It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

lørdag 8. september 2012

Trail Challenge - halvvegs! Litt oppsummering.

I dag er det laurdag og det er dag åtte på Trail Runner 100 Mile Challenge.
På tide å ta ei lita oppsummering og evaluering!

Først, kort om dag 4, 5, 6, 7 og 8 (uuuups her har eg visst ikkje blogga på nokre dagar nei, kanskje ikkje så rart, det tek på med ein dagleg løpetur...det tek i alle fall tid!).

Dag 4, tysdag: 10,4km - 395m stigning
Eg hadde med løpesekken min, litt drikke og eit par geler i tilfellet (hadde ikkje ete noko særleg den dagen). Været var fint sjølv om eg ikkje rakk sola i Kivledalen. Det går tydelegvis mot hausten, og dagane blir kortare...
Lukas blir tvangsfotografert. 
Dag 5, onsdag: 7,3km og 341m stigning
Denne onsdagen hadde eg eigentleg planar om å springe ein stad i Bø, sidan eg skulle dit uansett pga av legetimen eg hadde på ettermiddagen. Men eg blei så stressa av turen te Bø at eg fort forkasta denne planen. Etter legetimen blei det ein tur på kafé saman med ei venninne eg ikkje hadde sett på lenge, og så køyrde eg heim, og orka eigentleg ingen løpetur.
Men prøve skulle eg, så løpetur blei det, om enn ganske seint.
Utsikt frå Venås utover Seljordsvatnet - ein klassiker på bloggen min!
Dag 6, torsdag: 5,5km og 253m stigning (+ 3,3km og 155m stigning)
Denne dagen måtte eg virkeleg motivere meg til å ta ein løpetur på kvelden. Eg hadde sove dårleg og var så trøtt og søvnig at eg gjespa meg gjennom heile torsdagsturen (som står i parentes ovanfor).
Blomar på tur.
Det blei ein kort rask løpetur også ganske seint på kvelden. Men pussig, då eg først hadde kome meg ut, så var beina i superform!!!
Dette bildet tok eg dagen før,
men det illustrerar godt følelsen av lette bein i skogen!
Dag7, fredag: 3,7km 103 høgdemeter
Fredagen hadde eg også sove dårleg, og var supertrøtt og uopplagt heile dagen.
Eg vasa rundt på byggmakar og heldt på å kjøpe dei raraste tinga fordi "dei hadde så fin grønfarge" eller fordi "dei var morsamme", men kom heldigvis ut av butikken med den eg skulle kjøpe (spesiell lyspære).

På kvelden var motivasjonen for å springe minimal.
Dessutan hadde eg kjøpt meg eit nytt slags brød, med masse frø, som smakte kjempegodt, men som magen min ikkje likte, så då blei det smertestillande og varmeflaske på sofaen eit par timar.
Derfor blei det mest berre ein kort tur, mest i gåtempo og i halvmørkre, for å lufte Lukas.

Det er på tide å ta med hodelykt på tur nå på kvelden!
Dag 8, laurdag:13,2km og 138m stigning)

I dag skulle eg "unne" meg ein lengre løpetur i fint landskap, kjøpte meg bombillet og køyrde opp mot Lifjell/Mæfjell, altså Grunningsdalen, der eg skulle springe.
Eg hadde med sekk denne gongen, og jakke og mat og drikke, og Lukas.
Der i Grunningsdalen hadde eg vore på tur fleire gonger med torsdagsgruppe, og landskapet og utsikten er heilt nydeleg!!
Utsikt mot Mælefjell
Likevel, beina var tunge, men tankane enda tyngre og negative, og verre blei det for kvar kilometer.
Eg hadde også sove dårleg, men lengre (til kl 10, og eg skulle berre hat sove enda lengre, trur eg), og var ikkje i slag.
Det nytta ikkje med fint landskap.
Skåkavatn, dagens vendepunkt for turen.
Eg var gått lei av all den springinga.

Mens eg hadde køyrd opp den lange stigninga til parkeringsplassen med bil, tenkte eg ved meg sjølv, at her er det morsammare å sykle opp!
Det er også morsammare og sykle ned.
Eg har lyst til å sykle.
Nydeleg veg å både springe og sykle eller gå tur på.
Eg kunne heller tenkt meg å gå tur.
Og så vidare.
Etterkvart skjønte eg at turen var lengre enn det eg trudde (trudde det var 4km bortover til vendepunktet, og ikkje over 6,5), og ville berre heim og legge meg...


Snart ved bilen! Takk og pris!
Det hjelpte ikkje på humøret at Lukas etterkvart måtte springe i band på grunn av alle sauene, og turfolka me møtte, og at han begynte å like smaken av sauebæsj. Han bryr seg heller ikkje så mykje om eg kjefter på han, han ser berre rart på meg...
Til og med Lukas ville heim, trur eg.
Han fekk vel nok av det dårlege humøret mitt...

Oppsummering/evaluering så langt:
Inkludert torsdagsturen, men ekskludert den laaaange skogsturen sist søndag så har eg tilbakelagt 75km og klatra 2183 høgdemeter på åtte dagar.
Når det gjeld Trail Challenge, så er eg blant jentene alltid på posisjon 60-70 av ca.337 deltakarar (tilsaman er det over 2000).
Eg ligg altså ganske godt an, formelt sett.

Følgjande erfaringar har eg gjort så lang med fleire dagars terrengløp på rad:

  • det er kjekt med enkelt fokus: eg treng ikkje lura på kva eg skal trene den dagen, det er terrengløp, og helst 10km/dag i snitt - det synst eg var deileg dei først fem dagane 
  • å drive med same treningsform, terrengløping over fleire enn fire-fem dagar på rad, blir kjedeleg!. Eg er nok meir triatlet/multisportatlet enn rein terrengløper/trailrunner, og likar best variert trening/aktivitet
  • beina mine tåler bra belastning med 10km/dag i snitt over ei veke, på slikt variert underlag - dei blei berre sterkare!
  • terrengløping er effektiv kondistrening - det kjennest best i bratte bakkar - dei blir heilt klart lettare - du blir god det du trenar på!
  • det er nydeleg med så mykje fint landskap rundt meg på løpeturane, men eg savnar faktisk å jogge rundt i Seljord - der er det så mykje å kikke på
  • eg likar å jogge med sekk i fjellet - det kjennest trygt å ha med seg ekstra tøy spesielt på løpeturar i fjellet 
  • eg savnar sykling, styrketrening, og svømming, veldig!!!

I morgo skal eg enda ei gong på skogstur med ei venninne og bikkjene, og det er også ein grunn til at eg kanskje ikkje kjem til å gjennomføre heile Challengen: eg har ikkje lyst til å velge bort mitt sosiale liv til fordel for ei mil terrengløp om dagen.
Og formen min er ikkje så god at eg kan drive med all slags ting heile dagen - det er tydeleg at den tøffe våren og sommaren har satt sine spor.

Terrengløping er ein fantastisk form for trening!
Eg skulle ikkje trudd at beina mine ville restituert seg så bra kvar dag, uansett om det er lange joggeturar eller korte raske. Dei tåler nok meir belastning enn det hovudet mitt gjer om dagen, og det er jo kjekt.


5 kommentarer:

  1. Syklar du ikkje lengre rundt Seljordsvatnet Imke? Du likte jo det så godt før om åra.
    Noko heilt anna: Har du noko jobb i sikte da?


    Halvor i Bø

    SvarSlett
    Svar
    1. Og apropos jobb: eg er langtidssjukmeldt og ikkje på jobbsøk, skal heller ikkje vera det på ei god stund framover!

      Slett
  2. Det har ikkje frista så veldig å sykle rundt Seljordsvatnet i det siste, men eg likar det godt fortsatt, det er ein nydeleg tur!
    Men enda er syklane mine fortsatt i kjellaren hos ei venninne.
    Men i alle fall éin av syklane skal hentast snart, dei er savna...

    SvarSlett
  3. Du gjør en kjempe innsats =o)
    Selv fikk jeg en litt laber uke med sykdom, men nå er jeg tilbake. Så at du lå et par plasser foran meg på total listen. Stå på så greier vi begge målet om 160km

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Tommy!
      Eg trengte litt oppmuntring og heiing!
      Har akkurat unne ut at ein kan sortere deltakarane pr land, og det er faktisk ikkje få frå Norge (fann ut nokon går under "Norge" og andre under "Norway").
      Me får gjera så godt me kan!

      Slett