It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

søndag 11. desember 2011

"Vikings take on Ironman 70.3"

Det er ein viss fare for at eg repeterar meg sjølv. Men verdt er det å nevne fleire gonger.
IM 70.3 Haugesund er sidan fredag også med på WTC (World Triathlon Corporation) sine heimesider som offisielt "IM 70.3 series".
Slik ser det ut:
Terminlista på www.ironman.com

Å så kult!
Og sjølv om eg enno ikkje er påmeldt, enno ikkje har eingong skrapa saman mine siste kroner og øre til startkontingenten, er planlegginga alt godt i gang. Helene er gull verdt. Ho let seg ikkje lenge be om å organisere opphald, ho har alt gjort det. Detaljer har me diskutert alt nå: "Passar temposykkelen din på sykkelstativet? Min må ligge på baksetet", "Skal vi levere syklane dagen før?", "Ja og så har vi da heile laurdagen på race expoen", "Det eine dobbeltrommet ligg i nærheten av sentrumet, det andre nær svømmestarten. For der er det vel T1?", "Eg har heller ikkje vore i Haugesund før. Då får me svømme, sykle og løpe litt rundt der da".

Det er berre så vidt eg greier å la vera å begynne med "Carbo-loading" alt nå.
Ivrige er me, og slik skal det vera.
Kult!
Eg ser fram til IM 70.3 Haugesund!

"Vikings take on Ironman 70.3"


Yep, here we come :D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar