It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

tirsdag 10. januar 2012

Motivasjon?

I dag kom eg meg endeleg ut på løpetur igjen.
Dei siste dagane kom det heldigvis ein del snø.
Om ikkje mykje, så var det i alle fall nok til å dekke isen og til at snøen festa seg godt, slik at det endeleg har blitt greitt å gå utan å risikere større skadar...

Treninga mi er fortsatt svært ustrukturert, og det til ein slik grad at eg faktisk har fått lyst til å plukke meg ut ein konkurranse til våren og sette opp ein treningsplan.
For moro skyld.

Men etter å ha trent/mosjonert tilfeldig så lenge som eg har gjort sidan halvmaraton i Oslo i slutten av september, kjenner eg at det er pussig korleis motivasjonen kjem, og forsvinn, og endrest.

I dag har eg hatt lyst til å springe ein tur.
Kor inspirasjone og motivasjonen til dette kom frå, var ikkje vanskeleg å gjette: Det var nok Marie som eg chatta med i gårkveld og hennes blogginnlegg som gjorde at eg aldeles hadde lyst til å springe på snø i skogen.
Utsikten på ein tur i deileg snø og solskinn fekk meg ut i dag.
Mens motivasjonen til å kome meg ut for å testa snobrettet mitt i går har nok lege der lenge. Heilt sidan jol. Så var snøen plutsleg på plass, og eg tok med meg Binna og brettet ut på det fine jordet her oppe som er passe langt og passe bratt og passe avsides, og leika meg i bakken.
Det var kjempemoro, og i og med at eg gjekk opp bakken etter å ha køyrd den ned, blei det samtidig ei lita økt for styrken i beina.
Snøbrettet mitt funka! Og sååå stilig er det også!!! 
På søndagen derimot var eg på skogstur saman med venner. Motivasjonen var ikkje vanskeleg å hente her. Skogstur med venner og fleire bikkjer og sjokolade og kaffe på termos i ein flott vinterskog i deileg snø høyrdest fint ut. Sjølv om eg var sliten i kroppen og vurderte å avlyse turen i siste liten. Noko som eg heldigvis ikkje gjorde.
Binna set pris på å vera fleire på tur.
Laurdagen trente eg styrke. Eg var nok ikkje spesielt motivert til akkurat dette. Styrketrening gjer eg rett og slett fordi eg veit at eg har godt av det. Og at effekten av styrketrening blir bedre når ein gjennomfører den regelmessig. Minst ein gong i veka, helst to. I alle fall når ein eigentleg driv med annan trening ved sida. Sjølv om eg var dårleg motivert, så kjendte eg at det gjorde godt, og dess lengre eg heldt på, dess meir moro blei det. Rart?

Det å ha motivasjon trur eg er kjempeviktig for å kunne gjennomføre trening som skal gje energi og helsegevinst. Det er viktig å vera klar over kva som motiverar ein til trening, aktivitet, og restitusjon. Kvifor trenar ein eigentleg? Kva er det som manglar av motivasjon/inspirasjon når ein ikkje trenar?

For nokon er dette ingenting å fundere over. Det finst menneske som sprudlar av energi og som glad og utan å tvile spring ein tur dagleg, syklar fem gonger i veka eller løfter vektar tre til fire ganger i veka. Året rundt.
For andre er dørstokkmila kjempehøg også framfor ein halv times rusletur i nabolaget.

Eg kjenner meg igjen i begge delar.
Og det har nok med helsesituasjonen min å gjera. På gode dagar er alt greitt, ingen tur for lang og ingen bakkar for bratte, og på dei dårlege så er funksjonen såpass nedsatt at ein handletur i butikken kan få fram tårene og utmattelse. Det å bere inn ved blir eit ork, og den ellers så deilege halv times lufteturen med Binna skulle eg ønskje at ho kunne ta aleine.
Binna aleine på tur? Nei stakkars -
heldigvis får ho alltid overtalt meg til tur -  uansett.
Så det er fint å ha vera klar over kva som får fram motivasjonen for trening og motivasjon. Både når det går veldig lett, og kva som gjer at ein kjem seg ut når ein helst hadde droppa det.
For det er kanskje når ein står og ikkje lenger veit grunnen for all denne treninga, at ein kan ta fram motivasjonstriggarane?
Kva var det eigentleg som var så moro ved å trene?

Det som Marie skreiv i blogginnlegget sitt om å "finne hovudet" synst eg også er alltid ein god grunn, og motiverar meg veldig ofte til trening. Spesielt ute.
Jepp - der fann eg att hovudet!
Etter 4,5km, 160 høgdemeter og  40min løping.
Det er deileg å fokusere på naturen rundt meg, på landskapet, på underlaget, på været, observere Binna og korleis ho opplever turen, oppdage nye stiar, nye plassar, fine utsiktspunkt, kjenne etter pusten, musklane som jobbar, føtane mot underlaget, svetten som kjem fram, mens hovudet tømmes for unødvendig ballast og blir "funne".
I alle fall for ei lita stund.

6 kommentarer:

  1. Blei glad når eg las detta Imke, det æ akkurat slik det æ! Stykkevis, nokon gongur lett, andre gongur æ dørstokkmila høgare enn huset! Mæn innimellom kjæm dei øktene, som æ unike, me finn att kån sjølve, om sø, bare for ei lita stund!

    SvarSlett
    Svar
    1. Bra! Så må me også bli flinke til å hugse desse øktene!
      Men då er jo blogging veldig praktisk. Spesielt med fine bilder :)

      Slett
  2. Man henter motivasjon diverse steder. Selv mangler jeg motivasjon for tiden og da å lese om den hjelper. Jeg tenker" når andre klarer dette, så gjør jeg det også" og man blir i sååå god humør av å trene eller gå tur. Hunden er også en motivasjon, som for deg. Tenker liksom at han må jo ut uansett og han kan ikke gå alene på tur (alle naboer ville løpe og gjemme seg)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja Ania, eg merkar at det inspirerar meg veldig å lese om andre. Denne setninga "når ho/han klarar dette, så klarar eg vel dette eg også?" har funka bra for meg mange gonger.

      Kva slags hund er det du har da?
      Måtte le litt av tanken på at han var på tur aleine mens naboane sat og gøymde seg ;)
      Trur at bikkjene våre er superglade og takknemlege for at me går ut på tur med dei. Dei treng pussig nok ingen spesiell inspirasjon eller motivasjon...
      Gode forbilder er dei! :)

      Slett
  3. Fint innlegg! Jeg kjenner meg også igjen i begge deler... noen dager og noen perioder går alt så lett og man strutter av energi, pågangsmot, iver og glede.... andre perioder... ja jeg trenger ikke beskrive dem ;-)

    Viktig å identifisere hva som gir motivasjon og for meg har det også vært verdifult å ha noen "lure økter"; økter som jeg synes er mentalt overkommelige å gjennomføre. Disse gjør nemlig at dørstokken ikke blir høyerene enn at jeg klarer å klatre over den.... hva som er mentalt overkommelig varierer jo fra person til person; for meg kan det være noe som trivielt som løping i nedoverbakke ;)

    Synes forøvrig du er kjempefilnk jeg ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Silja!
      Ja det er sant at slike "lureøkter" er verdifulle!
      Eg har ofte ein tendens til å ta det heilt ut, slik at eg måtte etterkvart lære meg å legge inn nokre "koseøkter" der eg altså avslutta mens leken var god...
      Og då var jo motivasjonen enda bedre neste gong.
      Eg synst det er ein spennande prosess med å finne ut kva som gir motivasjon. Det kan jo vera dei raraste ting (likte bildet av skiltet med "<-- vafler 150m" på siste blogginnlegget ditt - god matlyst og matkos kan motivere til dei mest utrulege øktene).

      Takk for tilbakemelding! :)

      Slett