It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

fredag 12. august 2011

C-Vitamin og F-Vitamin

I går var det etter eit par vekers opphald igjen tid for torsdagsturen.
Tidlegare har me hatt Ordalsåta som mål, men den gongen så satte snø, is og sterk vind ein stoppar for dette, og me måtte snu på "Vesletoppen" som me kalla han.
I går derimot så kunne ikkje forholda vore betre.
Lett skya, sol, ein liten bris og behagelege 18 gradar.
Herleg!
Morgonsoli skin gjennom røsslyngen.

Me starta turen kl 10, noko som eg synst er litt i tidlegaste laget, men på den måten så fekk me turen opp til toppen i vakker morgonsolskinn (morgonfuglar som står gladleg og friivillig opp kl.6.00 må gjerne protestere at det er morgonsol kl.10, men greitt for meg :D)
Røsslyng er så fin. Skikkeleg fin farge.
Krekling. Dei smakar ikkje så verst heller. Viss det ikkje var for alle dei små frø inni. Kreklinglikør er lettvint å lage og kjempegodt forresten!
Enkelte stader var det faktisk modne blåbær. Det er det ikkje mykje av i Seljord i år.
 Det ser ut som i området ruindt Ordalsåta er det rikeleg med bær denne hausten. Men best av alt var, at me på veg til toppen snubla over ei ørlita moltemyr.
Så glad eg var over at eg hadde tatt med eigen turkopp i går!
Når det er haust, så burde ein alltid ha med ein liten kopp eller pose, slik at ein kan plukke litt bær undervegs. Det er fælt å måtte koma over ei fin moltemyr utan å ha noko å plukke i!

Utsikt frå stien opp til Ordalsåta.
Kartlav på Jaspis er vakkert!
 Jaspis finst i forskjellige fargar, og den i Seljord/Kviteseid er ganske raud. Og fin.

Ordalsåta: lettskya, sol og lett bris. Fantastisk å koma til toppen i slike forhold!

Utsikt  frå Ordalsåta.

Det blei ein kjempefin tur i går. Funnet av litt molte toppa det heile. Molte inneheld forresten ganske mykje C-Vitamin (Bioforsk har forska på det her), så i tillegg at dei er vakre og kjempegode, så er dei også sunne.
Det er mykje C-Vitamin i molte!
Og når det er C-Vitamin i molte, og det er så sunt, så kan ein jo lure på om det ikkje er ein eller annan form for vitamin i fjellet også? Sidan det gjer så godt å gå i fjellet, og ein blir faktisk litt friskare av det også? Vitamin F kanskje?
Fjell er sunt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar