It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

torsdag 29. september 2011

"...for du er ein vinner!"

Det blei ein utruleg flott dag i Oslo på søndag.

Dagen begynte med at vekkerklokka ringte kl.5.00 (*gjesp*), og at eg ein halv time seinare kunne sette meg inn i ein behageleg bil og la meg køyre te Oslo.
Det blei ingen kjedeleg tur, for både før og etter at andre maratonmannen blei plukka opp i Drammen, blei det masse prat om trening, treningsløyper, og treningsmetodar og tider og tidlegare løp.
Det var tjukk tåke frå Drammen inn til Oslo, men blå himmel skinte igjennom tåka og lova ein dag med fine forhold å springe i.
Gutta skulle starte på heilmaraton kl.10:20, mens halvmaratonen min ikkje starta før 13:40.
Dermed hadde eg god tid til å heie på Helene og gutta, og god tid til å skifte, tusle gjennom messeteltet, stå i dokøen, prate med andre løparar, og nyte stemninga.

Me har stilt oss opp for å heie Helene og gutta ved maratonstart. 
Sola kom ut etterkvart også, og temperaturen var behageleg, mens folket strøymde på til Oslo sentrum. Heile 8000 halvmaratondeltakarane blei annonsert over høgtalaren!
Sidan eg ikkje hadde løpt sidan 20.august var eg temmeleg usikker på kor hen eg skulle plassere meg i startpulja.
Eg fann det tryggast å stille meg rett bak 2:20-ballongen som fartshaldaren hadde festa på seg. Tenkte at viss dette tempoet skulle bli for sakte, så kunne eg vel alltids auke farten undervegs.
Eg møtte Turid også, som skulle vera fartshaldar for 2:30-gjengen. Eg er imponert. Det å halde eit jamnt tempo over eit løp må vera ganske krevande. Også med dagens teknisk utstyr!

Startskotet gjekk, og massen sette seg i bevegelse. Det var første gong eg var med på eit slik stort løp, og det var utruleg artig å vera ein av så mange. Farten viste seg først å vera fin for å varme opp, men etterkvart litt for sakte. Beina kjendest fine og sterke. Så etterkvart jogga eg rundt og forbi og i sikksakk mellom løparane. Etter 7-8km var 2:15-ballongen i sikte, og eg blei like godt løpande bak den.
Nokre sekund før starten på halvmaraton. Artig å vera blant så mange!
Men at eg hadde brukt alt for lang tid på å nyte stemninga og prate med folk og heie på løparane, og for lite tid på å få i meg nok mat FØR løpet, ja det begynte eg å kjenne alt etter 4-5km.

Sulten blei eg! Og tørst!
På første mat- og drikkestasjon heiv eg innpå ein bananbit og skylte ned med sportsdrikke, men det viste seg ikkje til å vera nok. Berre etter 10min var eg sulten igjen!

Ved dei påfølgjande matstasjonane tok eg så mange krus med sportsdrikke eg kunne få ned, og tok også to bitar banan. Og det kjendest godt med litt mat i magen.
Banan har aldri svikta meg på eit løp! Det går ned uansett, og kranglar ikkje.

Etter 10km kjendest beina fortsatt gode, pusten var god, kondisen god, og eg avanserte etterkvart til 2:10-fartshaldaren. Det viste seg å vera ein livleg kar som heie på gjengen bak seg, og det var utruleg gøy.
Samtidig møtte eg også eit par gonger Vest-Telemark sprekaste diakon, Eilev, undervegs, og me utveksla heiarop i den grad me hadde pust til dette.

Ved km 16 derimot begynte leggane mine å bli utolmodige og ein smule slitne. Ved km 17 trua dei med protest i form av krampar. Eg senka farten og lot 2:10-ballongen forsvinne. Ingen fartshaldar stoppa ved drikkestasjonane, og eg var fortvila etter mat og drikke!
Nå gjekk eg også eit par steg meir gjennom desse stasjonane enn det som var nødvendig. Eg kjendte tydeleg at beina mine ikkje var vant te å løpe lange turar på asfalt lenger, og tenkte at eg neppe ville krangle med dei.

