It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

fredag 21. september 2012

(t)oppturar og nedturar

På onsdagen hadde eg ein god dag!
Langsamt så begynner ting å dette på plass i hovudet mitt igjen.
Men nervene er fortsatt veldig tynnslitne, og det skal lite til for at eg knekker saman.
Dei negative tankane ligg fortsatt på lur, men eg observerar dei, og prøvar å ikkje la meg "fange" av dei.
Når ting går i vranglås for mykje, ring eg etter hjelp.
Det kan vera fastlege, terapeuten min, tilsatte ved dagsenteret for psykisk helse i kommunen, til og med psykiateren ved DPS i Seljord har eg kontakta.
Og snakkar med venner. Dei som toler det.

Men, tilbake til onsdagen, og den gode dagen!!
Onsdagsføremiddag vakna eg opplagt etter å ha sove i heile 12 timar.
Og etter frukosten var eg enda bedre opplagt slik at eg tenkte at det hadde vore fint med ein fjelltur opp mot Skorve. Lukas var heilt einig og logra veldig då eg nevnde ordet "tur".

Eg pakka ein liten sekk med vindbukse og -jakka., varm lue, niste og drikke, skifta til treningstøy, tok med Lukas og la på veg.
Tenkte at eg like godt kunne gå heimanfrå.
Det blir 45min ekstra gjennom skogen, men det er så deileg å sleppe å bruke bilen!

Det er jo bra med stigning oppover mot Skorve, men ein får belønning med nydeleg utsikt for kvar høgdemeter ein legg bak seg.
Eg kjendte at kondisen hadde blitt ein god del dårlegare etter over ei veke utan trening, men det gjorde ingenting. Vêret var fint, Lukas kunne springe fritt, det var sol og skyer og utsikt, og det gjorde godt å bruke kroppen.
Dette er ikkje halvvegs eingong. Nydeleg!
Akkurat for eit år sida hadde eg tatt eit forsøk på denne toppturen, men blei faktisk overraska av ei snøbyge halvvegs. Det var 22.september 2011.
Onsdagen såg det meir lovande ut.

Hit og litt til kom eg i fjor, og måtte snu.
Men i år kom eg meg heilt til toppen av Skorve, Gøysen!
Det er slik at eg når eg er sliten og "utanfor" eller "ikkje i slag" eller "dårleg" eller kva eg nå skal kalle det, at konsentrasjonsevnen min blir ganske dårleg, saman med hukommelsen. Derfor var det viktig at stien oppover var godt merka, og det var han. Lukas er også god som stifinnar, men han kan plutseleg få rare påfunn, så eg stolar nok heller på dei raude merka!
Lukas likte seg godt som stifinnar!
Med ein gong eg mistar ein sti eg går på eller kjem ein plass som ser "merkeleg" ut kan eg plutseleg få panikk, og då mistar eg evnen til å tenke klart og logisk. Eg blir berre livredd, og må ta meg saman for ikkje å løpe vekk i full fart på leit etter stien eller ein plass som er kjent.
Dette er ganske merkeleg, og det har eg nok ikkje hatt heile mitt liv heller, tidlegare kunne eg fint gå i timesvis aleine i ukjendt terreng, med berre kart og ein termos og litt niste i sekken.

Eg skulle eigentleg berre gå i to timar, men kjendte at det var så lett då eg først hadde kome på snaufjellet, at eg ville gå litt til. Då klokka nærma seg halv tre, tenkte eg "berre opp til denne steinen ved kanten, så ser eg kva som er bak og snur eventuelt kl.15".
Så eg kleiv mot denne steinen, og då eg kom meg opp på kanten, og runda ein stor stein, så var varden der!!!
Hurra!!
Det ser jo berre ut som ein steinhaug!?!
Men det er varden på toppen av Skorve, 169 m.o.h.!
Hurra!
Det blåste ganske friskt på sjølve toppen, og eg var glad for å ha med meg ekstra tøy i sekken, sjølv om eg faktisk ikkje tok dei på meg. Eg skulle ikkje bli lenge uansett. Men nokre bilder på toppen måtte det jo bli.
Lukas blei kjempeglad over at eg blei så glad.
Eg hadde jo tenkt meg opp til Skorve sidan eg flytta til Seljord, men sidan den gongen så har eg vore i såpass dårleg form at det virka uoppnåeleg.
Og då eg hadde gjort meg ferdig med fotograferinga på toppen, og skulle ned att, så var plutseleg "stien ned att borte".
Her kan ein sjå laaaangt frå toppen av Skorve.
Her lengst unna i midten av bildet ser me Gaustatoppen!!
Ja da, Skorve er eit høgt og oversiktleg fjell og utsikten er god mot alle kanter, og det fortsatt tidleg på dagen, men eg fekk rett og slett litt panikk då eg ikkje fekk auge på neste stimerke.
Pulsen begynte å rase, det blei vanskeleg å svelge, og eg fekk ein merkeleg stivhet i kroppen og nakken, og det er som om eg får tunnelsyn.
Kor er neste merket hen???
Lukas fann fort ein sti, men då eg følgte denne, viste det seg det at det var stien mot baksida av Skorve. Det skjønte eg heldigvis fort.
Eg stoppa opp og måtte virkeleg ta meg saman for ikkje begynne å løpe i retning kanten. Det var det første som falt meg inn: Springe i rak retning Seljordsvatn, mot kanten og så ned heile vegen.
Til og med sola gøymde seg bak skyene, og eg såg alt mørkt...
Galskap? Er det nokon som tenker det?

Ja, det er jo eit snev av det, i alle fall ein overreaksjon. Angst. For det var ikkje spesielt sannsynleg at eg var i reell livsfare. Men det kjendest slik.
Eg stoppa opp. Pusta. Prata med Lukas. Prøvde å få tak i den logiske delen av meg. Koble inn fornuften. Tenke med hjernen, og ikkje med kroppen, som lurar meg!
Og så blei himmelen lysare igjen,
Seljordsvatnet låg trygt der nede, og eg hadde funne att stien nedover
Det tok ikkje lange beite trur eg, og eg fann det første merket til riktig sti ned att. Og etter dette så gjekk det så lett så lett at eg begynte å småspringe på stien ned att. Stoppa opp, tok bilder. Nøt utsikten, fjellet, dei vakre fargane, skyene, lukten av fjell, lyden av vind og skoene mine mot stein og grus, sildrande fjellbekkar, fuglar,...
Ja dette er stien sin, det!
Trengst ikkje mykje merking her, nei!
Det blei ein kjempefin tur.
Lukas var kjempesliten då me kom heim, og sovna umiddelbart. Eg var ikkje så trøtt eigentleg, men ganske sliten i beina etter så mange høgdemeter opp og ned.
Og kjempefornøydd!!
Denne turen må eg prøve å hugse lenge!
Kvardagen min med NAV har nemleg alt henta meg inn igjen sidan onsdagen, og det tærer på kreftene å bli utsett for så mykje uforutsigbarhet og vilkårlighet, samt å ikkje bli lytta til eller forstått.

Så eg treng all styrke som fjellet kan gje meg.
Kanskje er det noko mantra her eg kan tenke på neste gong eg er i ferd med å knekke saman i møtet med ein uforståaande NAV-saksbehandlar?

Vêr så sterk som eit fjell.
Gjerne som Skorve.
Hm.
Dette skal eg minnast.
Skal hugse den gode dagen, og den fine turen.


4 kommentarer:

  1. Ser ut som en kjempefin tur, Imke.
    Skikkelig fjelltur :-)

    Jannicke

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det var ein herleg tur. Den skal eg prøve å minnast leeenge.
      Me prøva å koma oss opp på søndagen også, eg og nokre venner, men då hadde deg faktisk kome snø på toppen!

      Så eg hadde flaks den dagen :)

      Slett
  2. Så herlig at du kom deg ut og opp på fjellet. Utfra bildene ser det bare fantastisk ut. Litt skummelt det der når stiene forsvinner, men godt at du har med deg selskap. Du får forsøke å ta med deg energien fra fjellet i hverdagen også =o)

    SvarSlett
  3. Ja landskapet og utsikten var heilt nydeleg den dagen. Det kom snø på toppen på søndag, så den planlagte turen opp te Skorve med venner blei utsett, så eg var heldig den dagen!

    Det med at stiene blir borte for meg nok meir pga konsentrasjonsproblem for meg enn at dei ER borte. Kanskje litt dårleg merking, det er ikkje noko organisert turlag her i Seljord, så eg vurderer å ta med meg raudmåling på turane framover.
    Ja eg ser nedre delen av Skorve gjennom stogevinduet mitt, det gir energi, å tenke på at eg har vore der oppe.
    Nydeleg med fjell.

    Gratulerar til gjennomført Trail Challenge! Eg ser at du har virkeleg løpt ganske mykje den siste veka, nesten 100km, respekt, godt gjort!!

    SvarSlett