:10).
Alt i alt nådde eg mine to mål: Å koma til start på Ironman 70.3 Mallorca, og å koma i mål. Og dette med ein god følelse, som absolutt gav meirsmak!
Ein Halvironman såpass tidleg i sesongen er kjekt å ha som motivator for å koma i gang med lengre treningsøkter på vinteren, og ein blir minna på kor moro det eigentleg er å vera med på så store konkurransar. Eg kunne godt tenke meg å gjera dette til ein tradisjon å starte året med ein tidleg halvironmankonkurranse. Spesielt på ein slik fin plass som Alcúdia er. Og sjølv om kontoen min nå visar røde tall, så er i alle fall ikkje energien i minus, tvert imot, eg fekk lada batteriene litt, og er blitt superinspirert til meir trening.
Det er moro med triatlon!
Og det er bra å bli minna på, så tidleg i sesongen, for då er det berre å glede seg til det som kjem av trening og konkurransar etterkvart.
Eg er glad. Eg har løpt to runder, då er det jo berre to runder igjen. Og eg har gel i handa, og det er sol, og Marie og Sakarias står og heiar. Det er moro med triatlon!

onsdag 18. mai 2011

IM 70.3 Mallorca (Teaser)

Tilbake i kjølege og regnfulle Norge har eg akkurat litt tid til å legge ut dei tre bildene som eg eigentleg alt hadde sendt frå mobilen min frå Mallorca.
Så får det kome ein liten race report seinare, med masse blå himmel og sol og svette og blemmer og sykling i Mallorcanske fjell og landsbyar og løping langs strandpromenaden og bading og sand og hav og horisont...
Herleg!
Henting av startnummer torsdag, 12.mai. Eg er lykkeleg over å ha fått rosa startnummer. Tallet 218 høyrest også bra ut.

Me leverte syklane til skiftesonen på fredagen, dagen før konkurransen. Då eg hadde kome meg gjennom innsjekkinga, såg eg Andreas Raelert, storfavoritten, ståande ved sykkelen sin, omgitt av fotografar og folk som ville ha autograf.
Sidan eg og Helene ikkje hadde hatt tid dagen før til den offisielle autografskrivinga hans, fekk eg meg ein idé. På grunn av mangel på eigna underlag å skrive autografen på, lånte eg meg ein vannfast tusj frå ein funksjonær, og ba om autograf rett på leggen!
Andreas blei litt overraska og smigra og spurte om han virkeleg fekk lov til det.
Det fekk han ;)
I skiftesonen ved sykkelen. Signaturen frå Andreas Raelert på leggen. Kult! ;)
Det var kjekt  å få signaturen hans på leggen. På min første Ironman i Frankfurt i fjor, så sykla han nemleg på sin andre sykkelrunde forbi meg (eg var da sjølvsagt berre på den første runden) i full fart, og heldt sin posisjon også på løpinga, og vann.
Signaturen hans på Mallorca i år skulle også bringe lykke for min første Ironman 70.3, og også for han, sidan han også vann konkurransen denne gongen!
Andreas Raelert (frå Rostock, Tyskland) er både kjekk, hyggeleg og ein sterk triatlet. Heile interviewet kan du sjå her.

Ikkje anar eg kor mange timar Andreas Raelert hadde vore i mål då eg nærma meg finish line på den siste kilometeren, men han stod nå der på brua me skulle springe over på dei siste 500m, og heia fram mange av deltakarane som bruka ørlitegrann lengre tid enn han.
Eg rakk å vise fram leggen min med lykkesignaturen, stjal til meg ein ørliten klem (overdose av endorfiner og serotonin etter 6,5timar konkurranse, må vite, kan få meg til å gjera mange rare ting...) og sprinta mot mål.
Herleg!

Eg er Ironman 70.3 Finisher. Hurra!