Joda, eg greidde å springe i fin form forbi Helene, som hadde stilt opp med heiagjengen sin og med medalje rundt halsen etter fullført heilmaraton, for så å småjogge forsiktig vidare. Heiagjengen dukka også opp att på Karl Johan, og der var det så mykje folk som heia at eg neppe kunne GÅ der, sjølv om eg hadde forferdeleg lyst til det. Eg beit tennane saman og håpa på at leggane ikkje akkurat der og då ville begynne å krampe på ordentleg.
Ved siste stigning før mål unna eg meg å gå eit par steg - herleg!
Men kor var målet hen?
Hadde ikkje nokon nettopp ropt ut at målet var berre 200m unna???

Kva slags lange 200m kunne dette vera?
Ja da, dette er jo eit heiatriks. "Du er snart i mål", "Du er snart på toppen" - juks alt saman - men heilt greitt :)

Endeleg, etter nokre "endelause" minuttar var målet i sikte, og eg kjendte kor letta og fornøydd og glad eg blei.
Eg prøvar alltid å kjenne etter ekstra godt når eg nærma meg mållinja, spesielt på lengre løp.
Eg synst nemleg at ein skal vera fornøydd med seg sjølv når ein kjem i mål.
Uansett tid, uansett bakgrunn, forventningar.

Eller som distansen halvmaraton blir beskrive på Oslo Maraton si heimeside:

"Opplev Oslo gjennom 21 kilometer langs byens flotte fjordlinje. Garantert langt nok til at du blir både svett og sliten, men en litt enklere distanse å gape over enn en hel maraton. Og absolutt langt nok til at du virkelig har noe å feire når du krysser mållinjen, for du er en vinner!"

Då eg hadde kome i mål og kikka på mobilen min (eg hadde faktisk ikkje med klokke på løpet), så var klokka blitt 16.00. Så eg lurte på kva slags tid eg hadde fått - og det viste seg at eg faktisk har ikkje brukt meir enn 2:11:12 !
For ei fantastisk tid!
Med såpass lite trening som eg har gjort dei siste tre månadene, og INGEN løpetur sidan 20.august!

Eg er så superfornøydd med søndagen. At eg plutseleg bestemte meg for å dra likevel, stille på halvmaraton og ikkje på 10km, og at eg greidde å nyte dagen, kosa meg undervegs, og koma i mål med eit smil. Alt saman er berre heilt herleg!

Eg har til og med alt printa ut diplomen min. Eg har også hengt opp den fine medaljen min som eg hadde så lyst på. I stoga, sjølvsagt. Ved sida av Ironmanmedaljen. Grete Waitz treng ein æresplass og fortener å bli sett - også om det berre er på ein medalje.

Eg er stolt og glad over å ha ein medalje med Grete Waitz på. Uendeleg inspirasjon!

lørdag 24. september 2011

Oslo (halv-)maraton eller: er eg ved mine fulle fem???

Eg har fortsatt ikkje tenkt å springe maraton på Oslo maraton.
Men eg har fått endra distansen frå heil- til halvmaraton.


Men korleis i all verden kunne dette skje???

For å belyse gangen i saka, skal eg gjengje litt av dagens protokoll:


kl.12:30 Helene ringer frå Oslo og lurar på om eg ikkje likevel skal endre distansen frå heil- til halvmaraton. Sidan ho kunne fikse dette der og då.
kl 12:33 Eg takkar pent nei til det. Eg er ikkje i løpeform. Eg skal ikkje springe. Det er best å stå over og bygge opp formen og motivasjonen min.
kl 12:40 Eg kjenner at eg kunne springe halvmaraton viss det ikkje var for at Oslo er så langt unna og eg ikkje orkar å køyre fordi konsentrasjonsevnen min er så redusert for tida.
kl 12:45 Eg finn ut av nokon eg kjenner frå Dalen skal delta i morgo
kl 12:50 Eg har funne ut vedkommandes telefonnummer og ringer han og spør om eg kan få sitte på i morgo. Det kan eg ikkje, sidan han og gjengen alt er i Oslo.
kl 12:55 Eg har lagt på og kjenner tårene koma. Plutseleg har eg så lyst til å springe, men orkar berre ikkje reisa til Oslo og tilbake. Eg er lei meg.
kl 13:00 Eg tek meg saman igjen og prøve å finne ei løysing på transportproblemet.
kl 13:05 Eg finn ut at nokon frå Seljord skal delta i Oslo maraton i morgo.
kl 13:10 Eg ringer vedkomande og får høyre at eg godt kan sitte på.
kl 13:20 Eg ringer Helene og spør om ho fortsatt er i Oslo og om ho ikkje kan endre distansen min, anten til halvmaraton eller til 10km ("10 for Grete"). Eg finn ut at starttidene er såpass forskjellig frå heilmaraton at eg først burde sjekke med sjåføren min.
kl. 13:25 Eg prøver å ringe sjåføren min. Eg får ikkje svar.
kl. 13:30 Eg ringer Helene og seier at det må bli halvmaraton, av praktiske grunnar. Helene fiksar det for meg mens eg sit på sofaen i Seljord. Helene hentar også startnummeret mitt og alt saman.
kl. 13:40 Det har gått opp for meg at eg plutseleg har rota meg bort i ein halvmaraton om eit døgn og at eg ikkje har løpt på tre veker.

Korleis skal dette gå?
Kva gjorde eg?
Er eg framleis ved mine fulle fem???

Vidare skal eg ikkje gjengje protokollen. Det endar med at eg bekreftar deltakelse i halvmaraton til sjåføren min kl.20:30, og at eg sit her og lurar på kva eg skal ha på meg i morgo.
Og kor hen spring me eigentleg?
Kva er startnummeret mitt?
Kor er starten?
Når er starten?
Er det ei cut-off tid?
Kva sko skal eg bruke?

Siste status er at avreisa frå Seljord blir kl.05:45, og at naboane mine festar og feirar med dunk-dunk musikk og høglydt latter i kveld.
Nåja, søvnen siste natt før eit løp er jo ikkje så viktig. Eg kan til og med sove i bilen, eg skal jo ikkje køyre sjølv.

Då er jo alt klart? Eller?
Eg er jo spent på korleis det blir å springe to mil på bein som stort sett har bevega seg i tursko opp opg ned bratte fjellsider her i Seljord. Og som har sykla i terrenget.
Virkeleg, den siste løpeturen min hugsar eg ikkje ein gong.
Eg har jo slutta å skrive treningsdagbok, sidan eg er blitt mosjonist, så eg kan ikkje eingong finne ut om siste løpeturen min ved å leite i treningsdagboka mi.

Men pytt pytt.
I morgo blir det løpande sightseeing i Oslo, så det blir bra.

Eg håpar eg kjem meg i mål. Eg har nemleg veldig lyst på den fine medaljen med Grete Waitz på.
Hm....
Kven skulle trudd det?

søndag 18. september 2011

Kan du ikkje vera stolt av deg?

Sa fysioterapeuten min til meg på fredag, etter at eg hadde, for andre gong denne veka, lufta mine tankar om å avlyse deltakinga i Oslo Maraton neste helg.
Akk ja, men det er da ikkje så lett å enda ein gong droppe eit løp...?
Samtidig er det berre å innsjå at kroppen min nektar å bli med på strukturert og målretta trening. Den seiar ifrå såpass tydeleg at eg måtte vera både blind og døv og
fullstendig avsnørt frå min eigen kropp for ikkje å oppfatta dens signalar.
Så det blir ingen løp på meg i Oslo neste helg.

Fysioterapeuten min har følgt meg heilt sidan hausten 2007, og han er flink til å lytte, gje tilbakemeldingar, drøfte, gje forslag, koma med innvendingar, tankar, og ikkje minst, faglege vurderingar i forhold til kropp og helse, muskulatur og pustemønster.
Han syntest at det var tøft  at eg droppa (enda ein gong dette året) konkurransen, og meinte at eg heller burde vera stolt av meg enn å vera lei meg.
Eg ser lengre enn og utover denne eine konkurransen, og tek vare på kroppen min, istadenfor å presse meg mot "enda ein maraton".
- Du treng da ikkje bevise for nokon at du kan springe maraton, det har du jo gjort før, to gonger." sa han, eller noko slik.
Ok.
Sant, det.
Så nå har eg funne ut at eg denne hausten ikkje skal fokusere på noko som helst form for løp, konkurranse, og trene etter infallsmetoden.
Eller, nærmare sagt: Eg skal vera mosjonist.

Og same dag som eg var hos fysioterapeuten, så var det såpass strålande solskinn at eg tok sekk, og Binna, ein termos med kaffe og eit par energibarar og tok meg ein tur opp på Hattefjell.
Mosjon utan mål, men med meining.
Og fin utsikt. Og overskot. Og god samvet. Og energi.
Godt :)
Hattefjell.

tirsdag 13. september 2011

Haustmage(sjuke)

Eg har blitt ramma igjen av den årlege "haustmagen" min.
Dette er tredje haust på rad at mage-tarmsystemet mitt plutseleg sluttar å fungere.
Punktum.
Full pakke. Men ikkje omgangssjuke-aktig, som tek slutt etter to-tre dagar med nær-doden-opplevingar, men jamn kvalme-diaré-magesmertar og -krampar over fleire dagar.
Nåja, this too shal pass.

Før spetakkelet begynte, prøva eg meg på inn ein liten løpetur i Kivledalen, sist onsdag.
Følelsen: tung, tom, kvalm.
Utsikten: herleg, vakker, avslappande.

Då var det jo ikkje så dumt?
Eg spring mest berre for "fotografen" - det var tungt å springe, sjølv om sekken var lett og omgivelsane fine...
Det har vore ganske tungt å både springe og sykle dei siste vekene, så eg heng meg ikkje opp i at kroppen min ikkje greier å prestere så mykje for tida. Det gjeng nok over igjen.

Sist torsdag var det endeleg tid igjen for torsdagstur, og denne gongen gjekk me opp til Sandsetvatnet.
Det er alltid godt å koma til fjells, og vegen opp til vatnet er fin å gå, og fører gjennom nydeleg landskap.
Einerbær.

Det begynner å bli fine haustfargar i fjellet nå.
Gjengen vår har koma fram til Sandsetvatn. Kor hen skal me ha lunsj og bålplass???
Fantastisk landskap. Ikkje rart Brattefjell-Vindeggen er eit landskapsvernområde.
Slette og fjell. Eg fekk berre lyst til å gå der. Meir. Lengre. Berre gå...
Ein Jaspis-blokk ved Sandsetdammen.
Det er alltid så mykje artig å oppdage langs vasskanten, synst eg.
Om det ikkje blir så mykje løping og sykling for tida, så blir det i alle fall litt tur. Noko skal ein jo halde på med for å halde kroppen i gang, og hausten nå er jo ei kjempefin årstid å gå i fjellet på. Det kan eg jo berre bli bedre av, tenkjer eg...

fredag 9. september 2011

Loading...please wait...(men kor lenge???)

Eg likar godt å blogge. Men når det tek 45minuttar å laste opp to bilder og skrive tre setningar, mens eg kvar femte minutt er nødd til å koble meg av og på nettet for å oppretthalde kontakt med internettet, nei då tek tolmodigheten min slutt.
Me er for mange her som delar på det trådlause internett, slik at eg ikkje får laste opp bilder (også om dei er svært komprimerte).
Mobilt breiband i form av Netcom visar seg å vera eit ganske smalt band.

Så eg tek ein liten bloggepause fram til forholda betrar seg.
Ser fram til å blogge meir seinare :)

onsdag 7. september 2011

Å vandre med håp: Ulevå - Svandalsflona: 15km

Den andre ruta eg var med på i løpet av pilgrimen vandre med håp var på torsdag, og gjekk frå Ulevå over Dyrskar og Midtlæger/Svandalsflona.
Også denne dagen var me heldige med været: det var overskya, men nesten ikkje vind og god temperatur, rundt 14 gradar.
Første delen av turen gjekk me langs Ståvatn/Ulevatn, der vegen bestod av sti i terrenget, mens den etterkvart gjekk over i den gamle vegen over Dyrskar.
Denne dagen var me vel også rundt 40 stykke som gjekk, eg har aldri hugsa tallet ved gjennomtelling, det er noko med den friske fjellufta og den flotte utsikten som nullstilte hovudet mitt gansk fort, og befridde det frå unødvendig ballast.
Som første dagen blei det ein del stopp undervegs, slik at alle kunne halde følgje.
Det var mykje historie på denne gamle vegen, der det fortsatt er to geitestøylar som sel kjempegod geitost, og der det er spor også etter gamle bygningar.
Eg gjekk mykje i mine eigne tankar, såg på dei flotte fjella rundt meg eller skravla i periodar med andre pilgrimar.
Ikkje anar eg eigentleg kva eg tenkte der eg gjekk. Men det er lenge sida eg kjendte meg så frisk som desse dagane under pilgrimsturen...
Etappe 2: Ulevå - Dyrskar - Midtlæger
"Eit steg om gongen" står det på buffen, som me har fått spesiallaga. Det er jo alltid med eitt steg ein tur begynner.
Vår pilgrimsleiar/inspirator/gode hjelpar/historieforteljar/vegvisar Eilev Erikstein hadde ein ordentleg pilgrimsstav:
Vandrarstav med pilgrimssmerke på.
Me blei køyrd med bilar frå overnattingsstaden vår på Vågsli til Ulevå. Der blei me møtt med eit blikkstilt vatn:
Me ser på fylkesgrensa mellom Hordaland og Telemark langs E134. Denne plassen her er utruleg vêrhardt. Men denne dagen var vatnet blikkstilt.
Frå vegen over mot E134. Overgangen mellom land og vatn er ikkje lett å sjå, så stilt var det.
Om det er pilgrim eller løpetur eller fjelltur, eg greier sjeldan å slå av det botaniske blikket. Nokre typisker fjellplanter MÅ rett og slett bli fotografert. Det er som å møte gode gamle venner på vegen for meg.
Fjellmarikåpe med Ulevåvatnet i bakgrunnen.

Langs vegen var det to plassar med geitestøylar. Med så mykje tilgang til næring er det ikkje så rart at fjellmarikåpens "storesyster" Marikåpe (Alchemilla vulgaris) trivst langs kvar einaste bekk:
Marikåpe (Alchemilla vulgaris), ei gamal medisinplante med dugg på bladene. Kjempefint!
Til tross for mykje regn i sommar, det ser ut til å vera eit godt "kreklingår" i år!
Ved Nupshallen Fjellseter kan du ta av mot Middalsbu. Me gjekk imidlertid vidare mot Dyrskar.
Eg elskar geiter! Eg har jobba i mange somrar som budeie, og blei skikkeleg glad at geitane var fortsatt på støylen. Dei gjekk heilt ned mot kanten og kikka litt kjekke ned på oss og mekra. Kanskje syntest dei me var litt feige som gjekk ned på den flate vegen mens dei stod og balanserte på centimetersmale fjellkantar?
Pilgrimar på vandring mot Dyreskar.
Eit blikk tilbake dit me kom frå. Heilt stilt vatn med litt fiskevak... Utruleg flott vêr!
Det gjeng ikkje an å sjå forskjell på vatn og himmel. Fantastisk!
Me ser nå mot Dyrskar.
Dyrskar. Heilt i venstre kanten av bildet kan ein skimte innkøyringa til Haukelitunnelen.
Pilgrim er noko dei fleste kan vera med på. Nokon treng kanskje litt meir tid enn andre, eller tilpassar etappelengda etter evne. Eg er så imponert over pilgrimsvandrarane som hadde ekstra store fysiske utfordringar, men som gav seg ikkje. Det står det respekt av.
Nokon brukar lengre tid enn andre. Men alle kan koma i mål på ein pilgrim!
Eg måtte snu meg tilbake av og til og ta bilde av gruppa vår. Flotte pilgrimsvandrarar!
Det er "Middyrelva" som kryssar vår veg. Plassen heiter Ulevåbotnen, og ved brua var det dagens andre lengre pause.
Middyrelva.
Ved Ulevåbotnen valgte nokon å gå vegen på nedsida, mens andre fortsatte lengre opp og gjekk gjennom den gamle tunnelen. Det er ein av Norges eldste tunnelar, og blei bygd i 1900.
Ein av Norges eldste tunnelar, frå 1900. Inngang på nordsida.
Stjernesildre (Saxifraga stellaris) ved tunnelinngangen.
Og kva var det denne her heiter igjen...?




Sjå så fint inngangen er mura opp her! Dette er inngangen på sørsida.

to be continued...

Det ser ut som om blogspot ikkje taklar altfor lange innlegg eller mange bilder, eller så er det PCen min eller internetforbindelsen. Resten av innlegget kjem seinare, når forholda er litt bedre. Eg har heldigvis fått lagra litt av resten før blogspot bestemte seg for å la det forsvinne ut i cyberspace...

søndag 4. september 2011

Å vandre med håp: Vågsli-Ulevå: 20km

Eg har ikkje vore på torsdagstur nå på to veker.
Men eg har definitivt vore på tur!
Frå tysdagskveld til fredagsettermiddag har eg vandra på vegar og stiar mellom Vågsli og Røldal, på Røldalvegen.
"Å vandre med håp" er eit samarbeidsprosjekt mellom fleire instansar frå Vest-Telemark. Heile pilgrimsturen går frå Grunge kyrkje til Røldal, og varer i fem dagar.
Sidan eg hadde oppmøteplikt på kurset mandag og tysdag, så gjekk eg glipp av dei første to etappane. Men dei som har vore med på dette før seier at dei tre siste etappane er definitivt dei flottaste, og det trur eg gjerne. Det har vore heilt utruleg flott å gå pilgrim!
Eg har aldri gått noko pilgrim før, og har vel også vore altfor rastlaus til å gå så langt og sakte, men etter å ha tilbakelagt 14km, 13km og ca 11km på tre dagar må eg seie at det gav meirsmak!
Det er herleg avslappande å gå pilgrim, og eg fekk god tid til å puste og la sjela strekke seg ut litt i det flotte fjellandskapet på Haukeli.
Eg synst det er vanskeleg å sette ord på mine opplevingar frå desse dagane, derfor kjem det nå rett og slett bilder frå turane med nokre kommentarar.
Kan hende eg er meir i det filosofiske hjørnet ein annan dag, og skal sleppe meg laus med betraktningar, men akkurat nå skal bildene snakke for seg sjølv.
Dei er forresten alle saman tatt med mobilkamera.


Ein liten rusletur i Vågsli kvelden før første etappe. Vatnet var iskaldt, men dette hindra ikkje meg og Lars å bade her. Binna er fornuftig og held vakt.

Start på vandringa. Baktropp brukar refleksvest og prøvar å halde flokken samla. Me tenkte at 10% svinn kunne me tillate, men til slutt kom alle i mål. takka vera baktroppen :)
Det blei delt ut seigmenn av prostidiakonen (Eilev Erikstein). Eg trur me var ganske seige sjølve, alle saman, der meg gjekk og gjekk og gjekk og gjekk...
Me var heldige med vêret. Nesten vindstilt, opphaldsvêr og gløtt av blå himmel og sol.
Heilt utruleg fin blå himmel. Frå dette bildet er tatt, har eg stort sett brukt kortbukse på turen. Herleg!
Og det er såå vakkert på Haukelifjell. Me fylgde Ålmannvegen.
Som amatørbotanikkar kan eg ikkje berre gå forbi enkelte planter. Dette er hestespreng (Cryptogramma crispa).
Det er fint med fjellvatn :)
Takk Åsmund for at du tok med Bamsemums. Og ikkje berre éin pose! Det smakte godt som dessert til kaffen i lunsjpausen!
Pilgrimar på vandring mellom Vågsli og Røldal.
Det er ikkje berre fine planter på Haukelifjell, men også spennande geologi!
Eg elskar myrull! Dette er mest sannsynlegvis snømyrull, sidan den ikkje veks i tuver.
Myrull er ei skikkeleg koseleg plante :)
Ein har alltid eit valg. Me fylgde Ålmannvegen vidare.
Me er på siste oppstigning gjennom Ulevåskaret. Med ettermiddagssola dukka det opp mange fine motiv. Dette er lusegras.
Me nærmar oss målet for dagens etappe. Herifrå ser me ned til E134 og fylkesgrensa mellom Telemark og Hordaland.
Plutseleg var det masse blåbær der! Eg blei nok den siste som kom seg ned lia. Eg kan berre ikkje gå forbi slike fine blåbær. Og gode var dei også...
Med så fin sol var det nesten vemodig å koma i mål denne dagen.
Gjennom heile dagen har me hatt opphaldsvêr, lite vind og gløtt av sol og blå himmel. Fantastisk!
Då me kom ned til Ulevå såg me at det var svært mørke skyer i retning Vågsli. Dei hadde kanskje vore bak oss heile tida, men ikkje greidd å ta oss inn.
Så heldige me var denne dagen!
Me kjente at det ikkje ville vera så nøye med korleis vêret blei neste dag.
Og dei regnbygene som me køyrde igjennom tilbake mot Vågsli gjorde berre at stemninga steig enda eit hakk. På Fjellstad Camping blei det regnboge med god mat i godt selskap.
Å gå pilgrim er herleg!