It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

mandag 29. august 2011

Det er i motbakke det går oppover...

Ja viss det virkeleg er slik, så har eg hatt nokre skikkelege oppturar den veka som var.
Det har ikkje blitt så mykje planlagt og strukturert trening, men det blei mykje mosjon for det.
Mine motbakkarmeter denne siste veka fordelte seg på følgjande turar:
  1. Raudkleiv, måndag, 232m + bakken heim = 365m, på sykkel
  2. rusletur med Binna, måndag, 65m
  3. Hattefjell, tysdag, 566m, til fots
  4. Bakken heim på sykkelen, onsdag, 123m
  5. Bakken heim på sykkelen, fredag, 123m
  6. Kivledalen rundt motsols, laurdag, 350m, til fots
  7. motbakkesykling i terreng, ca 150m, søndag
Det blir til saman heile 1742 høgdemeter.
Det er ganske bra. Mange fine motbakkar som eg tilbakela.
Torsdagen blei det ingen motbakke, men spinning og styrketrening i samband med kurs.
Og derfor var det kjekt at eg møtte ein nabo som eg kunne sitte på med etterpå. Som hadde til og med plass i bilen sin til sykkelen min.
Av og til så er det nemleg kjekt å forsere desse motbakken saman med nokon.
Også om det berre er i bilen ;)

Nokre inntrykk frå siste vekas "verste" tur må eg jo ha med:
På laurdagen skulle eg eigentleg springe ein lett tur. Men heile 350m høgdemeter fordelt over ca 4,5km byr vel neppe på ein lett tur...
Laurdagens løypeprofil. Kanskje viss eg neste gong plottar inn løypeturen FØR eg dreg av garde, så får eg ein aning om det blir lett eller ikkje???
Men eg er nå sta og hadde lyst på ein "skogstur", og når denne skogen låg så bratt til, ja vel. Då får eg vel berre ta det litt med ro undervegs, og legge inn nokre gåpausar?
Det regnar utover Seljordsvatnet. Her utsikt frå Venås.

Regnet nærma seg sakte men sikkert frå Bø. Men det var eigentleg godt å bli litt avkjølt av nokre regndråper, det blei nemleg ganske varmt i motbakken!

Ein bekk. Mykje vatn som kom ned frå fjellet på laurdag!
Eg hadde tatt med ein energigel og ein energibar. Gelen må eg ha mista ganske tidleg på turen. Dumt var det, for eg blei kjempesulten undervegs. Eg må hugse på å ete godt dei dagane eg skal springe i bakkar!
Bringebær. Litt mat var det i alle fall. Vanskeleg å ta eit skarpt bilde, det blåste faktisk kraftig frå bekken i  bakgrunnen.
Binna i Kivledalen.
Det renn i strie straumar.
Eg hadde ikkje tatt med drikkeflaske. Dette var ein av mine drikkestasjonar undervegs.
Hurra! Nedoverbakke i Kivledalen. Herleg :)
Uansett om det er lett eller tungt på ein løpetur, så er det alltid godt å kome inn att. Ein god følelse å koma inn att etter å ha vore ute i motbakkar og regn :)

lørdag 27. august 2011

Svømmehud

Eg har alltid drømt om å ha svømmehud. Altså i alle fall då eg var lita jente, og me tilbrakte heile sommaren og det meste av fritida gjennom våren, sommaren og hausten på hytta, der stranda og elva berre var knappe 50m unna, og me boltra oss i elva uansett temperatur og vær, helst kvar dag.
Barndomsminner. Strand og mykje vatn å boltre seg i...
Sommer og vatn og bading og svømming og strand og båt, det høyrer saman for meg.

Det var med misunnelse eg såg på svømmehuden til "Man from Atlantis" som kom på TVen denne gangen. Å som eg skulle ønske eg hadde svømmehud mellom fingrar og tær, så eg skulle kunne svømme enda fortare og smidigare!
Man from Atlantis hadde svømmehud! Det ville eg au ha den gongen...
Eg har ikkje svømt så veldig mykje i det siste, men denne veka kom eg meg, endeleg, etter fleire vekers avhold, i vatn igjen.
Sjølv om det verken var det store havet eller det mystiske Seljordsvatn denne gongen, men det vesle bassenget ved Morgedal hotell.
Det var tid for vanngymnastikk i samband med kurs, må vite.
Eg var skeptisk. Eg er både open, nysgjerrig OG skeptisk av natur. Eg vil absolutt prøve alt eg ikkje har vore borti før, men er faktisk alltid litt skeptisk.
Dette er den formen av vanngymnastikk eg bedreiv med som lita jente. Men det er vel ikkje i nærheten av det me skulle gjera?

Og sjølv om eg er glad i det meste som har med vatn å gjera, hadde vel aldri blitt med vanngymnastikk frivillig. For skal ein ironman verkeleg måtte vera med på noko slik?
Men som sagt, sjølv om eg kan vera skeptisk, så tek nysgjerrigheten alltid overhand.
Jogging i vatn.

Vanngymnastikk handlar eigentleg ikkje om anna enn styrketrening i vatnet, og i stadenfor å bruke manualar eller strikk, så benyttar ein seg av vatnets densitet som motstand. Tettheten i vatn er rundt 800 gonger større enn luft, og dermed blir det mykje tyngre å gjennomføre ein bevegelse i vatn enn på land. Når du akselererar i vatn, kjem det så mykje som 1/3 av kroppsvekta i tillegg (NIH forskar på dette).
Likevel så kjente eg at eg trengte meir motstand.
Så då blei det delt ut motstandshanskar. Hanskar av neopren, som aukar overflata på hendene og dermed fører til større motstand i vatn.
Det var hanskar av denne typen me fekk teste.
Då blei det plutseleg utruleg artig å trene "styrke" under vatn! Vel og merke med hovudet over vatnet...Etter ein halv time med diverse øvingar blei det litt tid før svømming for dei som ville, og det var heldigvis ganske få, slik at det blei god plass til å svømme i det vesle bassenget.
Og så artig det var å svømme med "svømmehudhanskar"!
Følelsen av å gripe tak i vatnet blei forsterka, og sjølv om eg kjendte at det faktisk var lettare å svømme med hanskane enn utan, så var nok motstanden fortsatt større. Og dermed blei det lett å kjenne etter korleis svømmeteknikken kunne forbedrast.
Det blei berre 10 min svømming, men det var utruleg gøy, og eg blei veldig inspirert.
Dessutan har eg fått opprydda i mine fordommar mot vanngymnastikk. Det er eigentleg ganske artig, og i alle fall effektivt. Mangfaldet av øvingar nesten uendeleg samtidig som faren for å skade seg er ganske liten.
Så nå skal eg gå til anskaffelse av "svømmehudhanskar".
I tillegg til dei vanlege motstandshanskar av neopren (som vist på bildet ovanfor), har eit oppfinnsamt menneske eller fleire laga ein ganske annan type svømmehudhanske av latex:
"Darkfingloves"laga av Black Lagoon Products i USA.
Dei ser jo utruleg morsamme ut!
Det er jo den typen svømmehud eg ønska meg som barn.Dei er laga av latex, og finst i herre-, dame- og juniorvariantar og mange størrelser. Bestillinga er sendt.
Meir av hanskane finn du på darkfingloves.com
Hanskene ser eigentleg ganske rare ut, men blir visstnok brukt av både surfarar, svømmarar, "skydivarar" og til og padle med.
Svømming med darkfingloves. Frå Facebooksida.
Eg gleder meg til å få hanskane i posten! Endeleg skal eg au få meg svømmehud!
Binna er ein labrador, og har svømmehud mellom tærne. Dette er baklabben.
Til og med Binna har nemlegsvømmehud. Labrador er avla som spesialistar på apportering i vatn, og då kan det koma godt med å ha litt ekstra store labbar og svømmehud.
Binna har svømmehud mellom tærne på framlabbane også...Det er det ikkje alle hunderasar som har!

Det er bra at Binna har svømmehud frå før, ho set nemleg ikkje pris på å ha noko som helst form for hansker eller sokkar rundt labbane sine. Så får eg ta og kikke på labbane hennes i misunnelse mens eg ventar på pakke frå USA...

torsdag 25. august 2011

Avklaring

Nå skal det avklarast. Over heile fire veker.
Kor er det skoen trykker hen?
Sånn helsemessig.
Det lurar eg au på.

Heldigvis er det ingen av mine løpe- eller sykkelsko som trykker nokon stad, og derfor kom eg meg ut på ein fin sykkeltur på måndag, og ein fin liten topptur på tysdag.
Utsikt frå Hattefjell.
 Tysdag blei det ei blanding av løpetur, rusletur og topptur. Etter endt kursdag skulle eg uansett gå tur med Binna, så kvifor ikkje gå opp på ein liten topp og snuse litt fjelluft?
Binna og meg på Hattefjell. Binna er sprek til å vera 10 år gamal. Ho gjeng ikkje så fort, men ho kjem seg jo til topps til slutt!

Når eg først har døypt om bloggen min, og kallar den for "treningsterapi", så kan eg vel like godt drive aktivt med akkurat dette.
Og ein fin sykkeltur i kveldssol ER terapi. I alle fall for meg. Og nå på måndag så hadde sykkelturen også god terapeutisk virkning. Den virka både oppkvikkande, befriande, den sat ting i perspektiv samtidig som den var krevande og og utfordrande.

Og eg følte meg mykje bedre etterpå.
På sykkelen på veg opp til Raudkleiv.
Det er ein fin motbakke opp mot Raudkleiv, som eg brukar i underkant av ein halv time på å sykle opp. På Raudkleiv blir ein belønna med dei siste solstrålane på kvelden, mens resten av Seljord kanskje alt ligg i skyggen.
Når eg først var på Raudkleiv tok eg og sykla ein liten runde i lysløypa. Sidan lysløypa er ganske kupert, så blei det faktisk litt ekstra trening. Utsikten er det heller ingenting å klage på. Litt mange tre, kanskje...her mot Skorve.
Lysløypa på Raudkleiv. Utsikt mot Bjørgenuten.
Eg blir meir og meir glad i terrengsykling. Sjølv om sykkelen min er ganske tung, så har den aldri svikta meg. Den blir gladleg med på alle turar, og stiller ingen spørsmål. Ikkje punktert ein einaste gong sidan eg kjøpte den i 2002. Heilt utruleg eigentleg, så mykje som eg har brukt den!
På veg ned att var skuggane blitt enda lengre. Dei siste solstrålene den dagen fekk eg virkeleg nyte. Herleg å sykle i utforbakke!

onsdag 24. august 2011

Tid for endring

Det er små endringar som kan gje store forandringar. Eller noko sånt høyrde eg på kurs i dag.
Eg har lenge tenkt på å endre litt på bloggen.
Den syntest å flyte litt på vatnet i bakgrunnen, så når har den fått solide runde vannslipte stein som støtte, sidan dei toler ein støyt.
"Gamle" bloggen min. Ikkje så forskjellig frå no eigentleg...Takk for nå!

Tittelen "triatlondagbok" blei også litt for smalt.
Sjølv om det er triatlon eg er mest fascinera av, og som er som regel hovudmål for konkurransar, så er eg nok like engasjert i andre formar for trening.
Eg synst rett og slett variert trening er mest morosamt!

Helseaspektet er viktig for meg også, kanskje fordi eg tidlegare aldri har måtta bry meg så mykje om helsa mi, heilt fram til for nokre år sida, då alt stoppa litt opp og eg blei dårleg. Då var det godt å drive med meir regelmessig trening, og etterkvart har eg kjent på den helsebringande effekten av regelmessig trening og mosjon.

Sjølvutvikling omfattar jo alt og ingenting?
Alt ettersom kor mykje ein driv med det, men etter mi meining så er ein heile tida i utvikling, og har alltid vore fascinert av å oppdage korleis ein kan utvikle seg vidare.
Eg tenker at dei fleste har anlegg og talentar som dei aldri trudde dei hadde, og det er spennande å oppdage nye sider ved seg sjølv, og tøye grensene sine.

Dessutan gjer "sjølvutvikling" i bloggtittelen meir rom for småblogging og skribleri utanom tema trening og triatlon, det er kanskje akkurat gjennom dei små tinga eg likar å utvikle meg.
Det er ofte ikkje så mykje som skal til...

fredag 19. august 2011

Var det tordenvêr denne veka???

Helsa mi denne veka kan samanliknast med eit tordenvêr som byggje seg opp over eit par dagar og så brakar laus. Så er det stillheten etter stormen etterpå..
Så det blei ikkje mykje trening denne veka, eg har rett og slett ikkje hatt energi til det. Eg har heller brukt tida til å lappe saman bruddstykkene igjen. Og det tek jo litt tid. Men så er det også akkurat tida som hjelpar.

Då er det godt at me var på tur igjen på torsdag.
På torsdagstur. Denne gongen gjekk me langs Sundsbarm, på Millionvegen. Denne vegen er småkupert og lett å gå, og sikkert kjempefint å sykle på også.

Vêret på torsdag føremiddag var fint, og vatnet stille, så det var nydeleg å vera ute nokre timar utan noko mål og meining eigentleg. Berre rusle, knipse nokre få bilder og smake litt på bær uindervegs, og høyre på bølgjeskvulpet under lunsjpausen.
Og då kjenner eg at bruddstykkene nesten dett på plass igjen av seg sjølv...
Sundsbarmvatnet sett frå "Lomma"
Millionvegen. Berre litt småkupert, og lett å gå.
Ljåblom (Parnassia palustris)

Me fann ein fin lunsjplass. Stille på Sunsbarmsvatnet. Det frista nesten med ein svømmetur også :)
Ein rødskrubb.

Hmmmm bringebær var det også ein del av langs vegen. Og dei var gode!


Blomsterlav. Kanskje ikkje spiseleg, men veldig fint.
Dette er gode bilder å ha i minne neste gong uvêret braker laus.

torsdag 18. august 2011

How many Ironmans have you left in you?

Det ser ut som PCen min har tatt kvelden nå for alvor.
Og sidan det kan litt mindre blogging enn vanleg av den grunnen, skal eg legge ut litt "ventemusikk/film". SSjølv om "Iron Nun" hadde jammen fortent eit langt og spennande innlegg.
Men det kan jo koma seinare.

Her er det nokre få ord av Sister Madonna Buder om Ironman Arizona 2010:



Og litt meir bakgrunn om "Iron Nun" :)





God fornøyelse!


søndag 14. august 2011

Quit bitching! Eller: trening og allergi.

For mange er det våren som er "tid for allergi".
For meg er det tidleg hausten (nå), som er den verste tida.

Det eg reagerar allergisk på er burot (Artemisia vulgaris), ein staude eit ugras som blir ganske høgt og som veks nær sagt overalt, spesielt langs vegkanten.
Burot langs løpeturen min. Æsj...
Det er ganske irriterande. Nasen renn, det kleier i augo, nasen blir tett, det er omtrent som å vera kraftig forkjøla, i fleire veker.
(Livestrong.com har fine illustrasjonsbilder, slik som dette)


Det finst medisin (som inneheld anti-histamin) mot symptonene, og etter ein del utprøving så har eg funne to preparat som funkar best for meg. Sidan det er ulike bivirkingar på dei forskjellige typar medisin, så lønner det seg å prøve litt forskjellige, slik at ein finn noko som har minst mogleg bivirkningar.
Det er for eksempel ingen grunn til å ha konstant hodepine i tillegg når ein i utgangspunktet er plaga av allergi!
Piller. Ikkje så greitt, men må man, så må man.
Det er mykje informasjon å finne om allergi på nettet, slik at eg ikkje skal repetere alt her. Norges Astma- og allergiforbund (NAAF) har for eksempel mykje om tema allergi på nettsidene sine (her).

Når det gjeld allergi mot burot, så gjer det seg hos meg mest utslag i allergisk rhinitt, altså allergisk inflammasjon i nesa. Heldigvis så veks det ikkje burot lenger oppe i fjellet, slik at det kan vera fint å opphalde seg i høgda for å få lindring. Eg har merka at eg også godt kan ta meg ein løpetur eller sykle, sjølv om nesa i utgangspunktet er nesten heilt tett. Det løsnar gjerne undervegs.
Og så finst det jo også mykje verre enn allergi.
Det har i si tid Lance Armstrong formulert på ein meir direkte måte. Brad Kearns fortel dette i boka "Breakthrough Triathlon Training":

"I was at a small gathering [at the annual "Ride for the Roses" gathering in Austin, Texas - a gala weekend of festivities to raise money and awareness for the Lance Armstrong Foundation cancer charity, anm.bloggforfattaren] and Lance was signing a stack of posters for me to give to VIPs at the company I worked for. On that spring afternoon, he was plagued by allergies and was sneezing repeatedly (not on the posters, though). I made a comment about the thick, muggy spring weather in Austin, lamenting the difficulty of training and even living in that kind of weather. He looked up from his posters, right into my eyes, and said, "Quit bitching."

Godt sagt.
Lance Armstrong. Utan sykkel, men med hund. Eg berre MÅTTE bruke dette bildet :D

fredag 12. august 2011

C-Vitamin og F-Vitamin

I går var det etter eit par vekers opphald igjen tid for torsdagsturen.
Tidlegare har me hatt Ordalsåta som mål, men den gongen så satte snø, is og sterk vind ein stoppar for dette, og me måtte snu på "Vesletoppen" som me kalla han.
I går derimot så kunne ikkje forholda vore betre.
Lett skya, sol, ein liten bris og behagelege 18 gradar.
Herleg!
Morgonsoli skin gjennom røsslyngen.

Me starta turen kl 10, noko som eg synst er litt i tidlegaste laget, men på den måten så fekk me turen opp til toppen i vakker morgonsolskinn (morgonfuglar som står gladleg og friivillig opp kl.6.00 må gjerne protestere at det er morgonsol kl.10, men greitt for meg :D)
Røsslyng er så fin. Skikkeleg fin farge.
Krekling. Dei smakar ikkje så verst heller. Viss det ikkje var for alle dei små frø inni. Kreklinglikør er lettvint å lage og kjempegodt forresten!
Enkelte stader var det faktisk modne blåbær. Det er det ikkje mykje av i Seljord i år.
 Det ser ut som i området ruindt Ordalsåta er det rikeleg med bær denne hausten. Men best av alt var, at me på veg til toppen snubla over ei ørlita moltemyr.
Så glad eg var over at eg hadde tatt med eigen turkopp i går!
Når det er haust, så burde ein alltid ha med ein liten kopp eller pose, slik at ein kan plukke litt bær undervegs. Det er fælt å måtte koma over ei fin moltemyr utan å ha noko å plukke i!

Utsikt frå stien opp til Ordalsåta.
Kartlav på Jaspis er vakkert!
 Jaspis finst i forskjellige fargar, og den i Seljord/Kviteseid er ganske raud. Og fin.

Ordalsåta: lettskya, sol og lett bris. Fantastisk å koma til toppen i slike forhold!

Utsikt  frå Ordalsåta.

Det blei ein kjempefin tur i går. Funnet av litt molte toppa det heile. Molte inneheld forresten ganske mykje C-Vitamin (Bioforsk har forska på det her), så i tillegg at dei er vakre og kjempegode, så er dei også sunne.
Det er mykje C-Vitamin i molte!
Og når det er C-Vitamin i molte, og det er så sunt, så kan ein jo lure på om det ikkje er ein eller annan form for vitamin i fjellet også? Sidan det gjer så godt å gå i fjellet, og ein blir faktisk litt friskare av det også? Vitamin F kanskje?
Fjell er sunt.