It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

lørdag 21. mai 2011

Ironman 70.3 Mallorca - race report

Ironman 70.3 Mallorca er blitt arrangert for første gong dette året, i 2011.
Marie, med erfaringa på 10 Ironman bak seg, gjorde meg og Helene oppmerksam på at det kunne vera enkelte ting som kanskje ikkje ville gå etter planen, sidan førstegongskonkurransar ofte lider av barnesjukdommar.

Dette var godt å ha med seg på veg gjennom konkurransen, og bidrog nok til at eg opplevde heile konkurransen som godt gjennomført og positiv.

Svømming
Starten på IM 70.3 Mallorca føregjekk i puljer, gruppert etter aldersklassar.

Dermed var starten kl.8.10, noko som var bra, sidan me då kunne følgje med på starten til dei proffesjonelle frå kloss hold, frå vatnet. Det var derimot ikkje så mykje å sjå, dei svømte nemleg utruleg fort!

Eg stilte meg opp i fremre tredjedel av gruppa vår, litt usikker på korleis svømmestarten frå stranda ville bli. Startskotet gjekk, og me sprang i veg så det spruta, og heiv oss i det salte vatnet.
Bukten ved Alcúdia er veldig langgrunn, så det tok nokre meter før me kunne svømme, og botnen var under heile svømmeetappen godt synleg.
Svømmestart - bildet frå Ironmanlive tracker.

Våtdrakta mi hadde eg ikkje hatt anledning til å prøve ut på lengre distansar, noko som eg definitivt skal gjera neste gong! Eg hadde heller ikkje varma opp noko spesielt, verken på land eller i vatnet, det tenkte eg rett og slett ikkje på. Dei første 200 metrane utarta seg derfor som kavete, eg opplevde kragen på våtdrakta som såpass trang og ubehageleg at eg knapt greidde å dreie hovudet, pulsen fauk til vêrs og eg kjendte alt antydning til krampe i høgre legg.
På dette tidspunktet, ca tre minuttar etter start, vurderte eg faktisk å vinke etter ein følgjebåt og droppe ut av at det heile. Kroppen min hadde visst alt vent seg til den behagelege ferietilværelsen, og reagerte nærmast med sjokk då eg skulle svømme. Men eg skjønte jo at dette ikkje var noko realistisk alternativ eigentleg, og eg stoppa litt, tråkka vatnet og opna og justerte kragen på våtdrakta litt, og padla litt vidare i god gamal bryst-hundepadling-stil for å få ned pulsen.
Strekninga på 1,9km virka altfor lang, og eg skjønte at dette var resultatet av den forsømte svømmetreninga mi denne vinteren. Men sidan dette ikkje var noko å gjera med akkurat der og da, valgte eg den for meg beste løysinga: fortsette å svømme, finne roen, finne rytmen, halde kursen, og tenke på noko heilt anna. Eg kjente fort at eg ville få gnagsår rundt halsen, og reduserte derfor bevegelsen av hovudet mitt til eit minimum. Pussig nok førte dette til at eg bruka mindre krefter på løfte armane, og etterkvart kom eg inn i ein god flyt og slappa av.


Swim exit: endeleg er svømminga overstått. Eg gleder meg nemleg mest til syklinga.

Og etter ca. 38min var svømminga overstått. 
Dusjane som var satt opp for at deltakarane skulle få av seg saltvatnet var det få som benytta seg av, men eg stoppa faktisk og skylte meg i ansiktet, og synst det var heilt herleg!!
I skifteteltet var det ein herleg blanding av kvinner og menn, noko som i alle fall ikkje deltakarane hadde tid til å bry seg om. Det var mange nok hjelparar i teltet, og det tok berre nokre sekund å få av meg våtdrakta. Eg tok meg god tid til å skifte til triatlonbukse (eg svømte i triatlontopp og badebukse under våtdrakta), og smøre meg med solfaktor. Resten av sykkelutstyret hadde eg festa på sykkelen.
Skiftesona var heile 500m lang, noko som hadde skremt meg litt tidlegare, men etter svømminga synst eg at det er litt deileg å småspringe litt, eg treng nemleg gjerne litt tid for å konvertere tilbake frå fisk til menneske...

Sykling
Sykkelløypa begynte ca halvannan mil flat strekning langs kysten, for så å nærme seg fjellet. Det var kult at det var så store sykkelfelt me kunne sykle på eigentleg:

Mallorca er ein veldig syklistvenleg øy. Her er det eigne, breie sykkelvegar. Ikkje uvanleg. (Bildet er uskarpt, det er ikkje så lett å ta bilde i 30km/t med ei hand).

Eg hadde tatt med 7,5dl med High Five isotondrikke, min store favoritt, den smakar herleg, er forfriskande og oppkvikkande, og den blir eg aldri lei av. Dessutan hadde eg blanda 7,5dl med Powerbar sportsdrikke, og 7,5dl med vatn. Bra at første drikkestasjon ikkje var altfor langt oppe i fjellet, for 3x7,5dl med drikke betyr jo faktisk over 2kg ekstra vekt...
Etter svømmedelen blir eg gjerne sulten, og får god matlyst på sykkeln. Eg ville få i meg litt næring i god tid før fjellet, og åt ein halv powerbar, som eg skulle skylle ned med High 5. Men så blei klokkaremma mi hengande fast i girwairen, og flaska glapp ut av handa mi, og blei slengt frå sykkelen i full fart.
Du skal bestemme deg fort om du vil snu når du syklar 30km/t, kvar sekund betyr jo ein god del tilbakelagt strekning. Men den flaska med yndlingsdrikka mi ville eg ikkje vera forutan så tidleg på syklinga. Så eg stoppa faktisk forsiktig og snudde! Flaska var ikkje nokon stad å sjå på vegen, noko som var bra, for nå  kom det masseviss av syklistar. Racedommarane på motorsykkelen såg litt skeptisk på meg. Men då oppdaga eg den kvite flaska i vegkanten, heldigvis!
Eg sat den godt fast i stativet og sykla vidare. Eg viste tommel opp til racedommarane og fortsatte fornøydd vidre.
Sykkelløypa førte oss gjennom eit nydeleg mallorkansk landskap med enkle hus, små gardar, oliventre, små hagar og frukthagar med geiter og sauer, over bruar med store kaktusar på sida, og plantar langs vegkanten som minte sterkt på våre stueplanter.
Så kom stigningane opp fjellet, og alle rundt meg satt i kraftfull tråkking og rytmisk pust opp bakken. Eg hadde snike med meg reservemobilen min i rammeveska mi, og tok forsiktig bilder. Ved 10km/t opp ein bakke syntest eg at det let seg godt gjera. Dessutan ville eg vise delar av sykkelløypa til Marie, som ikkje kunne vera med, slik at ho i alle fall skulle få lyst til å koma tilbake.
Dette fjellet var så spesielt - det må vera kalkrik berggrunn som har blitt forvitra etterkvart. Eg blei så fascinera.
Dette bildet fann eg på nettet. Det er eit fjell me sykla forbi. Back fjellet på bildet ovanfor. Det ser då virkeleg ut som på Haukelifjell??? Så utruleg kult. Eg må dra tilbake dit og gå litt i fjellet,trur eg. (Bildets originalle tittel er: Puig Tomir x Coll Pelat i Pas de sa Paret, 28.03.2009 038)
For bildenes del skulle eg ønske at det var meir sol då me sykla, men det var veldig behageleg med den tynne skydekka, det blei nemleg aldeles varmt å tråkke i motbakkane!
Utsikten då me nærma oss toppen.
Bakken skulle vare frå ca 20km til 35km, så eg kom fort inn i ein god "langmotbakkerytme", og kosa meg med å fylgje med på alle medsyklistane mine rundt meg. Nokon av karane heldt eit utruleg friskt tempo i motbakkane!
Like før toppen ropte ein deltakar til meg at eg heldt på å miste startnummeret mitt. Det var ikkje så rart, hadde eg greidd å alt rive litt i papiret då eg festa det på startnummerbeltet. Note to self: Ta med tape til nesten konkurranse! Eg stappa startnummer under beltet og venta på neste utsiktspunkt til ein stopp. 
Dette visar utsikt frå sykkelløypa, mot Pollenca-bukta.
Sjølv om det ser ut som sommarleg gråvêr i Norge på bildet, så var det veldig lyst, og berre litt dis. Heilt i bakgrunnen kan ein skimte havet. Dette var ei flott sykkelløype!
What goes up must come down, og frå toppen gjekk det fort ned mange hårnålssvingar ned frå fjellet. Eg er glad for at eg har sykla Nutheimskleivane her i Seljord mange gonger, og kjente at teknikken i svingane satt god, og eg kunne sykle forbi mange syklistar, som tviheldt på bremsene med opptrukne skuldre. Det som godt kunne ha vore skilta, er den siste strekninga av hårnålssvingane, her var det nemleg FARTSHUMPAR! Det blei det varsla om på preracemøtet at det "plutseleg" kunne dukka opp fartshumpar, men kor hen dei ville vera, sa dei ingenting om. Eg hadde akkurat gjort meg klar til å sykle forbi jenta foran meg, og i 50km/t er det lite lurt med raske manøver på sykkelen. Det var omtrent 6-7 fartshumpar, ca 5cm høg, men men kantete og smale, så venstre foten min løsna ut av pedalen, bakhjulet fekk skrens, og som eg såg seinare, ei skrue på flaskestativet bak setet blei knekt av slaget. Eg såg meg alt slengt ned i asfalten, men heldigvis gjekk det bra. Frå nå av skulle eg kikke litt bedre framover på kva som venta meg på vegen!

Ekstra veg ved sida av motorveien mellom Inca og Alcúdia.
Men etter at me hadde passert "Inca" med nokre fleire fartshumpar, så blei det heldigvis ikkje fleire. Tvert imot, heretter var løypa aldeles flat, vindfull og oversiktleg.
Vanlegvis så likar eg best å drikke vatn og ete powerbar på sykkelen. Gel er berre nødløysing for meg. Som proviant på sykkelen hadde eg tatt med ein powerbar (den andre må eg ha gløymt i "bike-bag"en), og rekna med at det ville bli meir mat på matstasjonane slik dei sa.
Men alt eg greidde å gripe tak i på sykkelløypa, var ein liten halvdel av ein "free sample" powerbar. Ein brokdel av det eg hadde håpa på!

