It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

mandag 3. september 2012

Trail Runner 100 Mile Challenge - dag 3

Dette er dag 3 av 16 på 100 Miles Challengen, og eg er fortsatt i gang, ikkje verst!
Eg må jo berre nyte kvar dag av den, for det er jaggu ikkje sikkert at eg greier å gjennomføre det heile.
Men som sagt, ein dag av gangen, og eg får sjå kor langt eg kjem.

I dag skulle eg altså "jogge" ein tur rundt ei mil.
Turen plotta eg inn på kartet først.
Når beina blir tunge undervegs er det lurt å ha eit konkret mål å springe imot.
Frå Hanakamjuvet og mot Lomma.
I dag gjekk løpeturen gjennom Hanekamjuvet og langs Sundsbarmsvatnet.
Eg starta nede ved Hanakamjuvet.
Der er det litt stigning, og så mykje fint å sjå på at eg tok denne delen i intervall:
eitt minutt jogg, eitt minutt gange.
Det heile i 10min, og så flata det ut, og eg jogga litt lengre, og tok pausar etter form.
Løping i Hanakamjuvet.
Ved bedre lysforhold skal eg ta fleire bilder ein gong.
Hanakamjuvet er vanvittig fint, og eg likar meg veldig godt der.
Men det er bratt på begge sider, så det er best å vera der når det er overskya, ellers kan ein fort få følelsen av å gå i "skyggens dal"...

Vidare frå Hanakamjuvet mot dammen til Sundsbarmsvatnet, og i krysset valgte eg vegen til venstre, mot Lomma. Det er fint og ope landskap, ein del velstelte hytter og jammen møtte eg to ryttarar, ein hund, ein familie på tur, ein liten flokk sauer, ein mopedturist (!) og ein som klipte plenen rundt hytta.
Og alt dette på ein sein måndagsettermiddag!
Sundsbarmvatn.
Langs Sundsbarmsvatnet er det ikkje mykje stigning, og her fekk eg meg snart ein god rytme.
Sekken min var pakka med vindjakke, langerma trøye, lause armer, niste, ein liter vatn, ein halv liter sportsdrikke, ei lite flaske cola,to gel og to mobiltelefonar. Den vog 3,5kg.
I enden av løypa.
Og ein av mange pustepausar.
Det var varmt nok å springe i singlet i starten, men etter vendepunktet blei det litt sur vind, og eg var glad for å ha med sekk, der eg kunne velge mellom lause armar, trøye og vindjakke.
Så får eg satse på at den ekstra vekta av sekken gjer at beina mine blir ekstra sterke etterkvart!
Heilt greitt med sekk.
Lukas var flink i dag også. Han var heilt roleg i møte med hestane, ikkje veldig interessert i sauene heller, men veldig glad over å sjå familien på tur som han helst ville kaste seg over i ekstrem glede.
Hm. Sauer. Ikkje så veldig spennande.
Då me sat oss i bilen sovna Lukas momentant.
Og eg trur eg kjem til å gjera det same når eg legg meg i kveld.
Og bra er det, for det blir nytt møte med terapeuten min i morgo tidleg, ei lita avveksling frå ultra-løper-livet...

1 kommentar:

  1. Det va ein veldig artig "Challenge", du hadde funne, Imke!!
    Lurar på m eg skø ta mæ meg "Challengen", litt seinare - i oktober, nåe eg æ litt meir igang att! :-)
    Åssø sø fin tur! Sø bra du finn slike vegar, som Hanekamjuvet! Der bli eg gjønne mæ på tur, ein dag!
    Eg gledar meg te rapport, om fleire turar!!
    God klem

    SvarSlett