It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

søndag 2. september 2012

Trail Runner 100 Mile Challenge

I'm in!
Eg er med!

Det er Trail Runner Magazine som saman med app'en STRAVA utfordrar til å springe 100 miles i tidsommet 1.-16.september 2012.
Denne utfordringa kom eg over i går.
Tilfeldigvis, på Facebook.
Og det frista veldig!

100 miles, altså 160km, fordelt på 16 dagar blir i snitt 10km om dagen.
Så mykje har eg nok aldri sprunge før.
Aldri.
Ikkje eingong i opptreninga til mine to maraton.

Men på pilgrimsturen tilbakela me strekninga mellom Grunge kyrkje og Røldal stavkyrkje som er på over sju mil til fots på fem dagar. Det er eigentleg heilt utruleg, for den første dagen gjekk me berre 5km, og derfor mykje meir dei siste fire. Og dessutan er det sju mil mellom Grunge kyrkje og Røldal med bil, mens me gjekk i terrenget.
Etter turen tenkte eg at det var utruleg moro å drive med same aktivitet over fleire dagar.
Sjølv om beina var tunge dag to, så løsna det dag tre og fire.
Dag fem kunne eg ha fortsett med turen i dagesvis.

Så eg fekk lyst til å prøve meg på eit fleirdagars løp.
Og sidan eg for tida ikkje har anledning til å trene meg opp/melde meg på/reise så mykje osv for å vera med på noko arrangert fleirdagarsløp, så passar denne nettbaserte challenge utruleg bra.
Dessutan har eg jo så lyst til å teste løpesekken min meir.
I går var sekken pakka med ei vindjakke, buff, lause armar, mobil, 5dl drikke i flaske, 1L vatn og niste.
Det gjekk greitt å springe med den.
Men korleis eg skal få til å tilbakelegge denne strekninga på 16mil over 16 dagar skal bli spennande!
Eg har jo ikkje drive med løpetrening etter Haugesund 8.juli.
Og kroppen har vore slapp og litt dau etter flyttesjauen.

Men men, i går, 1.september, var det første dag for Trail Runner 100 Mile Challenge, så tok eg med meg den nye løpesekken min, og Lukas, og la ut på ein 10km terrengtur.
Like godt å begynne med ein gjennomsnittsetappe, for å koma inn i det, tenkte eg.
Dette er på ein av dei få stiane som er snille å springe på, med tanke på stigning.

Det gjekk heilt greitt.
Eg måtte gå ein del, for her i Seljord er det jo ikkje så mykje terreng utan bakkar.
Men det er det ingen tidsfrist på Challenge'n.
Det er strekninga som skal tilbakeleggast, og det skal vera "trail", altså i terrenget.


Så eg må nok bruke all min kreativitet til å finne meg nye stiar og vegar å springe på her, viss eg ikkje berre skal springe fjellet opp og ned, det kan jo bli litt tøft i lengda.
Så det blir spennande.
I dag så er eg nok litt støl i låra, så eg ventar med løpeturen til kvelden.
Eg har ikkje laga meg noko plan heller for desse 160km, men eg finn vel ut om det.
Lukas var med på turen, og han er blitt mykje flinkare til å springe ved sida i band.
Sjå så flink gutten min er her! :)
Det blir ein litt kortare tur i kveld, sidan eg og Lukas skal på besøk til venner, og der kan det fort bli ein skogstur på eit par timar også.
Men spennande og inspirerande og motiverande er det!
Uansett om eg skulle koma i mål dette.

Er det nokon som blir med?

4 kommentarer:

  1. Jeg er med! Var litt heldig med timingen på denne challengen ettersom jeg debuterte i Stavanger Marathon lørdag. Fikk derfor en kjempestart og lå etter første dagen på 3. plass overall. Regner med at jeg faller langt ned på listen, men har tro på at jeg skal kunne samle nok kilometer. Må bare si stå på og god tur =o))

    SvarSlett
    Svar
    1. Oi så stilig!
      Ja eg trur eg fann deg på leaderboardet, ikkje vanskeleg, det er jo ikkje så mange frå Norge som er med.
      Eg er på plass 82 av 190 kvinner i alle fall, det synst eg er bra ;)
      Det blir spennande, eg har nemleg ikkje spesielt mange mil i beina dette året (leddbandskade etter fall på ski i februar bl.a.).
      Så er det som sagt stort sett bakkar her i Seljord, hadde vore lettare å samle mil på asfalt, men beina set nå pris på terreng.

      Ja stå på du også, og god tur vidare! :)

      Slett
  2. Hem.... jeg løp jo 15,2km i går i terrenget.... nesten så jeg vurdere å bli med ;-) Uansett veldig sprekt å delta!!! Digger innstillingen din og at du bare tørr å hoppe på; kult! Lykke til!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk!
      Ja Silja, bli med!
      Me 15km i terrenget har du jo kome like langt som meg, for i går blei det berre raske 5km. Sidan eg var på laaang skogstur først og det blei seint.

      Eg veit fortsatt ikkje heilt korleis eg skal få dette til, men tek ein dag om gangen ;)

      Slett