It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

onsdag 10. august 2011

Ny plan!

Etter at eg måtte avlyse Ironman Regensburg alt i juli, var eg på utkikk etter eit nytt mål. Eg er nemleg såpass lat, at utan mål/konkurranse å trene mot, så hadde det vel blitt i minste laget med trening.
IM 70.3 Mallorca blei så vellykka at eg eigentleg heller ikkje har noko behov for fleire triatlonkonkurransar i år, og dessutan har eg lyst til å fokusere litt meir på løping resten av året.

Derfor ville eg finne meg eit løp denne hausten, som mål.
Kriteriane for valg av løp var få og enkle: Rimeleg startkontingent og rimelege utgifter i samband med overnatting, nærhet til familie/venner og stort deltakerantall. I nærmare utvalget av laglege konkurransar kom
  1. München Marathon
  2. Bremen Marathon
  3. Oslo Marathon
München Marathon blir arrangert 9.oktober 2011. München ligg berre eit lite stykke frå byen der broren min bur, så deltakinga i løpet hadde eg kunne kombinert med eit familiebesøk.

Bremen Marathon blir arrangert 2.oktober 2011. Bremen litt fem mil unna byen der eg har vakse opp i, og det hadde vore kult å starta i Bremen. Det er også direktefly frå Torp til Bremen for lite pengar, og eg hadde også kunna kombinert deltakinga med eit besk hos foreldra mine.

Oslo Maraton blir arrangert 24./25.september 2011, med halv-og fullmaratondistansane på 25.september. Oslo er ikkje langt unna, er eit stort løp, og kostar ikkje all verden å melde seg på (samanlikna med triatlonkonkurransar i alle fall. Både Bremen og München Marathon har lågare startkontingent).

Og valget falt på:

Det blir full distanse på meg. Ein heil maraton. Siste gong eg sprang ein heil maraton (utan forvarming i form av  svømming og sykling som i Frankfurt i fjor), var fjellmaraton i 2008. Det er jo ei stund sida!
Så det blir spennande.


Som vanleg har eg laga meg ein treningsplan, med distansar og intensitet på treningsøktene, og slik som eg kjenner meg sjølv, kjem eg neppe til å følgje denne, men det er jo gøy å ha ein plan!?

Binna bryr seg ikkje om planar. Men ho stiller alltid opp som treningskamerat.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar