It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

søndag 12. juni 2011

Då er utesvømmesesongen for 2011 i gang.

I dag var det ein herleg sommardag, med så mykje sol og blå himmel, og så var det faktisk også ganske varmt. Sidan eg sykla ein lengre sykkeltur i går (90 km med 980m stigning), så stod det restitusjon på programmet i dag.

Mesteparten av dagen i dag var det rett og slett deileg å ligge ute og nyte varmen og sola.
Dessutan var Binna ikkje heilt i form i dag.
Eg tippar på at dei store porsjonane med pølse og hamburgarar etter grillinga i går kveld låg litt tunge i magen hennes. Eller var det den seine spaserturen heim att som ho blei sliten av?
Så svømmeturen i dag skulle eg vente med til kvelden, når Binna også hadde restituert seg.

Eg har kvia meg litt for å svømme ute etter  IM Mallorca. Eg vil rett og slett ikkje bli minna på at Seljordsvatnet er langt ifrå så varmt som havet i den langgrunne bukta utanfor Alcúdia på Mallorca...
Eg er alltid skeptisk før eg skal svømme ute - eg er rett og slett ein frysepinne, og det anar meg at vatnet er kaldt.

Men eg skal tross alt svømme 3,8km i august, og svømmetreninga har eg meir enn forsømt i år. I gjennomsnitt blei det noko som to svømmeøkter i månaden. Det er for lite.
Dessutan treng eg å venne meg til den nye våtdrakta mi.
Den sit ikkje så godt rundt halsen som eg trudde, og dette er eg nødd til å finne meir ut av.

Jepp - vatnet kjennest alt for kaldt - eg treng ei svømmehette til. Og kanskje eit neopren-skjerf?

Så i dag blei det altså meir testsvømming enn svømmetrening, og det passa eigentleg bra.
Vatnet i Seljordsvatnet ved Bjørgesanden såg herleg honningfarga ut, men var altså iskaldt!
Eg begynte først med éi svømmehette, men tok etterkvart på meg ei til, og då blei det ikkje så verst.
Eg anar ikkje kor kaldt det var i vatnet i dag, men det kan neppe har vore varmare enn 15-16 gradar.
Vatnet ser utruleg deileg ut - men er ganske kaldt.

Klart og fint, og kveldssola lagar reflekser gjennom bølgjene.
Det er vel berre å hoppe uti - eller?

Så det blei nokre svømmetak, så justering av våtdraktkragen, så fleire svømmetak, litt meir justering, så litt meir svømming, og tida gjekk fort. 
Etterkvart kjendest ikkje vatnet så kaldt lenger heller, og det var artig å svømme litt igjen, til tross for temperaturen. Binna sat imens og såg på, og kommenterte det heile med jamn bjeffing, noko som eg ikkje merka før eg hadde snudd og svømt tilbake til plassen hennes, det er jo ikkje så mykje lyd som treng igjennom eit par øyreproppar og to svømmehettar!
Binna er sjokkert over at ho må vera i band, mens to andre bikkjer leikar ved vannkanten.
Men nå er i alle fall utesvømmesesongen min i gang, og godt er det!
Då Binna fekk bli med uti vatnet, syntest ho også at det var moro - endeleg kunne ho redde meg!

1 kommentar:

  1. DEtte ser da veldig kaldt ut! Pass på Binna og at muskelaturen kan bli stiv i kulda!!
    Mvh
    Bjørg

    SvarSlett