It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

lørdag 6. august 2011

I dag blir det barbeint!

På onsdag skulle eg ned til idrettsbanen og springe intervall. Planen var å springe 800m intervall med ein pace på ca. 5:00/km, og heller litt saktare, sidan det er lenge sida eg har sprunge intervall.
Det haddde skya til i løpet av dagen, noko som var bra, sidan det var godt over 20 gradar. Eg hadde ikkje lyst til å vente til kvelden, av og til så er det best å koma seg ut når motivasjonen og energien er der, enn å vente på dei rette forholda som kanskje ikkje kjem likevel.
Eg jogga rundt Eventyrøy for å varme opp og satte Binna i bilen igjen (som ellers ville ha produsert ein hjerteskjerande hylkonsert, sidan ho ikkje får lov til å vera med på banen og må sjå på få utsida når eg har det så tilsynelatande moro).
Det første intervallet var ganske tungt, og eg trur at eg burde varme opp enda bedre neste gong for å vera meir klar for fart.
Det var også høg luftfuktigheit, så det var ganske utfordrande å halde farten.
Imellom intervalla skulle eg etter planen ta ein joggepause i same lengde som intervallet, fire minuttar.
Blikket mitt havna på fotballbanen, som var heilt nyklipt den dagen. Banen var grøn og fin med litt mose på utsida av den kvite streken ut mot banen.
Eg har alltid hatt lyst til å sprøve å springe barbeint, og denne nyklipte plenen frista meg aldeles sterkt.
Før dei fire pauseminuttane var omme, hadde eg bestemt meg:

I dag skulle det bli "barefoot running"! 

Det ser jo ut som å løpe barbeint er blitt ein trend, og mange store skoprodusentar tilbyr etterkvart skomodellar som simulerar forholda ved å springe barbeint. 
Det er også mange diskusjonar om dette, er det virkeleg så mykje bedre å springe barbeint, er det eigentleg raskare, skal ein ikkje lande på hælen men heller på midfoten eller forfoten, eller skal ein springe som ein føler for, skal ein legge om løpestilen viss ein har skadar, eller legge om sjølv om ein ikkje har skadar, osv.

Det er godt å gå mykje barbeint. Ikkje berre når ein er liten. Dette bildet er frå Mallorca tidlegare i år.
Eg skal ikkje delta i diskusjonen om barbeintløping. Etter mi meining skal alle springe akkurat som dei vil, med lette eller tunge sko, sandalar eller gummistøvlar, sålenge dei trivst med det. Det kan derimot hende at ein skal lese litt om løpeteknikk/skomodellar viss ein over lang tid har slite med skadar etter å ha løpt.

Tilbake til mine intervall. Til andre runden hadde eg altså tatt av meg skoene, lagt ifrå meg mp3-spelaren, nullstillte stoppeklokka og sprang i veg. 

Til å begynne med heldt eg meg på ytterkanten av fotballbanen, der plenen var mjuk og fin.

Eg har lest ein stad at ein ikkje burde begynne med å springe barbeint på mjukt underlag når ein ikkje er van me dette. Men nå har det seg slik at løpebanen i Seljord virkeleg har begynt å likne ein terrengløpebane, der underlaget består av hard sand dekka med bittesmå stein, harde grasstustar, små grønne kloverflekkar, bjørkekvistar, furukongler, og overgangen frå bane 1 til fotballbanen innanfor er vanskeleg å oppdage på grunn av vegetasjonen som skjuler denne.
Så første runden blei på den trygge fotballbanen. Det kjendest godt. Sidan grasset var nyleg klipt, så låg det små flak av avklipte grasstrå på banen, som etterkvart på grunn av fuktigheita la seg som eit lite tynt lag under fotsolen min. Det var kjekt, på denne måten hadde eg faktisk litt beskyttelse mot skarpe småstein og kvistar der eg trengte det mest.

På andre runden våga eg meg ut på banen. Det var delvis glatt å springe, delvis humpete og delvis heilt greitt i bane 1 og 2. 
Tida mi var den same på 800m, eg hadde jo nok å gjera med å konsentrere meg på bakken foran meg der føtane mine skulle lande, så tida sjekka eg ikkje før eg hadde avslutta den andre runden.
I staden for å jogge mellom intervalla nå, så tok eg og rusla litt på banen for å kjenne litt etter kva denne barbeintløpinga gjorde med føtane mine.
Fotballbanen på Eventyrøy er visst over 50 år gamal. Då passar det med eit "antikk-"bilde.

Så tok eg eit intervall til, og det kjendest kjempefint! Plutseleg kom det mange minner frå barndommen, der me gjennom heile sommaren sprang mykje barbeint. 
Eg har tilbrakt kvar einaste helg frå april til september og heile sommarferien på hytta på elveøya "Harriersand" der foreldra mine har hytte, og det er det ein lang fin sandstrand, skogsstier og lite asfalt.


Sandstrand på øya Harriersand -
til venstre havnanlegget som høyrer til Brake, havnebyen der eg voks opp i.
Og eg elska å gå barbeint den gongen!
Og eg kjendte at denne barfotløpinga vekte nokre av desse gamle følelsane igjen, og det var herleg!
Eg antok at det ikkje ville spela noko stor rolle om eg sprang tre eller fire rundar, sidan eg rekna med å bli ganske støl etterpå uansett. 

Så tilsaman blei det 800m med sko, og 4x800m barbeint. Det kjendest lett å springe utan sko, og det var nesten som om eg slappa meir av, og bruka mindre energi til å halde farten.
Når eg først var i gang med å gjera ting litt annleis enn vanleg, så tok eg på meg Crocs, henta Binna og gjekk ned til Vallaråi. Vatnet i Vallaråi er iskaldt, og eg hadde lyst til å kjøle beina mine litt ned, sidan det tross har vore ganske varmt og klamt. 

Eg måtte kjøle meg ned litt.  Vallaråi held konstant låg temperatur, så det passar bra.
Vatnet var utruleg iskaldt, men kjempeforfriskande! 
Eg skulle aldri kunne tenke meg å kjøle ned beina mine i slike isbad, som mange proffe atletar gjer etter ei hard treningsøkt. Men å vasse litt i elva var utruleg deileg, så frå nå av skal eg pakke Crocs og handkle i sekken med løpetøy når eg skal ut og springe.
Vallaråi inviterar ikkje akkurat til bading. Men vassing er herleg her!

Om eg skal fortsette med barefoot running er usikkert, det får tida vise. Det var inspirerande og artig å endre litt på treningsrutinene, det er sikkert og visst. Riktignok blei eg ganske støl i nedre leggen dei to dagane etterpå. Men det er jo ikkje så rart.
Og eg blir neppe konvertert til ein "barbeintløpar". Men å ta nokre økter innimellom barbeint kan det fort bli. Når ein spring barbeint så lander ein gjerne på forfoten, og det inviterar til fart!
Og litt fart kunne eg trenge for tida...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar