It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

mandag 28. januar 2013

Sjuk

"Depresjon er en tilstand som er karakterisert ved redusert stemningsleie, nedsatt lyst og interesse og økt trettbarhet. Det er en sykelig tilstand som ikke grunner i latskap, personlig svakhet eller mangel på evne til å ta seg sammen."
--> Norsk Helseinformatikk, "Depresjon, en oversikt"


Det har vore så utruleg tungt i det siste.
Hovudet mitt er fult av negative tankar og tungsinn og rare tankar, og eg har prøvd så godt eg kan å kjempe imot dette.
Men av og til kan dette faktisk gjera det heile verre.
Det er som om eg har havna i eit gjørmehull og prøvar å koma ut av det ved å prøve hardt, og kave, istadenfor å behalde roen, akseptere situasjonen og be om hjelp.


Og dess meir eg kavar, dess fortare synkar eg ned.
Viss eg held stille, og held ut, går det litt saktare.
Men då må eg først bli klar over at eg står fast.
Dersom eg trur at det er berre ein "dårleg dag",
og prøvar alt eg kan for å få kvardagen til å gå rundt, då blir det verre.

Eg kavar.
Fordi eg ikkje skjønner at det er så mange ubevisste negative tankar som spinner rundt i hovudet mitt.

Eg er dessverre ikkje i stand til å beskrive det på ein bedre måte.
Symptomene eg opplevar er heilt klassiske for ein depresjon/depressiv episode.

Nedanfor kan de lesa om kva Norsk Helseinformatikk skriv om depresjon:


Definisjon av depresjon


Tilstanden skal ha vart i minst 2 uker og den skal ikke være et direkte resultat av kroppslig sykdom eller rusmisbruk. Du skal ha minst to hovedsymptomer:
  • Depressivt stemningsleie
  • Interesse- og gledesløshet
  • Energitap eller økt trettbarhet
Andre symptomer kan være:
  • Redusert konsentrasjon og oppmerksomhet
  • Redusert selvfølelse og selvtillit
  • Skyldfølelse og mindreverdighetsfølelse
  • Triste og pessimistiske tanker om fremtiden
  • Planer om, eller utføring av, selvskade eller selvmord
  • Søvnforstyrrelse
  • Redusert eller endret appetitt

Mild depresjon

Du har to hovedsymptomer og minst to andre symptomer. Ingen symptomer har alvorlig grad. Du kan vanligvis fungere med noen vansker sosialt eller i arbeid.

Moderat depresjon

Du har to hovedsymptomer og minst fire andre symptomer. Flere symptomer har alvorlig grad. Du fungerer vanligvis ikke sosialt eller i arbeid.

Alvorlig depresjon

Du har alle tre hovedsymptomene og minst seks andre symptomer. Flere symptomer har svært alvorlig grad. Du kan ikke fungere sosialt eller i arbeid, og har ofte problemer med daglige personlige gjøremål.
(Frå Norsk Helseinformatikk, www.nhi.no)
Eg opplevar alle tre hovedsymptom og dessverre også dei fleste andre symptom, bortsett frå synsforstyrrelsar.
Det er ille nok som det er, og derfor skal eg ikkje skrive meir om det.

Eg har trent og mosjonert lite den siste veka.
Det var ein dag då eg tenkte at eg burde trene til tross for at eg ikkje orkar, og det blei ein løpetur ut av dette.
Men eigentrening krev faktisk mykje organisering og tolmodighet for eit slitent og deprimert hovud!

I går var eg i bakken på snowboard i med venner, då letta det ørlitegrann mens eg heldt på.
Men så var det faktisk like ille igjen etterpå! :/
Det er som om eg har synke for langt ned i gjørma, slik at eit par timar samvêr med venner ikkje er nok for å dra meg heilt ut....

Beklagar så mykje tungsinn i dette innlegget!
Det går over, seier dei.
Og det gjer forhåpentlegvis det.

Ha god trening alle saman så lenge! 
Håpar dikkøn er lettare til sinns enn det eg er!


søndag 20. januar 2013

Frostbitt!

Nå har det vore nokre dagar der det har vore ganske kaldt ute.
Og eg har greidd å ta knekken av eit par-tre potterplanter som stod nærme vindu då eg skulle lufte leiligheten.
Men nye planter er det å få kjøpt, men kva med forfrosne kroppsdelar?
F.eks. tær?

Heldigvis så er ikkje reservefingrar og -tær å få kjøpt rundt omkring, men då gjeld det også å passe enda betre på dei kroppsdelane ein har.
Men like tankelaus som eg var med potteplantene mine, så lot eg faktisk forfryse tre tær i går då eg var på tur!

Ein venn av meg ringte og hadde lyst på tur i skogen, og ute var det knallblå himmel og solskinn og ja da, kaldt var det også, men det er jo berre å kle seg deretter, ikkje sant?
Det gjekk litt fort i svingane og kompisen min stod foran døra ganske fort og eg hadde akkurat pakka ferdig sekken med termos og matpakke, og kledd på meg, og så mangla det berre sko.
Jepp sko, ikkje støvlar!

Altså eg meiner, hallooo?
Det er snø ute, me skulle i skogen, det er 12-13 blå ute, då er det kanskje lurt med varme støvlar framfor løpesko, ikkje sant?
For sjølv om Goretex-membranen og membra/ullsekkar held fuktighet vekk frå føtane, så er det lite isolasjon  i terrengløpesko mot den kalde snøen me vassa i.
Dessutan gjekk me saktare enn det eg er van med, dvs eigentleg gjekk me ganske raskt, det var berre pausane der me stod stille som var problemet.
For ikkje å snakke om "lunsjpausen" på toppen.

Plassen i sola hadde fin utsikt, men det var utruleg trekkfult og kaldt.
Me fann ein annan plass men der var det eigentleg like kaldt.
Det var kaldt overalt.
Og eg begynte å miste følelsen i fingrane.
Og blei iskald på føtane.
Så gjekk me vidare, og dermed blei det meir vassing i snøen.
Dei siste solstrålene...og heldivis ein velbrukt ski med lite snø.
Nå hadde eg mista følelsen i alle tærne på begge føtane og dei fleste fingrane.
Eg føreslo ein liten eittminutts-spurt for å få blodomløpet igang etter pausen, og det funka i alle fall for at eg skulle få følelsen tilbake i fingrane.
Så var tilbaketuren berre nedoverbakke, og sjølv om eg ikkje fraus ellers på kroppen, så fekk eg ikkje følelse tilbake i føtane før ei stund etter at eg hadde kome heim att, til saman kanskje i ein time.

Og slik sår tærne mine ut då eg kom heim:

Dei kvite flekkane var stive og heilt følelseslause og kunne
bevegast  mot det underliggande vevet - urg.
Det var verst for venstre fot. Der har det alltid vore dårleg blodsirkulasjon.
Spesielt i minstetå (den er nemleg litt skeiv). Pussig nok var denne fortsatt ok.
Eg meinar å hugse at det er ein "tradisjon" i familien min å forfryse tærne.
Me gjekk nemleg veldig mykje på skøyter på isen, og gjerne i smale trange kalde kunstskøyter der tærne hadde liten plass.
Barndomsminner.
Det var ganske smertefullt å få tint tærne mine, sjølv om eg tok meg god tid.
For ein skal ikkje varme opp forfrosne kroppsdelar raskt, ellers kan frostskaden bli verre.
Men eg varma opp og betrakta tærne mine håpa eg berre at det ikkje var sånn annangradsforfrysning, der det blir blemmar ved opptining.
T'ærne i høgre foten var også utan følelse, men ikkje forfrosne.
Ææææsj, tenk dette, få sånne blåsvarte blemmer på føtane, eg hadde mest sannsynlegvis svimt av, trur eg :D
Men det gjekk bra,
blodomløpet var i gang att etter ein halv time kanskje.
Heldigvis.
Sjølv om eg kjenner faktisk i dag også at tærne på venstre fot er kaldare enn på høgre fot (men det er heilt etter læreboka).

Så folkens, pass på føtane og kle dikkøn godt i kulda!
Det er heldigvis blitt mildt igjen i dag, og eg syntest faktisk at den eine kuldegraden nesten kjendest varmt!

For meir informasjon om frostskader, så har bl.a. Norsk Helseinformatikk gode råd.


---> Men for all del, ikkje søk "frostskade" på Google og sjå på bilder.
Der er det mange stygge bilder, og etter at eg har sett på nokre av dei, skal det vera ganske lett å kle meg godt på beina neste gong eg er på tur altså :D

mandag 14. januar 2013

K-Swiss Kwicky Blade Light - mine nye løpeskø er her!

Det er fint å få pakker til jol, men det er nesten enda finare å få gaver etter jol, spesielt når ein veit kva ein får, og når ein har ønska seg det leeenge!

For nokre dagar tilbake fekk eg pakke i posten, med nye løpesko.
Det er kanskje ikkje høgsesongen for innkjøp av nye løpesko, men det er jo akkurat derfor det er så mange tilbod rundt omkring.
Og sidan eg er ganske god til å tråle gjennom nettbutikkar, så snubla eg over desse her ein dag før jol:
K-SWISS Kwicky Blade Light
Eg har eit par K-Swiss sko frå før, som eg så langt har reservert til innebruk, og sidan det ikkje har blitt mølletrening på meg gjennom hausten og vinteren, så skal egikkje uttale meg meir om desse foreløpig.

Men desse skoene er såpass utruleg behagelege på foten at eg absolutt måtte ha dei.
Kwicky'n er utruleg lett og fleksibel, og den har eit sømfritt indre, noko som gjer den god å ha på foten, også utan sokkar (f.eks. på ein sprint- eller supersprinttriatlonkonkurranse der kvart sekund tel, og å ta på seg sokkar i T2 kan jo ta nokre sekund ekstra).

Dei er gode også utan sokkar.
Så eg var heldig som fanne desse, og i desse utruleg fine fargane!

Så herleg med heilt nye løpesko rett frå eska!
Eg gledar meg veldig til å prøva dei meir.
Er derimot utsikker om eg skal utsette desse flotte sko for snø og is og salt...
Fine fargar, god passform, behageleg og lette.
K-Swiss Kwicky er ein lett konkurranse/lettvektssko, som eg mangla blant mine sko (i alle fall i den grad at det var forsvarleg å investere i eit nytt par :D)
I størrelse 39 veg dei lette 225gr.

Dei har eit vannavvisande ytre og dreneringshol i solen (kjekt på triatlonkonkurransar som halvironman og ironman om sommaren, der det er satt opp dusj så ein ikkje unngår å bli våt på beina, men spring du gjennom ein sølepytt, vil jo vatn trenge inn).
Kwicky'n er best eigna for asfalt eller lette stiar.
Det som eg likar godt ved K-Swiss skoene er, at dei rett og slett passar så godt på føtane mine.
Dei sit nesten som ein god sokk.
Dei er forholdsvis breie framme, og det passar meg bra, sidan eg har heller breie enn smale føter. Kanskje ikkje så pent med breie føter, men det er faktisk ganske kjekt når ein skal svømme fort, hehe.
Kwicky passar best for litt breie føter, trur eg. Bra for meg :)
Ein liten morsam ting er ein liten dings av gummi bak på hælen som gjer at det går fortare å få på seg skoene - om ein f.eks. er seint ute med løpeturen, må springe etter bikkja som har stukke av (Lukas er rask) eller kanskje mest med tanke på rask skifting i T2 frå sykling til løp.
Praktisk. (Ååå så er den så fin ja!!!!)
Viss nokon er meir interessert i vite korleis Kwicky'n er ute på vegen, og etter lengre tids bruk, så anbefalar eg å lese denne gode omtalen skrive av Allan, som ein kan finne her.
Velskrive og informativt som alltid, og innlegget til Allan gjorde at eg til slutt bestemte meg for å bestille Kwicky'n.

Eg ser i alle fall fram til å bruke dei nye skoene.
Forhåpentlegvis litt meir enn dei fem minuttane eg bruka dei på oppvarming til styrketreninga i dag...

søndag 6. januar 2013

Fem om dagen - nokon som klarar dette?

Som eg sa tidlegare: det blir ingen nyttårsforsett.

Men så har eg tenkt at det er ein del ting eg burde ta tak i, og kanskje er begynnelsen av eit nytt år ei god anledning til å koma i gang.
Det som er har slurva mykje med dei siste året, er maten.

På grunn av nesten konstant kvalmefølelse har eg i periodar måtta ty til skikkeleg junk food.
Små pakker med nudlar, brus, eg maula pålegg, sjokolade, osv, berre det gjekk ned, var det greitt.
Eg har vore flink til å ete grønsaker tidlegare, men dei siste åra så er det blitt så vanskeleg!
Det kjennest nesten uoverkommeleg å få i meg noko sunt, bortsett frå juice og frukt.

Så var det fem om dagen, som Helsedirektoratet anbefaler.
Det virkar i alle fall som eit enkelt opplegg å følge.

Det står nok informasjon på nettsida til fem om dagen kva dette inneber, men kort sagt betyr det å få i seg fem porsjonar av grønsaker og frukt om dagen, halvparten frukt, halvparten grønsaker, og det skal vera fem forskjellige frukt/grønsaker.
Porsjonstørrelsane skal tilsvare det som får plass i handa di - og DET er da ikkje så mykje?
Pporsjonane skal vera rundt 100gr.
Så lite er ein porsjon tomat.
Meir bilder finn du på nettsida til5omdagen.

Hm.
Det høyrest såpass overkomeleg ut at eg skal prøve dette!
Akkurat sånne små cherrytomater er jo veldig godt, så dei kan eg godt ete dagleg, faktisk!
Sånne gule cherrytomater er jo fantastisk gode!
Ei tomat veg ca 10gr, og 10 slike er det lett å få i seg :)

Det gjeld på finne ut kva ein likar. Eg synst purre er godt.
Dette var min porsjon nr. fire av fem om dagen i går.
Når det gjeld samanheng mellom trening og kosthald er det forskjellige meiningar.
Det virkar innlysande at eit sunt kosthald påvirkar yteevnen positivt, ikkje sant?
Men forskning har faktisk ikkje kunne bevise akkurat dette, men heller ikkje det motsatte.

Det ser ut til å vera meir innvikla.
I ei av Joe Friels triatlonbøkene skriv han at det tydar på at kosthald ikkje har nevneverdig fysiologisk positiv effekt på yteevnen hos yngre triatletar, mens det har større effekt på eldre atletar.

Uansett, nå skal eg prøve å få i meg fem om dagen framover, så ofte eg får det til.
Andre som har erfaring med dette?
Er det lett å få i seg fem om dagen?

Bildet er rappa frå matportalen - ser jo deileg ut dette?