Nederst: det eg håpa på å få. Øverst: ein bitteliten bit av ein powerbar... ikkje rart eg blei sulten undervegs.
Heldigvis greidde eg å røska med meg eit par gelposar på neste drikkestasjon.
Ikkje at eg hadde tenkt å ete dei, det er jo kvalmt. Men det skulle vise seg at eg på denne konkurransen skulle få i meg nesten meir energigel enn til saman på både konkurranse og trening så langt.
Ny smak, dei skal også innehalde ekstra salt, men i alle fall: desse gelposane levde eg av gjennom 6,5timar. Og det smakte godt!
Eg blir eigentleg alltid litt kvalm av energigel, men under syklinga på Mallorca blei eg etterkvart såpass sulten , at eg trur at magen absoberte all gelen nesten med ein gong, FØR kvalmen kunne oppstå. Smaken på desse nye gelane er kjempegode! Dei smakar som flytande fruktdrops type "Nimm Zwei" frå Tyskland. Som konsentrert fruktsaft. Eller saftis. Hmmm...
Etter ein del mil gjennom flatt og litt forblåst landskap, så nærma me oss Alcúdia igjen, og plutseleg så var skiftesonen der.
Med sykkelsko er det ikkje godt å springe, så eg lot dei henge på pedalane mens eg småsprang 100m tilbake til plassen min. Klokka var ca 13.00, og sola steika ned, og det mørkeblå teppe i skiftesona hadde blitt varma opp til noko som kjendest som ei stekeplate under dei bare føtane mine.
Laaang skiftesone - 500m lang. Dette var kvelden før konkurransen.

At skiftesona er 500m hjelper ikkje heller. Eg redda meg inn på ein do før eg sprang vidare til skifteteltet, og håpa at fotsålane mine ikkje blei fullstendig steikte.

Løpinga
Løpedelen bestod av fire rundar på 5km pluss den siste delen inn mot mål. Halvparten av runden gjekk på den litt småhumpete strandpromenade, og den andre halvparten på vegen langs med butikkar og restaurantar og forbi skiftesona. Eg kjente igjen at eg fortsatt var både sulten og tørst, og hadde alltid med meg minst éin gelpose.

Ah! Der er Marie og Sakarias! Dei såg eg fram til på alle rundane på løpinga.

Eg var så glad over at me fekk same type energigel på løpinga også, at eg sprang rundt med to i hendane, og to i lomma på ryggen, men det blei litt for mykje til slutt, og eg kasta eit par uopna posar bort til Marie og Sakarias, som smaksprøver.

"Her - ta imot! Dei gelane her er kjempegode!"

"Vent litt - eg har ein til bak her!"
Og på tredjerunden: "Eg gløymde å gje dikkøn ein gel med eplesmak. Ta imot!"
På løpinga kjende eg fort den høgre leggen min igjen, den som alt hadde krevd oppmerksamhet under svømminga, men som heldigvis funka utmerka under syklinga. Så snart eg prøvde å springe ørlitegrann fortare enn i subbetempo, så kjende eg antydning til krampe. Sidan eg aldri har hatt krampe i leggen før, så ville eg helst vera på den sikre sida, og i staden for å prøve å oppretthalde tempoet frå den første runden, så blei det god, gammaldags, jogge-subbe-tempo, og gåing langs drikkestasjonane. Men på denne måten så kom eg meg godt gjennom dei fire rundane, samla inn dei fire forskjellige armband, fekk endeleg den lenge etterlengta blå fargen som markerte avslutninga av den fjerde og siste runden, og sprang i mål.
Eg er ein Ironman 70.3 Finisher!! Hurra! Superglad og fornøydd i mål etter 6t36min (tida er vist frå klokka 8, mens me starta 8:10).
Alt i alt nådde eg mine to mål: Å koma til start på Ironman 70.3 Mallorca, og å koma i mål. Og dette med ein god følelse, som absolutt gav meirsmak!
Ein Halvironman såpass tidleg i sesongen er kjekt å ha som motivator for å koma i gang med lengre treningsøkter på vinteren, og ein blir minna på kor moro det eigentleg er å vera med på så store konkurransar. Eg kunne godt tenke meg å gjera dette til ein tradisjon å starte året med ein tidleg halvironmankonkurranse. Spesielt på ein slik fin plass som Alcúdia er. Og sjølv om kontoen min nå visar røde tall, så er i alle fall ikkje energien i minus, tvert imot, eg fekk lada batteriene litt, og er blitt superinspirert til meir trening.
Det er moro med triatlon!
Og det er bra å bli minna på, så tidleg i sesongen, for då er det berre å glede seg til det som kjem av trening og konkurransar etterkvart.
Eg er glad. Eg har løpt to runder, då er det jo berre to runder igjen. Og eg har gel i handa, og det er sol, og Marie og Sakarias står og heiar. Det er moro med triatlon!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar