It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

onsdag 26. september 2012

Motbakke er berre moro når det er for moro skyld

Sidan eg først var så godt i gang med å gå opp bratte fjell tenkte eg meg at eg skulle hive meg med på det siste løpet i Vest-Telemark Karusell, som består av motbakkeløpet Tveitgrendtunet opp.
Det er eit løp på 5km og 350 høgdemeter.

Eg har vore med på det for to år sida og hugsa at det var forferdeleg tungt.
Det er liksom ikkje så veldig bratt, men det er stigning heile vegen.
Eg trudde vel at det å bli med på eit lite løp ville gje meg eit lite avbrekk frå alle desse NAV-greiene, men der tok eg feil.
For det første, så trudde eg at løpet ikkje var før helga etterpå.
Så løpsdagen kom brått på meg og eg hadde heller ikkje løpt på over ei veke.
For det andre: eg var eigentleg sliten frå før, kvalm på føremiddagen og heile kroppen slapp og kraftlaus.
Men men, av og til så er det heile "berre mellom øyra" og då hjelper det med distraksjon.

Det gjekk framleis bra mens eg meldte meg på og henta startnummeret.
Det var heller ikkje så ille mens eg jogga bort til startstreken.
Men etterkvart som alle desse glade, spreke, gjennomtrente folka varma opp, og nokon kjendte møtte opp som eg helst ikkje hadde lyst til å møte, så var eg på nippet til å DNS.
Få deltakarar, men superspreke dei fleste.
Men men. Eg ville ikkje framstå som feig.
Hadde ikkje lyst til å innrømme at eg hadde tatt feil.
At eg berre ville heim.
På eit stort løp med fleire hundre deltakarar hadde eg kunne snike meg unna, men med knapt 15 til start?

Huff.
Eg tok med meg ei lita drikkeflaske og mobiltelefon, eg tenkte at eg kanskje kunne ta bilder undervegs, mens eg måtte ta gaupausar, for det er jo fint landskap der borte.
Men men.
Dei første 500m var nesten flate, og då var det fint.
Så kom stigningen, og pulsen steig oppi halsen og kom nesten ut att gjennom øyro mine.
Halsen min kjendest så trang som eit sugerør.
At tårene kom, hjelpte ikkje noko særleg, for med pulsen kom også alle bekymringane og vanskane eg hadde hatt denne veka. Og då toppa det seg.

Og det gjekk ikkje lenger an å løpe - ikkje ein gong i eit halvt minutt.
Så eg sat meg ned og lurte - og gjekk litt - tusla litt - sat litt - gjekk litt - og ønska meg berre vekk.
Eg ville berre heim og legge meg - bli borte.
Orka ikkje.
Eg fekk haik med ein bil opp, det var jo til målområdet på toppen sekken min blei frakta til, så eg kom meg  ikkje usett avgarde.

Men der oppe var det trøst og gode ord å få.
Sjølv om eg var skuffa over meg sjølv.
Eg var sikker at om det hadde dreidd seg om ein halvmaraton, hadde eg fortsatt.
Men denne motbakken blei for mykje for meg.

Så det var det, DNF, det er faktisk første gong det har skjedd meg, men så måtte det vel skje ein gong.
Men så snart eg hadde kome meg heim, kjendest det godt likevel.
Eg var utruleg sliten, og hadde behov for mat og kvile og ro og fred, og det fekk eg, både laurdagen og søndagen.
Det er slikt eg treng. Ro og fred. Dette er ved Seljordsvatnet.
Og søndagskveld hadde eg faktisk lyst på motbakke igjen.
Denne gangen var det Hattefjell, som er ein fin liten topp å klive opp på ein sundagsvkeld (og der vegen er "så bratt at ein lett får skrubbsår på nesa" som nokon kommenterte).
Det var fint.
Fint å vera på Hattefjell.
Og go'gutten min Lukas storkosa seg om alltid på tur! :)

Eg fekk ro på toppen.
Det er moro med motbakke, men berre når det er for moro skyld...

2 kommentarer:

  1. Hei,
    Jeg har lest de siste innleggene dine. Jeg har hatt lyst til å kommentere, men ikke visst helt hva jeg skal skrive. Jeg kjenner deg jo ikke, men du treffer meg sånn med det du skriver om. Jeg tror det holder at jeg sier at jeg beundrer styrken din og viljen til å kjempe. Jeg vet så altfor godt hvordan det kan være å være der du er. Jeg håper du får mange fine turer framover og at den vonde perioden finner en slutt.

    -Laila

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Laila!
      Nå blei eg veldig rørt av det du skreiv.
      Eg synst ikkje det er lett å skrive når det ikkje går som planlagt, og når eg er midt oppi.
      Og eg er litt usikker om eg kanskje "skremmer" lesarane mine.
      Men så når eg kanskje akkurat fram til dei lesarane eg ønsker meg?

      Takk igjen for mange gode ord!
      Det vonde tek nok slutt også, eg må berre halde ut, og vera tolmodig og ikkje miste motet (for ofte) undervegs.

      Ja fleire fine turar håpar eg at det blir. Og dei skal eg nyte!

      Slett