It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

tirsdag 30. oktober 2012

Min medisin er fysisk aktivitet.

Takk, Elisabeth, for at du minte meg på dette med eit av dine siste blogginnlegg!

For dikkøn som ikkje har lest på Elisabeths blogg, så står "Min medisin er fysisk aktivitet" på T-skjorter som ein fysioterapeutar går rundt med.
Fysio'n min inkludert.

Det er jo eit bra motto.
Det har blitt gjort mykje forskning rundt dette med helse og fysisk aktivitet.
Og det er vel ingen tvil om at fysisk aktivitet fører til bedre helse?

Noko som eg synst er fint med tanken på at fysisk aktivitet er min "medisin" er jo at metaforet inneber at ved riktig dosering så gir fysisk aktivitet helsegevinst.
For lite har for liten effekt.
For mykje blir overdosering.
Så kva som funkar for den enkelte, er jo forskjellig frå person til person.
Med all den deile nye snøen og det fine vêret blei det løpetur i dag!
Det som funkar av trening/aktivitet for meg, funkar kanskje ikkje for ein annan.
Eg synst ofte at det er slitsamt å ein tur når eg føler meg dårleg, sidan det er då mange av dei negative tankane kjem.
Ut på løpetur i det fine vêret! Herleg!
Og mange gonger kan ein løpetur føre til bedre humør og gode tankar.
Andre dagar blir løping berre stress, og ein lang tur er tingen.
Eller så har det bygd seg opp så mykje spenning i kroppen, at det er best med styrketrening.
Av og til treng eg berre fart og spenning, og då passar det beste med terrengsykling.
Nydeleg vintervêr i dag!
Den siste veka har eg fortsatt med opplegget mitt: trening etter innfallsmetoden, men fokus på løping og styrketrening:
Løpetur på 55min på asfalt på tysdag, løpetur på 45min i skogen på torsdag, og ein løpetur på 55min på asfalt igjen på fredagen.
Ei økt med styrketrening blei det også.
Skulle gjerne tatt to styrketreningsøkter, men det kan det jo bli denne veka.
"Yndlingsstien", dekka i nysnø.
Og denne veka er eg alt godt i gang!
I går trena eg styrke i over ein time, og i dag løp eg i skogen.
Sjølv om eg hadde tenkt å gje dei støle musklane mine litt restitusjon i dag.
Det var rett og slett alt for fint vêr til å la vera å løpe!
Godt eg var mykje ute i dag, så fint som det var!
Kva som skjer resten av veka, har eg ingen planar om, og det er herleg.
Eg likar innfallsmetoden.
Ellers håpar eg på at det kjem meir snø.
Det er riktig nok meldt regn denne veka, men det er lov å håpe.
Snobrettet mitt ventar nemleg på å koma ut...
Hm ja noko sånt ja, det hadde vore herleg!!
Dette bildet er ikkje meg, det har eg funne her.

onsdag 24. oktober 2012

"Motivation is what gets you started. Habit is what keeps you going."

Dette sitatet kom eg over i går.


Her er det TIMEX som brukar sitatet, men når ein googler sitatet, så er det brukt massevis iforskjellige samanhengar.
Bak dette sitatet står Jim Ryun, tidlegare løpar og politikar, som har skrive bøker om motivasjon, kvardagsheltar og løping.

Eg synst vel eigentleg at det er eit bra sitat, eller motto.
Det som eg har tenkt litt over i det siste, er jo kvifor det er så vanskeleg for mange å oppretthalde ein gode styrketreningsrutine. "Mange" inkluderar meg sjølv.

For meg så har treninga dette året vore veldig variert. Først pga leddbandskaden i kneet, der eg måtte først la skaden gro til eit nivå der kneet gjekk an å bruke, og så var det flyttesjauen i sommar etter ein ein strevsam vår med terapi.
Då ramla gode treningsrutiner litt i bakgrunnen.

Men dette har eg jo tenkt å gjera noko med!
Og nå, i den såkalla "prep-fasen" som det er for meg, så er det plass til å prøve ut forskjellige treningsrutiner, samt å belyse kva det er som gjer at eg er motivert, kva som dempar motivasjonen, kva er det som inspirerar, kva er det som funkar, er moro, gir god treningseffekt osv.
Treningsdagbok - om i papirform eller online -
det er lurt å føre treningsdagbok.
Ein del av dette er at eg har starta opp att med å føre treningsdagbok.
Og det er ikkje så dumt, det, både som oppslagsverk for den siste veka som var (eg har visst litt gullfiskhukommelse for tida - eg hugsar kva eg gjorde sånn i to-tre dagar, så er det borte), men også for seinare år.
Det er morsamt å lese  i dei gamle treningsdagbøkene mine!

Så nå ser eg at eg dei to siste vekene har faktisk hatt heile tre løpeøkter i veka.
Hurra!!!
Dette lovar godt.
Gode gamle NIKE Pegasus!
Og med knevarmar bretta ned - herleg  å kunne springe i 3/4 løpetights!
Og det var økter som ikkje var spesielt planlagt.
Eg har berre tenkt at: denne veka skal eg løpe tre gonger.
Og så har eg gjort det:

Veke 41: 
Tysdag: løpt 9,5km
Fredag: løpt 7km
Søndag: løpt 7km

Veke 42:
Tysdag: løpt 6,5km
Torsdag: løpt 5,6km
Søndag: løpt 9,5km
dessutan så har eg hatt to styrkeøkter denne veka, måndag og laurdag.
"Dumbbell Rear Deltoid Raise"
er ei øving som styrkar bakre skuldermuskelen. som eg gjer.
Eg skal fortsette med dette.
Dessutan skal eg gjera styrketrening til ein god vane.
For då slepp eg kanskje å hente fram motivasjon kvar einaste gong?
Spennande...
Det ser ut som Lukas set pris på løpeturane han også!

søndag 21. oktober 2012

Kva motiverar til styrketrening?

Dette har eg lurt på heile denne veka.
Det har seg slik at eg får kommentarar/komplimentar på at eg er "flink til å trene styrke".
Men så trenar eg mykje mindre styrke enn det eg skulle ønske.
Det er merkeleg, dagane går ofte fort, og så er veka omme, og eg har ikkje trent styrke ein einaste gong, men tat meg tid til både sykling og løp.
For å få plass til styrketrening denne veka, så begynte eg derfor med ei styrkestreningsøkt på måndag.

Dagen etterpå kjendte eg godt at dette hadde eg ikkje hadde gjort på ei god stund.
Stiv og støl i rygg og nakke var eg, og spesielt armane.
Og skuldrane.
Så det var definitivt bra at eg la inn denne økta!

Dagane etterpå var det lett å få på plass dei planlagde løpeturane.
Det var jo berre å kle på seg treningstøy og koma seg ut og løpe?
Og det var det også.
Eg løp altså ein tur på tysdag, gjekk ein times tur på onsdag, og løp ein time på torsdag, og gjekk tur igjen på fredag.
Rosa himmel er noko ein kan oppleve på løpetur, men ikkje når ein trenar styrke -
med mindre  ein trenar foran eit stort vindu?
Men i går blei eg usikker.

Eg hadde godt kunne løpt meg ein tur, men så hadde eg vore på stranda med Lukas tidlegare på dagen, og kjendte derfor ikkje det store behovet for meir frisk luft.
"Eg burde trene styrke", sa eg til meg sjølv.
Men burde er ikkje eit ord som motiverar spesielt, ikkje sant?

"Det hadde vore godt å trene styrke i dag", tenkte eg så, "ryggen min er i ferd med å stivne, og styrketrening pleier å hjelpe" sa eg til meg sjølv, og kjendte at eg dette trudde eg meir på.
"Eg treng nok meir styrke i mage/rygg, der kjenner eg at det manglar når eg er ute og løper" var også eit godt argument.
"Styrketrening aukar muskelmassen og auka muskelmasse fører til høgare forbrenning og finare kropp", ja dette var absolutt ein tanke som gjekk rett heim hos meg.
Hadde ikkje vore dumt å hatt så fine veldefinerte musklar?
(Bilde: iStockphoto/Jacom Stephens)
Til slutt så huka eg tak i ein av dei gode tankane, skifta til treningstøy og trena styrke.
Det vanlege programmet mitt, for å gjera det enkelt.
Og godt var det jo.
Det kjendest faktisk godt.
Den svampete følelsen i kroppen veik etterkvart for følelsen av styrke og elastisitet og smidighet, og det var i alle fall ein god følelse.
Push-ups på kne. Hugs polstring under knea.
Synst denne øvinga er eit fint alternativ til klassisk push-ups i starten.
Så når det kjennest så godt å trene styrke, kvifor er det så vanskeleg å sette i gang med denne styrketreninga?
Det er ikkje meir tungvint å trene styrke som å løpe ein tur, spesielt når alt utstyret som trengst er klart heime, eller?
Mens eg løfta manualar, tok push-ups og granska utføring av øvelsane i speilet med god musikk og drikke lett tilgjengeleg så funderte eg fortsatt over desse spørsmåla.

Og eg har ikkje funne noko gode svar.
Antagelegvis så er dette svært individuelt.
Men likevel, så er det ein trend blant dei eg møter som trenar utholdenhetsidrett som løping, sykling eller triatlon: styrketrening er forsømt.
Ikkje med vilje.
Dei fleste ønsker faktisk å trene meir styrke.

Så kva er grunnen til at det er så vanskeleg å fått trent styrke?
Dette skal eg jammen fundere litt meir på.
Med godfølelsen av å ha trent styrke denne veka heile to gonger skal det vera lett å nyte søndagen.
Mens eg fundere vidare over dette:
Kva er motivasjon for å drive med styrketrening?
Hm.... eg lurar.
Viss du hadde blitt like sterk og glad (og vill) som Pippi, ville du da trent  meir styrke? 

tirsdag 16. oktober 2012

in·spi·ra·tion

Eg fann ingen god definisjon på inspirasjon i norske ordbøker, men så fann eg dette her på engelsk, og synst det dekkar det veldig bra:
  1. Stimulation of the mind or emotions to a high level of feeling or activity.
  2. The condition of being so stimulated.
  3. An agency, such as a person or work of art, that moves the intellect or emotions or prompts action or invention.
  4. Something, such as a sudden creative act or idea, that is inspired.
  5. The quality of inspiring or exalting: a painting full of inspiration.
  6. Divine guidance or influence exerted directly on the mind and soul of humankind.
  7. The act of drawing in, especially the inhalation of air into the lungs.
Spesielt definisjonen under punkt 1 passar meg veldig bra, når det gjeld trening.
Eller så ville eg omformulert det til: "Stimulation of the mind or emotions to a higher level og feeling or activity."

Etter at eg følgde med på live-sendinga frå Ironman World Championship (som forresten ikkje var første gong det blei sendt, som eg skreiv i forrige innlegg), blei eg utruleg inspirert!
Der var det superstemning heilt til den siste deltakaren kom i mål.

Det er nesten som om stemninga blir berre bedre og bedre når midnatt nærmar seg.
På ein full ironmandistanse der det er cut-off tid på 17timar, så har jo dei deltakarane som kjem i mål til slutt halde ut i mange mange fleire timar enn dei "raske".

Og det er så tøft. At det blir laga fest for desse. Det er ingen skam å bruke lang tid på å koma i mål.
Siste deltakar i år var Harriet Anderson, 77 år:
Klikk på bildet, så kjem du til sida der du kan sjå Harriet Anderson koma i mål.
Midnatt på Hawaii betyr klokka 12 midt på dagen her i Norge, og etter at eg hadde sett på den siste timen av Ironman på Hawaii på søndagen, så fekk eg så lyst til å springe eg også.

Ute var det riktignok skikkeleg haustvêr, masse vind og litt yr iblanda snø, men då eg først hadde kome meg ut, var det mindre ufyseleg enn det hadde sett ut gjennom vinduet.
Det er skikkeleg haust!
Eg valgte meg ein liten motbakke gjennom skogen, opp mot lysløypa her i Seljord.
Der er det ly for vind, og i skogen så synst eg uansett ikkje at det gjer så mykje om det er litt "dårleg" vêr. Dessutan var eg godt kledd.

Dagsformen var heilt ok, motbbakken var som forventa litt tung, men det kjendest overkomeleg, og Lukas fekk springe fritt, og det er deileg, og då eg såg på klokka på toppen hadde eg brukt ca 28 minuttar, og det er berre nokre få minuttar lengre enn om eg hadde sykla opp.
Joda, beina var ganske sterke i dag, ja :D
På veg ned valgte eg meg ein sti gjennom skogen, for å sjå om denne gjekk an å sykle ned ein dag, men her var det bratt og glatt og gjørmete, så eg trur syklinga her står eg over til neste sommar. Det var glatt nok å jogge ned.
Eg skal halde meg på grusvegen neste gong,
Lukas er blitt ganske flink til å halde seg nærme meg på løpeturane, men eit par gonger blei han litt lengre borte enn det eg likar. Men då han kom ut av buskasen, skjønte eg grunnen til dette: han bar på eit digert kjøttbein!
Og han var så fornøydd!
Lukas kosar seg med elgbein.
Eg hadde nesten ikkje hjartaet til å ta det frå han igjen, så han fekk gnage litt og bere det eit lite stykke ned, men så fekk det halde.
Bein er ganske tungfordøyeleg, og Lukas har følsam mage, så det fekk vera nok med ein liten smakebit.
Vidare på løpetur. 
Etter ein god time hadde me kome oss heim att, og det var utruleg deileg med ein varm dusj da.
Lukas krølla seg saman på sofaen nesten med det same.
Av og til er det jo ikkje nødvendigvis følelsen på sjølve løpeturen som er god, men dusjen og maten og avslappinga etterpå. Men dette kjem jo litt an på type treningsøkt.
Harde intervall på banen set jo gjerne ein stoppar for matlysten ei stund, men ein roleg løpetur i ruskevêr inviterar jo til te og mat og stearinlys og avslapning etterpå!

Blant venner fekk eg seinare høyre om fleire "tilfelle" av spontan inspirasjon og etterfølgande aktivitet etter Ironman Hawaii.
Kult!

lørdag 13. oktober 2012

Ironman World Championship 2012 på Hawaii er i gang!

Og det er for første gong livestreaming.


Ca.2000 triatletar er i gang og svømmer 3,8km  i det krystallklare vatnet ifrå Kailua Koan Pier på Big Island, Hawaii...
for så å sykle 180km og springe maraton, 42,2km.

Viss de vil ta ein titt, så klikk på bildet, så burde de koma dit:

Bildet er frå Profile Design og visar svømmestarten.

Nå skal eg kosa meg med å følge med på IM på Hawaii resten av kvelden, og la meg inspirere.
Og sidan cut-offen for heile Ironman og dermed siste deltakar kan koma i mål om 17timar, så blir det Ironman TV både i kveld og i morgo.

Spennande!
Ein dag skal eg au dit.
Men sidan årsklassene går frå 18-24 heilt opp til 80+, har eg vel fortsatt god tid igjen.

Treng ikkje heilt sprette opp og sette meg på sykkelen i kveld, når eg har så god tid.
Drømmer skal ein ha :)

torsdag 11. oktober 2012

Swim, bike, run, play!

Når eg er inne på reine løpebloggar, så slår det meg at mange slit med skadar.
Og haldninga, som ofte blir "Ja det er sikkert tretthetsbrudd der, så då skal eg vel ikkje løpe kvar dag, men har ein dag pause i veka" eller "Legen sa ingenting om løpeforbud, så då kom eg meg ut og sprang ei mil same kveld."
Ja det er ikkje lett å la vera å trene/trene riktig når ein er skada.
Men eg er heilt sikker på at det alltid finst ein form for veleigna alternativ trening ein kan drive med når det oppstår ein skade, spesielt når skaden har oppstått pga av einsidig overbelastning.

Heldigvis så skal det ganske mykje til for at ein får ein skade pga av einsidig overbelastning når ein driv med triatlon. Ein skal tross alt både svømme, sykle og løpe heile tida.
Og gjerne trene litt styrke i tillegg.
Og då blir treninga allsidig heilt av seg sjølv!


Triatlontrening er ingen garanti for skadefrihet, men samanlikna med meir einsforma idrett, så trur eg at triatletar har virkeleg ein fordel her.
Så i dag har eg igjen satt meg på sykkelsete.
Først så skulle eg berre ut og løpe, sidan eg då samtidig ville fått lufta Lukas i same slengen.
Men så hadde eg virkeleg meir lyst til å sykle.
Det var så nydeleg haustvêr i dag også, og det var lenge sida eg hadde sykla.
Terrengsykling i strålande haustvêr.
Sidan Marvilen (racersykkelen min) fortsatt står i kjellaren hos ei venninne av meg, så blei det Hardrocx'n som skulle ut.
Det blei berre ein kortare tur, 50min til saman, i motbakkar med til saman 300m stigning.
Og deileg var det!
Det er kjekt å kunne trene høg intensitet utan at det blir for stor belastning for beina.
Hard sykling er likevel "snill" trening for beina.
Motbakkesykling, kortbukse måtte til, så varmt  blei det!
I går var det også fint vêr, og då blei det laaang rusletur med Lukas. Me var ute i nesten to timar, møtte venner undervegs, og kosa oss.
Stranda ved Bjørgesanden er fin å vera på, også om hausten.
Lukas badar ved Bjørgesanden.
Vatnet var så klart og lys honningfarga at det virkeleg frista med ein liten svømmetur.
Og sjølv om eg hadde tatt med svømmetøy, eg trur nok det hadde blitt litt i kaldaste laget nå.
Vatnet ser jo så fristande ut!
Fint.
Men Lukas fekk svømt, og leika med pinnen sin, og storkosa seg.
Det er utruleg kva litt sandstrand og innsjø kan utrette for humøret, både hos meg og Lukas.
Lukas legg ut på svøm etter ei pinne.
Etterpå blei det leik med pinnen på land.
Såå moro!  
Jaja, våtdrakta er jo enda ikkje pakka bort, den heng alltid klar til innsats (den skal jo oppbevarast hengande, den, så den er alltid klar), kanskje viss eg hadde kledd meg veldig godt under drakta?
Det hadde jo vore moro å svømt med Lukas om kapp etter pinnen?
Nemleg. Leike er viktig.
Lukas har skjønt dette, men har vi det?
Altså, folk har jo svømt i kaldare vatnet enn Seljordsvatnet om hausten...?
Dette fristar, absolutt!
Sånn er det å drive med triatlon, det er alltid noko aktivitet ein kan la seg friste av :)

onsdag 10. oktober 2012

Fysisk aktivitet og angst-eit eksperiment på meg sjølv

Mange blir ramma av angst i løpet av livet sitt.
Men mange er ikkje klar over kva angst eigentleg er for noko.
Eg sjølv har aldri skjønt kva angst er for noko, sjølv om eg har hatt det til tider.

For å vera tydeleg: eg har ingen konkret diagnostisert angstlidelse, for meg er angst meir symptom at noko er galt (kaos i systemet liksom).
Eg opplever, som mange andre, tilstandar av angst, i svakare eller sterkare utgåver.

Sidan eg ikkje greier å gje ein god nok omskriving av angst, skal eg heller la ekspertane kome til ord, og gjengje ein definisjon av angst, slik som Egil W. Martinsen gir i boka "Aktivitetshåndboken - fysisk aktivitet i forebygging og behandling" utgitt av Helsedirektoratet i 2008:


"Angst består av et bredt spekter av følelser, fra engstelse og uro til redsel og panikk. Angsten følges av kroppslige symptomer, som er tegn på overaktivitet i det sympatiske nervesystemet: pustevansker, hjertebank, svette, svimmelhet, illebefinnende samt symptomer på spenninger i muskulaturen, for eksempel skjelving og rastløshet. I tillegg opplever de fleste bekymrings­ og katastrofetanker, og atferden kjennetegnes av unngåelse og tilbaketrekning. Angst har en overlevelsesfunksjon, men kan bli dysfunksjonell ved feil læring eller en biologisk betinget økt sårbarhet. Begrepet angst brukes også om normale følelsesmessige reaksjoner ved store påkjenninger, og det er en bred gråsone mot sykelig angst [...]"

Høyrest ikkje spesielt koseleg ut, eller kva?

Angstsyndromen kan delast inn i følgjende kategoriar, etter DSM-IV:
  • panikklidelse
  • agorafobi
  • sosial fobi eller sosial angstlidelse
  • spesifikke fobier
  • obsessiv-kompulsiv lidelse (tvangslidelse eller tvangsnevrose)
  • posttraumatisk stresslidelse
  • generalisert angstlidelse
Ein skil vidare mellom situasjonsangst (state anxiety) som gir uttrykk for tilstanden i det aktuelle øyeblikk, og den mer karakteravhengige eller personlighetsrelaterte angsten (trait anxiety).

Det som skjer meg av og til, er at det oppstår situasjonsangst (state anxiety). Det kan vera mange ting som utløyser dette, tankar, hendelser, eg har ikkje heilt funne ut kva konkret det kan vera.
Og sidan eg ikkje kan finne heilt ut om årsaken til denne angsten, fokuserar eg heller på kva eg kan gjera med den, med andre ord:

Korleis skal eg bli kvitt angsten, eller dempe den, eller kome meg igjennom den?
Går det an å løpe frå angsten, tru?
I går var det superflott haustvêr, og eg lurte på kva eg skulle finne på. 
Blå himmel, sol, lite vind, nydeleg temperatur, og eg hadde nesten heile dagen til disposisjon.
Då eg hadde satt meg ned og lurte på kva turar eg kunne ta, så kjendte eg angsten koma.
Merkeleg.
Det som først begynte med mange moglegheitar, blei etterkvart meir og meir snevert.
Tvangsgrubling/ambivalens er det også noko som heitar, når ein ikkje får tatt eit valg og same tankar kverner om att og om att og ein ikkje kjem seg ut att, og tida går, og det var det var i ferd med å oppstå.
Hos meg så kjenner eg også at det blir "støy" i hovudet. Det er som om tankane mine slåst mot einannan, sjølv om dette ikkje er høyrbart eigentleg. 
Tenk deg ei treg datamaskin. 
Den går utruleg tregt fordi det er altfor mange prosessar som køyrar i bakgrunnen, du kan faktisk høyre at ho slit med å bearbeide det du tastar inn. 
Og viss du berre fortset å bombardere datamaskina med informasjon, så vil den til slutt henge seg opp.
Restart in safe modus?
I går var vêret altfor fint til at eg skulle gå i stå og sitte i timesvis inne, handlingslamma og med aukande frustrasjon. Uansett kor mykje eg prøva å finne ut om kva eg skulle finne på, angsten var der.
Til slutt tenkte eg at  - nå - er det nok - nå skal eg prøve dette med fysisk aktivitet osv, eg skal koma meg ut og LØPE, og eg skal ta ein runde som eg har tatt mange gonger, ikkje noko superopplegg og fjelltoppar, berre ein god, klassisk roleg løpetur.

Det er nemleg heilt merkeleg, når angsten ikkje er så sterk, så kjenner eg at den er der, men eg kjem ikkje ut av den. Eg kjenner behovet for å "slå av" hovudet mitt, for så slå det på att.
Akkurat som den datamaskina som har hengt seg opp. 
Restart.
Det er ein litt skummel tilstand, nemleg, som hos meg fort kan eskalere ut i sterkare angst, frustrasjon, sinne, destruktivitet, panikk, osv.

Så "av-og-på-knappen" blei ein løpetur.
I sånne situasjonar kan eg ikkje planlegge spesielt mykje, eller velge kva løpetights eg skal ha på, då risikere eg å sabotere mitt eige tiltak.
Så eg måtte berre kle på meg i full fart, ha med meg det viktigaste (kle, mobil, nøkkel, og Lukas) og koma meg ut.

Og korleis gjekk dette?

Ganske bra.
Etter berre 10minutt motbakke kunne eg sleppe Lukas laus på eit jorde, og me sprang om kapp. Så fann Lukas ein fotball (utruleg, anar ikkje kor han fann denne hen, det var langt til neste hus), og me sparka litt ball.
Lukas fann ein ball! Lykke!
Så gjekk løpeturen vidare oppover mot Kivledalen, først på den iskalde, trekkfulle, skyggelagt sida av dalen, og så over på andre sida ut i SOLA!
Frå skyggesida (til høgre) over mot solsida (til venstre) i Kivledalen.
Det var herleg å springe på grusvegen med den fantastiske utsikten, me møtte ikkje ein einaste bil, der var bekkar der Lukas kunne bade, herlege haustfargar og gode luktar av lauv og fuktig jord og tørt gras, himmelen mot fjellet var knallblå, sola glitra gjennom tre og greinar, fjelltoppar lokka i det fjerne...
Nydeleg å springe på tørr grus med fint utsikt!
Beina var gode å springe på, grusen gav ein herleg knaselyd mot dei gode nedslitte Nimbus-skosålene mine, og fotomotivene stod i kø ved sida av vegen.
Nimbus'ane mine er 4år gamle og har løpt maraton og gjennomført ein Ironman -
dei kosa seg ute på tur!
Sjekk den blå himmelen! Herleg!
Til og med i halvskyggen er det fint!
Kva er det som gjer at haustfargar er så fine, tru?
Uansett, her var det fint å springe!
"Drikkestasjon" langs vegen.
Nydeleg utsikt som alltid, frå Venås utover Seljordsvatnet.
Heile turen inkludert 10min ballsparking og 15min solbad ved hytta i skogen gav til saman 2t på beina, 9,6km og 469m stigning og nedoverløp. 
Og mange bilder.
Og stillhet i hovud og sjel.
Små øyeblikk av ro.