It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

mandag 27. august 2012

Å vandre med håp - pilgrimsturen til Røldal 2012 - dag 4

Dag 4, torsdag, frå Ulevå til Svanedalsflona


Denne etappen er lettare enn dei andre, men utsikten her er også fantastisk frå den første meteren. Det å gå på ein gamal veg gjer også at ein faktisk kunne nyte landskapet rundt utan heile tida å måtte sjå kor ein satt føtane hen. Me kryssa fylkesgrensa til Hordaland, gjekk opp mot Dyrskar og så forbi Midtlæger (der Haukelitunnelen kjem ut att av fjellet) og dei siste to km langs vegen til Svandalsflona.
Eg opplevde den siste delen av etappen som ganske tung.
Sjølv om stien gjekk i nydeleg landskap omgitt av bratte fjellsider, vatn og bekkar, så hadde eg mest lyst til å legge meg i lyngen og sova. Tankane blei etterkvart ganske negative.
Men det gjekk over.
Her er det igjen den gode felleskapen som kom inn.
Det var godt å kunne lufte også desse tunge tankane med andre pilgrimar, og eg har berre møtt forståelse og gode ord.

Starten frå Ulevå - litt blå himmel.
Denne åi markerar fylkesgrensa mellom Telemark og Hordaland.

Det er lnydeleg utiskt og lett å gå langs vatnet mot Dyrskar.
Ein stopp på støylen - her kjøpte eg med meg noko nydeleg lys geitost.
Kjempegodt!
Fjellmarikåpe - Dyrskar i bakgrunnen.
Me gjekk på den gamle vegen over Dyrskar.
Det var fin avveksling til sti,
og der kunne me berre rusle og prate og kikke -
ingen fare for å snuble her, det var deileg.
Denne lua har eg blitt så glad i nå - den var kjempegod og varm også då det regna litt etterkvart.
Det var bratte fjellsider på alle kantar.
Tilbakeblikk.
Den gamle tunnelen me gjekk igjennom ifjor var fortsatt dekka av snø.
Det var litt stilig, syntest eg.
Reine leikeplassen :)
Lyset i enden av tunnelen.
Mosen ved den gamle tunnelen er alltid ekstra grøn og frodig.
Mose!
Me tok ein lengre pause ved Dyrskar -
her kunne me velge om me ville fortsette på vegen eller på stien.
Sidan eg gjekk på vegen ifjor, valgte eg stien i år.
Med jamne mellomrom blei stien kryssa av små bekkar som var omkransa av frodig Marikåpe.
Like før Midtlæger dukka dette vatnet opp. 
Etter Midtlæger kom regnet på ordentleg, så dei to siste km langs vegen blei me våte.
Men det gjorde ingenting.
Me kom fram til målet for dagens etappe, Svanedalsflona!
Viss du også vil sjå bildene frå siste etappe, kan du klikke her!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar