It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

lørdag 27. juli 2013

Ulveslåsskamp!

På den siste samtalen min før sommaferien min fekk eg eit fargerikt bilde med ein liten forteljing på av terapeuten min. Noko å fokusere på og fundere over gjennom sommaren, liksom.
Teksten hadde eg sett før, men eg hadde vel aldri gjort meg då mykje tankar rundt den.
Men når det er sommarferie og det er varmt og solskinn, så føler eg at det vante livet tek ein liten pause, og fraværet av vante rutiner gjer at det blir lettare å opne seg for nye tankar:

En kveld satt en gammel indianer og snakket med sitt barnebarn. Han fortalte ham om en kamp som foregår inne i oss mennesker.
Han sa, «Gutten min, det foregår en kamp mellom to ulver inni oss alle.»
«Den ene ulven er ond. Den representerer sinne, misunnelse, sjalusi, anger, grådighet, arroganse, selvmedlidenhet, skyld, bitterhet, mindreverdighet, løgner, falsk stolthet og ego.»
«Den andre ulven er er god. Den representerer glede, fred, kjærlighet, håp, ro, ydmykhet, godhet, velvilje, empati, generøsitet, sannhet, medlidenhet og tro.»
Barnebarnet tenkte på dette i noen minutter før han spurte bestefaren «Hvilken av ulvene vinner kampen?»
Den gamle indianeren så alvorlig på barnebarnet og svarte, «Den du mater…»

Eg anar ikkje kor hen denne teksten stammar fra, opprinneleg, den er sitert på så uendeleg mange nettsider og bloggar og i sosiale medier.

Eg må innrømme at det er ganske utfordrande å mate "riktig ulv" til tider.
Dvs, eigentleg så er det faktisk lettare å mate riktig ulv enn å la vera å gje den onde.
Den onde ulven er vel slu nok til å nappe til seg alt den kan få, mens den gode eer meir som ein veltrent godmodig hund som ventar pent på ein liten matbit?

Den siste tida har eg prøvd å mate den gode ulven. Regelmessig.
Nå kan ein jo prate og tolke mykje rundt slike metaforer.
Men viss eg altså gir den gode ulven nokre få matbitar i form av godhet, fred, empati og velvilje, så vil vel også dei andre sidene av den blir styrka?

Altså dei sidene som eg synst er vanskelegare å få til. Håp, for eksempel, og glede, som har stått noko svakt hos meg dei siste åra.

Men - eg skal fortsette med å gje mat til den gode ulven i meg, slik at den onde blir så svak at den sluttar å krangle.

(Hm altså slik dyreelskar som eg er så er eg fortsatt kritisk til å la ein ulv gå sulten altså. I min variant av denne vesle historia så vil nok den onde ulven bli god, slik at den også kan få mat. Stakkars ulv liksom).



onsdag 17. juli 2013

Postrace recovery

Sist søndag, dag 7 etter IM 70.3 Haugesund, var eg ute og jogga ein liten time med Lukas.
Fordi eg berre måtte.
Det er litt skummelt nå, fordi eg ikkje lenger er støl i låra, men muskelvevet er fortsatt enda ikkje fult restituert, så eg burde ikkje ta så altfor hardt i.
Likevel, det var så fint vêr at eg berre måtte ut.
Og det er ikkje så altfor ofte at det er slik.
Første løpetur etter Haugesund. Herleg!
Det er SÅ MYKJE markjordbær i år!
Då blei det mange stoppar på joggeturen :D
Mange orkidéar langs vegen
 (mest sannsynlegvis skogmarihand).
Det som er så herleg etter ein vellykka konkurranse, er at eg blir så motivert og inspirert, og kan nesten ikkje vente med å koma i gang igjen med treninga.
I går, dag 9 etter Haugesund, valgte eg å teste intervallformen.
Eg  berre måtte.
Det kan nok hende at eg forlengar restitusjonen litte grann på den måten, men samtidig så er ikkje ein halv ironman i nærheten så hard for muskulaturen enn f.eks. ein maraton, så eg tek sjansen.
I dag så kjenner eg ikkje noko stølhet i beina, men har forferdeleg vondt i høgre gluteus medius igjen.

Gluteus medius - den mellomste setemuskeln.
Bildet er eit screenshot frå Zygotebody.
Den muskelen var også ganske støl før IM i Haugesund.
Så nå veit eg i alle fall at eg er nødd til å trene balansert dei neste vekene, med kanskje berre eit par kvalitetsløpeøkter i veka, og masse tid til restitusjon imellom.
Og ikkje minst: starte igjen med styrketreninga, og dei spesielle øvingane til Dave Scott, som akkurat skal førebygge slike ubalansar i muskulaturen.
Så eg har nok å trene likeve, imellom all restitusjonen...
Blåbær på rusletur - perfekt for restitusjonen!
Neste mål er Trondheim Triatlon, og den er om seks veker, så eg har nok til tid å "finpusse" formen og trene fart.
Akkurat nå er det faktisk fortsatt restitusjon som er viktigast.

Og då er det jo herleg at det er sommar!
Bading, soling, rusleturar, fotografering, lesing...
Herleg med sommar!
Bading! Utan våtdrakt :D :D
Redda frå drukningsdøden...
Lukas ute på tur - ALDRI sur, men superlykkeleg!
Me har så fine fargar på steinane her i Vest-Telemark.
Ingen fotofilter-effektar her!
Moro å leike seg litt med kameraet!
Det kunne ikkje vore betre forhold for postrace recovery :)
Lukas er flink til å slappe av. Og glad i sol, akkurat som meg :)

mandag 15. juli 2013

...Og litt til om IM 70.3 Haugesund 2013 - kan ikkje få nok :)

Konkurranserapporten min blei lang nok som den blei, og derfor var det ei rekke ting som eg ikkje tok med.
Men det er tid og plass for nå å nevne nokre personlege erfaringar eg har gjort meg på IM 70.3 Haugesund 2013 og tidlegare (desse er ikkje å tolke som universelle tips, men heller personlege erfaringar og noko som eg kan slå opp i neste gong eg skal på konkurranse):
  • når det blir trangt og "slåssing" på svømminga, er det best å kråle - det er stillare med ansiktet under vatn enn over ;)
  • det er faktisk ikkje så ille å sykle i regnet berre ein er kledd godt nok
  • ull er genial ved kjøleg vær også på triatlon om sommaren
  • elastiske skolisser er heilt topp og sparar tid!
Elastiske skolisser er lettvint!
Her foran fint grønt sjøvatn frå Haugesund .
  • ei veke "oppladning" før konkurransen er ikkje nødvendig (med mindre ein har selskap av gode venner)
  • med ein liten rosa triatlonsykkel i størrelse XS får ein mykje hyggelege kommtarar på expoen
Chicqilo'n min på hotellet, klar for ein tur til expo'n.
Der fekk den mange komplimentar :)
  • å føle tærne sine er overvurdert - eg kan godt sykle og løpe i timesvis utan å kjenne føtane mine (eg berre stoler på at dei er der)
  • spis og drikk etter klokka på sykkelen, og ikkje etter matlyst og tørstfølelse
  • det går fint an å sykle utan sykkelbriller når det regnar
  • IRONMAN/M-Dot artiklar er overprisa men ubetaleleg som inspirasjonskilde
Det blei ny hettejakke - min favoritt alt nå! :)
  • det er betre å ha for mange snacks på hotellrommet enn for lite 
  • eit glass rødvin med ein tidlegare 6x Ironman World Champion er god oppladning eit par dagar før konkurransen
  • mine terrengsykkelsko er like gode (og like lette) som dei vanlege sykkelsko, men betre å gå på i skiftesona
  • drikkeflaske på tempostyret fungerar veldig bra
På ramma til XS-sykkelen min er det berre plass til éi flaske.
Men på tempostyret er det fint plass til ei flaske, og det funkar bra!
  • sjølv om ein brukar startnummerbelte, ha eit par sikkerhetsnåler på deg i tilfellet startnummeret løsnar
  • ha med eige næring på sykkelen
  • varme kne er viktigare enn varme føtar på sykling
  • dobbelt styretape er veldig behageleg på fleire timars sykling
Du får ekstra demping og reduksjon av vibrasjon under syklinga med dobbelt styretape.
Kjekt når asfalten er ruglete slik den var enkelte stadar i Haugesund.
  • ikkje prøv å stappe ned ein stor ryggsekk i den kvite skifteposen, det er ikkje posen laga til for
  • vannkokar og pulverkaffe til å ha på hotellrommet er fortsatt fast bestanddel av triatlon-pakkelista
  • vêr saman med folk og venner som inspirerar deg og gir deg energi i forkant av konkurransen
Dave Scott og partner Christine Bell er både kunnskapsrike,
spreke og morsamme, og lett å bli inspirert av!
  • Og ikkje minst:
  • smil til tilskuarane og tilskuarane vil smile til deg! (Ja da, eg veit denne er litt klisjé, men i triatlonverda, ja då stemmar den her faktisk veldig godt. Berre prøv!)
Like før mål! Moro! :)

torsdag 11. juli 2013

Ironman 70.3 Haugesund/Norway 2013 race report

Eg trur eg har aldri vore så spent foran ein triatlonkonkurranse som det eg var før Ironman i Haugesund dette året.
I motsetning til mange andre som deltar i mange fleire konkurransar gjennom året, så deltok i berre éin konkurranse i 2012, og nå skulle IM 70.3 i Haugesund 7.juli vera min første i år også.
Så eg kan ikkje akkurat påstå at eg er ein rutinert konkurransedeltakar!

Oppladning gjennom veka (eg var på plass i Haugesund alt på mandag), var heller dårleg.
Eg var stort sett uvel og kvalm og fjern og ikkje tilstades mentalt, blodtrykket var stadig i kjellaren, eg var svimmel, (og premenstruell, herleg!) hadde hodepine, hadde stive musklar og dårleg matlyst og var temmeleg umotivert til det meste.

Tysdagen
var den dagen eg var med på opplegget til treningsgruppa vår saman med Dave Scott, der stod det gjennomgang av skadeforebyggande øvelsar på programmet.
Eg var med littegrann, men blei svimmel og ør og kvalm, og såg på halvparten av tida.

Onsdagen 
var eg ganske sikker på at eg skulle droppe den planlagt utesvømminga med gruppa. Sjølv om temperaturen var grei, så frista ikkje regnet til utesvømming. I staden for reiste eg ned til expo'n for å vera frivillig for ein dag, og hjelpte med å sette opp IRONMAN-butikken.
Det var veldig moro, og alle frivillige som hjelpte til var i godt humør og gleda seg til søndag.

Torsdag 
opna expo'n og registreringa, og formen min var fortsatt såpass dårleg at eg droppa treningsopplegget den dagen også. Eg ville nå heller restituere meg til søndagen enn bruke opp siste energien min på ei treningsøkt nokre dagar før.
Eg fekk utlevert startnummer, arrangørens svømmehette, ark med klistremerke med startnummer for hjelm, sykkel og skiftesoneposar og programhefte.
Det er alltid moro å få startnummer, synst eg. Kjekt å få startnummer med navnet sitt på, då får ein det svart på kvitt liksom. Ingen veg tilbake!
Litt shopping på ekspoen blei det også. Ironman har utruleg mykje overprisa stæsj, men eg likar nå ein gong M-Dot. Det gir meg motivasjon på treninga, denne vesle M-en.

Fredagen
var det endeleg blitt super fint vêr og varmare, og det strøymde på med triatletar heile tida.
I fjor var det rundt 300 deltakarar, mens i år var det over fire gonger så mange, ca 1350 påmeldte!
Med stigande antall triatlonsyklar og lycra-faktor så steig også humøret mitt.

Sarah Reinertsen
Er ei utruleg sympatisk dame som har vore til stor inspirasjon for meg og ho var ein av "kjendisane" som skulle delta i år, og henne hadde eg veldig lyst til å helse på.
Sarah Reinertsen - bildet er frå nettsida hennes.
Og då eg altså hadde fått sykkelen min gjennom ein siste sjekk (Oslosportlager stilte på med stand og gratis sykkelsjekk for atletane) og eg skulle kjøpe meg ein kaffe latte og slappe av ved kaia, så stod der ikkje jammen sjølvaste Sara bak meg og skulle kjøpe lunsj!

Det endte med at me sat saman i nesten ein time ute i solskinn og åt saman og skravla, og det visar seg at Sarah Reinertsen ikkje berre har norske anar, men også er ei super jente som er lett å prate med og som er alltid i godt humør.

På kvelden så fekk eg meg endeleg selskap også, både Marie, Hårek og Sakarias og Helene og Hanne Gro kom i løpet av kvelden. Det var jammen godt å få selskap på hotellet. Sjølv om det nå var fullt av triatletar på Scandic, så er det nå koseleg med gode venner rundt seg!

Laurdag
Dagen før konkurransen. Det er alltid mykje folk på expoen, det er siste dagen for å registrere seg og så er det også dagen for å sjekke inn sykkelen på skiftesona.
Vêret var forsatt herleg med solskinn, så det var lett og slappe av og kose seg.
Sjølv om eg fortsatt måtte vera nøye med å ta det med ro, få i meg nok mat og i tillegg knaske nok paracet for å døyve skallebanken som virkeleg hadde fått tak.
Ettermiddagen blei tilbrakt med å sortere utstyr i dei forskjellige posane som skulle også sjekkast inn i skiftesonen, og diskusjonen om det riktige valget av "race outfit".
Innsjekking av sykkelen gjekk utan problem, Sykkelen blei godt pakka inn og for ein gongs skyld valgte eg å ikkje sleppe luft ut av dekka (som ellers forhindrar at trykket blir for stort og dekket "eksploderar". Det skjer pga av varmen. Men så varmt var det jo ikkje. Men likevel, så var det faktisk to syklar som punkterte i skiftesonen. På morgonen. Eg stod rett ved sida av ein slik. Det sa berre PUFF og så var lufta ut. Snakk om dårleg start på ein konkurranse).
Til min store glede såg eg at sykkelen til Sara Reinertsen stod rett ved bak/ved sida av sykkelen min. Såå koseleg med godt selskap. Vesle rosa Chicqilo følte nok at det var litt stas å stå ved sida av den rutinerte Cannondale (som forøvrig også hadde mange fine rosa effekter :D).

Kvelden før ein konkurranse er det aldri lett å sovne. Eg og Helene prøva eigentleg heller ikkje å sove spesielt tida, men var oppe til litt over midnatt og skravla. Vekkerklokka blei faktisk stilt på kl.5 neste dag (Helene og eg er like trege begge to likar å bruke god tid på å forberede oss før ein konkuranse).

Søndag - konkurranse
Starten skjedde i to omganger: kl.8 for alle proffe, alle kvinnene, menn over 50 og alle lagdeltakarar og kl.8.20 for alle menn i aldersklassene 30-44 (og så var det vel menn under 30 også, men når starta dei?).
Dagen begynte for oss med frukost kl 5.15, og så pakking av utstyr, dusj, febrilsk leiting etter dei siste dingsebumsane me skulle ha med. Så shuttlebussen kl.6.15 blei det ikkje noko av. Me rakk heller ikkje bussen kl.6.30. Så valgte meg faktisk å . Like greitt å få gått av seg nervene i staden for å stå og vente på bussen, og skiftesona var berre ca 10-15min gange frå hotellet.
I skiftesona var det alt både hektiske og rolege forberedelsar, og denne blandinga av nervøshet, spenthet, glede, og alle følelser som kjem opp da, likar eg godt altså.
At dei grå skyene etterkvart opna seg og dryssa ned yr og etterkvart regn gjorde jo ikkje noko for oss, kledd i våtdrakt skulle me jo uansett snart møte det våte elementetet...

Start
Eg synst alltid det er vanskeleg å plassere meg på svømminga. Eg er ein heller rask svømmer, men i og med at eg hadde trent såpass lite på førhand, så valgte eg å stille meg bakerst og heilt ttil høgre. Speakeren sørga for god stemning, det var masse tilskuarar som hadde stilt opp, og eg følte meg ganske spent men pussig nok også ganske roleg. Eg var verken nervøs eller kvalm eller anspent, eg berre gleda meg til å koma i gang. Vatnet var grumsete av all sand som hadde blitt virvla opp under oppvarminga, men lenger ut var det klart. Varmt var vatnet ikkje spesielt, men heller ikkje kaldt, så det skulle gå fint.
Og då eg snudde meg og såg over venstre skulder, så var ho der igjen: Sarah Reinertsen, som hadde med seg rosa krykker og assistent og hinka uti vatnet på eitt bein.
Det tok i grunnen den siste resten av nervøsitet frå meg. Eg synst det var koseleg å slå av ein prat med henne, og følte at det var ei ære å starte ved sida av henne!

Svømminga
Nasjonalsongen blei spela, og etter eit minutt så let det i vikinghornet: det spesielle startsignalet som det berre finst på Ironman i Haugesund!
Det er alltid ein del slåssing og krangling om plassen på svømmestarten. Av den grunn har eg alltid stroppene til svømmebrillene under svømmehetta. Eg skal ikkje risikere å miste svømmebrillene under nærkontakt! I og med at eg hadde stilt meg langt bak så havna eg i ein stim med brystvømmarar, og det er så kjedeleg!
Brystsvømmarer tek dobbelt så mykje plass som ein som krålar, og det er fort gjort å få ein sparkande fot i ansiktet. Å svømme i kø kan vera frustrerande, men er ofte vanleg når så mange deltakarar startar samtidig.

Eg blei ganske utolmodig og sur, fordi eg ikkje greier å svømme krål sakte, og når eg går over til brystsvømming så får eg kvelningsfornemmelse av den litt for trange våtdrakta mi.
Men, alt dette er verken noko nytt eller uvanleg, og det er berre å kome seg gjennom dei første 10 kaotiske minuttane, svømme roleg, finne rytmen sin og halde ut. Og det var det eg gjorde. Etter 20min greidde eg å kosa meg. Etter 23min hørte eg at Dave Scott hadde koma opp av vatnet, og tenkte at hjelpe meg, svømmer eg sååå seint? Det er jo langt igjen til stranda??
Heldigvis var det ikkje eg som svømte sakte, men Dave Scott som svømte fort, og svømmetida mi blei 38.56, ny rekord for meg :)

Alltid smilande etter å ha svømt!
T1
Nå regna det ordentleg, og eg valgte å ta på langerma ulltrøye over det våte triatlontøyet mitt, og ei tynn sykkelvest og lause knevarmarar i ull. Eg blir alltid kald på beina, men eg fann ikkje sokkane mine i posen, men om eg mistar følelsen i føtane er det ikkje så farleg, så lenge knea er varme!
Eg bruka altfor lang tid (som dei fleste gjer) i T1, 5min23, nesten som i fjor (5min11).

Syklinga
Eg hugsar at eg åt alt for lite under syklinga i fjor, så på søndag hadde eg satt opp eit slags skjema: eg skulle ete kvar halvtime, kl.9, 9.30, kl 10 og så vidare, og eventuelt ta ein gel etter eit kvarter viss ein halv energibar ikkje var nok. Mens eg åt skulle eg sykle roleg, og så ta det litt hardare i 10 min, eller 15min, slik eg hadde gjort i følge Dave Scotts opplegg for lange sykkelturar.
Eg må innrømme at eg ikkje hugsar spesielt mykje av syklinga. Løypa er jo veldig fin, spesielt etter vendepunktet der med syklar langs sjøen. Den rare klikkelyden i kranken hadde blitt borte etter regnet, men kom igjen då regnet gave seg sånn kanskje rundt kl.11, men det var ikkje å gjera noko med, men berre håpa at kranken ville halde ut (og det gjorde den!).
Fokusert på syklinga!
Eg sykla litt fortare enn i fjor, men følte heile tida at eg hadde god kontroll over intensiteten, og sjølv om eg kjente godt på mjølksyra innimellom, så sørga eg for å få den ut av systemet ved å sykle lett og ved høg kadens etterpå (dessutan var det virkeleg sånn at eg hugsa det Dave Scott hadde sagt til meg at eg skulle tenke på i Haugesund "High candence, Imke, high cadence!") sidan eg har ein tendens til å tråkke for store gir.
På dei siste to milene hadde sola endeleg kome ut, men nå hadde eg også blitt lei av å sykle.
Mens eg dei første 6-7 mil greier å fokusere heilt på syklinga, så blir eg nok gradvis innstilt på løpe den siste halvtimen, og blir utolmodig.

T2
Det var herleg å kome til skiftesona! Det er godt å kjenne bakken under føtane, synst eg. Også om det nå berre er ein fotballbane med kunstgras :D Ein liten tissepause (eg er hydrert nok, bra) og så gjennom skifteteltet der eg fekk av meg våte sykkelsko og trøye og vest, og tok på meg caps, sokkar og løpesko. Dei frivillige var veldig hjelpsame, men i og med at eg trengte å sortere tinga mine på min måte, så måtte eg faktisk sende vekk to frivillige som berre ville hjelpe. Sorry :) Dei meinte det berre godt.
Eg tok med ein liten pose med Sportbeans, ein liten eingongsdose med kunstig tårevæske bak i triatlonsingleten og ein energigel i handa, og forta meg ut av teltet.
Eg hadde all grunn til å forte meg, for i år så bruka eg faktisk nesten eitt minutt lengre i T2 enn i fjor. Hallo??? Med tid på 5min46 er det STORT forbedringspotensiale her altså.

Løp
Dei første 10 minuttane skulle eg ta det roleg. Jogge. Virkeleg roleg. Det var noko som Dave hadde sagt at me skulle. Og uansett, heller ein negativ split enn ein positiv (altså springe den første mila saktare enn den andre). Men det med negativ split får eg berre ikkje til. Eg har alltid den farta eg har. Får den nesten ikkje av meg, verken saktare eller fortare. Det er noko eg kan godt trene meir på, trur eg!
Dei første 2km sprang eg i ein pace på 5:30/km, noko som forundra meg, for det kjendest altfor lett. Og eg pleier å springe 6:00/km på den distansen. Denne farta på 5:30/km heldt eg dei første 10km, men deretter så sakna eg nok litt, sjølv om eg til slutt bruka 2t03min på halvmaratondelen, og sidan eg går ganske sakte gjennom alle drikkestasjonane, så trur eg kanskje den farta på 5:30 hadde eg kanskje likevel i beina.
Fult fokus - velvitande om bakken som venta der oppe...
Løpinga på IM 70.3 i Haugesund er herleg.
Det er så mykje folk rundt som heiar!
Så herleg stemning, at fleire har omtalt det som 17.mai, eller enda bedre.
Me passerar mållinja langs kaia heile fire gonger før me spring i mål, og der var det stappfult av tilskuarar og ørebedøvande musikk og heiing, heilt herleg.
50m før mål: eg tullar med publikum! Kosar meg :)
Sola hadde nå koma ut ordentleg, slik at eg også tok meg tid for å kjøle meg ned med svampar som blei rekt ut ved kvar drikkestasjon.
Eg såg ein del kjentfolk på løpinga, og det er alltid moro. Då heier me på einannan, eller vinkar.
Det er det eg likar så godt med triatlon, atletane heier også på einannan.
På løpinga slo eg mi eiga tid frå i fjor med ca 12min. Det er ikkje så rart, i og med at eg pga kneeskaden i fjor måtte gå ein god del.
Fokus! Eg prøver å halde farta mi.
Akkurat som på syklinga kjente eg også på løpinga, at eg hadde full kontroll over intensitet og pace. I motsetning til i fjor så løp eg alle bakkane både opp og ned, og det gjekk heilt fint. Eg var også veldig mykje mindre sliten og andpusten. Berre på den siste kilometeren før mål kjente eg antydning til krampe i leggane, og valgte og gå 10-20 skritt for å strekke musklane. Eg ville jo for all del heller bruke eit minutt meir på konkurransen og kunne løpe i mål i fin stil enn å prøve å presse ut eit minutt eller to og risikere krampar...

Finish
Det er alltid super moro å krysse mållinja!
Mål i sikte!
Det er virkeleg noko ein burde ta innover seg, og på søndag, så gjorde eg virkeleg det.
Endeleg i mål, og alt har gått etter planen, hurrrrrrrraaaaaa!!!! :)


Ironman 70.3 Finisher igjen. HURRA!
I og med at juni månad var heller beskjeden med treningsmengde og -form, og dagane fram til konkurransen så prega av dårleg oppladning, så var eg super glad for å ha greidd meg til start, og så også til mål, og så også faktisk nå målet mitt om å slå mi eiga tid frå i fjor!
(Ei lita stund hadde eg eit håp om å kome under 6timar, og med litt meir strukturert skifting i T1 og T2 og raskare gjennomgang av drikkestasjonene, så var det kanskje mogleg, men denne gongen så var eg først og fremst opptatt av å ha det gøy på konkurransen).

Det var kjekt å få medalje rundt halsen igjen!
I målområdet var det satt opp telt, og dusjvogn (med iskalde dusjar, men men, det blei i alle fall noko "kryoterapeutisk behandling" på mine stive lår om ikkje anna), og det var god varm mat og brus og cola. Godt med sol var det også, ein blir alltid litt frosen etter ein så lang konkurranse. Så tok eg og Helene oss jammen tid til å få massasje i massasjeteltet, og det var skikkeleg godt, det.
Ikkje berre for beina, men å strekke ut ryggen og slappa av i vannrett stilling er herleg etter så mange timar på sykkelsetet og beina.
Mens Helene tusla tilbake til hotellet tok eg meg tid til å heie fram dei siste to deltakarane, som med stor jubel og heiing blei tatt imot i mål.

Eg møtte også Dave Scott og Christine (partneren hans og ei utruleg sprek og hyggeleg kunnskapsrik dame som var med treningsøktene) og avga ein rask race report. Dei blei imponert over at eg hadde forbedra tida mi, i og med at oppladinga hadde vore heller dårleg heile den veka fram til søndag.

Dessutan måtte eg gje ros til Paul Kaye som (igjen, som i fjor) gjorde ein fantastisk jobb igjen som speaker. Han er utruleg som held ut over 9 timar med både stemme, energi og engasjement. Men det er visst gjensidig, det.
Me som triatletar får energi av han, og han lever av energien frå triatletane.
Snakk om symbiose :)
IM 70.3 Haugesund/Norway, for eit fantastisk arrangement, like bra stemning og vel gjennomført som i fjor, utruleg moro å vera med på, og fristar definitivt til gjentakelse. Me har til og med begynt å snakke om å gjera det til ein tradisjon å delta i Haugesund.
Så kven veit, registreringa for 2014 har jo alt opna... :)







mandag 8. juli 2013

Ironman 70.3 Haugesund/Norway 2013 finisher!

Det blei ein fantastisk dag i går Haugesund, frå yr og gråvær under svømminga og blå himmel og sol på løpinga. Sykkelen heldt, og det gjorde eg også.
Og ny besttid på distansen blei det, hurra!!

Snart kjem det race report også :)

torsdag 4. juli 2013

På plass i Haugesund

Eg har bestemt meg for ikkje blogge så altfor mykje mens eg er i Haugesund, til dette er det altfor mykje som skjer.
I dag opnar ekspo'en og registreringa, så viss eg er heldig kan eg få henta startnummer og "race bag" alt i dag.

(Det har seg slik at ein må ha triatlonlisens for å hente startnummer, og lisensen min kjem ikkje til Haugesund før i morgo saman med Helene.
Men om Triatlonforbundet har greidd å sende ei liste over registrerte triatletar, ja da kan det hende eg kan få registrert meg i dag. Det er alltid moro, det).

Då blir det noko impresjonar frå Haugesund så lenge.
Eg er nemleg fortsatt intenst opptatt av å kvile meg i form, noko som har vist seg å vera lettare sagt enn gjort, men som sagt, eg jobbar med saka, og når Haugesund blir full av triatletar i dei nærmaste dagane, då trur eg at det blir tent den eine eller andre gnisten her.

Det er alltid ei herleg spent stemning foran ein triatlon!

Kveldsstemning.


Ein sjølvsikker måke. Tolmodig var den også.


Det var ein tøffing denne her!


Og så blei det til at eg hjelpte til med å sette opp IRONMAN-butikken på ekspo'en i går, og blei også kjent med mange av dei frivillige der. Og dei var alle saman i godt humør og såg fram til konkurransen på søndag, så det lovar godt!  :)

Hmmm mykje lekkert i Ironmanbutikken :)